Contract
1. Avtalepartar
Denne Hjorteviltplanen er utarbeidd av XXXX naturdata hausten 2009 i tett samarbeid med Kvinnherad kommune. Dette skal vere eit styringsdokument for utvikling i hjortebestanden for tidbolken 2010-2012, kor måla ein har set seg skal vere etterprøvbare ved slutten av 3-årsbolken.
2. Bakgrunn
2.1 Kvifor ein Kommunal Hjorteviltplan?
For at den einskilde kommune og grunneigarane skal kunne evaluere og etterprøve om dei når dei langsiktige måla deira og om dei undervegs er på rett veg, har NINA naturdata as utvikla produktet Kommunale Hjorteviltplaner. Gjennom undersøkjingar utført av XXXX (XXXX rapport 383, Kommunal viltforvalting, xxxx://xxx.xxxx.xx/xxxxxxx/xxxx/XxxXxxxXxx/xxxxxxx/0000/000.xxx) har ein røynt at svært få kommunar set seg etterprøvbare mål for korleis ein ønskjer hjorteviltbestanden sin i eit langsiktig perspektiv. Ønskjet vårt er difor at dette produktet skal hjelpe den einskilde kommune og eigarsida til å tenkje meir målretta om korleis ein ønskjer den framtidige hjorteviltbestanden i kommunen skal vere og at dette undervegs kan etterprøvast og evaluerast.
2.2 Råmeverk for hjorteforvaltninga
Det er Stortinget gjennom Miljøverndepartementet som legg råmene for korleis hjorteviltforvaltinga skal gjennomførast. Desse utøver politikken sin gjennom Fylkesmannen og ut til kommunen. Etter at ein la om til bestandsbasert forvalting av hjortevilt, er det grunneigarane som har ansvaret for å utarbeide bestandsplaner i tråd med offentlege føringar. Kommunen har no avgjerdsmynde i hjorteforvaltinga og er den naturlege samarbeidspartnaren for grunneigarane.
2.3 Viltlova sin føremålsparagraf
Viltlova sin føremålsparagraf (§1) uttrykkjer kva føremålet med viltlova er: Viltet og deira leveområde skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova og slik at det vert teke vare på naturen sin produktivitet og artsrikdom. Innanfor denne råma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. I den einskilde kommune vil det vere grunneigarsida som saman med kommunen legg opp til korleis ein skal forvalte hjortestamma og utnytte denne ressursen på best mogleg vis.
3. Faggrunnlaget
For å kunne forvalte hjorten som den ressursen han er, er det ein føresetnad at vi kjenner til korleis hjorten påverkar omgivnadene og korleis omgivnadene påverkar hjorten. Vi vil her kort omtale flere tilhøve rundt hjorten si bestandsutvikling og utøving av hjortejakt som er relevante for å drive ei målretta hjorteforvalting.
3.1 Kva avgjer bestandsveksten og tettleiken av hjort?
Hjortebestanden si vekstrate i fråver av jakt varierer med tilgongen på mat. Ved høg tilgong til næringsrik mat vil hjorten kunne vekse raskt, verta tidleg kjønsmogen, produsere kalver tidleg i livet og ha høg naturleg overleving. Det motsette vil skje ved låg tilgong på næringsrik mat. Veksten i bestanden vil difor sige når antalet dyr i eit område (tettleiken), og dermed kampen om maten, auker.
I den grad tilgongen til mat vinterstid er minimumsfaktoren, vil tilfella av naturleg død (inkludert fosterdød) auke med aukande tettleik. Alternativt kan bestandsveksten begrensast som følgje av låg tilgong til næringsrik mat frametter sommaren, noko som fører til låg kroppsvekst. Under slike tilhøve må koller vekse over fleire år før dei når kjønsmogen storleik og alder.
I dei fleste norske bestandene vil truleg både sommar- og vinterbeitetilhøva virke avgrensande, men i varierande grad avhengig av lokale tilhøve.
