LOGO} RAMMEAVTALE FOR KJØP AV VIKARTENESTER
{LOGO}
RAMMEAVTALE FOR KJØP AV VIKARTENESTER
Avtalereferanse: [Set inn korrekt kontraktsnr./-referanse]
Rammeavtale for kjøp av vikartenester
Rammeavtale mellom:
[Namn på Oppdragsgivaren] |
(frå no av omtalt som Oppdragsgivar)
og
[Namn på Leverandøren] |
(frå no av omtalt som Leverandør)
Oppdragsgivar handlar for denne rammeavtalen etter fullmakt også på vegner av desse samarbeidspartnarane, som også opptrer som Xxxxxxxxxxxxxxx etter denne rammeavtalen:
[Namn på samarbeidspartnar] |
[Namn på samarbeidspartnar] |
[Namn på samarbeidspartnar] |
[Namn på samarbeidspartnar] |
For Oppdragsgivar: For Leverandør:
[Stad/dato]
______________________________
[Namn på signatursetjar] [Tittel] |
|
[Stad/dato]
______________________________
[Namn på signatursetjar] [Tittel]
|
Oppdragsgivar sin signatursetjar stadfestar med signaturen sin på dette dokument at han har dei fullmaktene som er nødvendige for å binde avtaleparten sin under denne rammeavtalen.
Fullmakt i samsvar med stilling
Skriftleg fullmakt lagd ved
Leverandøren sin signatursetjar stadfestar med signaturen sin på dette dokument at han har dei fullmaktene som er nødvendige for å binde avtaleparten sin under denne rammeavtalen.
Fullmakt i samsvar med stilling
Skriftleg fullmakt lagd ved
Denne rammeavtalen er utferda i to eksemplar, av desse beheld Oppdragsgivar eitt og Leverandøren beheldeitteksemplar.
Skriftlege førespurnader i relasjon til rammeavtalen
Alle skriftlege førespurnader som gjeld dette avtaleforholdet skal sendast til følgjande adresser:
Førespurnader til Oppdragsgivar: Førespurnader til Leverandør:
[Adressat] [Adresse] [Postnummer og poststad] [E-post] |
|
[Adressat] [Adresse] [Postnummer og poststad] [E-post] |
Oppnemnde kontaktpersonar for partane (namn, stilling, telefon, e-post)
For Oppdragsgivar: For Leverandør:
[Namn] [Stilling] [Telefon] [E-post] |
|
[Namn] [Stilling] [Telefon] [E-post] |
INNHALDSLISTE
1KONTRAKTSTYPE OG FORMÅL
1.1Formålet med og omfanget av rammeavtalen
Denne rammeavtalen er ein parallell rammeavtale inngått for å dekkje Oppdragsgivaren sitt behov for dei nærare angitte vikartenestene.
Rammeavtalen er inngått med 3 leverandørar, rangert i denne rekkjefølgja:
Leverandør X
Leverandør Y
Leverandør Z
Xxxxxxxxxx har noko å seie for korleis ein gjennomfører avropa, jf. pkt.4.2
Rammeavtalen inneber ikkje at Oppdragsgivar er forplikta til å kjøpe eit fastsett volum vikartenester.
1.2Lengda på rammeavtalen
Rammeavtalen gjeld frå kontraktsigneringsdato og i [tal] år, med opsjon for Oppdragsgivar til å forlengje rammeavtalen i inntil ytterlegare [tal] år. Total avtaleperiode er maks 4 år. Ev. forlenging skal skje med minimum 1 månads skriftleg varsel før utløp av inneverande avtaleperiode.
2Vedleggsoversikt
Rammeavtalen består av desse dokumenta:
Alle rubrikkar skal vere kryssa av (ja eller nei) |
Ja |
Nei |
|||
Vedlegg 1: Kravspesifikasjon frå oppdragsgivar |
|
|
|||
Vedlegg 2: Løysingsskildring frå leverandøren |
|
|
|||
Vedlegg 3: Prisvedlegg |
|
|
|||
Vedlegg 4: Avropsskjema |
|
|
|||
Vedlegg 5: Informasjon om lønn og gode for Oppdragsgivar |
|
|
|||
Vedlegg 6: Eigenrapporteringskjema lønns- og arbeidsvilkår |
|
|
|||
Vedlegg 7: Samhandlingsavtalen |
|
|
|||
|
|
|
|
|
|
3PRIS OG BETALINGSVILKÅR
3.1Pris
Følgjande er grunnlag for rett fakturering:
• Den avtalte bruttotimelønna for vikaren, etter minstekravet i Arbeidsmiljølova § 14-12a
• Påslagsprosent av brutto timelønn for vikaren i samsvar med Vedlegg 3 Prisskjema
• Sosiale utgifter (feriepengar og arbeidsgivaravgift av lønn + feriepengar)
Oppdragsgivar dekkjer ikkje lønn utover minstekravet i Arbeidsmiljølova § 14-12a.
