Risikostrategi for krafthandel i
Risikostrategi for krafthandel i
Konsesjonskraft IKS
Vedteken av styret 03.12.2021, gjeld frå 01.01.2022
BAKGRUNN OG MÅLSETTING
Konsesjonskraft IKS (KIKS) er ein sjølvstendig deltakar i kraftmarknaden.
Målsettinga er å forvalte konsesjonskrafta med heimel i selskapsavtalen og denne risikostrategien.
KIKS skal drive krafthandel innanfor gjevne rammer for å kunne utbetale tilfredsstillande og pårekneleg avkasting til deltakarane. KIKS må difor ta posisjonar i marknaden, noko som fører med seg risiko. Risikostrategien skal styre og regulere denne risikoen.
Styret i Konsesjonskraft IKS er ansvarleg for Risikostrategien og at den vert evaluert årleg. Styret skal to gonger i året orientere representantskapet om erfaringane med gjeldande risikostrategi, om det evalueringsarbeidet som går føre seg og eventuelle endringar.
ANSVAR OG KOMPETANSE
Dagleg leiar er ansvarleg for å organisere krafthandelen.
Dersom dagleg leiar må vere ansvarleg for den operative krafthandelen, går ansvaret til dagleg leiar som fylgjer under, over til styreleiar.
Ansvarleg for krafthandel i Konsesjonskraft IKS har ansvar for:
- at sikrings- og risikorammer skal haldast.
- det operative ansvaret for handel på børs og for den bilaterale handelen.
- å syte for at involverte parter i praktiseringa av krafthandelsfunksjonen har nødvendige fullmakter
Dagleg leiar i Konsesjonskraft IKS har ansvaret for:
- all rapportering
- at risikostrategien er godt kjent av alle den får verknad for
- at selskapet følgjer strategien
- at det vert sett i verk tiltak dersom rammene ikkje vert haldne
- at kompetent personale løyser oppgåvene, og at kjernekompetanse er spreidde på fleire personar
Side | 2
DEFINISJONAR
KIKS kjøper konsesjonskraft frå alle kraftverka som anten ligg innanfor det geografiske området deltakarane representerer eller som nyttar regulert vatn som kjem frå fall og magasin frå dette geografiske området.
Konsesjonskrafta vert anten seld fysisk på Nordpool Spot (eller tilsvarande spotbørs) eller fysisk bilateralt. Vidare vert det handla finansielle instrument på Nasdaq OMX (eller tilsvarande børs)og/eller inngått bilaterale finansielle avtalar. Risikostrategien styrer både den fysiske og finansielle handelen.
Viktige definisjonar for krafthandel
Side | 3
Clearing | Børsen (t.d. Nasdaq OMX commodities) vert mellomledd og tek bort motpartsrisikoen ved handel |
EPAD | Energy Price Area Difference, på norsk ofte kalla områdeprisdifferanse. Forskjellen i pris mellom systempris for Norden og det aktuelle prisområdet (NO2 for KIKS). |
Jamn sikring | Ein simulert krafthandel som handlar lik mengde kraft kvar handledag. Sikringsgraden aukar jamt for kvar handledag. |
Motpartsrisiko | Risiko for ein kontraktmotpart ikkje kan eller vil innfri fordringane, til dømes fordi han går konkurs. Risikoen er då at KIKS tapar pengar gjennom at ein god kontrakt må bytast ut med ein dårlegare kontrakt |
Månadsblokkmodell | Tabell utarbeidd av NVE som bestemmer den månadsvise fordelinga av konsesjonskraftmengde i kalenderåret. |
NO2 | Prisområde sør i Noreg. KIKS tek ut all kraft frå dette prisområdet. |
Områdepris | Den fysiske krafta vert levert i NO2 (Sør-Noreg), mens handel på børsen vert på systemprisen. Prisforskjellen blir kalla områdepris. Om ein vil sikre denne prisforskjellen må det handlast EPAD. |
Rebalansering | Kjøp eller sal av kvartals- og månadsprodukt for å sikre krafta etter månadsblokkmodellen |
Reservekapital | Reservekapital nyttast for å jamne ut utbetalingane til deltakarane og er viktig for å gje handlingsrom i forvaltninga. |
Sikring | Finansielt sal av framtidig fysisk kraftleveranse |
Sikringsgrad | Kor stor prosentdel av krafta som er sikra innanfor sikringsperioden |
Sikringsperiode | Perioden ein gjennomfører sikring for. |
Systempris | Gjennomsnitteleg spotpris for Norden |
MOTPARTSRISIKO
Alle finansielle kontraktar som KIKS gjer skal gjennomgå clearing på NASDAQ OMX (eller tilsvarande børs) dersom ein ikkje har avtalt anna. Tilgong til handel på NASDAQ OMX (eller tilsvarande børs) kan gjerast gjennom direkte medlemskap eller gjennom avtale med forvaltar. Dette vert gjort for å redusere motpartsrisiko. Dersom clearing ikkje kan gjennomførast, skal motparten vurderast og godkjennast av styret før kontrakten er endeleg.
SIKRINGSSTRATEGIAR
Normalstrategi
Sikringsperioden startar 3 år før det aktuelle året som skal sikrast. Det skal sikrast både områdepris og systempris, men desse sikringane kan gjerast uavhengig av kvarande
Ved jamn sikring vil sikringsgraden vere 80 % den 31. desember for komande leveringsår, med spotandel på 20%. Sikringa skal fordelast med 20% 3 år før levering, 20% 2 år før levering og 40% siste år før levering.
Sidan konsesjonskraft leverast etter månadsblokkmodellen, vil det vere mogleg å oppnå ein sikringsgrad høgare enn 100% for enkelte månader. Dette skal rebalanserast før levering slik at sikringsgrad ikkje er over 100% i levering.
Valutasikring skal gjennomførast samtidig med kvar sikringshandel. Sikring skjer som handel etter ordre.
Avvikshandel
Dersom marknadsprisen ikkje reflekterer marknadssynet til administrasjonen, kan dagleg leiar velje å avvike frå normalstrategien, både på volum og sikringsperiode.
Dagleg leiar kan avvike frå jamn sikring med inntil 600 GWh for heile sikringsperioden for systempris og inntil 600 GWh for områdepris. Det kan sikrast 2 år ut over sikringsperioden definert i normalstrategien. Dagleg leiar kan og inngå valutasikringar på usikra kraftinntekter med inntil € 10 millionar.
Storleiken på avviket jamfør jamn sikring, og grunngjeving for denne, skal rapporterast til styret i kvart styremøte.
Side | 4
PÅREKNELEGE UTBETALINGAR
Det er svært viktig for deltakarane med påreknelege utbetalingar. Så lenge ein ikkje er 100% sikra er det derfor nødvendig med ein reservekapital som kan nyttast for å kunne garantere utbetalingar fram i tid.
Målsatt reservekapital vil svinge mellom kr 100 – 200 millionar, avhengig av nivå og risiko i kraftmarknaden.
RAPPORTERING OG DOKUMENTASJON
Styret skal i kvart styremøte få status for:
• Resultatet av den totale kraftomsetninga.
• Storleiken på avvik jamfør jamn sikring, både mot systempris og områdepris, og grunngjeving for desse.
Dersom grensene ikkje er haldne, skal dette rapporterast til styreleiar.
Side | 5