Det faktum at bestanden si vekstrate sig med aukande tettleik, tyder på at det alltid vil finnast eit tak for kor mange hjort vi kan ha i eit område. Dette taket kallar vi hjorten si økologiske bereevne. Ved denne bereemna vil fødselsrata i bestanden tilsvare den naturlege tapsrata, som tyder at det ikkje vert skapt eit haustbart overskot. Ved lågare bestandtettleiker vil fødselsrata vere høgare enn tapsrata, og det vert skapt eit overskot som kan haustast ved jakt.
Teoretisk sett finst det ein tettleik der bestanden produserer maksimalt antal kalver (maksimalt berekraftig uttak). Ved lågare tettleik vil fleire koller produsere avkom (høg grøderikdom i bestanden), men antalet koller i bestanden er få. Ved høg tettleik vil det vere fleire koller i bestanden, men grøderikdomen i bestanden er låg.
Maksimal kalveproduksjon i bestanden får ein ved moderate tettleiker. Tettleiken for maksimalt berekraftig uttak vil likevel variere over tid og mellom områder avhengig av klima og lokale næringsgrunnlag. Av den grunn er det sers krevjande å finne kva tettleik som gjev størst avkasting. I tillegg vil ofte andre tilhøve vere vel så viktig ved val av hjortetettleik som hensynet til det haustbare overskotet.
3.1.1 Hjorten, skogbruket og beitegrunnlaget
Det er i første rekkje skader knytta til dyrka mark som er dei største vanskane knytta til ein aukande hjortebestand. Dette gjeld både beiting av gras i enga og beiting av andre vekster (frukttre og anna) eller rundballer om vinteren. Det er vanskar knytta til dyrka mark som er dei viktigaste, om ein samanliknar dyrka mark (innmark) med utmark.
I tillegg vil hjorten sin påverknad på dyrka mark, òg i varierande grad påverke skogen. Aukande tettleik av hjort kan over tid virke negativt på produksjonen og uttaket av trevirke. Det er sers i områder med furuforyngjing og gran i hogstklasse III og IV at hjorten kan gjere stor skade på skogproduksjonen. I slike områder kan det vere aktuelt å forvalte hjorten ved langt lågare tettleiker enn det som gjev maksimalt berekraftig uttak. Alternativt kan attraktive trebestander skjermast i fasa dei er mest sårbare for beiting (gjerding). Beitetrykkjet på furua kan òg påverkast ved aktiv foring eller bruk av andre skogbruksrelaterte tiltak. Slike tiltak kan likevel vere ressurskrevjande.
Også i områder kor furua er av mindre verdi vil det vere viktig å avpasse hjortebestanden i høve til beiteproduksjonen. Dette gjeld sers produksjonen av
attraktive busker og tre. Sistnemnde omfattar rogn, osp og selje/vier (ROS-arter) og i mindre grad bjørk og furu. Vert beitetrykkjet på desse artene for høgt, er det å forvente at produksjonen av beitbar biomasse over tid sig. Dette kan på sikt virke negativt på hjorten sin bestandskondisjon (kroppsvekst og kalveproduksjon), og kan òg ha negative effekter på andre organismer som er avhengig av desse treartene.
3.1.2 Hjort og trafikk
Trafikksikring er eit anna tilhøve å ta hensyn til ved val av hjortetettleik. Hjorten utgjer ein potensielt stor trafikkrisiko når han krysser eller oppheld seg på veg og jarnveg. Ved bestandtettleiken vi har i dag utgjer antalet trafikkdrept hjort om lag 2,5 % av jaktuttaket i Norge, men vesentleg mykje meir enn dette i områder med mykje trafikk. I slike områder kan trafikkuhell ha ein vesentleg effekt på hjorten si bestandsutvikling i tillegg til å utgjere eit trafikksikringsproblem. Fordi det ser ut til at antalet hjorte-trafikkuhell forheld seg proposjonalt til antalet hjort i eit område, vil forvaltinga sitt val av avskyting påverke antalet trafikkuhell. Varierande snødjupn, temperatur og trafikkvolum påverkar òg antalet hjortepåkjørsler, men desse faktorane kan i liten grad påverkast av forvaltingstyremaktene. Einskilde uhellsdempande tiltak har synt seg å ha ein verknad (t.d. viltgjerder) og kan nyttast som eit forvaltingstiltak der regulering av bestandtettleiken er lite ønskjeleg.
