Helse Vest Styre 29.03.2023, sak 05023 Drøftet i SAV 06.03.24 Vedlegg 2: Retningslinjer for leiarlønn Generelt
Helse Vest Styre 29.03.2023, sak 05023
Drøftet i SAV 06.03.24
Vedlegg 2: Retningslinjer for leiarlønn
Generelt
Til grunn for Helse Vest RHF sine retningslinjer for leiarløn ligg Statens retningslinjer for lederlønn i selskaper med direkte statlig eierandel (fastsatt av Nærings- og fiskeridepartementet 22. desember 2022).
Godtgjering til leiarar skal fremme at føretaket oppnår sine mål og eigar sine mål, medrekna bidra til føretaket sin strategi, langsiktige interesser og økonomiske bereevne.
Godtgjeringa skal ikkje vere lønsleiande, men konkurransedyktig slik at føretaket får rekruttert og behaldt gode leiarar. Omsynet til moderasjon skal ivaretakast.
Hovudelementet i godtgjeringa skal vere fastløn.
Det skal takast omsyn til forskjellar i godtgjering til leiande tilsette og andre tilsette ved moderasjonsvurderinga, og høgare lønsjustering for leiande tilsette enn gjennomsnittleg lønsjustering for andre tilsette i verksmeda skal særskilt grunngjevast.
Heileigde dotterføretak
Det følgjer av underliggjande helseføretak sine vedtekter at dei skal følge allmennaksjelova §§ 6-16a Retningslinjer om fastsettelse av lønn og annen godtgjørelse til ledende personer i noterte selskaper, 6-16b Rapport om lønn og annen godtgjørelse til ledende personer i noterte selskaper og forskrift om retningslinjer og rapport om godtgjørelse for ledende personer.
Helseføretaka sine retningslinjer og lønsrapport skal bli lagt fram for føretaksmøtet i det einskilde helseføretak.
Korleis retningslinjene bidreg til føretaket sin strategi, langsiktige interesser og økonomiske bereevne
Konkurransedyktig, men ikkje lønsleiande godtgjering til leiarar skal balansere behovet for å rekruttere og behalde dyktige leiarar, og ein lønsutvikling under kontroll. Rekruttering og stabilisering av dyktige leiarar er viktig for verksemda.
Retningslinjene skal sørge for moderasjon. Føretaket er finansiert av offentlege midlar som skal nyttast til beste for pasientbehandlinga, samstundes som føretaket sine mål skal bli nådd.
Korleis løn og tilsettingsvilkår for helseføretaket sine tilsette er teke omsyn til ved utforming av retningslinjene
Lønsutviklinga i Helse Vest generelt skal vere ein del av vurderinga ved leiarlønsoppgjer, for å sikre at leiarane som hovudregel har ein lønsutvikling i samsvar med andre tilsette.
Konkurransedyktig, men ikkje leiande løn skal bidra til at føretaket er ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette.
Alle tilsette i Helse Vest RHF har fastlønsordning1 og same pensjonsordning.
Om prosessen som blir nytta for å etablere, revidere og gjennomføre retningslinjene, medrekna tiltak for å førebygge og handtere interessekonfliktar.
Retningslinjer, medrekna framtidige endringar, skal drøftast med tillitsvalde, bli behandla av styret og stadfestast i føretaksmøtet. Retningslinjene skal behandlast og godkjennast av føretaksmøtet ved einkvar vesentleg endring og minst kvart fjerde år.
Fastsetting av basislønn
Ved fastsetting av basislønn skal følgjande kriterier bli lagt til grunn:
Lønsnivå i føretaksgruppa Helse Vest generelt
Lønsnivå i samanliknbare stillingar
Resultatvurderingar i høve til dei mål og krav styret har sett.
Resultatavhengig godtgjering skal vere basert på relevante, transparente og målbare kriterier.
Årlege justeringar av leiarlønningane skal ikkje skje før dei årlege tariffoppgjera i spesialisthelsetenesta er avslutta. Lønnsjusteringane for administrerande direktør gjeld frå 01.01.21 og for resten av leiargruppa frå 01.05.21.
Variabel godtgjering eller særskilte ytingar som kjem i tillegg til basislønn
Det er ikkje etablert variable element i føretaket si godtgjering til leiande tilsette.
Pensjonsordning
Leiande tilsette skal vere omfatta av offentleg tenestepensjon på lik linje med andre tilsette i helseføretaket sine vilkår. Det vil seie gjennom ordinær løysing i KLP. Det er ikkje høve til å inngå avtale om pensjon utover ordinære vilkår gjennom KLP.
Naturalytingar
Xxxxxxxx blir vurdert i høve til kva leiar treng for å utøve stillinga, men avgrensa til å gjelde:
Mobiltelefonordning og dekning av internett i samsvar med føretaket sine føresegner
Heimekontor i samsvar med føretaket sine føresegner
Alminnelege forsikringsordningar i høve til lov og avtaler
Eventuelt avisabonnement
Pendlarar
Reisekostnadar til leiande tilsette som pendlar kan dekkast. Normalt blir det ikkje ytt diett for slike reiser.
Sluttvederlag for administrerande direktør
Dersom føretaket inngår avtale om sluttvederlag for administrerande direktør, skal avtalt sluttvederlag og løn i oppseiingstida ikkje overstige 12 månadsløner i sum.
Sluttvederlaget skal reduserast krone for krone dersom administrerande direktør i sluttvederlagsperioden tiltrer ny stilling, får nye lønna verv eller mottek inntekt frå næringsverksemd der vedkomande er aktiv eigar.
Dersom administrerande direktør sjølv tek initiativ til å avslutte arbeidsforholdet, blir det ikkje ytt sluttvederlag.
Xxxx
Personar i leiinga skal ikkje ha særskilt godtgjering for styreverv i andre føretak i føretaksgruppa eller i felleseigde helseføretak
1 I helseføretaka har tilsette med ulike former for variabel løn avhengig av arbeidstidsordningar.
Følsomhet Intern (gul)