Bompengar, fergebillettar mv. Alle utgifter til bompengar og ferjer vert rekna som inkludert i einingsprisane i avtalen, og er dermed ikkje gjenstand for særskilt regulering. Ved eventuelt endra eller nye bompengeanlegg eller ferjestrekningar etter 14 dagar før tilbodsfrist, går dokumenterte endringar i utgifter til bompengar/ferjer til fråtrekk/ tillegg til einingsprisane. Det vert føresett at leverandør har avtale som gjev full rabatt på den aktuelle strekninga. Ved kjøp av tilleggstenester vert utgifter til ferjer/bompengar betalte etter satsar med full rabatt.