3.2Fakturering
3.2.1Faktureringsrutinar
Fakturering skal skje etterskotsvis kvar månad.
Fakturering skal skje med betaling pr. 30 kalenderdagar. Fakturert beløp skal gjelde den tid som er gått med fram til faktureringstidspunktet. Betalingsfristen blir rekna frå godkjent faktura er mottatt. Som godkjent faktura blir rekna faktura som er adressert og merkt riktig i samsvar med punkt 3.2.2, og som gjer det mogleg for Oppdragsgivar å kontrollere at det som er fakturert, er levert og elles i samsvar med det som er avtalt og dei krava Oppdragsgivar har stilt. Fakturagebyr og andre former for tillegg blir ikkje aksepterte.
3.2.2Fakturaformat og faktureringsadresse
Leverandøren skal sende faktura elektronisk. Elektronisk faktura skal vere av formatet Elektronisk handelsformat (EHF). EHF-formatet er eit offentleg standardformat (XML) som dekkjer krava i rekneskapslova.
Faktura skal merkjast med (referanse) og sendast til:X
Den elektroniske fakturaadressa til verksemda er organisasjonsnummeret til mottakande verksemd, sjå gjerne xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxx.xx/x-xxxxxx/xxxxxxxx/xxxxxxxxx-x-xxxx
3.2.3Overdraging av fakturaer
Leverandøren kan ikkje overdra fakturaer til tredjemann for innkrevjing uten føregåande skriftleg samtykke frå Oppdragsgivar.
4Avrop på rammeavtalen
4.1Ehandel
Avrop skjer gjennom aksesspunktinfrastrukturen, aksesspunkt som oppdragsgivar har valt. Transaksjonar skal gjennomførast i samsvar med standardformatet EHF, sjå samhandlingsavtale, vedlegg 7.
Leverandørar på denne avtalen forpliktar seg til å gjere tenestene sine tilgjengelege og ta mot ordrar i samsvar med dei krava og fristane som er oppgitt i vedlegg 7 (samhandlingsavtalen).
Leverandøren skal utarbeide og oppdatere spesifikk EHF-katalog for Oppdragsgivar der berre dei tenesteområda som inngår i denne rammeavtalen, skal komme fram. Katalogen skal utarbeidast i elektronisk format og distribuerast til den elektroniske adressa Oppdragsgivar oppgir.
Leverandøren skal halde katalogen oppdatert i samsvar med krava i samhandlingsavtalen.
4.2Gjennomføring av avrop
Ved avrop skal leverandør rangert som nr. 1 få høve til å dekkje Oppdragsgivar sine behov. Dersom leverandør rangert som nr. 1 ikkje er i stand til å dekkje heile behovet går førespurnaden, for den delen som ikkje er dekt, vidare til leverandør rangert som nr. 2. Dersom leverandør nr. 2 ikkje kan dekkje heile det behovet som står att, går førespurnaden vidare til leverandøren rangert som nr. 3.
Kan ingen av leverandørane på rammeavtalen dekkje det fulle behovet, kan Oppdragsgivar starte avropsprosessen på nytt med endra vilkår, eller prøve å dekkje det opphavlege behovet på annan måte.
Det er oppdragsgivar som bestemmer etter kva fristar avropa må svarast på.
5TEIEPLIKT
Informasjon som Partane blir kjende med i samband med rammeavtalen og gjennomføringa av rammeavtalen, skal behandlast konfidensielt, og ikkje gjerast tilgjengeleg for utanforståande utan samtykke frå den andre parten.
Teieplikt etter denne føresegna er ikkje til hinder for utlevering av informasjon som er kravd lagt fram i samsvar med lov eller forskrift, medrekna offentlegheit og innsynsrett som følgjer av lov 19. mai 2006 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova). Om mogleg, skal den andre parten varslast før slik informasjon blir gitt.
