KONTRAKT FOR OPPSTALLING VED STORD HESTESPORTSENTER
KONTRAKT FOR OPPSTALLING VED STORD HESTESPORTSENTER
Kontrakt vert inngått mellom Stord hestesportsenter AS og
Namn | |
Adresse | |
E-post | |
Tlf. | |
Hesten sitt namn | |
Alder | |
Kjønn | |
Grunnvaksinert |
Kontrakten gjeld frå dags dato, og til skriftleg oppseiing er innlevert. Det er 1 månads gjensidig oppseiingstid gjeldane frå den 1. i månaden etter motteken skriftleg oppseiing.
Oppseiing kan og skje etter brudd på gjeldande reglar ved Stord Hestesportsenter.
Leigetakar pliktar å setje seg inn i og overhalda reglar som gjeld for Stord Hestesportsenter, herav gjelder og Sunnhordland travlag og Stord Hestesportlag sine reglar. Leigetakar har og ansvar for at forrytter/hjelparar er kjent med reglementet på senteret.
Det er fortsatt ein stor jobb å gjera til senteret er ferdig. For året 2015 må kvar leigetakar delta med 25 timar dugnad. ( Dugnad på arrangement kjem i tillegg) Dugnadspersonar bør i utgongspunktet vera 18 år, slik at barn må sende foreldre, med unntak av på dugnadar med tilrettelagt arbeid for yngre.
Det er mulig å kjøpe seg fri frå dugnad ved å betale 400 kr pr dugnadstime.
Det vert sett opp lister og dugnadsleiar for alle dugnadane, og han/ho vil registrere timane.
Alle leigetakarar ved senteret er pliktig å teikne medlemsskap i Stord Hestesportlag eller Sunnhordland Travlag.
Leiga er pr. 01.03.2015 sett til kr. 1900 for stallplass med frokost og middagsforing samt utslipp hverdager. Spon, kraftfõr og høy/ensilasje faktureres utenom. Det kjem eit tillegg på 150 pr stk ved større boks/luftegård.
Det skal betalast inn eit forskudd på stalleige for to månader, som vert tilbakebetalt ved endt leigeforhold. Etter dette skal leiga betalast med forfall den 1. i kvar månad til kontonummer 1503.51.72952.
Leigetakar bekreftar å ha lese kontrakten med vedlegg, og ved å underskrive godtek han dei vilkår og reglar som er beskrive.
Stad Dato
For Stord Hestesportsenter Leigetakar