Contract
1. PARTANE Leverandør:
Navn: Ål Kraftverk KF Organisasjonsnummer: 971 030 577
Adresse: Xxxxxx 0, 0000 XX
Kundeforholdet blir administrert av Fortum Strøm AS, NO 000 000 000 (MVA), Postboks 000 Xxxxxx, 0000 Xxxx
Kunde:
Forbrukaren med personnummer som inngår denne straumavtala med Leverandøren.
2. LEVERANSESTAD
Leverandøren vil levere straum etter denne avtala til avtalt leveransestad, basert på opplysningar om målepunktadresse og målepunkt-ID som er gitt av kunden. Leveranse startar etter avtale, sjå også under i punkt 4.4 .
Avtaler frå Ål Kraftverk KF blir berre levert til målepunkt-ID innanfor Ål kommune sine grenser, kommunenummer 3328.
3. PRODUKT OG PRISAR
3.1 Skildring av produkt
Produktnamn: Ål Kraftverk Spotprisavtale
Avtaletype: Spotprisavtale der forbruket blir levert til spotpris med påslag. Med denne avtala vil forbruk bli levert med standard spotpris med påslag avrekna time for time, sjå nærare om pris under punkt 3.2 under. Påslaget er for tida kr 0,00.
Med denne avtala betaler kunden for sitt forbruk etter avtalt forhold mellom spotprisen som gjeld for NO5 (Vestlandet) sitt prisområde i den timen straumen blir brukt. Kostnaden vil variere med kor mykje elektrisk energi ein brukar og spotprisen time for time. Det er per i dag fem prisområder (NO 1 – 5) i Noreg, og det kan være stor skilnad i spotpris i dei forskjellige prisområda. Spotprisen blir påverka av mellom anna nedbør, vind, temperatur, produksjon og forbruk i området. Med spotprisavtale vil ein får straumen levert til spotpris. Spotpris er den avtaletypa som svingar mest i pris, ettersom prisen kan være ulik kvar time.
Avtala har ikkje bindingstid.
3.2 Prisar
Spotprisavtale: Gjeldande områdepris i område der Ål kommune ligg (for tida NO5) per kWh (spotpris Nord Pool) time for time pluss meirverdiavgift.
Fastbeløp: 0 kroner per målepunkt-ID per månad inklusiv meirverdiavgift Påslag: 0 øre per kWh inklusiv meirverdiavgift
Elsertifikat blir dekt av leverandøren for kundar som ikkje er friteken for elsertifikat.
Nettleige kjem i tillegg til straumprisen og blir fakturert av kunden sitt lokale nettselskap (Hallingdal Kraftnett) eller ved gjennomfakturering. Sjå nærare i punkt 3.3 nedanfor.
3.3 Fakturering
Fakturering skjer i etterkant av månaden basert på reelt eller estimert forbruk. Nærare gitt av leverandøren sine til ei kvar tid gjeldande faktureringsrutiner, og elles i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
Nettleige kjem i tillegg til straumprisen og blir fakturert av kundens lokale nettselskap eller ved gjennomfakturering. Dersom Fortum Strøm AS har ei avtale med kundens nettselskap om gjennomfakturering, vil leverandøren fakturere kunden for nettselskapet sine fakturerte nett- tenester. Kunden gir leverandøren og Fortum Strøm AS fullmakt til å hente inn nødvendig informasjon og gjere nødvendige tiltak for å få til eventuell gjennomfakturering av nett- tenester. Ei liste med nettselskap som Fortum Strøm AS har avtale med finns på Fortum Strøm AS sine heimesider.
3.4 Reglar for betaling
Betalingsfrist faktura: 14 dagar etter fakturadato eFaktura: Gebyrfritt
Papirfaktura: 7 kroner per papirfaktura, inklusiv meirverdiavgift
Leverandøren tilrår elektronisk fakturering (eFaktura). Dersom kunden ikkje opprettar eFaktura, blir fakturaen tilsendt per post og det kjem til eit tillegg for papirfaktura i prisen. Det er ikkje tillegg på den fyrste fakturaen.