3.1.3 Xxxxx og rovdyr
I tillegg til trafikkuhell kan predasjon frå ulv og gaupe påverke bestandsveksten av hjort. Ved rovdyrtettleiken vi har i dag vil effekten vere minimal utafor typiske kjerneområder. Utenlandske undersøkjingar (Polen, Russland og Canada) har synt at rovdyrpredasjonen i snittet utgjorde heile 75 % av det naturlege fråfallet i ein hjortebestand over ein bolk på ti år. Da vart både rovdyra og hjorten jakta på av mennesker. Fordi dette uttaket kjem i tillegg til jaktuttaket vil forvaltinga måtte redusere kvotene innafor ulverevir for å halde den same viltbestanden. Sers i områder med låg tettleik og tilvekst av hjort kan ulven og gaupa fortære ein relativt stor andel av den årlege kalveproduksjonen. I slike områder kan det vere naudsynt å auke vinterbestanden av hjort vesentleg, om ønskjet er eit overskot som kan haustast ved jakt.
3.1.4 Verdien av jakt
Jakta er den viktigaste dødsårsaka for hjort i Norge, og jakt er den einaste effektive måten vi har til å regulere hjortebestanden ved tettleiker under den økologiske bereemna. Ved å variere jakttrykkjet kan vi auke og senke tettleiken og indirekte påverke beitetrykkjet, antalet trafikkuhell, slaktevekter og kollene si grøderikdom. I tillegg kan vi via selektiv jakt påverke bestanden si kjøns- og alderssamansetting, og indirekte produktiviteten i hjortebestanden.
Vel vi å skyte ein høg andel bukkar får vi bestander med høg andel koller, som fører til høg kalveproduksjon i høve til vinterbestanden. I det minste vil dette vere tilfelle inntil delen bukkar i bestanden vert for låg til at alle kollene vert bedekte. Ved redusert avskyting av koller vil kollene òg leve lengre, noko som auker sjansen for at dei når høgproduktiv alder
(3-13 år). Ulempa med ein slik strategi er at delen bukkar og alder på bukkane i bestanden sig. Dette gjev få sjanser til å sjå og felle vaksne bukkar og kan på sikt ha
uheldige økologiske og genetiske fylgjer.
Selektiv skyting av ymse aldersklasser kan òg påverke bestandstilveksten og jaktuttaket. Om jakta vert fokusert mot yngre dyr (kalv, xxxxx) vil vi i mindre grad påverke grøderikdomen i bestanden mellom år enn kva som er tilfelle om jakta vert fokusert på eldre produktive koller. Ved bruk av ein slik strategi kan det dessutan fellast fleire dyr ved ein gjeven vinterbestand enn om jakta vert fokusert mot eldre dyr. Som for kjønsselektivt uttak er det likevel økologisk og genetisk tvil ved å velje sers ekstreme avskytingsprofiler, dvs avskyting som avviker mykje frå bestanden sin kjøns- og aldersstruktur.
3.2 Val av hjortebestand
Bestandtettleik, struktur og avskyting er i dag føremål for politiske val på kommunenivå, noko som sikrar stor grad av lokal medverknad. Avhengig av at forvaltinga maktar å etterleve dei politiske ønskjene vil vala i neste omgong ha fylgjer for hjorten sin bestandskondisjon, samt fylgjer for andre samfunnsinteresser. Om ein vel høg bestandstettleik i høve til den økologiske bereemna, kan vi forvente høgt beitetrykk og lågare bestandskondisjon enn om den ønska tettleiken er låg. Høg tettleik vil samstundes føre til mange observasjonar av hjort og relativt høgt jaktuttak, noko som ofte vert oppfatta som attraktivt av jaktinteressene.
