Særavtale mellom
31.01.13
Særavtale mellom
Sogndal kommune og Helse Førde HF
Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester
Avtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester
1. Partar
Avtalen er inngått mellom Sogndal kommune og Helse Førde HF.
2. Bakgrunn
Avtalen er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 6-1 og § 6-2, pkt 4, og i spesialisthelse- tenestelova § 2-1e, 2. ledd 1. setn.
Avtalen er vidare heimla i rammeavtalen mellom Sogndal kommune og Helse Førde, pkt. 4 og i delavtale mellom Sogndal kommune og Helse Førde HF om svangerskaps-, fødsels- og barsel-omsorgstenester, pkt 9 og 10, jfr og pkt 11.
Kommunane Leikanger, Luster og Sogndal har sidan 1994 hatt ordning med felles jordmorvakt og følgjeteneste for dei tre kommunane.
Helse Førde HF har etablert følgjande tilbod innan svangerskaps- fødsels- og barselsomsorgstenester i tillegg til fødeavdelinga ved sentralsjukehuset:
▪ Det vil vere mogleg for kvinnene å velje barselopphald ved Barselpaviljongen lokalisert til Lærdal sjukehus. Dette føreset ei medisinsk vurdering med omsyn til at det er trygt for mor/barn å reise ut frå fødeavdelinga i Førde/Voss.
▪ Tilbod om barseloppfølgjing heime, der dette er praktisk mogleg.
▪ Ammepoliklinikk/barselpoliklinikk, per telefon og ved eininga i Lærdal.
▪ Svangerskapspoliklinikk ved eininga i Lærdal i periodar der det er fråvær av jordmor i kommunane.
▪ Naudfødestove, for raske fødslar, i Lærdal for dei kvinnene som planlegg fødsel ved Voss.
Svangerskaps- og barseltilboda omtalt ovanfor er tilgjengelege på døgnbasis for innbyggjarane i kommunane.
3. Føremål
Denne særavtalen skal bidra til å realisere intensjonane i delavtalen pkt 9 om desentraliserte tenester som er differensierte og tilpassa til behovet i regionen og i enkeltkommunar. Dette skal skje ved samarbeid om lokale tenester knytt til svangerskaps-, fødsels- og barsel- omsorgsteneste. Avtalen, som er likelydande for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal, skal legge rammene for samarbeid mellom desse kommunane og Helse Førde HF om beredskap og følgjeteneste for fødande i dei tre kommunane.
4. Formelt utgangspunkt
Det vert vist til rammeavtalen pkt 4: Kommunen har ansvar for svangerskapsomsorg og oppfølgjing etter fødsel (etter utskriving frå sjukehus). Helseføretaket har ansvar for tilbodet i samband med fødsel og følgjeteneste, inklusive beredskap.
På bakgrunn av vedtak i føretaksmøtet i Helse Førde 04.05.11 og seinare vedtak i høve nedleggjing av forsterka fødestove ved Lærdal sjukehus, skal Helse Førde syte for eit poliklinisk tilbod inkl. følgjeteneste og eit barseltilbod ved Lærdal sjukehus.
For gravide og fødande med meir enn ca 1,5 time reiseavstand til næraste fødestad skal det gjerast ei individuell vurdering av behov for følgjeteneste. Helseføretaket har ansvar for å syte for slik vurdering og for iverksetjing av følgjeteneste når det er naudsynt. Helse Førde HF er ikkje pålagt å ha lokal vaktberedskap med jordmor om tal fødande i ein kommune eller kommunar som samarbeid om denne tenesta er mindre enn 50 pr år. Det vil då vere planlagt andre løysingar.
Helse Førde HF stettar beredskap for følgjeteneste gjennom eit samarbeid med kommunane Sogndal, Leikanger og Luster, jf. punkt 5 i denne avtalen.
5. Innhald i følgjetenesta
For gravide/fødande i kommunane Leikanger, Sogndal og Luster skal det ut frå denne avtalen vere ein lokal beredskap for følgjeteneste.
