Skriftlege pålegg. Ei endring skal varslast skriftleg av oppdragsgjevaren. Varsel skal skje slik at oppdragstakar innan ei rimeleg tid kan tilpasse seg endringane. Ved vesentlige endringar i kontrakten skal varsel skje minst 6 månader på førehand. Dersom oppdragstakar får pålegg om ei yting som ikkje er varsla som endring i samsvar med avsnittet over, skal oppdragsgjevar innan rimeleg tid varslast dersom oppdragstakar meiner at dette er ei endring.