Teieplikta er ikkje til hinder for at opplysningane blir brukte når inga rettkommen interesse tilseier at dei blir haldne hemmelege, for eksempel når dei er alminneleg kjende eller alminneleg tilgjengelege andre stader.
Partane skal ta nødvendige forholdsreglar for å sikre at uvedkommande ikkje får innsyn i eller kan bli kjent med teiepliktig informasjon.
Teieplikta gjeld Partane sine tilsette, underleverandørar og tredjepartar som handlar på Partane sine vegner i samband med gjennomføring av rammeavtalen. Partane kan berre overføre teiepliktig informasjon til slike underleverandørar og tredjepartar i den utstrekning dette er nødvendig for gjennomføring av rammeavtalen, føresett at desse blir pålagde plikt til konfidensialitet tilsvarande dette punktet.
Teieplikta er ikkje til hinder for at Partane kan utnytte erfaring og kompetanse som blir opparbeidd i samband med gjennomføringa av rammeavtalen.
Teieplikta gjeld også etter at rammeavtalen er opphøyrd. Tilsette eller andre som fråtrer tenesta si hos ein av Partane skal påleggjast teieplikt om forhold som nemnt ovanfor også etter fråtredinga.
6LEVERANDØREN SINE PLIKTER
6.1Generelle forpliktingar
Vikartenestene skal utførast profesjonelt, effektivt og med høg fagleg standard.
Førespurnader frå Oppdragsgivar skal svarast på utan ugrunna opphald.
Leverandøren skal utan ugrunna opphald varsle om forhold Leverandøren forstår eller bør forstå kan ha innverknad på vikartenestene, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
Leverandøren er ansvarleg for at utføringa av vikartenestene skjer i samsvar med gjeldande lovgiving og/eller i samsvar med relevant bransjeregelverk.
6.2Lov om arbeidsmarknadstenester
Leverandøren pliktar å følgje lov om arbeidsmarknadstenester (LOV 2004-12-10 nr. 76) § 27 og skal heile tida oppfylle desse vilkåra:
Verksemd som har leigd ut ein arbeidstakar, kan ikkje avgrense moglegheita arbeidstakaren har til å ta arbeid hos innleigar etter at tilsetjingsforholdet hos utleigar er avslutta.
Verksemda kan ikkje leige ut ein arbeidstakar til ein av dei tidlegare arbeidsgivarane til arbeidstakaren før det har gått seks månader sidan arbeidstakaren slutta hos denne.
Verksemda kan ikkje krevje betaling av arbeidstakaren for utleigetenester.
6.3Levering
Tenester som blir avropte i samsvar med denne avtalen, skal leverast frå den tida som er avtalt ved det enkelte avropet.
Levering blir rekna som skjedd når vikar med nødvendige kvalifikasjonar møter opp på oppgitt stad klar til å utføre arbeidet.
6.4Leveringsstatistikk
Leverandøren skal på oppmoding frå Oppdragsgivar, vederlagsfritt levere statistikk m.v. til Oppdragsgivar for leveransar gjort under rammeavtalen. Statistikk skal utarbeidast som ein rapport som viser uttak av vikartenester innanfor dei ulike kategoriane, talet på timar og forbrukt sum pr. oppdrag.
Statistikken skal leverast i løpet av 10 vyrkedagar.
6.5Personell
Ved utskifting av vikar pliktar leverandøren å erstatte vikaren med vikar som oppfyller krava i kravspesifikasjonen. Ved byte av vikar ber Leverandøren kostnadene knytte til bytet, medrekna eventuelle kostnader ved å tilføre ny vikar kunnskap for å gjere vedkommande vikar operativ på tilsvarande nivå som vikaren som blir erstatta.
Oppdragsgivar kan krevje at vikar som etter Oppdragsgivar si oppfatning opptrer på ein klanderverdig måte eller som er ueigna til å utføre vikartenesta, blir skifta ut uten ugrunna opphald på Leverandøren sin kostnad. Oppdragsgivar skal gi Leverandøren ei sakleg grunngiving for kvifor personell er kravd skifta ut.
