Avtale om uttak av konsesjonskraft frå Hydro Aluminium AS sine kraftanlegg i Luster. Underskriftsfullmakter.
Avtale om uttak av konsesjonskraft frå Hydro Aluminium AS sine kraftanlegg i Luster. Underskriftsfullmakter.
Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak:
1. Sogn og Fjordane fylkeskommune godkjenner forslaget til avtale med Hydro Aluminium AS om uttak av konsesjonskraft frå Hydro sine anlegg i Luster.
2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å underskrive avtalen.
3. Fylkesrådmannen får også fullmakt til å underskrive andre tilsvarande avtaler om uttak av konsesjonskraft
Prenta vedlegg:
1. Brev frå Hydro Aluminium AS av 18.09.2006.
2. Kontrakt mellom Hydro Aluminium AS og Sogn og Fjordane fylkeskommune, forslag Uprenta vedlegg:
Saksframstilling
1. BAKGRUNN
Fylkesrådmannen ba i brev til SFE AS av 24.11.2005 om at selskapet straks skulle starte prosessen med å ta ut konsesjonskraft i tråd med tilråding frå fylkesutvalet, sak 96/05. Det vart teke atterhald for endeleg vedtak i fylkestinget.
Fylkestinget gjorde 13.12.2005 slikt vedtak i sak 38/05: EVT. NYE UTTAK AV KONSESJONSKRAFT
1. Tidlegare prinsipp om at det ikkje skal takast ut konsesjonskraft frå industrikraftverk og kraftverk eigd av lokale offentlege eigarar vert oppheva.
2. Det skal straks settast i gang arbeid med sikte på å ta ut disponibel konsesjonskraft frå kraftverkverk i Bremanger og Luster.
3. Uttak frå andre kraftverk vert å vurdere seinare. Fylkesutvalet får mynde til å ta avgjerd.
Frå SFE AS si side vart arbeid igangsett straks i tråd med brevet frå fylkeskommunen, og det ligg no føre forslag til avtale/kontrakt om uttak mellom fylkeskommunen på den inne sida og Hydro Aluminium på den andre sida. Slik vedtaket i fylkestinget i sak 38/05 er utforma, finn fylkesrådmannen det rett at saka vert lagt fram for fylkesutvalet.
2. VURDERING OG KONSEKVENSAR
Forslaget til avtale omtalar i den generelle delen ma.:
• lovgrunnlag og formål
• uttaksmodell
• betaling
• leveringsstad
• varsel
• Force Majeure
• mislighold
• fullmektig
• tvistar, voldgift
• varigheit
• underskrifter
Under del II spesiell vilkår er det m.a. omtalt
• aktuelle kraftverk med konsesjonar der det er aktuelt å ta ut konsesjonskraft
• kvantum som er disponibelt for uttak
• kontraktspris, dvs. den til ei kvar tid gjeldande pris på konsesjonskraft fastsett av vedkommande departement
Fylkesrådmannen har gått gjennom alle ledd i forslaget til avtale/kontrakt og har lagt den fram til vurdering for SFE Kraft AS. Dette selskapet skal vere fullmektig for fylkeskommunen når avtalen trer i kraft. Fylkesrådmannen xxxx etter dette ingen grunn for å foreslå endringar i avtalen.
I tråd med FT-vedtak i sak 38/05 er det sett i gang arbeid for å få i stand uttak av konsesjonskraft også frå kraftverk i Bremanger. Avtaleutkast for dette uttaket ligg enno ikkje føre. Det er grunn for å vente at avtalen for dette uttaket vil bli utforma og ha tilsvarande innhald som avtalen med Hydro Aluminium AS. Det vil difor vere praktisk at fylkesrådmannen får fullmakt til å skrive under både den føreliggande avtalen og andre avtaler i tråd med FT-vedtaket som nemnt.
3. KONKLUSJON/TILRÅDING
Fylkesrådmannen rår til at forslaget til avtale med Hydro Aluminium AS om uttak av konsesjonskraft frå Hydro sine anlegg i Luster, vert godtkjent. Fylkesrådmannen bør få fullmakt til å skrive under denne avtalen og andre tilsvarande avtaler om uttak av konsesjonskraft.