Som med anna ressursforvalting er det likevel viktig at ein ser hjorten i eit samfunnsperspektiv. Høgare beitetrykk vil auke sjansen for skader på kommersiell skog og høg tettleik auker risikoen for hjorte-trafikkuhell. Høge tettleiker av hjort kan òg føre til fleire problemindivid, t.d. hjort som forviller seg inn i busette områder, og meir intensiv hjortejakt kan oppfattast negativt av andre friluftsutøvarar. Val av bestandstettleik og struktur har òg estetiske fylgjer. Mange har gleda av å observere hjort i naturen, men kan hende ikkje i same grad om bestanden ber preg av sers einsidig forvalting.
4. Overvakingsmetoder, styringsverktøy og forvaltingsmål
For å forvalte hjortestamma på ein god måte er det viktig å nytte tilgjengelege overvakingsmetoder og forvaltingsverktøy, samt å setje realistiske forvaltingsmål.
4.1 Overvakingsmetoder og målparametre
Overvakingsmetodane kan grovt delast i tre kategorier avhengig av kva parametre dei har til føremål å overvake:
1) Bestandstettleik, avgong og struktur
2) Bestandskondisjon
3) Beitetilhøve og skogskader
I tillegg er det naturleg at òg tilhøve som omhandlar sjølve jaktutøvinga vert registrert og overvaka.
4.1.1 Bestandstettleik, avgong og struktur
I Norge er det mest vanleg å nytte endringar i jaktuttak og antal hjort sett pr. jegardagsverk (observasjonsrata) som mål på endringar i bestandtettleiken. Av desse er endringar i observasjonsrata det mest presise målet på endringar i tettleik, da denne er uavnengig av jaktkvote og i tillegg vert avpassa i høve til innsatsen (antal jegardagsverk). Ein føresetnad er at antalet observasjonar (> 500) og antalet jaktdagsverk er relativt høgt (> 1000). Jaktuttaket gjev dessutan ofte eit forsinka spegelbilete av bestandstettleiken fordi det er jakta som skaper bestandsendringane. Det tyder på at jaktuttaket vil forbli høgt i eitt til to år etter at bestanden har teke til å sige (det er difor bestanden sig) og tilsvarande forbli lågt i eitt til to år etter at bestanden har teke til å auke (det er difor bestanden auker).
Også utviklinga i antal hjort drept i trafikken kan nyttast som eit grovt mål på utviklinga i bestandstettleiken, men denne indeksen er svært kjenslevàr for variasjon i klima. I snørike vintrar vil ofte ein større andel av bestanden verte drept i trafikken enn i snøfattige vintrar. Jaktuttaket, observasjonsrata og antall hjort drept i trafikken avspeglar dei relative endringane, men ikkje det faktiske antalet dyr i bestanden.
Flyteljingar eller hjortemøkkteljingar kan nyttast for å få oversyn over det totale antalet dyr om vinteren, men desse metodane er ressurskrevjande og dessutan påverka av andre typer usikre element. Vårteljingar og haustteljingar er dei mest brukte metodane for å estimere antalet dyr og følgje utviklinga frå år til år.
Ein annan måte å få eit grovt mål på vinterbestanden (VB) er å nytte følgjande formelen: VB = JU/KA-NDR/1-KA), kor JU er jaktuttaket, KA er den observerte kalvealderen og NDR er den naturlege dødsrata i bestanden. Sistnemnde er i snitt ikring 5-10 % i norske bestander, men kan vere høgare i områder med høg trafikkbelasting og rovdyrpredasjon. VB vil gje eit rimeleg estimat på vinterbestanden så lenge bestanden ved estimeringstidpunktet er relativt stabil (sett hjort pr. jegardagsverk endrar seg lite mellom år) og andelen kalv som vert observert ikkje avvik mykje frå andelen kalv som vert felt. For å redusere innflytinga av tilfelle bør JU og NDR vere snittet frå dei siste tre åra.