Dersom kunden ikkje betaler innan betalingsfristen, skal kunden bli varsla skriftleg per e-post og SMS, eller per brev dersom kunden har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon. Det blir gitt minst ytterlegare 14 dagars betalingsfrist frå det tidspunkt då varselet vart sendt.
Dersom kunden innan denne tilleggsfristen på 14 dagar ikkje har betalt skyldig beløp, kan leverandøren avslutte leveringa og avtala med øyeblikkeleg verknad ved melding til kunden. Kunden skal i varselet bli gjort uttrykkeleg merksam på at straumleveringa blir avslutta dersom betalingsfristen ikkje blir helde.
Forsinkelsesrente kjem i tillegg ved betaling etter forfall, som opplyst på faktura. Reglane for forsinkelsesrente er gitt av forsinkelsesrentelova. Inkasso skjer i samsvar med inkassolova.
3.5 Kommunikasjon med Kunden.
Standardval for kommunikasjon mellom leverandør og kunden er e-post og SMS, men kunden kan reservere seg mot elektronisk kommunikasjon ved å kontakte leverandørens undeservice.
Kontakt med Kundeservice Telefon: 00 00 00 00
E-post: xxx.xxxxxxxxx@xxxxxx.xxx
3.6 Handsaming av personopplysningar
Leverandøren samlar inn og handsamar kundens personopplysningar som er nødvendig for å levere tenesta etter avtala. Leverandøren si personvernerklæring inneheld informasjon om korleis leverandøren handsamar kundens personopplysningar. Erklæringa er til ei kvar tid tilgjengeleg på desse nettsidene.
4. PARTANE SINE PLIKTER OG AVKLARINGAR VED BESTILLING . TIDSPUNKT FOR OPPSTART OG XXXX
4.1 Opplysningar før avtaleinngåing
Kunden skal gje dei opplysningar om anlegget som leverandøren treng for at avtala skal kunne bli inngått. Det gjeld opplysningar om fødselsnummer, faktura- og anleggsadresse, målepunkt-ID og e-postadresse/mobilnummer. Kunden er sjølv ansvarleg for at leverandøren til ei kvar tid har oppdaterte kontaktopplysningar om kunden. Leverandøren skal legge til rette for at kunden enkelt kan oppdatere og gje nødvendige opplysningar.
4.2 Kredittvurdering
Ved vurdering av om ein skal, og i kor stor grad ein skal, gje kreditt til kunden kan leverandøren utanom offentleg tilgjengelege opplysningar nytte eigne kundeopplysningar og kredittopplysningsbyrå. Leverandøren kan avvise ei bestilling eller krevje at kunden stiller midlar som ekstra sikkerheit. Dette gjeld dersom kunden ikkje blir funne å være kredittverdig i tilstrekkeleg grad etter leverandøren sine krav.
4.3 Leverandørbytte
Dersom inngåing av denne avtala fører til bytte av straumleverandør, skal leverandøren på vegne av kunden utføre eit leverandørskifte og kunden si eksisterande straumavtale blir avslutta, med mindre anna er uttrykkeleg avtalt. Kunden er sjølv ansvarleg for oppfylling av avtala med tidlegare straumleverandør for eventuelle konsekvensar av at tidlegare avtale blir sagt opp, for eksempel dersom oppseiinga utløyser brotgebyr hjå tidlegare leverandør.
4.4 Startdato og førtidig oppstart
I dei tilfelle kunden har 14 dagar angrerett, dvs. når avtala er inngått ved fjernsal eller utanom faste forretningslokale (sjå punkt 9), kan ikkje startdato for levering av straum under avtala være før angrefristen har gått ut, med mindre kunden uttrykkeleg og på eit varig medium ber om at leveringa skal starte opp før angrefristen har gått ut. Dersom kunden ber om å starte opp før vanleg oppstart, eller kunden bestiller opp til og med 30 verkedagar attende i tid, vil kunden være ansvarleg for rimelege kostnader fram til kunden nytter angreretten, sjå punkt
9.3 tredje avsnitt.
