Sluttoppgjer‌ døme på klausular

Sluttoppgjer‌. Oppdragstakar skal sende sluttoppgjer for arbeidet seinast 30 dagar etter at kontraktsarbeidet er avslutta. Sluttfakturaen skal innehalde alle oppdragstakar sine krav. Krav som er fremja tidlegare, men som ikkje er avgjort eller betalt skal takast opp att i samband med sluttoppgjeret dersom desse krava framleis vert oppretthaldt. Dersom ikkje kan oppdragsgjevar rekne krava som utgått. Krav som ikkje er tatt med i sluttoppgjeret kan ikkje krevjast seinare.Oppdragsgjevar skal betale sluttfaktura seinast 30 dagar etter at sluttfaktura er mottatt. Har oppdragsgjevar innvendingar til sluttfakturaen, skal desse gjerast gjeldande innan 30 dagar etter mottak av faktura.