Planlegging og prosjektering. Detaljplaner og byggeplaner for tekniske anlegg, som skal overtakast av Kommunen og som blir utarbeidd av utbygger, skal gjennom førehandskonferansar leggast fram for Kommunen for teknisk gjennomgang før dei kjem inn som del av byggesak. Den tekniske gjennomgangen skal ha til føremål å avklare at planlagte tekniske anlegg er i samsvar med gjeldande kommunale planer, vedtekter, normer og retningslinjer. Førehandskonferansane vil kunne gje rammer for det vidare prosjekteringsarbeidet. Ved uavklarte forhold, må Utbyggar sjølv dekke eventuelle kostnader ved stans i arbeider som er starta. Utbyggar utarbeider referat frå førehandskonferansane, som blir godkjend av kommunen. All prosjektering og anleggsarbeid skal gjennomførast i høve til: • Reguleringsplan, gjeldande lover og retningslinjer• Gjeldande kommunale planer, vedtekter, normer og retningslinjer. For vatn og avløp (VA) gjeld VA-norm for Øystre Slidre kommune og NS 3420.