I tillegg til endringar i det absolutte antalet er det vanleg å overvake kjøns- og aldersstrukturen i jaktuttaket, i sett hjort-materialet og for hjort drept i trafikken. Slik informasjon kan vere avgjerande for å skjøne endringane i bestandstettleiken og er dessutan viktige styringsverkty (kjøns- og aldersspesifikke kvoter). Felte hjort vert i dag rapportert som kalv, åringsdyr og eldre for båe kjøn og bør overvakast på same nivå. Det same er tilfelle med hjort drept i trafikken. Tilsvarande bør ein halde eit oversyn over endringane i andel observerte kalv av alle kjente dyr, samt antal koller observert pr. bukk.
4.1.2 Bestandskondisjonen
Endringar i bestandskondisjonen vert overvaka best ved å følgje utvikinga i slaktevekter for kalv og åringsdyr (splitta på kjøn), samt utviklinga i kalveproduksjon frå sett hjort. Slaktevektene bør registrerast frå så mange dyr som mogleg og frå
alle delområder av kommunen.
Både slaktevekter og kalverekrutteringsratene vil endre seg i takt med endra levegrunnlag. Til forskjell frå bestandstettleiken, som responderer spontant på endringar i jakttrykk, vil likevel bestandskondisjonen ofte respondere med ei tidsenking på endringar i levegrunnlag (t.d. bestandstettleik). I mange delar av landet med tidlegare høg tettleik er bestandskondisjonen framleis låg, sjølv 5-10 år etter bestandsreduksjonen. Ambisjoner om å auke bestandskondisjonen vesentleg bør difor vere langsiktige, sers i områder som har hatt høg hjortetettleik over lengre tidbolker.
4.1.3 Beitetilhøve og skogskader
I aukande grad vert det gjennomført takseringar av beitetilbodet og beitetrykkjet samt beiterelaterte skogskader i hjortejaktkommuner. Så lenge dette vert samla inn systematisk over representative områder bidreg dei med verdfull informasjon for forvaltinga. Det er framleis uvanleg å gjennomføre slike takseringar på ein årleg basis, men i den grad det vert gjennomført i planbolken kan dei nyttast som målparametre å forvalte etter.
4.2 Jakttekniske tilhøve
I tillegg til biologiske tilhøve er det av interesse å overvåke utviklinga i jaktapparatet. Dette inkluderer antal vald, jaktlag, jegarar og jegardagsverk. Det er òg av interesse å vite noko om endringar i jaktpraksis (smygjakt, drivjakt, innmarksjakt), da dette kan ha betyding for tolkinga av sett hjort-data. Ei årleg registrering av antal ettersøk i høve til antall skotne dyr vil gje ein pekepinn på kvaliteten av jaktutøvinga, og kan utgjere ein av fleire målparametre å forvalte etter.
4.2.1 Styringsverktøy for forvaltninga
Jakt er det viktigaste og mest effektive styringsverktøyet for forvaltinga. Ved å endre på kvoter (minsteareal) og kvotesamansetting, kan forvaltinga auke og senke bestandstettleiken, og endre kjøns- og aldersstrukturen i bestanden. Dette vil i sin tur påverke bestandskondisjonen og fylgjer for andre samfunnsinteresser.
Forvaltinga kan òg nytte andre tiltak for å nå forvaltingsmål. Støtteforing vert gjennomført i ein viss grad for å redusere beitetrykkjet på skogen eller for å halde hjorten vekke frå veg og jarnveg. Tilsvarande kan antalet trafikkpåkjørsler reduserast ved bruk av andre uhellsdempande tiltak.
4.3 Forvaltningsmål
4.3.1 Overordna mål
Dei overordna måla bør vere av generell art og reflektere kva hovudprioriteringar som vert ynskjt av hjorteforvaltinga i kommunen. Desse bør ikkje avvike mykje frå dei nasjonale målsettingane for hjorteviltforvaltinga. Dette for å syne at kommunen forvalter hjorten innafor dei forvaltingsråmene som dei har eit delegert ansvar for.
