Rettleiande vedlegg til SSA-L – Avtale om jamleg tenestekjøp – versjon 2017 Innhald:
Rettleiande vedlegg til SSA-L – Avtale om jamleg tenestekjøp – versjon 2017
Innhald:
Bilag 1: Kunden sin kravspesifikasjon
Kunden skal i vedlegg 1 spesifisere krava sine til tenesta.
Avtalens punkt 1.1 Omfanget av avtalen
Kunden sine krav til tenesta
Kunden skal skildre krava sine til tenesta her. Krava skal omfatte både den funksjonaliteten som skal tilbydast og kva krav som vert stilte til drift og vedlikehald av tenesta. Krava bør i den utstrekning det er mogleg formast ut som behovsskildringar.
Funksjonalitet
Kunden sine krav til funksjonalitet skal kome fram her.
Drift og vedlikehald
Kunden sine krav til drifts- og vedlikehaldstenester frå Leverandøren skal kome fram her.
Tilrettelegging
Kunden sine krav knytte til tilrettelegging av tenesta skal kome fram her.
Tenestenivå
Dersom Kunden har krav til tenestenivå, skal dette kome fram av vedlegg 4.
Xxxxxx Xxxxxx ønsker å legge Leverandøren sin standard tenestenivåavtale til grunn for tenesta, skal dette kome fram her. Rammene for tenestenivået skal i eit slikt tilfelle oppgivast av kunden her. Leverandøren skal i eit slikt tilfelle legge sin standard tenesteavtale i vedlegg 4.
Kunden må vere merksam på at dersom tenestenivået vert sett høgare enn nivået som Leverandørane i bransjen normalt legg til grunn i sine standard tenestenivåavtalar, vil Leverandøren ikkje kunne tilby sin standard tenestenivåavtale. Kunden vert anbefalt å sjekke marknaden før rammene til nivået vert sett.
Dersom Kunden oppgir rammer for tenestenivå med det føremålet at Leverandørane skal kunne legge sine standard tenestenivåavtalar til grunn, må Kunden oppgi at meiroppfylling til tenestenivået (tenestenivå utover dei rammene Kunden har sett til tenesta) vil verte vurdert positivt ved tilbodsevalueringa. Kunden må i eit slikt tilfelle oppgi meiroppfylling av tenestenivået som eit tildelingskriterium.
Definisjon av feil
Xxxxxx Xxxxxx ønsker ein annan definisjon av feil enn det som kjem fram av punkt 2.2.2 i avtalen, skal Kunden oppgi dette i vedlegg 3.
Kunden sine presiseringar til regelen om lønns- og arbeidsvilkår
Dersom Xxxxxx ønsker å oppgi nærare presiseringar om gjennomføring av punkt 2.4 i avtalen, skal dette kome fram av vedlegg 5.
Avtalens punkt 2.1.3 Dokumentasjon og opplæring
Dersom Kunden har krav til dokumentasjon av tenesta (standard produktskildring, brukarrettleiing eller annan type dokumentasjon som Leverandøren vanlegvis lar følge med ved tenesta), skal krava til dokumentasjon kome fram her.
Xxxxxx Xxxxxx har krav til opplæring frå Leverandøren av Kunden sitt personell, skal krava til dette kome fram her.
Dersom Leverandøren skal vere til hjelp med nødvendig opplæring av Xxxxxx sitt personell, skal dette kome fram her.
Avtalens punkt 2.1.6 Nye versjonar av tenesta
Dersom nye versjonar av tenesta ikkje skal vere inkludert i avtalen, skal Kunden spesifisere dette her.
Avtalens punkt 2.2.2 Undersøkingsplikt
Dersom Xxxxxx ønsker at det skal utførast ein meir omfattande godkjenningsprøve enn det som kjem fram i punkt 2.2.2 i avtalen, skal dette kome fram her. Art og omfang av denne prøven skal Kunden skildre i vedlegg 3. Xxxxxx Xxxxxx ønsker å oppgi andre fristar enn det som kjem fram av punkt 2.2.2 i avtalen, skal Xxxxxx oppgi dette i vedlegg 3.
Avtalens punkt 3.1 Varigheit
Xxxxxx Xxxxxx ønsker anna oppstartstidspunkt/ikraftsettingstidspunkt for avtalen enn det som går fram av framsida på avtalen (signeringsdatoen for avtalen), skal dette oppgivast i vedlegg 5.
