GENERELLE VILKÅR FOR BESTILLING OG AVBESTILLING
GENERELLE VILKÅR FOR BESTILLING OG AVBESTILLING
1. Generelle vilkår
1.1 Desse generelle vilkåra gjeld mellom Lavik Fjord Hotell AS og andre som inngår avtale med Lavik Fjord Hotell AS i høve til stadfestinga (gjesten).
1.2 Lavik Fjord Hotell AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom xxxxxxxxxxxxxxx.xxx.
1.3 Lavik Fjord Hotell AS er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjesten har bestilt gjennom oss. Våre underleverandørar er ansvarleg for kvar sin del av sitt program; fullstendige forsikrin- gar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei gjeldande lovane og reglane for lever- andøren.
1.4 Gjesten som bestiller på xxxxxxxxxxxxxxx.xxx må vere fylt 20 år. Dette gjeld for alle varer og/eller tenester som kan bestillast på gjeldande nettside. Minst ein person må ha fylt 20 år for å overnatte.
1.5 Lavik Fjord Hotell AS fråskriv seg ansvar for feil gjesten gjer dersom ein ikkje har følgt våre vilkår. Vilkåra beskyttar deg som gjest og Lavik Fjord Hotell AS som distributør.
2. Bestilling
2.1 Ei bestilling er bindande så snart eit bookingnummer er tildelt. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at frammøte- og avreisedato, samt alt anna som er vesentleg for at bestillinga er korrekt.
2.2. Avtalte prisar er bindande for partane. Lavik Fjord Hotel & Apartments kan justere prisane som følge av auke i skattar og avgifter, eller andre forhold som er utanfor hotellet sin kontroll.
3. Betaling
3.1 Gjesten skal betale 100 % ved bestilling av pakkeopphald, arrangement og aktivitetar via lavikfjordhotel. com. Gjesten tek med seg kvitteringa ved ankomst. ‘Mews payment’ er aktivert for websida.
3.2 Vår samarbeidspartnar Nets branch Norway / NETS AS er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handtert trygt i samsvar med dei krav som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS)
3.3. Fakturering skal vere avtalt på førehand. Minstebeløp for fakturering er NOK 5000,-.
4. Forsikring
4.1 Vi rår til at alle våre kundar sjølv må sørge for gode forsikringsavtalar før reisa, i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.
5. Vilkår for alle produkt som vert bestilt på Lavik Fjord Hotel & Apartments
5.1 Bestilling av rom, leilegheiter, aktivitetar og pakkar vert stadfesta med bookingnummer i e-mail.
5.2.1 Avbestilling av hotellrom og pakkar.
Avbestillingsfrist er 24 timar før frammøte. Avbestilling etter dette vert belasta 100%. Eit gyldig kredittkort er påkrevd for å kunne gjennomføre bestillinga og eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.2.2 Avbestilling av leilegheiter og feriehus.
Avbestillingsfrist er 10 dagar før frammøte. Avbestilling etter dette vert belasta 100%. Eit gyldig kredittkort er påkrevd for å kunne gjennomføre bestillinga og eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.3 Endring av bestilling.
Rombestilling, ankomst- og/eller avreisedato, aktivitetar og pakkar kan endrast ved å kansellere og bestille på nytt. Evt. ta kontakt på telefon x00 00000000, eller på e-post til xxxx@xxxxxxxxxxxxxxx.xxx. Endringar kan i nokre tilfelle medføre gebyr.
5.4 Vilkår gruppebestilling.
Det er eigne vilkår og avbestillingsreglar for gruppebestilling av opphald, aktivitetar og arrangement. Avbe- stilling skal skje skriftleg på e-post til info@
5.5 Endring av overnattingseining.
5.5.1 På bakgrunn av hendingar som ligg utanfor Lavik Fjord Hotell AS sin kontroll, har Lavik Fjord Hotell AS rett til å flytta gjesten til ein likeverdig overnattingseining. Der det er mogleg, skal gjesten informerast på førehand om slike endringar. Slike endringar gjev ikkje gjesten rett til å sleppe betaling for opphaldet.
