ARBEIDSAVTALE. Det blir utarbeidt arbeidsavtale innanfor dei tidsrom og krav som Arbeidsmiljølova §§ 14-5 og 14-6 set. Ved innsetjing får arbeidstakaren utlevert eitt eksemplar av arbeidsreglementet og andre reglement / retningslinjer som regulerer arbeidsforholdet.Arbeidsavtalen medfører ei gjensidig plikt for partane. Arbeidsgivar skal sjå til at rettane til arbeidstakaren etter lov og avtaleverk blir oppfylt og at den einskilde blir gitt høve til personleg og fagleg utvikling. Arbeidstakar skal rette seg etter pålegg som blir gitt av overordna innanfor ramma av arbeidsavtale og stillingsomtale.Begge partar er ansvarleg for at arbeidsavtalen blir følgd opp ved å ta opp eventuell usemje gjennom dei kanalane som er oppretta for førebygging og løysing av konfliktar.