Avtale om driftstilskot til Måløy trafikkterminal
Avtale om driftstilskot til Måløy trafikkterminal
Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:
Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:
1 Fylkestinget godkjenner framlegget til avtale med Nordfjord Havn IKS om tilskot til drifta av Måløy trafikkterminal.
2 Fylkesrådmannen får mynde til å underskrive avtalen.
Prenta vedlegg:
1. Framlegg til avtale med Nordfjord Havn IKS Uprenta vedlegg:
Saksframstilling 1. BAKGRUNN
Bakgrunn for at saka er reist
Måløy trafikkterminal opna våren 2004. Nordfjord Havn IKS har i den samanheng søkt fylkeskommunen om årlege tilskot.
Historikk - tidlegare vedtak HRU sak 21/02:
1 Passasjerterminal-tilbodet i Måløy må betrast, jfr kollektivtrafikkplanen frå 1997.
2 Det bør etablerast ein felles båt- og bussterminal i Måløy.
3 Fylkeskommunen sitt økonomiske engasjement vert avgrensa til vanleg standard for passasjerterminalar.
4 Fylkesadministrasjonen får i oppdrag å tinge fram ei avtale med Vågsøy kommune om årleg godtgjersle til drift av passasjerterminalen.
5 Det vert føresett at fylkeskommunen sitt årlege bidrag skal liggje innanfor ei totalramme på 1 million kr pr år. Dette medrekna hamneavgift for dei fylkeskommunale båtrutene, passasjeravgift og årleg godtgjersle. Passasjeravgifta bør maksimalt utgjere 25 kr, og berre gjelde reiser som er over 200 km.
HS sak 02/05:
I samband med budsjetthandsaminga vart det løyvd kr 500.000 til Måløy trafikkterminal i 2005.
HS sak 15/05:
1 Hovudutval for samferdsle viser til vedtak i HS-sak 02/05 der hovudutvalet vedtok å løyve kr 500 000 i tilskot til Måløy Trafikkterminal i 2005.
2 Søknaden om ekstra driftstilskot på kr 700.000 årleg vert ikkje imøtekomen.
FU sak 53/05
Fylkesutvalet viser til hovudutval for samferdsle si handsaming av saka. Fylkesutvalet tek saksførelegget til orientering. Saksførelegget gjev ikkje grunnlag for å endre tidlegare vedtak i saka.
HS sak 06/06
Hovudutvalet løyvde kr 508.000 til terminalen ved handsaminga av budsjettet for 2006.
Finansiering av drifta
Nordfjord Havn IKS har følgjande driftsfinansiering av trafikkterminalen: Tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune kr 500.000
Tilskot frå Fjord1 Fylkesbaatane kr 200.000
Hamneavgift kr 200.000
Utleige av garasjar kr 50.000
Samla kr 950.000
Hamneavgifta kjem frå båtrutene til Fjord1 Fylkesbaatane og Øyglimt. Andre opplysningar
HS løyvde følgjande til terminalar ved budsjetthandsaminga for 2006:
Sogndal | kr | 563.000 |
Sollibotn | kr | 86.000 |
Skei | kr | 195.000 |
Øvre Årdal | kr | 157.000 |
Vadheim | kr | 61.000 |
Måløy | kr | 508.000 |
Vik kr 40.000
Samla kr 1.610.000
For terminalane i Sogndal, Sollibotn, Skei og Øvre Årdal har fylkeskommunen ti-årige avtalar. Avtalepart i Sogndal og Øvre Årdal er Fjord1 Sogn Billag, i Sollibotn er det Gulen kommune, medan det på Skei er Skei Servicenter.
2. VURDERING OG KONSEKVENSAR
Fylkesrådmannen fekk i punkt 4 i HRU sitt vedtak i sak 21/02 i oppdrag å tinge fram ei avtale om tilskot til den då planlagde terminalen i Måløy. Partane hadde eit møte seinare på våren der fylkeskommunen ba Vågsøy kommune kome med ein ny søknad basert på føresetnadene i HRU sitt vedtak. Våren 2004 sendte fylkeskommunen eit brev der det vart bedt om status i arbeidet. Terminalen vart kort tid etter opna og sett i drift.
Terminalen vart altså bygd utan at det låg føre ein avtale med fylkeskommunen om årleg driftstilskot. Vidare gjorde byggjekostnaden det utfordrande for Nordfjord Havn IKS å få ei god finansiering innanfor rammene i vedtaket til HRU. Dette gjorde tingingane om årleg driftstilskot noko vanskelege og HS har handsama fleire skisser til løysing. Eit fleirtal i HS har i alle saker stått fast på eit tilskot på kr 500.000. I tillegg kjem hamneavgift på kr 200.000 som indirekte vert betalt av fylkeskommunen.
Med bakgrunn i ovanståande har det difor gått to år frå opninga av terminalen til fylkestinget no får lagt føre seg denne saka om endeleg avtale.
Den framtinga avtala har ei lengd på 10 år. Dette er i samsvar med dei andre større avtalane om terminaltilskot. Godtgjersla gjeld for alle rutegåande båtar og bussar som nyttar terminalen. I 2004 var det 61.000 passasjerar som reiste med båt til/frå Måløy.
Det samla bidraget frå fylkeskommunen og Fjord1 Fylkesbaatane er på kr 900.000 (tilskot og hamneavgift). Det er i samsvar med HRU sitt vedtak frå 2002 der det vert føresett at samla bidrag skal liggje innanfor ei totalramme på ein mill kr.
Hovudutval for samferdsle har for 2005 og 2006 løyvd tilskot tilsvarande det som vert føresett i den framtinga avtala med Nordfjord Havn IKS. Fylkesrådmannen føreset at dei årlege tilskota til terminalen i Måløy vert dekte innanfor gjeldande budsjettramme til samferdsle.
3. KONKLUSJON/TILRÅDING
Fylkesrådmannen har ingen merknader til den framtinga avtala med Nordfjord Havn IKS.