5.6 Klagar på overnattingsstaden.
5.6.1 Dersom gjesten har klagar angåande sin overnattingseining ved frammøte eller under opphaldet, ta snarast kontakt med resepsjonen på Lavik Fjord Hotel & Apartments, slik at det er mogleg å rette opp feilen.
5.6.2 Feil som vert informert om ved avreise eller seinare, vert ikkje kompensert økonomisk.
5.6.3. Ansvar for skade.
Gjesten eller den som står som garantist for bestillinga er ansvarleg for skade på lokaler, utstyr og fasilitetar, som følge av uaktsom eller uforsvarleg framferd av gjestene.
5.6.4 Røyking er ikkje tillete i våre einingar. Ved røyking blir du belastet med en saneringskostnad på minst NOK 5000,-
5.7 Spesifikke vilkår for leilegheiter og feriehus
5.7.1 Straum er inkludert i prisen.
5.7.2 Opphaldet er basert på sjølvhushald. Xxxxxxxx og handklede er inkludert i prisen.
5.7.3 Overnattingseininga må forlatast ryddig; tøm søppel og bring den til nærmaste container, tøm kjøles- kap og skap for mat, oppvask settes i oppvaskmaskinen og settes på, alle gulv støvsuges.
5.7.4 All kontroll av einingar skjer etter avreise. Ved ikkje godkjent utvask blir du belastet med et gebyr på minst NOK 1500,-
5.7.5 Det skal vera stille/ro mellom kl. 23.00 og 07.00
6. Avbestillingsvern
Gjesten kan ved bestilling av pakkar, i h.t. Lov om pakkereiser, teikne eit avbestillingsvern/-beskyttelse, og dermed ha rett til å avbestille vederlagsfritt. Med avbestillingsvern/- beskyttelse kan ein avbestille på grunn av plutseleg og alvorleg sjukdom, ulukkesskade eller død i din eigen husstand eller i nærmaste
familie (xxxxxxxxx, sambuar, barn, foreldre, svigerforeldre eller søsken) som hindrar, eller gjer det uforsvarleg å gjennomføre reisa. Retten til avbestilling gjeld også dersom hindringa rammer ein annan i reisefølget, og det derfor er urimeleg å kreve at du skal gjennomføre pakkereisa utan at vedkommande person er med. Forholdet skal dokumenterast seinast innan ein månad etter at forholdet oppstod, ved legeattest på
skjema godkjent av Lægeforeningen og Den Norske Reisebransjeforening. Prisen for avbestillingsforsikring/ beskyttelse vert ikkje refundert. Dersom bestillinga og prisen er basert på at to eller fleire bur i same rom, vil avbestillingsvernet dekke tillegg som elles ville komme som følge av at gjesten ikkje kan gjennomfø-
re reisa. Avbestillingsvernet omfattar også hendingar som er av plutseleg og alvorleg karakter, og som kunden verken kjende til eller burde kjenne til då avtalen vart inngått, og det ikkje er rimeleg å kreve at kunden gjennomfører turen. Slike forhold kan til dømes vere stor skade på eigedom. Forholdet skal doku- menterast ved politirapport eller attest frå forsikringsselskap.
7. Våre underleverandørar
Som selgar står Lavik Fjord Hotell AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i høve til avtalen. Ansvaret for dei tenestene som skal leverast av andre enn Lavik Fjord Hotell AS, står leverandørane sjølv ansvarleg for. Vi er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjestene har bestilt gjennom oss. Våre underleverandører er ansvarleg for kvar sin del av sitt program, med fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i tråd med gjeldande lover og reglar.
8. Force Majeure
Lavik Fjord Hotell AS og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vèrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon om tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan bli brukt på grunn av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn eller el-tilførslar, og liknande hendingar som verken Lavik Fjord Hotell AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.