AVSKJED – SUSPENSJON. Fellesrådet kan gi avskjed til ein arbeidstakar med påbod om øyeblikkelig avgang dersom denne gjer seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av arbeidsavtalen jf. arbeidsmiljølova § 15-14.Avskjed skal meldast skriftleg og innehalde opplysningar om rett til å krevje forhandling, reise søksmål og kva fristar som gjeld.Medan spørsmål om avskjed vert behandla, kan arbeidstakar i heilt spesielle tilfelle, suspenderast frå stillinga si, jf. arbeidsmiljøloven § 15-13.Om det er grunn til å tru at ein arbeidstakar har gjort seg skuldig i noko som kan medføre avskjed etter arbeidsmiljølova § 15-14 og verksemda sitt behov krev det, kan arbeidsgivar pålegge arbeidstakar å fråtre arbeidstilhøvet medan saka vert undersøkt.Arbeidstakar har krav på å behalde løna si inntil vedtak om avskjed er treft.Før vedtak om avskjed eller suspensjon blir gjort, skal det konfererast med arbeidstakar sin tillitsvalde med mindre arbeidstakar sjølv ikkje ønskjer det.Ved suspensjon gjelder føresegnene i arbeidsmiljølova §§ 15-13, 15-1, 15-4 og 15-12 tilsvarande så langt dei passar.Om arbeidstakar sine rettar elles blir det vist til Arbeidsmiljøloven § 15-14 og reglane i Forvaltningslova om saksgang.