4.3.2 Langsiktige mål
Med langsiktige forvaltingsmål meiner vi korleis vi ønskjer at hjortebestanden,
hjortejakta og hjorten sin påverknad på omgivnadene skal vere på lengre sikt (10- 20 år). Til forskjell frå overordna mål er det her viktig å vere konkret og presis (kvantitativ) slik at måloppnåinga kan vurderast i etterkant. Bestandstettleik kan verte oppgjeve som eit ynskja antal dyr i vinterbestanden innafor kommunen og/eller som ein ynskja observasjonsrate under jakta (sett hjort pr. jegardagsverk). Det same gjeld ynskja kjønssamansetting i bestanden. Tilsvarande kan det ønskja framtidige jaktuttaket beskrivast i antal og samansetting.
Bestandskondisjonen er verre å styre, men ambisjonsnivået kan likevel verte uttrykt i tal. Dette gjeld òg hjorten sin påverknad på andre samfunnssektorer som skogbruk og trafikk.
4.3.3 Kortsiktige mål
Dei kortsiktige forvaltningsmåla gjeld for planbolken og utgjer delmål på vegen til dei langsiktige måla. Dei kortsiktige måla bør difor styre i retning av dei langsiktige måla. Det gjeld ikkje for jaktuttaket, som både er eit styringsverkty og eit målparameter. I ein overgongsbolk kan det difor vere eit mål å auke jaktuttaket for på sikt å redusere bestanden til eit nivå der jaktuttaket er lågare.
Som dei langsiktige måla er det viktig å vere så konkret og kvantitativ som mogleg ved fastsetting av kortsiktige mål. Dette gjeld sers for tilhøve som er under direkte innflyting av forvaltinga og jaktlaga (jaktuttak og bestandstettleik).
Bestandskondisjonen, beitetrykkjet og antal trafikkuhell er i større grad påverka av tilhøve utafor forvaltinga sin kontroll (t.d. klima, skogbruk, trafikkvolum), og det kortsiktige forvaltingsmålet kan difor vere verre å kvantifisere. Det bør likevel verte gjeve ein kvalitativ karakter (t.d. auke, sige).
5. Hjorten si bestandsutvikling i Kvinnherad kommune
I Kvinnherad kommune er det frå 1986/1987 tilgong på fellingsdato (kjøn og alder) og data på avgong utanom ordinær jakt (xxx.xxx.xx). I tillegg er det samla inn sett hjort-data sidan 1988. Desse er tilgjengelege i Hjorteviltregisteret (xxx.xxxxxxxxxx.xx). I tidsbolken frå og med 1999 er det òg systematisk innsamling av data på slaktevekt for kalv, for åringsdyr og vaksne. Det er ikkje gjennomført beitetakseringar i tidbolken.
I det følgjande er utviklinga i betandstettleik basert på endringar i avskyting, antal hjort drept på veg og jarnveg og sett hjort pr. jegardagsverk. Strukturen i avskytinga er synt som prosentvis fordeling av kalv, åring og vaksne for båe kjøn. Kjønsstrukturen og rekrutteringsrater er basert på observasjonar av bukkar, koller og kalver under jakta.
Bestandskondisjonen er basert på slaktevekter hos kalv og ungdyr 1 ½ år av båe kjøn.
5.1 Årsvariasjon i avskyting
I Kvinnherad har avskytinga gått berre ein veg sidan 1986. På midten av 1980- talet var det felt om lag 440 hjort, og sidan den gongen har antalet stege jamnt og trutt og i 2008 passerte ein 1000 felte hjort. Hausten 2009 vart det felt 1184 hjort.
Held vi saman snittleg antal hjort skote dei siste 3 åra (1080) med teljande areal i kommunen ( 540 km2), finn vi at de vert felt om lag 2 hjort pr. km2. Til samanlikning vert det felt om lag 0,38 hjort pr. km2 teljande jaktareal i heile Norge (36 000/94 000 km2) og 1,18 hjort pr. teljande jaktareal i Hordaland (6 882/5 822 km2). Dette antyder at bestandstettleiken i Kvinnherad er relativ høg i høve til dei fleste andre bestander i fylket og i landet.