Dersom vedlegg 2 i kontrakten namngir dei personane som skal stå for utveljing/rekruttering av vikarar, skal desse personane ved eit eventuelt byte erstattast av personar med tilsvarande kompetanse. Oppdragsgivar skal givast høve til å godkjenne nytt personell. Nekting av slik godkjenning kan berre skje dersom det ligg føre sakleg grunn.
6.6Leverandøren skal vere uavhengig
Vikarar som Leverandøren nyttar, skal ikkje på noko vis vere i interessekonflikt i samband med gjennomføringa av oppdraget. Leverandøren er forplikta til å underrette Xxxxxxxxxxxxx om forhold som kan medføre interessekonfliktar. Vikaren som kan tenkjast å komme i ein slik konfliktsituasjon, skal ikkje nyttast til oppdrag.
6.7Forsikringar
Leverandøren skal halde utføringa si av vikartenestene dekt av forsikring i samsvar med gjeldande bransjenormer for vikartenester.
6.8Reklame, kundepleie m.v.
Leverandøren må hente inn førehandsgodkjenning frå Oppdragsgivar dersom Leverandøren for reklameformål eller på annan måte ønskjer å gi offentlegheita informasjon om rammeavtalen ut over å oppgi leveransen som generell referanse.
Leverandøren pliktar i marknadsføringa si av rammeavtalen inn mot Oppdragsgivar og representantar for Oppdragsgivar å opptre lojalt i forhold til formålet med og omfanget av rammeavtalen.
Leverandøren pliktar berre å marknadsføre tenester m.v. som er underlagde rammeavtalen, og har eit sjølvstendig ansvar for ikkje på nokon måte å levere eller oppmuntre til avrop på tenester og ev. varer som ikkje er underlagde rammeavtalen.
Leverandøren skal ikkje tilby Oppdragsgivar eller representantar for Oppdragsgivar gåver eller gåveliknande varer eller tenester i tilknyting til avtaleforholdet mellom Leverandør og Oppdragsgivar.
Ved avslutning av kontraktsforholdet pliktar Leverandøren å bidra til smidig overgang til ev. ny leverandør ved å avslutte alle former for marknadsføring av gjeldande kontraktsforhold inn mot Oppdragsgivar, og å avvise ev. avrop basert på det avslutta avtaleforholdet.
6.9Likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår
Leverandøren pliktar å gi vikarane, som blir engasjerte på bakgrunn av denne rammeavtalen, minst dei same lønns- og arbeidsvilkåra som gjeld hos Oppdragsgivar, jf. Arbeidsmiljølova § 14-12a.
Dette gjeld:
Arbeidstidslengda
Overtidsarbeid
Lengd på og plassering av pausar og kvileperiodar
Nattarbeid
Feriefritid, feriepengar, fridagar og godtgjering på slike dagar, og
Lønn og utgiftsdekning
Vikaren, som blir leigd ut til oppdragsgivar, har same tilgang til felles gode og tenester hos innleigar.
Oppdragsgivar kan krevje at Leverandørane dokumenterer kva lønns- og arbeidsvilkår dei tilsette har. Oppdragsgivar har rett til innsyn i relevante dokument som for eksempel timelister og lønnsslippar.
Oppdragsgivar har rett til å utføre både melde og umelde revisjonar hos Leverandøren for å kontrollere at reglane nemnde over, er oppfylte.
Dersom oppdragsgivar som følgje av solidaransvaret i aml § 14- 12c må utbetale forfallen lønn og feriepengar, har Oppdragsgivar regressrett overfor Leverandøren. Oppdragsgivar har vidare rett til å halde tilbake eit beløp likt 50 % av uteståande beløp til forholdet er retta opp.
Brot på forpliktingane etter denne regelen er å rekne som vesentleg misleghald.
6.10Forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar
For avtalar som er omfatta av forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar gjeld dette:
Krav til leverandør og eventuelle underleverandørar
På område som er dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale, skal leverandøren sørgje for at xxxxxxxx0 hos leverandøren og eventuelle underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylle denne kontrakten, har lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande forskrifter2.
På område som ikkje er dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale, skal leverandøren sørgje for at dei same tilsette har lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande landsomfattande tariffavtale3 for den aktuelle bransjen. Med lønns- og arbeidsvilkår meiner ein reglar om minste arbeidstid, lønn, medrekna overtidstillegg, skift- og turnustillegg og ulempetillegg, og dekning av utgifter til reise, kost og losji, i den grad slike reglar følgjer av tariffavtalen.
