INNHOLD
Personar over 18 år med psykisk utviklingshemming
Samarbeidsavtale mellom (…) kommune og Vestland tannhelseteneste
INNHOLD
1.0 Generelt om samarbeidsavtalar 3
2.0 Samarbeidsavtale med (… kommune) 3
2.2 Evaluering og kvalitetsindikatorar 3
3.0 Partane sitt ansvar og plikter 4
3.1 Vestland tannhelseteneste 4
4.0 Grunnlag og prinsipp for samarbeidet 6
2. Samtykkeerklæring (gruppe B) 11
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen – personalet 12
1.0 Generelt om samarbeidsavtalar
Samarbeidsavtalar med kommunane i Vestland, er med på å fremje tannhelsa i heile befolkninga og sørgje for nødvendig førebygging og behandling. Tannhelsetilbodet skal ha utgangspunkt i den enkelte sine behov, der målet er god tannhelse heile livet. Grunnlaget for den gode tannhelsa skal leggjast gjennom god førebygging og behandling, med fokus på tidleg innsats. Det er viktig å sikre at alle får eit godt tilbod, etter det som til ein kvar tid er gjeldande retningsliner. Tannhelsetilbodet skal vere oppsøkjande og regelbundne og førebyggjande tiltak skal prioriterast før behandling.
2.0 Samarbeidsavtale med (… kommune)
Det overordna målet med avtalen er å fremje god helse, førebyggje tannsjukdom og gje nødvendig tannhelsehjelp til personar med psykisk utviklingshemming over 18 år, i og utanfor bufellesskap. Samarbeidsavtalen skal sikre at målgruppa får tilpassa og gode tann- og munnhelsetenester, uavhengig av bustad, diagnose og sosial bakgrunn. Samarbeidsavtalen skal bidra til reduksjon av skilnad i helse generelt og tannhelse spesielt for målgruppa.
2.2 Evaluering og kvalitetsindikatorar
Dersom det er behov for endring/justering av samarbeidsavtalen, kan ein av avtalepartane ta initiativ til eit møte for gjennomgang. Avtalen vil gjelde fram til ny avtale vert utarbeidd og teken i bruk. Samarbeidspartane skal utarbeide kvalitetsindikatorar som grunnlag for evaluering av samarbeidet – sjå vedlegg.
Målgruppa er personar med psykisk utviklingshemming over 18 år, i og utanfor bufellesskap. Merk at gratis tannhelsetenester gjeld frå 1. januar det året brukaren fyller 19 år.
3.0 Partane sitt ansvar og plikter
Generelt
Den offentlege tannhelsetenesta skal, etter tannhelsetenestelova § 1-3, gje eit
«regelmessig og oppsøkende» tannhelsetilbod til prioriterte grupper. Denne avtalen gjeld for personar med psykisk utviklingshemming. Førebyggjande tiltak skal prioriterast før behandling.
Spesielt
1. Xxxxxxxxxxxxxxxx skal årleg kalle inn til overordna samarbeidsmøte med
(… kommune). Det overordna samarbeidsmøtet skal følgjast opp av eit årleg samarbeidsmøte mellom einingsleiar/soneleiar og tilhøyrande tannklinikk (ved klinikkleiar). Tannhelsetenesta er ansvarleg for møteinnkalling og referat.
2. Tannhelsetenesta har ansvar for å gje tilsette i (… kommune) fagleg støtte, opplæring og rettleiing etter dei til ein kvar tid gjeldande tilrådingane for god oral helse/tannhelse. I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte.
3. Kvar tannklinikk/klinikkområde skal utnemne ein kontaktperson som har ansvaret for samarbeidet med den enkelte einingsleiar underlagt tenesta til utviklingshemma.
4. Tannhelsetenesta skal sikre at brukaren får nødvendig undersøking, diagnostikk og tannbehandling i tråd med Helsedirektoratet sin «Veileder for god klinisk praksis i tannhelsetjenesten» (IS-1589).
5. Tannhelsetenesta skal ved behov delta i utforminga av brukarar sin individuelle plan/pleieplan.
6. Det opprettast journal når brukar har takka ja til gratis tannhelsetenester.
7. Tannklinikken skal, ved behov, gje tilbakemelding til relevante/aktuelle kontaktpersonar etter behandling. Dette gjeld særskilt der det er mistanke om at brukarar kan vere utsette for, eller står i fare for å verte utsette for, omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep.