Avtalens
punkt 5.1 Eksterne rettslege krav og tiltak generelt
Kunden skal identifisere kva slags rettslege eller partsspesifikke krav som har relevans for inngåing og gjennomføring av denne avtalen her. Det er her medrekna Xxxxxx sitt ansvar å konkretisere relevante funksjonelle og sikkerheitsmessige krav for leveransen her.
Avtalens punkt 5.3 Personopplysningar
Nærare reglar frå Kunden om korleis personopplysningar skal behandlast, medrekna relevante sikkerheitstiltak og krav til lagringstid og sletting mv. skal oppgivast her. Dersom Leverandøren skal behandle personopplysningar, skal Kunden krevje at Leverandøren inngår ein databehandlaravtale med Kunden. Databehandlaravtalen bør i eit slikt tilfelle leggast ved avtalen i eige vedlegg.
Ofte vil det vere både nødvendig og føremålstenleg at Leverandøren inngår ein databehandlaravtale.
Avtalens punkt 6.1 Partane sine rettar
Denne avtalen endrar ikkje dei opphavs-, disposisjons- eller eigedomsrettane partane hadde før avtalen, og som dei beheld under gjennomføringa av avtalen, med mindre Kunden opnar for at dette kan endrast her. Dersom Kunden opnar for dette, skal Leverandøren skildre korleis desse rettane vert endra i vedlegg 2.
Avtalens punk 8.8 Rekonstruksjon av data
Dersom Kunden opnar for at Leverandøren kan ta betalt for gjenoppretting og rekonstruering av data, skal dette oppgivast her. Dersom Xxxxxx stiller andre rammer for kva Leverandøren kan ta betalt for, skal også dette oppgivast her. Leverandøren skal i eit slikt tilfelle oppgi forpliktingane sine knytte til dette i vedlegg 2. Leverandøren sine prisar skal i eit slikt tilfelle oppgivast i vedlegg 6.
Vedlegg 2: Leverandøren si skildring av tenesta
Vedlegget skal fyllast ut av Leverandøren.
Leverandøren må vere merksam på at avvik, atterhald og andre endringar til Kunden sitt krav i vedlegg 1 kan medføre at tilbodet vert avvist.
Avtalen punkt 1.1 Omfanget av avtalen
Dersom det etter Leverandøren si meining er openberre feil eller uklare punkt i kravspesifikasjonen frå Kunden, skal Leverandøren påpeike dette her.
Avtalens punkt 2.1.1 Tenesta
Leverandøren skal, basert på vedlegg 1 (Kunden sin kravspesifikasjon), skildre tenesta her.
Tenesta må oppfylle Kunden sine krav i vedlegg 1 og dei krava til tenestenivå som Kunden har spesifisert i vedlegg 4. Dersom Kunden ikkje har oppgitt krav til tenestenivå, skal tenestenivået svare til det som kan forventast av ei alminneleg god tilsvarande teneste i marknaden.
Dersom Kunden i vedlegg 1 har gitt uttrykk for at Leverandøren skal legge sin standard tenestenivåavtale til grunn, og i vedlegg 4 oppgitt rammene for tenestenivået, skal Leverandøren skildre oppfyllinga av nivået her. Leverandøren skal i eit slikt tilfelle legge sin standard tenestenivåavtale i vedlegg 4.
Avtalens punkt 2.1.2 Forholdet til standard lisens- og avtalevilkår
Dersom standardprogramvare som er omfatta av tenesta må leverast under standard lisensvilkår og avtalevilkår (lisensvilkår), skal dette vere uttrykkeleg oppgitt her (og kopiar av lisensvilkåra skal utgjere vedlegg 9).
Dersom det er avvik mellom reglane i lisensvilkåra om disposisjonsrett og reglane i denne avtalen om disposisjonsrett, skal dette kome fram her.
Avtalen går i utgangspunktet framfor lisensvilkåra. Dette vil seie at Leverandøren er ansvarleg for at Leverandøren sine ytingar oppfyller avtalte krav og skildringar i avtalen, uavhengig av kva som måtte følge av dei enkelte lisensvilkåra.
Unntak frå dette: disposisjonsretten; lisensvilkåra som gjeld disposisjonsrett går framfor reglane i denne avtalen.
Unntak frå dette igjen: sjølv om lisensvilkåra går framfor reglane i avtalen om disposisjonsrett, er Leverandøren ansvarleg for at Kunden får ein disposisjonsrett som dekker dei krava Xxxxxx har stilt, jf. Kunden sin kravspesifikasjon i vedlegg 1.