Leverandøren skal ha same forpliktingar avtalefesta i alle avtalar som omfattar tilsette hos underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylle denne kontrakten.
Administrative reglar og sanksjonar
Leverandøren skal innan éin månad gjere greie for korleis verksemda varetar krava i 1 a) – c) i samsvar med malen for eigenrapportering4. Eigenrapporteringa skal sendast til oppdragsgivar innan éin månad etter kontrakten har starta, med mindre anna er avtalt. Eigenrapportering kan krevjast fleire gonger i løpet av kontraktsperioden.
Leverandøren skal på førespurnad og innan tidsfristen sett av oppdragsgivar, kunne dokumentere5 at krava til lønns- og arbeidsvilkår blir haldne i eige verksemd og hos eventuelle underleverandørar. Dokumentasjonen6 blir kontrollert av oppdragsgivar eller ekstern kontrollør engasjert av oppdragsgivar. Dokumentasjonen kan inkludere, men er ikkje avgrensa til, komplett liste med namn på eigne og eventuelle underleverandørar sine tilsette som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten, oversikt over allmenngjorde og/eller landsomfattande tariffavtalar som blir lagde til grunn for dei same tilsette, innsyn i leverandøren sine avtalte lønns- og arbeidsvilkår med eventuelle underleverandørar, timelister, arbeidsavtalar, lønnsslippar og avtalar om kost og losji.
Oppdragsgivar, og eksterne kontrollørar engasjert av oppdragsgivar, har rett til å utføre annonserte og uannonserte stadlege kontrollar hos leverandøren, eventuelle underleverandørar og ved lokasjonen der tenesta blir utført. Ein stadleg kontroll vil kunne inkludere innsyn i lønns- og personalsystem.
Oppdragsgivar og eventuell ekstern kontrollør som får opplysningane, har teieplikt om opplysningane7.
Dersom leverandør eller underleverandør får pålegg frå Arbeidstilsynet som gjeld lønns- og/eller arbeidsvilkår, skal leverandøren utan opphald informere oppdragsgivar ved kopi av pålegget. Dersom leverandøren eller underleverandøren ikkje utbetrar forholda i pålegget innan Arbeidstilsynet sine fristar, vil dette bli rekna som misleghald av kontrakten, som vil medføre plikt til å betale dagbøter8 inntil forholdet er retta. Dagbota kjem på automatisk.
Dersom brot på punkt 1 a)-c) blir oppdaga av oppdragsgivar eller av tredjepart engasjert av oppdragsgivar, skal leverandøren rette forholdet innan den fristen oppdragsgivar fastset. Der leverandøren sjølv oppdagar slikt brot gjennom internkontroll eller eiga oppfølging av underleverandørar, skal leverandøren utan opphald opplyse oppdragsgivar om forholda og utbetre forholda innan frist fastsett av oppdragsgivar. Oppdragsgivar kan krevje at leverandøren skal utarbeide ein plan for forbetringar som skal godkjennast av oppdragsgivar. Dersom forholda ikkje blir utbetra innan fastsett frist, vil dette bli rekna som misleghald av kontrakten som vil medføre plikt til å betale dagbøter inntil forholdet er retta. Dagbota kjem på automatisk. Ved alvorlege brot som medfører fare for liv og helse for tilsette, ved gjentatte brot eller ved avtalt maksimal periode med dagbøter, blir det rekna som vesentleg misleghald som gir oppdragsgivar rett til å heve kontrakten.
Dersom likebehandlingsprinsippet etter § 14-12a i arbeidsmiljølova gir vikaren rett til betre lønns- og arbeidsvilkår enn dei lønns- og arbeidsforholda som vikaren ville få etter forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar, skal vikaren minst ha dei same lønns- og arbeidsvilkåra som gjeld hos Oppdragsgivar.
7OPPDRAGSGIVAR SINE PLIKTER
7.1Generelle forpliktingar
Oppdragsgivar skal lojalt medverke til gjennomføring av rammeavtalen.
Førespurnader frå Leverandøren skal svarast på utan ugrunna opphald.
