Utviklingsavtale HSF – VF – SFFK
Utviklingsavtale HSF – VF – SFFK
Avtalepartar
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) Vestlandsforsking (VF)
Sogn og Fjordane fylkeskommune (SFFK)
Forankring og mål
Kunnskapsutvikling er eit viktig verkemiddel for regional utvikling. Visjonen er samhandling av høg kvalitet mellom kunnskapsmiljø, offentleg forvaltning og brukargrupper.
Utviklingsavtalen bygger på ei slik felles forståing av kunnskapsutvikling og skal medverke til langsiktig kunnskapsbygging og –formidling på område som er sentrale for Sogn og Fjordane.
Samarbeidsavtalen er forankra i arbeidet med regional utvikling i Sogn og Fjordane slik dette er prioritert i gjeldande fylkesplan (oppdatert i fylkesplanmeldinga i 2010) og i strategiske utviklingsplanar ved HSF og VF. Føremålet er i tråd med dette også å medverke til institusjonsutvikling ved HSF og VF. Utviklingsavtalen er forankra politisk i FT-sak 34/10.
Arbeidet som vert gjennomført som del av avtalen skal vere vurdert som viktig i høve fylkeskommunen sitt regionale utviklingsarbeid og i institusjonsutvikling ved HSF / VF.
Innhald og gjennomføring.
INNHALD
Med utgangspunkt i fylkestingsak 34/10 og eit drøftingsmøte 28/6 2010 har Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane fylkeskommune komme fram til at midlane i ein utviklingsavtale skal brukast innan desse aktivitetane:
1 Innovasjon
Midlane i utviklingsavtala vert brukte til å utvikle ny kunnskap om innovasjon i eit utkantsamfunn som Sogn og Fjordane.
2 Samhandling
Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane har skissert eit forskingsarbeid knytt til spørsmålet ”Kva skal kommunane gjere med samhandlingsreforma?” Det er føresett at representantar for kommunane og Helse Førde skal delta i utvikling av eit konkret prosjekt.
3 Omstilling
Midlane skal brukast til omstilling i reiselivsnæringa. Dei to forskingsinstitusjonane kan t.d. bruke utviklingsavtala til å delfinansiere eit 4-årig PhD-stipend (doktorgradsstipend) i Forskingssenter for berekraftig reiseliv knytt opp mot temaet ”andregenerasjons reiseliv i distrikts-norge”.
4 Formidling
Høgskulen og Vestlandsforsking skal formidle forsking som er viktig for samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. Partane er samde om å forsøke å kople aktiviteten til det fylkeskommunale initiativet ”Samfunnspegel for Sogn og Fjordane” og å inkludere nye tenester frå Fylkesarkivet.
Utgiftene opplista i budsjettet nedanfor er kalkulerte til meir enn ramma på 2 million kroner pr år. Det er ei felles forståing at fylkeskommunen sitt bidrag er avgrensa til den summen som går fram av vedtaket i fylkestinget i sak 34/10. Det er vidare ei felles forståing at dei kalkulerte summane i notatetet av 14/9 er retningsgjevande. Det krevst vidare arbeid for å planlegge konkret forskingsaktivitet og å arbeide for anna delfinansiering.
Budsjett – rammer og eksempel på innhald: | |||||
Temaområde | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | Sum |
1.Innovasjon | |||||
650 | 650 | 650 | 300 | 2250 | |
2. Samhandling | |||||
* Helse - IT, fokus kommunane | 500 | 550 | 600 | 650 | 2300 |
3. Omstilling | |||||
* Reiseliv | 800 | 850 | 850 | 900 | 3400 |
4. Formidling | 200 | 200 | 200 | 200 | 800 |
* Forskingsformidling jfr notat Xxxxx X. | 100 | 100 | 100 | 100 | 400 |
5. ev nye tiltak pba planstrategi 2012 | 0 | 700 | 700 | 1400 | |
Sum | 2250 | 2350 | 3100 | 2850 | 10550 |
Total løyving | 2000 | 2000 | 2000 | 2000 | 8000 |
Differanse | -250 | -350 | -1100 | -850 | -2550 |
GJENNOMFØRING / ARBEIDSFORM / TIDSAVGRENSING:
1 Utviklingsavtalen er forma som ei rammeavtale for 4 år (2011 – 2014).
2 Konkretisering av relevante tiltak skjer i årleg handlingsplan som blir utarbeidd av partane i fellesskap og konkludert seinast 20.februar. Partane involverer kvarandre på eit tidleg tidspunkt i utvikling av tiltak.
3 HSF og VF rapporterer skriftleg på årleg handlingsplan innan 1.februar påfølgande år.
ØKONOMI:
Fylkestinget har stilt til rådvelde kr 2.000.000 årleg for fireårsperioden.
XXXX:
Praktiseringa av denne avtalen skal ikkje komme i strid med god forvaltningsskikk når det gjeld regelverk for offentleg innkjøp / offentleg støtte.
Leikanger / Sogndal desember 2010
………………… | ……………………… | ………………………… |
Xxx Xxxxxxxx | Xxxxx Xxxxxxxx | Xxx Xxxxxxxx |
Xxxx og Fjordane | Vestlandsforsking | Høgskulen i |
fylkeskommune | Sogn og Fjordane |