8. Tannhelsetenesta skal leggje til rette for at nødvendig tannbehandling skal bli utført til tider som passar brukaren og på ein måte som gjer det enklast mogleg for både pasient/brukar og tenestestad å bruke tilbodet.
Generelt
Kommunen skal, etter helse- og omsorgstenestelova, samarbeide med fylkeskommunen på ein slik måte at helse- og omsorgstenesta fungerer som ei eining. Kommunen skal samarbeide med andre tenesteytarar (her: tannhelsetenesta) om individuell plan/pleieplan for å bidra til eit heilskapleg tilbod til den einskilde.
Spesielt
1. Kommunen skal delta på eit overordna samarbeidsmøte med tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune. Det overordna møtet skal følgjast opp av eit årleg samarbeidsmøte mellom einingsleiarar/soneleiar i butenestane og tilhøyrande tannklinikk.
2. I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte, slik at omsorgspersonell har nødvendig kunnskap til å ivareta den enkelte brukar si orale helse. Kommunen skal sikre at munn- og tannstell inngår i kommunen sin opplæringsplan og i brukarane sin individuelle plan/pleieplan.
3. Xxxx xxxxxxxxxxx/helseteneste/avdeling utnemner ein kontaktperson som har ansvar for samarbeidet med den lokale tannklinikken.
4. Kommunen skal sikre at alle brukarar/verje, som får tenester frå (…) kommune og som etter loven har rett til gratis tannhelsetenester frå Vestland
fylkeskommune, får informasjon om tilbodet. (…) kommune hentar inn samtykke slik at opplysningar om helsetilstand og eventuell medisinbruk som har innverknad på tannhelsa og tannbehandling vert vidareformidla til tannklinikken.
5. Kommunen sender samtykkeskjema til gjeldande tannklinikk, slik at tannhelsetenester kan utførast. Nytt samtykkeskjema skal sendast dersom det er endring i samtykke. Tannklinikken skal også informerast om ein person flyttar, døyr eller ikkje lenger vil ha tannhelsetenester.
6. Kommunen skal, når det er mogleg, sikre at relevant og rett informasjon om brukarar vert gjeven til tannhelsetenesta i høve til helsetilstand og medikamentbruk. Dette skal gjerast for å kunne yte tannhelsetenester med god kvalitet.
7. Der brukaren har utfordringar med å møte på tannklinikken, bør gjeldande tannklinikk og tenestestad i samarbeid finne gode løysingar.
4.0 Grunnlag og prinsipp for samarbeidet
• Brukaren sitt behov skal vere styrande for samarbeidet.
• Samarbeidet mellom (…) kommune og Vestland fylkeskommune skal sikre at brukaren (føresette) får god informasjon. Det skal sikre at brukaren samtykker til behandlinga og vert teken med på avgjerder som har noko å seie for eiga helse.
• Samarbeidet skal sikre at brukaren kan oppretthalde ei god oral helse. Dette inneber at brukaren
o ikkje har smerte, ubehag eller alvorlege lidingar i munnhola
o har tilfredsstillande tyggefunksjon
o kan kommunisera og ha sosial omgang utan problem der dette skuldast munn- og tannhelsa.
• I møte med personar med psykisk utviklingshemming skal alle behandlast rettferdig og med respekt.
• Førebyggjande tiltak skal prioriterast før behandling og det er eit mål at den enkelte, i størst mogleg grad, skal vere i stand til å ta vare på eiga tannhelse.
• Samhandlinga mellom Vestland fylkeskommune og (…) kommune er prega av ønskje om kontinuerleg forbetring av tannhelsetilbodet til målgruppa.
• Samarbeidet er forankra i toppleiinga i Vestland fylkeskommune og (…) kommune og alle som jobbar med målgruppa for avtalen er kjend med den.
• Vestland fylkeskommune og (…) kommune arbeider kunnskapsbasert og har fokus på å identifisere positive og negative faktorar som påverkar tannhelsa.
• Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid sikrar at vi når alle som treng tannhelsetenester.
• (…) kommune og Vestland fylkeskommune skal setje av tid til å møtast for å dele erfaringar og idear. Det skal vere låg terskel for partane å ta kontakt med kvarandre.
• Xxxxxxxxxxxxxxxx i Vestland fylkeskommune bør delta i arbeidet med individuelle planar/pleieplanar der dette er aktuelt.
Avtalen må reviderast ved endring i lovverk, organisering og anna som er avgjerande for samarbeidet. Avtalen vert automatisk forlenga med eitt år om gongen, med mindre anna er meldt frå om skriftleg. Avtalen gjeld fram til ny avtale vert utarbeidd og teken i bruk.