5. MÅLE- OG AVREGNINGSFEIL. ETTEROPPGJER.
5.1 Avvik ved handtering av måledata eller avvik ved fakturering
Leverandøren avreknar forbruket etter forbruksdata mottatt frå Elhub. Ved avvik ved handtering av måledata, eller avvik ved fakturering som gjer at det er betalt for lite eller for mykje kan leverandøren eller kunden krevje enten tilleggsbetaling eller tilbakebetaling i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
Etteroppgjer i form av tilleggsbetaling eller tilbakebetaling kan skje med verknad inntil tre år attende i tid, frå feilen vart oppdaga.
5.2 Feil på målar, feil måledata. Forholdet til nettselskapet
Kunden må rette krav om retting av feil ved måledata direkte til nettselskapet, som er ansvarleg for målinga. Kunden må sjølv be nettselskapet om ein eventuell kontroll av målar.
6. FLYTTING
Denne avtala gjeld berre for den spesifikke målepunktadressa og målepunkt-ID som vart avtalt som leveransestad etter punkt 2 lenger oppe i avtala. Dersom kunden flyttar, må kunden inngå ei ny straumavtale for den nye leveransestaden (nytt målepunkt-ID). Dersom kunden ikkje ynsker å vidareføre avtalen på opprinneleg leveransestad, må avtala seiast opp i tråd med avtalevilkåra for oppseiing.
7. AVSLUTNING AV AVTALA
Denne avtala kan seiast opp av kunden utan grunngjeving med 14 dagars skriftleg varsel, og av leverandøren med minst 30 dagars grunngitt, skriftleg varsel per e-post og SMS, eller pr. brev dersom kunden har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon.
Avtala sluttar automatisk frå det tidspunktet ein annan straumleverandør startar levering til kunden, slik at kunden ved eit slikt leverandørbytte ikkje treng å sei opp avtala etter avsnittet over.
Partane kan heve avtala med øyeblikkeleg verknad, dersom den andre parten vesentleg misheld sine plikter etter avtala. Dette gjeld for leverandøren berre dersom det er gitt skriftleg varsel til kunden, gjort som vist i punkt 3.4.
For avtaler med avtaletid må det svarast kompensasjon til leverandøren som omtala i punkt 12 dersom avtala blir avslutta før avtala når slutt-tidspunkt.
8. OVERDRAGING AV AVTALA
Leverandøren kan overdra denne avtala til ein annan straumleverandør, gitt at desse avtalevilkåra blir vidareført. Kunden skal varslast minst 30 dagar før overdraging kan skje. Kunden kan uansett sei opp avtala med 14 dagars varsel gitt av punkt 7 fyrste avsnitt.
Kunden kan ikkje overdra avtala utan Leverandøren sitt samtykke.
9. ANGRERETT
9.1 Kundens rett til å gå frå (angre) avtala.
Dersom avtala er inngått ved fjernsal eller sal utanom faste forretningslokale, typisk ved sal over internett, på stand eller ved telefon- eller dørsal, har kunden etter reglane i angrerettlova rett til å gå frå avtala innan 14 dagar utan å grunngje dette. Verknadene av at angrerett blir gjort gjeldande er regulert i angrerettlova. Angrefristen går ut 14 dagar rekna frå dagen etter avtala er inngått eller frå det tidspunkt kunden har motteke informasjon om angrerett. I fristen blir alle kalenderdager rekna med. Dersom fristen endar på ein laurdag, sundag eller heilagdag blir fristen forlenga til næraste verkedag.
9.2 Utøving av angrerett. Angreskjema
Dersom angrerett blir gjort gjeldande, må kunden på ein eintydig måte opplyse leverandøren om at kunden vel å gå frå avtala. Angreretten kan gjerast gjeldande ved å bruke standardisert angreskjema, men melding kan også bli gitt på annan måte, eksempelvis per e-post eller brev. Leverandøren sitt angreskjema kan lastast ned her, og er også lagt ved, ved avtaleinngåing eller ved stadfesting av ordre på varig medium.
Angring innan fristen blir vurdert som gyldig dersom kunden har sendt melding før utløpet av angrefristen. Kunden har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande i tide, og meldinga bør difor sendast skriftleg.