For andre vilkår som gjeld disposisjonsrett, gjeld lisensvilkåra fullt ut mellom Kunden og lisensgivar så framt Leverandøren i vedlegg 2 har synleggjort avvika mellom reglane i lisensvilkåra om disposisjonsrett og reglane i denne avtalen om disposisjonsrett.
Ved eventuelle rettsmanglar er Leverandøren ikkje erstatningsansvarleg for rettsmanglar knytte til standardprogramvare ut over det som følger av lisensvilkåra tatt inn i vedlegg 9.
Leverandøren er heller ikkje ansvarleg for dekning av erstatningsansvar han er dømt til overfor tredjepart (rettshavaren(-havarane)) ut over det som følger av lisensvilkåra tatt inn i vedlegg 9, jf. punkt 2.1.2. i avtalen.
5.1 Eksterne rettslege krav og tiltak generelt
Leverandøren skal skildre korleis Leverandøren varetar Kunden sine rettslege og partsspesifikke krav gjennom sin leveranse her.
Avtalens punkt 5.3 Personopplysningar
Leverandøren skal skildre korleis personopplysningar vil verte behandla, relevante sikkerheitstiltak i den samanhengen og korleis dei vil oppfylle krav til lagringstid og sletting mv. her.
Dersom personopplysningar skal behandlast av Leverandøren sin(e) underleverandør(ar), skal underleverandør(ane) oppgivast her. Kunden si eventuelle godkjenning skal oppgivast av Xxxxxx i vedlegg 5.
Avtalens punkt 6.1 Partane sine rettar
Dersom Kunden i vedlegg 1 har opna for at dei opphavs-, disposisjons- eller eigedomsrettane partane hadde før avtalen, skal kunne endrast, skal Leverandøren skildre korleis desse rettane kan endrast, her.
Avtalens punk 8.8 Rekonstruksjon av data
Dersom Kunden i vedlegg 1 har opna for at Leverandøren kan ta betalt for gjenoppretting og rekonstruering av data, og i vedlegg 1 eventuelt oppgitt rammer for kva Leverandøren skal kunne ta seg betalt for, skal Leverandøren oppgi forpliktingane sine knytte til dette her. Leverandøren sine prisar skal i eit slikt tilfelle oppgivast i vedlegg 6.
Vedlegg 3: Prosjekt- og framdriftsplan
Vedlegget skal fyllast ut etter tilvisingane under.
Avtalens punkt 2.1.4 Plan for etableringsfasen
Planen for etableringsfasen skal takast inn her. Planen skal omfatte ei skildring av partane sine roller og ansvar, og i tillegg ein prosjektframdriftsplan. Partane skal samarbeide om utarbeiding av planen. Xxxxxx har ansvar for at planen vert tatt inn / lagt ved etter kontraktssignering.
Avtalens punkt 2.2.2 Undersøkingsplikt/Leveringsdag/godkjenningsprøve
Dersom fristen for å undersøke tenesta ikkje skal vere innan 5 vyrkedagar etter at tenesta er gjort tilgjengeleg for Kunden, skal Kunden oppgi avvikande frist her.
Dersom Kunden ønsker at det skal utførast ein meir omfattande godkjenningsprøve enn det som kjem fram i punkt 2.2.2 i avtalen, skal Xxxxxx oppgi art og omfang av denne prøven her.
Dersom fristen for leveringsdag ikkje vert rekna å vere første vyrkedag etter at Kunden skriftleg har sendt Leverandøren melding om at tenesta er godkjent (etter godkjent godkjenningsprøve), skal Kunden oppgi avvikande frist for leveringsdag her.
Xxxxxx Xxxxxx sin frist for underkjenning av godkjenningsprøven ikkje skal vere 10 vyrkedagar etter utløpet av godkjenningsprøven, skal Kunden oppgi avvikande frist her.
Xxxxxx Xxxxxx ønsker ein annan definisjon av feil under godkjenningsprøven enn det som kjem fram av punkt 2.2.2 i avtalen, skal Xxxxxx oppgi dette her.
Avtalens punkt 8.2 Dagbot ved forseinking
Xxxxxx Xxxxxx ønsker å knyte dagbøter til andre tidspunkt enn avtalt tidspunkt for levering (leveringsdag), skal Kunden oppgi desse tidspunkta her.