Oppdragsgivar skal utan ugrunna opphald varsle om forhold Oppdragsgivar forstår eller bør forstå kan ha innverknad på gjennomføringa av rammeavtalen, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
7.2Opplysningsplikt etter arbeidsmiljølova § 14-12b
Oppdragsgivar skal seinast 14 dagar etter avrop gi Leverandøren dei opplysningane som er nødvendige for at Leverandøren skal kunne vareta kravet om likebehandling i arbeidsmiljølova § 14-12a. Sjå elles Vedlegg 5 Lønn og gode hos Oppdragsgivar.
7.3Varslingsplikt
Blir Xxxxxxxxxxxxxxx hindra i å oppfylle forpliktingane sine til rett tid, skal han utan ugrunna opphald gi melding til Leverandøren om hindringa og verknaden den har på moglegheita til å oppfylle. Oppdragsgivaren skal kunne dokumentere når og korleis slik melding vart gitt.
7.4Betaling
Oppdragsgivaren pliktar å gjennomføre betalinga i samsvar med punkt 3.
7.5Medverknad
Oppdragsgivaren skal yte slik medverknad som er rimeleg å vente av han for at Leverandøren skal kunne oppfylle kontraktsforpliktingane sine.
8MISLEGHALD
8.1Forseinka levering
8.1.1Når ligg det føre forseinking
Det ligg føre forseinking dersom Leverandøren ikkje har stilt vikar til rådvelde for Oppdragsgivar i samsvar med det tidspunktet som vart bestemt ved avropet.
8.1.2Dagsmulkt
Ved forseinka levering byrjar dagsmulkt å gå automatisk.
Dagsmulkta utgjer 500,- per kvardag inntil levering skjer, eller Oppdragsgivar har fått dekt behovet på annan måte.
Kan forseinkinga knytast til forhold hos Oppdragsgivar, eller han ved aktløyse medverka til det økonomiske tapet, blir Leverandøren sitt ansvar tilsvarande redusert.
Dagsmulkt er ikkje til hinder for at Oppdragsgivar i tillegg krev erstatning for å få dekt tap som viser seg å bli større enn det som blir dekt av dagsmulkta. Betalt dagsmulkt skal gå til frådrag i erstatninga i den utstrekning ho er kompensasjonsrelevant.
Oppdragsgivar skal søkje å førebyggje og avgrense skadeverknadene av forseinkinga frå Leverandøren.
8.2Forseinkingsrente
Dersom Oppdragsgivaren ikkje betaler til avtalt tid, har Leverandøren krav på rente av det beløpet som er forfalle til betaling, i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (forseinkingsrentelova).
8.3Betalingsmisleghald
Dersom forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter ikkje er betalt innan 30 (tretti) kalenderdagar frå forfall, kan Leverandøren sende skriftleg varsel til Oppdragsgivaren om at avtalen vil bli heva dersom oppgjer ikkje er skjedd innan 60 (seksti) kalenderdagar etter at varselet er mottatt.
Heving kan ikkje skje dersom Oppdragsgivaren gjer opp forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter innan utløpet av fristen.
8.4Heving
Kvar av partane har rett til å heve kontrakten dersom den andre vesentleg mislegheld kontraktsforpliktingane sine eller det er klart at slikt misleghald vil skje. Før heving kan skje, må den parten som vil hevde misleghald, skriftleg overfor den andre parten, gjere greie for kva som er rekna som misleghaldt.
Følgjande situasjonar skal alltid kvar for seg reknast som vesentleg misleghald frå Leverandøren si side:
Gjentatte brot på lov, forskrifter, instruksar og enkeltvedtak
Gjentatte brot på plikt til å levere statistikk (etter førespurnad frå Oppdragsgivar)
Brot på kravet om at Leverandøren er uavhengig
Brot på krav til likebehandling etter arbeidsmiljølova § 14-12a
Dersom Leverandøren er rettskraftig dømt for deltaking i ein kriminell organisasjon eller for korrupsjon eller kvitvasking av pengar, eller er kjent skyldig i strafflagde forhold som gjeld yrkesmessig vandel
Dersom det i samband med verksemda til Leverandøren blir opna gjeldsforhandlingar, akkord eller konkurs, eller anna form for kreditorstyring gjer seg gjeldande, eller Leverandøren er under avvikling, har innstilt verksemda si eller er i tilsvarande prosess med heimel i nasjonale lover og forskrifter.
