Avbestilling. Dersom Verket ikkje kan leverast i samsvar med gjennomføringsplanen som følgje av endringar i byggeprosjektet, skal KORO be Kunstnaren om å foreta ønskte endringar av Verket. Blir partane i slike tilfelle ikkje einige, kan KORO anten fasthalde det opphavleg avtalte eller avslutte Kunstkontrakten. Blir Kunstkontrakten avslutta, har Kunstnaren krav på kontraktsummen etter frådrag av sparte kostnader.