Eventuelle andre dagbotsatsar, xxxx berekningsgrunnlag og/eller anna løpetid for dagbota skal oppgivast av kunden her.
Vedlegg 4: Tenestenivå med standardiserte kompensasjonar
Vedlegget skal fyllast ut av Kunden, av Leverandøren eller av begge. Sjå tilvisingane under.
Kunden kan i vedlegg 1 ha skildra rammer for kva Leverandøren skal fylle ut i vedlegg 4, men dersom Xxxxxx stiller for detaljerte krav, kan dette gjere det uråd for Leverandøren å tilby sin standard tenestenivåavtale. Dersom det er Leverandøren sjølv som definerer tenestenivå/kompensasjon, kan Kunden for eksempel oppgi tenestenivå/kompensasjon som eit tildelingskriterium (underkriterium), slik at Kunden kan evaluere tenestenivå og kompensasjonar.
Avtalens punkt 2.1.1 Tenesta
Dersom Kunden har definert tenestenivået eller eventuelt rammene for nivået tenesta frå Leverandøren skal oppfylle, skal Kunden oppgi tenestenivået/rammene her.
Xxxxxx Xxxxxx i vedlegg 1 har oppgitt at Leverandøren sin standardiserte tenestenivåavtale skal leggast til grunn, skal Leverandøren legge ved sin standard tenestenivåavtale her.
Som nemnt over kan det også overlatast til Leverandøren å nytte standardvilkåra sine for tenestenivå/kompensasjon. For denne typen tenester kan det ofte vere fordelaktig for begge partar. Eit skreddarsydd tenestenivå for Kunden kan verte fordyrande, men av og til treng Kunden det fordi tenesta eksempelvis kan vere verksemdskritisk. Det er ikkje sikkert det er behov for like strenge krav til tilgjenge heile døgnet, og kanskje heller ikkje i helger og på heilagdagar.
Avtalens punkt 8.3 Økonomisk kompensasjon for brot på avtalt tenestenivå
Ved brot på avtalt tenestenivå kan Kunden krevje økonomisk kompensasjon i samsvar med desse standardiserte satsane.
Dersom det er Kunden som har definert tenestenivået, er det Kunden som skal definere korleis den økonomiske kompensasjonen ved brot skal bereknast her.
Dersom det er Leverandøren som har definert tenestenivået (og Kunden har opna opp for dette i vedlegg 1), er det Leverandøren som skal definere korleis den økonomiske kompensasjonen ved brot skal bereknast her.
Dersom tenestenivået for ytingane ikkje vert oppfylte, skal Kunden innrømmast standardisert prisavslag. Ein måte å berekne avvika på er å nytte prikkbelastning. Eit visst tal prikkar vil eksempelvis kunne gi eit definert prisavslag per månad.
Vedlegg 5: Administrative reglar
Vedlegget vert brukt til å samle administrative rutinar for avtaleforholdet og samarbeidet mellom partane.
Avtalens punkt 1.5 Partane sine representantar
Representant for partane gitt fullmakt (som kan opptre i saker som gjeld avtalen) skal oppgivast her.
(Kven som er gitt fullmakt, vert avtalt av partane etter kontraktssignering og kan ikkje fyllast ut før dette tidspunktet.)
Prosedyrar og varslingsfristar for eventuell utskifting av personell gitt fullmakt, skal spesifiserast her. (Dette kan fyllast ut av partane etter kontraktssignering.)
Avtalens punkt 2.4 Lønns- og arbeidsvilkår
Dokumentasjon av Leverandøren si oppfylling av forpliktingar som nemnde i punkt 2.4 i avtalen (Lønns- og arbeidsvilkår) skal kome fram her.
Dokumentasjonen kan bestå av ei eigenerklæring eller ei tredjepartserklæring om at det er samsvar mellom aktuell tariffavtale og faktiske lønns- og arbeidsvilkår for oppfylling av Leverandøren og eventuelle underleverandørar sine forpliktingar.
Xxxxxx Xxxxxx i vedlegg 1 har oppgitt at Kunden ønsker å oppgi nærare presiseringar om gjennomføring av punkt 2.4 i avtalen, skal desse presiseringane kome fram her.
Avtalens punkt 2.6 Skriftlegheit
Dersom Kunden ønskjer at varsel, krav eller andre meldingar knytte til denne avtalen skal givast på ein annan måte enn til den elektroniske adressa som er oppgitt på framsida av avtalen, skal dette kome fram her.
