AVSLUTNING FØR AVTALT TID Frivillig avslutning. Kandidaten og høgskulen kan avtale at ph.d.-utdanninga blir avslutta før avtalt tid. Ved slik avslutning av ph.d.-utdanninga skal det fastsetjast skriftleg korleis spørsmål knytt til eventuelle tilsetjingsforhold, finansiering, rettar til resultat m.m. skal ordnast.Ved frivillig avslutning på bakgrunn av at kandidaten ønskjer å skifte prosjekt eller ønskjer overgang til anna program, skal kandidaten søkje nytt opptak på grunnlag av det nye prosjektet.Tvungen avslutning Høgskulen kan vedta tvungen avslutning av ph.d.-utdanninga før avtalt tid. Slik avslutning kan bli vedteke viss eitt eller fleire av følgjande forhold ligg føre:Vesentleg forseinking i gjennomføringa av opplæringsdelen, grunna forhold som kandidaten sjølv rår over.Fleire eller vesentlege brot frå kandidaten si side på informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikt, inklusivt at kandidaten ikkje har sendt inn framdriftsrapport, jf. punkt 12.Forseinking i framdrifta av forskingsprosjektet som er av ein slik art at det skaper grunngitt tvil om kandidaten kan fullføre prosjektet innanfor avtalt tid. For å danne grunnlag for tvungen avslutning må forseinkinga koma av forhold som kandidaten sjølv har herredømme over. Slike forhold kan m.a. vereat kandidaten sine kvalifikasjonar viser seg å vera vesentleg svakare enn det som vart rekna med på bakgrunn av søknaden om opptak, prosjektskildringa og dei opplysningane som elles fanst på opptakstidspunktet,at kandidaten klart misbruker tida si og at progresjonen som følgje av dette blir sterkt redusert i forhold til det som er rimeleg å forvente,at kandidaten pga. sviktande motivasjon eller liknande forhold ikkje, eller ikkje lenger, maktar å halde oppe ei rimeleg framdrift. Forhold som er nemnde like ovanfor, skal som hovudregel bli søkt avhjelpt i samråd med kandidaten, t.d. gjennom tilretteleggingstiltak eller liknande. Tvungen avslutning kan først bestemmast når slike tiltak ikkje har lukkast, eller det ikkje er tvil om at dei har lita moglegheit for å lukkast.Brot på dei forskingsetiske retningslinjene som gjeld for fagområdet, under dette fusk som blir ramma av reglane i universitets- og høgskulelova § 4-13.Framferd frå kandidaten som bryt med den tilliten som må finnast mellom institusjonen og kandidaten under gjennomføringa, under dette straffbare forhold knytt til gjennomføringa av ph.d.-utdanninga. Vedtak om tvungen avslutning blir fatta av dekan etter innstilling frå programutvalet. Kandidatar som er tilsette i stipendiatstilling ved ins...