Kommunane Leikanger, Sogndal og Luster organiserer ei fire-delt beredskapsordning med jordmødrer. Kostnadene med følgjetenesta vert delvis dekka av Helse Førde i samsvar med føresegnene i pkt 6.
Sogndal kommune skal ha jordmor tilgjengeleg for beredskap og følgjetenesta, og dekke 2/4 av beredskapsordninga.
Vesentleg avvik frå dette over tid kan gje grunnlag for kompensasjon eller reforhandling av avtalen, jf. pkt 11 og 13.
Helse Førde vil ha ein vaktberedskap som normalt vil dekke hol i turnusen ved kortvarig fråver. Melding om dette skal varslast med minst 14 kalenderdagar. Dette kan løysast på ulike måtar, t.d. gjennom den styrkte beredskapen for møtekøyring frå Førde, som vil vere hovudregel ved akutt sjukdom.
Partane er vidare samde om at jordmødrer i kommunane Leikanger, Luster og Sogndal skal ha høve til å hospitere ved fødeavdelinga på Sentralsjukehuset. Helse Førde skal etablere eit fagleg nettverk for jordmødrer i Sogn.
Leiinga av jordmor ligg til den parten som har arbeidsgjevaransvaret, men denne skal syte for naudsynt samarbeid og samordning med den andre parten. Når jordmor er tilsett i Helse Førde, vil helseføretaket sine rutinar bli nytta.
6. Ressursføresetnader og finansiering
Kommunane Leikanger, Sogndal og Luster skal nytte 1,6 årsverk jordmødrer i beredskapen. Delar av kostnadene med følgjetenesta vert dekka av Helse Førde med kr 900.000 årleg (føresett at alle kommunane har omrekningsfaktor 1:3 for passiv vakt/heimevakt).
Resterande ressursar vert nytta av Helse Førde i det samla tilbodet for følgjeteneste, barseltilbod og svangerskapspoliklinikk. Beløpa vert årleg justert i samsvar med lønsutviklinga i kommunal sektor.
Føresetnadene for berekning av kostnadene er tekne inn i vedlegg til avtalen. Helse Førde refunderer kostnader knytt til utrykking, som er overført frå HELFO til føretaket. I dei situasjonane det er behov for overnatting når Helse Førde dekker opp for kortvarig fråver i vaktordninga, er ein samde om å finne praktiske løysingar saman med jordmor og inntil vidare dele kostnadene med det..
7. Evaluering av tilbodet og indikatorar for måloppnåing
Særavtalen og det etablerte tilbodet skal evaluerast i november kvart år, og det skal i denne samanhengen arrangerast eit evalueringsmøte mellom Helse Førde HF og alle kommunane.
Partane skal i fellesskap utvikle eit sett med resultatindikatorar for å vurdere måloppnåinga, og dette skal nyttast som ein del av den årleg evalueringa.
Det skal gjennomførast ei hovudevaluering av det samla tilbodet omtalt i denne avtalen etter ein prøveperiode på 2 år.
8. Kommunikasjonsplan
Partane skal utarbeide ein felles plan for kommunikasjon i høve innbyggjarar og brukarar og andre interessentar innan 01.03.13.
9. Forholdet til rammeavtale og delavtale
Denne særavtalen er heimla i delavtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgs- tenester, og utgjer del 2 av denne delavtalen. Føresegner i delavtalen gjeld tilsvarande for denne særavtalen. Gjennom dette vert ivaretaking av brukarmedverknad også definert for denne avtalen. Ved motstrid mellom særavtalen og delavtalen, går særavtalen føre.
10. Handtering av usemje
Ved usemje skal partane følgje reglane i rammeavtalen.
11. Misleghald
Ved misleghald gjeld reglane i delavtalen om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgs- tenester pkt 14.
12. Avtaletid, revisjon og oppseiing
Avtalen vert gjort gjeldande frå 01.01.13, og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eitt års oppseiingsfrist, jf. helse- og omsorgstenestelova § 6-5 andre ledd.
Partane er samde om å gjennomgå avtalen innan desember kvart år, jfr pkt 6, og syte for jamnleg rapportering. Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen vert endra.
Dato
Sogndal kommune Helse Førde HF