Avtalens punkt 3.1 Varigheit
Xxxxxx Xxxxxx ønsker ei anna varigheit på avtalen enn det som går fram av punkt 3.1, skal Xxxxxx oppgi dette her.
Xxxxxx Xxxxxx ønsker anna oppstartstidspunkt/ikraftsettingstidspunkt for avtalen enn det som går fram av framsida på avtalen (signeringsdatoen for avtalen), skal dette kome fram her.
Avtalens punkt 5.3 Personopplysningar
Xxxxxx Xxxxxx godkjenner at personopplysningar vert behandla av Leverandøren sin(e) underleverandør(ar), skal dette kome fram her.
Kunden oppgir dette etter tilbodsfrist, men før kontraktssignering.
Vedlegg 6: Samla pris og prisreglar
Alle prisar og nærare vilkår for det vederlaget Kunden skal betale for Leverandøren sine ytingar skal gå fram her i vedlegg 6.
Kunden må tenke gjennom kva slags prisformat (timeprisar for ulike element av tenesta, pris per GB/månad for datalagring eller bandbreidd, pris per utført teneste (uttak av statistikk etc.) det vil vere mest aktuelt å etterspørje.
Kunden må også oppgi eventuelle føresetnader som vert stilte for vederlaget her, for eksempel med omsyn til talet på samtidige brukarar.
Kunden må sørge for at prisane Leverandøren gir, vert oppgitt i format som kan samanliknast. Dersom Kunden ønsker at Leverandøren skal kunne levere sine standard prisar, må Kunden sørge for at det ikkje vert etterspurt prisar i andre prisformat enn det som er vanleg i bransjen.
Dersom Leverandøren oppgir avvikande prisoppsett eller betalingsvilkår, vil dette kunne føre til at tilbodet må avvisast.
Avtalens punkt 2.1.3 Dokumentasjon og opplæring
Dersom opplæring er ein del av leveransen i samsvar med vedlegg 1, skal Leverandøren oppgi vederlaget sitt for opplæringa her.
Kunden bør oppgi korleis leverandøren skal oppgi vederlaget sitt, eksempelvis timepris, fast pris for kurs etc.
Avtalens punkt 2.1.6 Nye versjonar
Dersom enkelte typar nye versjonar, eksempelvis større oppgraderingar, skal prisast særskilt, skal dette gå fram her. Dersom tilpassings- og implementeringsarbeidet i nye versjonar ikkje skal følge dei alminnelege timesatsane til Leverandøren, skal dette oppgivast her.
Avtalens punkt 3.3.1 Partane sine plikter i avslutningsperioden
Leverandøren sine timeprisar for gjennomføring av forpliktingane etter punkt 3.3.1 i avtalen skal kome fram her.
Avtalens punkt 4.1 Vederlag
Dersom prisar ikkje skal oppgivast eksklusive meirverdiavgift, men inkludert toll og eventuelt andre avgifter, skal Kunden spesifisere alternativt prisoppsett her.
Dersom prisane ikkje skal oppgivast i norske kroner, skal Kunden opne for at prisar på komponentar som vert leverte frå utlandet, vert oppgitt i utanlandsk valuta her.
Avtalens punkt 4.2 Faktureringstidspunkt og betalingsvilkår
Dersom spesielle pris- og/eller betalingsvilkår skal gjelde for denne avtalen, skal Kunden oppgi dette her.
Ved skytenester vil det eksempelvis vere aktuelt for Kunden å oppgi at Leverandøren skal oppgi prisar basert på betaling etter talet på brukte lisensar etc. Dersom kunden ønsker at leverandøren oppgir rabattsatsar for ulike prisformat, skal Xxxxxx også oppgi dette her.
Dersom Kunden ønsker å stille andre betalingsvilkår og eventuelle vilkår for bruk av EHF, skal dette gå fram her.
Avtalens
punkt 4.5 Prisendringar
Xxxxxx Xxxxxx ønsker andre prisendringstidspunkt eller andre moglegheiter for prisendringar enn det som går fram av punkt 4.5 i avtalen, skal Xxxxxx oppgi dette her.
Avtalens punkt 6.1 Partane sine rettar
Vederlaget for disposisjonsretten til programma, medrekna eventuelle føresetnader og avgrensingar, for eksempel med omsyn til talet på brukarar eller stad/utstyr for utøving av disposisjonsretten, skal oppgivast av Leverandøren her.