(…) kommune – (gjeldande etat) | Vestland fylkeskommune – tannhelsetenesta | ||
dato | underskrift etatsdirektør | dato | underskrift områdeleiar |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
dato | (repr. for kommunen) | dato | repr. frå tannklinikk |
Om det er nødvendig med endringar eller tilpassingar i avtalen, skal det noterast her med dato og signatur frå begge partar:
1. Kvalitetsindikatorar
2. Samtykkeerklæring
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen - personalet
4. Personvern
For å kunne følgje med på om samarbeidet bidrar til betre tannhelse til målgruppa, skal følgjande indikatorar nyttast:
Indikator | 2020 | 2021 | 2022 | 0000 | 0000 | 0000 |
Dekningsgrad (ant. pers. i mål- gruppa/ant. pers. behandla) | ||||||
Tilbakemelding frå tannhelse- tenesta | ||||||
Tal på tenner med karies- erfaring (DMFT) |
2. Samtykkeerklæring (gruppe B)
For brukar:
Du/verje har fått informasjon om at du har rett på gratis nødvendig tannbehandling hos den offentlege tannhelsetenesta.
Kryss av:
🞏 Eg takkar ja til tilbod om gratis tannbehandling.
Eg samtykkjer i at tannhelsetenesta og pleiepersonell kan utveksle informasjon om min helsetilstand og eventuelt medisinbruk som har innverknad på tannhelsa og tannbehandling. Oppdatert medisinliste ligg vedlagt.
🞏 Eg takkar nei til tilbod om gratis tannbehandling.
Om du ikkje ønskjer tilbod om tannbehandling no, men vil ta i mot tilbodet ved eit seinare høve, vil du ikkje miste retten til tannbehandling. Du må då skrive under på ny samtykkeerklæring. Om du ønskjer å trekke samtykke til tilbod om tannbehandling, må gjeldande kommune informerast.
Namn: Adresse: Fødselsdato:
Telefon: Ønskjer SMS-varsling: Dato:
Underskrift:
Dersom brukaren takkar ja, ber vi om at personalet fyller ut: Tenesteområde/avdeling: Kontaktperson:
Telefon til tenesteområde:
Vestland fylkeskommune behandlar personopplysningane dine etter personopplysningsloven § 1-3 og personvernforordninga sin artikkel 6 nr. 1, bokstav e og artikkel 9 nr. 2, bokstav h. Vi behandlar personopplysningane dine som er nødvendig for å utføre våre lovpålagte oppgåver. På våre internettsider finn du informasjon om vår behandling av personopplysningane (Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune sin personvernerklæring).
(elektronisk utgåve: xxx.xxxx.xx/xxxxxxxxx)
3. Tilbod om undervisning til tenesteområda i kommunen
– personalet
Kompetanseoverføring: Det er eit aukande behov for kompetanse på tannhelsefeltet.
Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggande arbeid innan tannhelse, og skal difor ha fokus på rettleiing og undervisning om tannhelse til pleie- og omsorgspersonell og til andre som yter tenester til personar med ulike behov.
Tannhelsetenesta har ansvar for å gje tilsette i kommunen fagleg støtte, opplæring og rettleiing etter dei til ei kvar tid gjeldande tilrådingane for god oral helse/tannhelse.
I samarbeidsmøte vert det utarbeidd ein systematisk plan for gjensidig opplæring, rettleiing og fagleg støtte slik at omsorgspersonell har nødvendig kunnskap til å ivareta den enkelte brukar si orale helse. Kommunen skal sikre at munn- og tannstell inngår i kommunen sin opplæringsplan og i brukaren sin individuelle plan/pleieplan.
Ønskjer de undervisning i år: JA NEI
Dersom JA:
Korleis ønskjer de at undervisninga skal gjennomførast (samla/avdelingsvis osv.) og kven er ansvarleg?
Ønska tidspunkt for undervisning:
Dersom NEI:
Kvifor:
Dato:
Underskrift:
Dette er eit ledd i kvalitetssikring og dokumentasjon, jf. samarbeidsavtalen sitt punkt
3.0 – Partane sitt ansvar og plikter.
Vestland fylkeskommune samlar inn personopplysningar som er nødvendige for å utføre lovpålagte tenester. Innsamla data om deg er trygge hos oss. Har du spørsmål om handsaming av dine personopplysningar, kan du ta kontakt med oss på xxxxxxxxx@xxxx.xx eller på tlf.: 05557.
xxxxxxxxxxxxx.xx