5.2 Endring i antal påkjørte hjort
Sidan sluten av 1980-talet og fram til no har det vore ein auke i antal hjort som har omkome i trafikken fra 1 dyr i 1987/1988 til 22 dyr I 2008/2009. Det har i enskilde år vore til dels store avvik i høve til føregåande år og året etter. Dette kan skuldast at det i einskilde år har vore mykje snø, og at dermed meir hjort har trukke ned mot veg enn normalt, og forårsaka større fråfall av hjort. Under dei siste 3 åra utgjorde hjort drept i trafikken om lag 1,95 % (21/1080*100) av jaktuttaket, som er omlag det same som landssnittet (om lag 2,5 %).
5.3 Antal sett hjort pr. jegerdagsverk
Kurva for antal sett hjort pr. jegerdagsverk har i tidsbolken sidan 2000 grovt sett fylgd kurva for antal felte hjort og trenden i antal hjort drept i trafikken.
Bestandstettleiken rekna som felt hjort er difor rimeleg samanfallande med bestandstettleiken målt som sett hjort pr. jegardagsverk. Som vi ser er utviklinga i avskyting noko tidsforseinka i høve til utviklinga i antal sett hjort pr. jegardagsverk. Dette er venta fordi det i hovudsak er varierande jakttrykk som skaper fluktuasjonane i bestandstorleik.
Ein svak nedgong i antal sett hjort pr. jegardagsverk i 2008 og 2009 antyder at bestanden kanskje har nådd toppen. Tala for sett hjort pr. jegardagsverk er sumtal for innmarksjakt og utmarksjakt.
5.4 Struktur i avskytinga
Strukturen i avskytinga fortel oss kor mange dyr innafor dei einskilde kjøns- og aldersgruppene som vert felt kvart år. Andelen eldre bukkar som vert felt kvart år har minska sidan midten av 1990-talet, medan det motsette har skjedd for eldre koller. Tilhøvet mellom andel hann- og hodyr i bestanden er òg meir utjamna mot 50/50 sidan midten av 90-talet.
5.5 Årsvariasjon i kjønsstrukturen i bestanden
Kolle-/bukktilhøvet fortell oss kor mange koller i høve til bukkar som er observert av jegarane under jakta. Kolle-/bukktilhøvet låg på starten av 1990-talet på om lag 2 koller sett pr. bukk. Utover 90-talet steig denne verdien til om lag 2,5, medan det frå om lag 2001 stabiliserte seg rundt 2,0. Dei siste åra har denne verdien sunke ned mot om lag 1,7.
Kolle/bukktilhøvet: Dette er eit førhaldstal mellom observerte koller (1 ½ år og eldre) og bukkar (1 ½ år og eldre). Xxxxxxx vert rekna ut ved å dele antal sette koller på antal sette bukkar. Ofte vert verdien beskrive som eit førehaldstal. Er det sett 2,5 koller pr. bukk, kan dette beskrivast som 2,5:1.
5.6 Årsvariasjon i rekrutteringsrater
Under ser vi utviklinga i sett kalv pr. kolle. Dette paramenteret gir uttrykk for produktiviteten i bestanden. I tidsbolken 1988-2009 har produktiviteten jamnt over vore stigande i Kvinnherad kommune, men har stabilisert seg meir etter 2000. Frå 2006 kan utviklinga tyde på ein aukande produktivitet.
Dette er ei utvikling som samsvarer med tilsvarande utvikling i mange hjortebestander i Vest-Norge og landet for øvrig dei siste 10-15 åra. Bestandstettleiken er jamnt over stigande over heile landet, og hjorten ekspanderer stadig til nye områder. Samstundes ser vi for Kvinnherad at kroppsvektene jamnt over har gått ned dei siste åra, og dette tyder på at vi kan ha nådd eit tak. Dette vil igjen kunne påverke at produktiviteten går ned på sikt.
Ei anna forklaring er at det no vert skote færre kalv pr. kolle under jakta enn tidlegare. Ei slik endring kan medføre at antalet kalv pr. kolle som vert observert under jakta vert auka, men utan at dette avspeglar ei auking i kalveproduksjonen pr. kolle. I Kvinnherad kommune vart det i tidsbolken 1990-2000 felt i snitt 0,71 (967/1360) kalv pr. kolle, medan tilsvarande tal for tidsbolken 2001-2007 var 0,85 (1228/1447). Det er berre koller 2,5 år og eldre som er med i denne utrekninga. Dette underbyggjer at det faktisk ikkje vert skote færre kalver pr. kolle, men fleire kalver pr. kolle.