Avtalens punkt 8.8 Rekonstruksjon av data
Dersom Kunden i vedlegg 1 har opna for at Leverandøren kan ta betalt for gjenoppretting og rekonstruering av data, og i vedlegg 1 eventuelt oppgitt rammer for kva Leverandøren skal kunne ta seg betalt for, skal Leverandøren oppgi prisane sine for dette her.
Det vert anbefalt at Kunden utarbeider ein prismodell basert på dei prisane Kunden ønsker at Leverandøren skal oppgi.
Eksempel prismodell:
Timepris |
Teneste/referanse til avtalen |
Pris eks. mva. |
Eventuell rabatt |
|
Leverandøren sine ordinære timeprisar (vert nytta for alle tenester under avtalen som er baserte på timeprisar dersom ikkje anna er spesielt avtalt). |
|
|
|
Vederlag for opplæring, jf. punkt 2.1.3 |
|
|
|
Leverandøren sine timeprisar for gjennomføring av forpliktingane etter punkt 3.3.1 i avtalen |
|
|
|
Etc. |
|
|
Vedlegg 7: Endringar i den generelle avtaleteksten
Endringar til den generelle avtaleteksten skal samlast her med mindre den generelle avtaleteksten tilviser slike endringar til eit anna vedlegg, jf. punkt 1.3 i avtalen.
Det er mogleg å gjere endringar til alle punkt i avtalen, også der avtaleteksten ikkje eksplisitt opnar for dette. Leverandøren bør likevel vere merksam på at avvik, atterhald og endringar i avtalen kan medføre at tilbodet vert avvist.
Alle slike endringar skal kome fram her, slik at teksten i den generelle avtaleteksten vert verande uendra. Det må kome klart og utvetydig fram kva slags føresegner i avtalen det er gjort endringar til og resultatet av endringa.
Avtalens punkt 2.1.2
Dersom reglane i lisensvilkåra om disposisjonsrett ikkje går framfor reglane i avtalen om disposisjonsrett, skal Xxxxxx presisere dette her.
Dersom tenesta vert levert under standard lisensvilkår og avtalevilkår (og Kunden ønsker at denne standardtenesta skal leggast til grunn for avtaleforholdet), vil det vere lite føremålstenleg for Kunden å endre den generelle avtaleteksten på dette punktet .
Eksempel på endringstabell:
Tilvising til punkt og ev. avsnitt i avtalen |
Vert erstatta med |
|
Ny formulering/tekst på oppgivast |
|
|
|
|
|
|
Vedlegg 8: Endringar av tenesta etter avtaleinngåinga
Avtalens punkt 1.4 Endringar av tenesta etter avtaleinngåinga
Dersom Kunden og Leverandøren har vorte samde om ein endringsavtale (både når det gjeld innhald, eventuelt endring i vederlag og endring i tidsplan), skal endringa (innhald, justert vederlag og justert tidsplan) kome fram her.
Kvar endring skal vere underskriven av representant for partane som er gitt fullmakt.
Det er Leverandøren som er ansvarleg for at det vert ført ein fortløpande katalog over endringane som utgjer vedlegg 8. Leverandøren er også ansvarleg for at Kunden utan ugrunna opphald får ein oppdatert kopi. Kunden må sjølv halde oversikt over kva slags endringsførespurnader dei har sendt og kva slags endringsoverslag dei har tatt mot.
Kunden er ansvarleg for at endringane det er spurt om, ikkje er i strid med regelverket for offentlege anskaffingar. Endringar som vert rekna som vesentlege, vil verte rekna som direkte anskaffingar og alle som meiner at det er gjort ei direkteanskaffing, kan klage inn Kunden for Klagenemnda for offentlege anskaffingar.
Eksempel på endringskatalog:
Endringsnummer |
Skildring av endringa og eventuell vederlagsjustering og justering av tidsplan |
Ikraftsetjingsdato |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Vedlegg 9: Lisensvilkår for standardprogramvare
Avtalens punkt 2.1.2 Forholdet til standard lisens- og avtalevilkår
Dersom standardprogramvare som er omfatta av tenesta vert levert under standard lisensvilkår og avtalevilkår (lisensvilkår), skal kopiar av lisensvilkåra leggast ved her, jf. Vedlegg 2 “Avtalens punkt 2.1.2 Forholdet til standard lisens- og avtalevilkår”.