Kontraktsvilkår døme på klausular

Kontraktsvilkår. ‌Kontraktsvilkåra regulerer dei generelle avtaletilhøva der ein part (oppdragstakar) tek på seg eit oppdrag for den andre parten (oppdragsgjevar). Oppdragstakar tek på seg ansvaret for at ytingane hans er komplette i høve til føremåla og spesifikasjonane i kontrakten, og arbeidet vil såleis omfatte alle aktivitetar som er nødvendige for å oppfylle krava i kontrakten, sjølv om alle ikkje er nemnt spesielt i kontrakten. Alle kostnadar for gjennomføring av oppdraget skal vera inkludert i einingsprisane. Det er oppdragstakar sitt ansvar å gjere seg kjent med alle tilhøve som er relevante for oppdraget, som t.d. vegstandard, lokalisering av anlegg, transportavstandar osb.Oppdragstakar kan seinare ikkje krevje rett til kontraktsendringar eller ekstra kompensasjon av noko slag ut frå tilhøve som har vore reelle, eller kunne ha vore registrert før innlevering av tilbodet. At oppdragsgjevar ikkje har merknader til eller godkjenner/samtykkjer i oppdragstakar sitt arbeidsopplegg, fritek ikkje oppdragstakar for ansvaret hans etter kontrakten.