KORO sin rett til å nekte overtaking. KORO kan nekte å overta Verket viss det ved overtakingsforretninga blir påvist vesentlege avvik frå det som er avtalt. Det same gjeld dersom det ikkje er lagt fram avtalt dokumentasjon på at Verket oppfyller krava til forsvarleg teknisk løysing og standard, og er i samsvar med avgjerder gitt i lov, forskrift, rammeløyve og andre avgjerder som måtte komme i bruk. Viss KORO nektar å overta Verket utan rettmessig grunn, skal ein rekne overtaking for å ha funne stad.