9.3 Konsekvensar ved bruk av angrerett
Ved bruk av angreretten sluttar kunden si plikt til å betale for framtidig straumlevering og leverandøren si plikt til å levere straum.
Nyttar kunden angreretten før leveringa har starta, blir bestillinga annullert.
I tilfelle der leveringa har starta og kunden avsluttar avtala ved å vise til angrerett, vil leverandøren avslutte leveringa etter Elhubs marknadsprosessar, dvs. i løpet av tre verkedagar frå meldinga er motteken hjå leverandør. Kunden vil bli overført til leveringspliktig straum frå sitt nettselskap, om ikkje kunden sørger for å inngå ny straumavtale med ein annan straumleverandør. Det same gjeld der kunden har bedt om oppstartstidspunkt før bestillingstidspunktet, eksempelvis i samband med flytting, og nyttar seg av angrerett innanfor angrefristen utan å ha inngått ny straumavtale med annan leverandør. Dersom kunden uttrykkeleg og på eit varig medium har bedt om oppstart av straumleveringa før angrefristen på 14 dagar har gått ut, og deretter har brukt angreretten, skal Kunden betale ein sum som står i forhold til det som er utført eller levert frem til leveransen blir avslutta.
10. ENDRINGER I PRIS OG VILKÅR
10.1 Prisjustering
Leverandøren kan justere prisen på produktet (påslag og/eller fastbeløp og/eller fakturagebyr) som fylgje av marknadsmessige forhold, auka kostnader eller endringar som fylgjer av lov eller forskrift.
10.2 Endringar i andre vilkår
Leverandøren kan gjere endringar i vilkåra dersom endringar er til einsidig gunst for kunden, eller dersom endringar er nødvendig som fylgje av krav i lov eller forskrift. Leverandøren kan òg endre vilkåra i avtala til ugunst for kunden. I slike tilfelle har kunden rett til å gå frå avtala med skriftleg varsel seinast tre verkedagar før tidspunktet endringane trer i kraft , sjå punkt
10.3 nedanfor.
10.3 Varsel om endringar i vilkår og pris
Endring i pris eller avtalevilkår kan tidlegast tre i kraft 30 dagar etter at skriftleg varsel er sendt direkte til kunden. Varselet skal innehalde opplysningar om at kunden, for ikkje å bli bunden av nye vilkår, må sei opp avtala seinast tre verkedagar før tidspunktet der endringane
trer i kraft. Varselet skal òg innehalde ei påminning om at kunden uansett kan sei opp avtala med 14 dagars skriftleg varsel etter varselets dato, også etter at endringane er gjort gjeldande.
11. TVISTAR
11.1 Klage til Elklagenemnda. Domstolshandsaming.
Dersom det oppstår ein tvist mellom kunden og leverandøren, kan kunden bringe tvisten kostnadsfritt inn for Elklagenemnda, eller domstolane. Elklagenemnda si avgjersle er rådgjevande, og ikkje rettsleg bindande for partane. Ved avgjersle som gjer kunden heilt eller delvis medhald, skal leverandøren gje grunngjeve melding til kunden og nemnda innan 30 dagar dersom praksis ikkje vil bli endra slik som avgjersla seier.
11.2 Konsekvensar/saksgang ved klage til Elklagenemnda
Så lenge ei sak er til handsaming i Elklagenemnda, kan ikkje ein part bringe saka inn for dei alminnelege domstolane. Dette gjeld likevel ikkje dersom det har gått meir enn seks månader frå klaga er motteken og nemnda sitt sekretariat endå ikkje har lagt fram saka for handsaming i nemnd. Ei sak blir sett for å være til handsaming frå det tidspunktet nemnda tok i mot klaga. Ei sak som har vore handsama i nemnda, kan sendast inn til tingretten utan fyrst å bli handsama i forliksrådet.
11.3 Lovvalg
Vilkåra i denne avtalen er underlagt og skal tolkast i samsvar med norsk rett.
12. MOTSTRID
Ved ei eventuell motstrid mellom lover og forskrifter og vilkåra i denne avtala, skal lover og forskrifter ha forrang.