Signering av lånekontrakt – Vestland fylkekommune
Signering av lånekontrakt – Vestland fylkekommune
Alle som skal låne bøker av skulebibliotek til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune må signere lånekontrakt. Ein digital versjon av lånekontrakten finn du her: xxxxx://xxxxxx.xxxx.xx/xxxxxxxxxx/xxxxxx/xxxxxxxxxxxx_xxxx
Framgangsmåte:
1. Klikk deg inn på linken som står nemnd over (du finn den også på skulen sine nettsider, under «Elevar og føresette» - «Elevtenester» - «Biblioteket» - under avsnittet «Elektronisk lånekontrakt»). Her må du velje ein innloggingsmåte:
2. Etter at du har logga deg inn, må du velje målform, lese gjennom kontrakten og klikke «Gå vidare»:
3. Neste steg er å hake av for at du aksepterer lånevilkåra i kontrakten:
- Når du hakar av i feltet for «Eg stadfester å ha forstått…», vil det opne seg nokre felt der mellom anna namnet ditt skal stå og datoen. Her må du i feltet for «Stad» skrive inn staden der du oppheld deg, og i feltet for
«Skule» må du rulle deg ned til der det står «Stord vgs».
- Klikk deretter «Gå vidare»
4. No vil du få opp heile lånekontrakten igjen, med namnet ditt under. Her skal du klikke i den vesle boksen for «Eg stadfester at opplysningane er korrekte»
5. Etter å ha klikka på knappen «Til signering» som dukkar opp, vil du få opp heile kontrakten nok ein gong. Her finn du ein knapp heilt i botnen med tittel «Signer dokument». Klikk knappen og følg dei siste instruksane:
- Du vil no få tilsendt den endelege kontrakten til epostadressa di. Dette som ein kvittering på at kontrakten no er signert. Mogleg du også kan laste ned kontrakten som ein PDF-kvittering med det same. Når du kjem ned til skulebiblioteket for å låne bøker første gongen, må du vise kvitteringa på at du har underteikna lånekontrakt før du får låne bøker.