Kalv pr. kolle: Dette tilhøvet seier oss noko om produksjonen i bestanden. Dette tilhøvet vert rekna ut ved å dele antal observerte kalver på antal observerte koller inkl. ungdyr på 1 ½ år.
5.7 Vekt og vektutvikling hos kalv og ungdyr
Dette parameteret er eit uttrykk for den generelle vektutviklinga i bestanden og syner om vektene auker eller sig over tid. I Kvinnherad kommune ligg slaktevektene for kalv omkring 23-24 kg (hokalv/hannkalv), medan slaktevektene for åringsdyr er omkring 39-45 kg (kolle 1 ½ år/bukk 1 ½ år). Dette er relativt låge vekter samanlikna med slaktevekter registert i heile fylket for ein 10-årsbolk.
5.8 Xxxxx xxxxxxx
Beitetilbodet kan pr. i dag vere godt nok i Kvinnherad kommune, men ein ønskjer å sikre at dette ikkje vert forringa. Difor ser ein det som ei fornuftig løysing å prøve å ta ut toppen i komande 3-årsbolk for å unngå å redusere beitegrunnlaget og for å få større og sunnare dyr på lang sikt, slik ein hadde tidleg på 90-talet.
Beiteskader finst òg i Kvinnherad. Omfanget av desse varierer stort frå bygd til bygd og endrar seg òg over tid innafor den einskilde bygda.
6. Forvaltingsmål for Kvinnherad i planbolken
6.1 Overordna mål for hjorteforvaltinga i Kvinnherad
6.2 Kortsiktige og langsiktige mål for hjorteforvaltinga i Kvinnherad
6.3 Utfyllande kommentarar
6.4 Krav til bestandsplanområda
6.4.1 Årleg revisjon
6.4.2 Rullering av bestandsplaner
6.4.3 Tiltak for å nå langsiktige mål og mål i bestandsplanbolken
7 Formalia
7.1 Hjorteviltåret, datoar, fristar, rapportering
Jaktåret startar 1. april i år ein og vert avslutta 31. mars i år to. Gjennom året er det ein del viktige datoar som kommunen og valdansvarleg representant må forhalde seg til.
Valdansvarleg representant:
I forskrift om forvalting av hjortevilt og bever, vert valdansvarleg representant definert på følgjande måte: Eit kvart vald skal ha ein representant som er ansvarleg for valdet, og som opptrer på vegne av jaktretthavarane ovafor kommunen eller villreinnemnda i saker som gjeld valdet. Vedkommande plikter innan 1. april å melde til kommunen eller villreinnemnda alle endringar som har skjedd med valdet sine grenser, eigedomtilhøve eller teljande areal/vasslengde under siste jaktår.
Viktige datoar å forhalde seg til: (Send inn sett hjort, slaktevekter og anna)
Dato: Kva: Kven:
1. april Melding til kommunen om eventuelle
Valdansvarleg
endringar i valdet (§10) representant
1. april Forslag til endring av minsteareal Kven som helst
vert fremma til kommunen (§5)
1. mai Forskrift om minsteareal vert fastsett (§5) Kommunen
15. mai Søknad om godkjenning av vald Valdansvarleg
vert send til kommunen (§9) representant
15. juni Godkjenning av vald for jakt på hjort (§11) Kommunen
15. juni Fellingsløyve er sendt til valdansvarleg Kommunen
representant (§13)*
10 dagar Rapportere årsfellingsresultatet Valdansvarleg
etter siste av hjort (§17)* representant
jaktdag
30 dagar Rapportere årsfellingsresultatet for Kommunen
etter siste kommunen til Statistisk sentralbyrå (§17)* jaktdag
Gjeremål som er merkt *, skal gjennomførast kvart år.