Ved heving har Leverandøren krav på betaling for dei kontraktsmessige ytingane som er utført fram til hevingstidspunktet.
9OPPSEIING AV AVTALEN
Ved vesentleg endra føresetnader undervegs i avtaleperioden, kan både Oppdragsgivar og Leverandøren seie opp avtalen med 6 månaders skriftleg varsel.
10OPPHØYR AV RAMMEAVTALEN
Ved avslutning av avtaleforholdet, uavhengig av årsaka til at rammeavtalen opphøyrer, pliktar Leverandøren å bidra til smidig overgang til ev. ny leverandør. Dette gjeld ikkje dersom rammeavtalen er heva som følgje av Oppdragsgivar sitt misleghald eller forventa misleghald av rammeavtalen.
Eventuelle avrop som er gjort eller arbeid som er påbyrja før utløpet av avtaleforholdet, skal gjennomførast sjølv om vikartenestene må utførast etter utløpet av avtaleperioden.
11MØTE
Dersom ein part finn det nødvendig, kan parten med minst 3 – tre - kvardagars varsel innkalle til møte med den andre parten for å drøfte avtaleforholdet og måten avtaleforholdet blir gjennomført på.
Annan frist og rutinar for møta kan avtalast.
12TVISTAR
12.1Rettsval og verneting
Partane sine rettar og plikter etter denne rammeavtalen blir i heilskap tolka og utfylt etter norsk rett.
[Set inn korrekt tingrett]er verneting for tvistar under denne rammeavtalen.
12.2Forhandlingar
Dersom det oppstår ein tvist om Partane sine rettar og plikter under eller i tilknyting til denne rammeavtalen, skal ein prøve å løyse tvisten gjennom forhandlingar.
12.3Domstols- eller skilsdomsbehandling
Fører forhandlingane ikkje fram innan avtalt tid, seinast innan 4 veker etter første
forhandlingsmøte, skal tvisten avgjerast av dei ordinære domstolane.
Partane kan i fellesskap i staden få tvisten avgjort med endeleg verknad ved skilsdom i Noreg etter normalreglane i lov av 14. mai 2004 nr. 25 om voldgift.
1Her inkluderer omgrepet tilsette også innleigde og utsende arbeidstakarar.
2Per november 2013 er det allmenngjorde tariffavtalar innanfor desse områda:
Byggjeplassar
Skips- og verftsindustrien
Jordbruks- og gartnarinæringane
Reinhald
For meir informasjon, sjå Arbeidstilsynet sine sider: xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxx.xx/xxxxx.xxxx?xxxx00000
3Tariffavtalar inngått mellom hovudsamanslutningane, fagforbunda og arbeidsgivarforeiningane i norsk arbeidsliv, og som ikkje er geografisk avgrensa eller avgrensa til enkeltverksemder, vil i utgangspunktet vere landsomfattande.
4Difi har utvikla ein mal for eigenrapportering, sjå xxxx://xxxxxxxxxxxx.xx/xxxxxx-xxxxxxx/xxxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxxxxxx-xx-xxxxx-xx-xxxxxxxxxxxxxx.
5Leverandøren skal på førespurnad sende dokumentasjonen vederlagsfritt til oppdragsgivar, anten per post eller elektronisk, på ein måte og med ei sikkerheit som er eigna for dei sensitive personopplysningane han inneheld. Det er leverandøren som har ansvaret for at opplysningane blir handterte forsvarleg ved sendinga.
6 Dokumentasjonen må vere i ei slik form og på eit slikt språk som gjer han eigna til at oppdragsgivar kan forsikre seg om at krava til lønns- og arbeidsvilkår er oppfylte. Det er leverandøren som har ansvaret for at ei eventuell omsetjing er korrekt.
7Teieplikta gjeld ikkje overfor Arbeidstilsynet eller Petroleumstilsynet, heller ikkje overfor tilsette eller interne eller eksterne rådgivarar som er nødvendige for å få språkleg, økonomisk, juridisk eller annan fagleg bistand. Teieplikta gjeld også for rådgivarane.
8 Dersom ikkje xxxx er avtalt, skal dagbota tilsvare avtalt maksimal dagbot. Dersom ikkje slik dagbot følgjer av kontrakten, må dette avtalast.
For Oppdragsgivar: ____________ For Leverandøren: ____________
Side 1 av 14