AVTALE
AVTALE
mellom
Etne kommune (EK)
og
Haugaland brann og redning iks (HBR)
1. Bakgrunn - Formål
Etne kommune (EK) har vore deltakar og medeigar i Haugaland brann og redning IKS (HBR) sidan oppstarten 1.7.2018 med dei plikter og rettar mellom partane som kjem fram av selskapsavtala og Lov om interkommunale selskap.
EK har det lovfesta ansvaret for drift av brannvesen etter brann- og eksplosjonsvernlova. Etter selskapsavtala er det HBR som skal dekke alle dei deltakande kommunane sine plikter, oppgåver og behov med tanke på desse lovpålagde oppgåvene. Då fleire tilsette i Skånevik og Etne har sagt opp sine stillingar, er det ikkje innanfor eit kost-/nytteperspektiv mogleg for HBR å løyse desse lovpålagte oppgåvene i samsvar med selskapsavtala og dei lovpålagte oppgåvene for EK.
Denne avtala er ei midlertidig løysing, og har difor til formål å sikre at beredskapen i EK vert vidareført på tilfredsstillande måte inntil avtale om ei varig løysing er på plass. Denne avtala vil skildre ansvarsforholdet mellom EK og HBR. EK vil med avtalen få det daglege operasjonelle ansvar for å sikra at kommunen har ei forsvarleg brann- og redningsstyrke etter brann- og eksplosjonsverns loven §11,1 ledd e) og f).
2. Kontraktens dokumenter
a. Dette avtaledokument
b. Selskapsavtale for Haugaland brann og redning IKS
3. Kontraktspartene - representanter
Avtala vert inngått mellom Etne kommune, org. nr. 959 435 375, som leverandør og Haugaland brann og redning IKS, org. nr. 819 585 822 som kjøpar av tenester (oppdragsgjevar).
Representantar for kontraktspartane, vil xxxx xxxxxxxxxxxxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx for EK og dagleg leiar Xxx Xxxxxx for HBR.
Det er ein føresetnad for avtala at den er handsama og godkjend i representantskapet for HBR og i kommunestyret i EK.
4. Omfang av avtale
4.1 Innledning
Denne avtala løyser ikkje HBR frå ansvaret eller arbeidsoppgåver etter selskapsavtala, med mindre det følgjer av avtala, eller vert skriftleg avtala undervegs.
For å løyse den akutte situasjonen har EK sagt seg villig til å, mot vederlag, vere ansvarleg for å løyse oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernloven § 11, punkt e og f, dvs., vera innsatsstyrke ved brann og andre akutte ulykker, gjennom å ta på seg ansvaret for mannskap som høyrer til brannstasjonane i Etne og Skånevik.
4.2 Administrative og beredskapsmessige forhold
EK skal vere ansvarleg for at brannstasjonane i Etne og Skånevik er forsvarleg bemanna til kvar tid, herunder skal EK:
- lage vaktplaner,
- sørga for rekruttering og oppbemanning dersom dette er nødvendig for å overholde pliktene etter brann- og eksplosjonsvernloven § 11 e og f,
- handtere avvik og beredskapsbehov,
- sørga for rapportering til DSB gjennom rapporterings- og statistikksystemet BRIS.
For å oppfylle dette skal EK tilby tilsetjing til dei tilsette som har vore tilknytt brannstasjonane i Etne og Skånevik og som frivillig har avslutta arbeidsforholda sine i HBR.
HBR aksepterer at dei tilsette som framleis høyrer til brannstasjonane i Etne og Skånevik, og som ønsker å avslutta arbeidsforholda sine i HBR for å ta nytt arbeid i EK, blir stilt fri utan oppseiingstid. Arbeidstakarar som ikkje frivillig avsluttar arbeidsforholda sine i HBR, men likevel høyrer til brannstasjonane i Etne og Skånevik, skal leigast ut til EK. Standardvilkåra for slik utleige følgjer av Vedlegg 1.
Partane skal etablere eit kontaktpunkt mellom EK og HBR vedr. beredskap (beredskapsansvarleg). Beredskapsansvarleg for EK skal ha områdeleiar i HBR som sitt kontaktpunkt.
HBR er ansvarleg for alle andre tenester som fell in under selskapsavtala i HBR, blant anna:
- å stille til disposisjon nødvendig køyretøy, utstyr og materiell for å kunne ivareta beredskapsoppgåver.
- vedlikehald av køyretøy, utstyr og materiell i tråd med HBR sitt internkontrollsystem.
- system for forvaltning, drift og vedlikehald (Bliksund).
- å utarbeide øvings- og kompetanseplanar samt levere kursplassar i samsvar med eigarandelen.
- å vere kontraktpart overfor 110-sentral vedr. responsar, rutinar, økonomi m.m.
4.3 Beredskapsmessige forhold
Som leverandør vil EK vere ansvarleg for:
- å gjennomføre innsats etter brann- og eksplosjonsvernloven § 11, punkt e og f.
HBR skal vere ansvarleg for:
- overordna leiing i operativ samanheng, ref. brann- og redningsvesenforskrift § 12 første avsnitt.
- ressurstenester ved brannar og andre akutte hendingar.
5. Oppstart, varighet og oppseiing
Avtala trer i kraft 01.04.2022 og gjeld fram til ny avtale vert inngått eller avtalen vert sagt opp.
Då avtala er ei midlertidig kriseløysing er partane samde om at ei varig løysning skal vera på plass seinast 31.12.2022.
Avtala kan seiast opp skriftleg av kvar av partane med tre månader oppseiingsfrist. Oppseiing gjeld frå dato til dato. Ved ein oppseiing vil selskapsavtala regulera plikter og rettar for partane, men partane skal vurdera om det er naudsynt å regulera dette i meir detalj i ei eiga avtale.
6. Økonomi og betaling
HBR skal betale for dei tenestene EK leverer. EK fakturerer HBR og får dekka indirekte etter forbrukt/faktiske kostnader, jf. punkt 4 i denne avtale.
Faktura vert sendt HBR månadleg den 20. i kvar månad, med fjorten dagars betalingsfrist.
Kostnader skal vere berekna med utgangspunkt i budsjett og løns- og arbeidstidsdokument for HBR. Dersom EK inngår nye avtalar som er betre enn det HBR tilbyr eigne tilsette, vil denne meirkostnaden ligge til EK.
Dersom Etne kommune etablerer beredskap som er høgare enn det som kjem fram av selskapsavtale, vil EK sjølv vera ansvarleg for auka kostnad, ref. selskapsavtala § 2-4.
7. Teieplikt og HMS-erklæring
Partane skal handtere reglar for teieplikt i tråd med EK og HBR sine retningsliner og dei gjeldande krav sett i lov og forskrift.
Dei krav som er sett til helse, miljø og tryggleik vert lagt til arbeidsgjevar om ikkje anna er fastsett i denne avtale.
8. Lovvalg og verneting
Partane sine rettar og plikter etter denne avtale har Haugaland og Sunnhordland tingrett som verneting.
9. Underskrift
Denne avtale er i to originaleksemplar, der partane har eit eksemplar kvar.
Haugesund, 29.03.2022
................................................. ..................................................
Etne kommune v/ordførar Haugaland brann og redning iks
Xxxxx Xxxxx Xxxxxxxx Xxxxxxx Xxxxxx Xxxxxxx Styreleiar
..................................................
Haugaland brann og redning iks Xxxx Xxxxx Xx
Leiar representantskapet