Låneavtale
Låneavtale
Velkomen som lånar
Alle innbyggjarar i Noreg kan få eit lånekort.
Slik blir du ein lånar
Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
Du kan velje mellom eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det lokale lånekortet gjeld for alle biblioteka i Nordhordland, medan det Nasjonale lånekortet kan du bruke på alle bibliotek i Noreg. Vi må registrere personnummeret ditt om du vil ha eit Nasjonalt lånekort.
Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen. Då får barna eit eige kort som ligg på skulen og vert brukt på skulebiblioteket og bokbussen. Det er mogeleg å få eit ekstra
lånekort som barna kan bruke på biblioteket. Føresette må skrive under på avtale for barna.
Kva kostar det?
Det første lånekortet er gratis, og barn under 15 år får to lånekort gratis. Viss du mistar
lånekortet ditt, så må du betale 20 kroner for å få eit nytt kort om du er over 15 år eller 10 kr om du er under 15 år.
Som lånar pliktar du å
• ta med lånekoret når du skal låne
• handsame det lånte materialet fint
• levere lånt materiale innan fristen
• erstatte skadar på, eller tap av, materiale
• sørgje for å ta kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.
Lånetid
• Språkkurs: 8 veker
• Bøker: 4 veker
• Lydbøker: 4 veker
• Musikk cdar: 4 veker
• Tidsskrifter: 4 veker. Siste nummer vert ikkje lånt ut
• «Snøgglån». Eit utval av dei mest populære bøkene: 2 veker
• Dvdar: 1 veke
Det er gratis og inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.
Vil du fornye lånet ditt?
Det er mogeleg å fornye det du har lånt to gonger viss ikkje andre har reservert det. Du kan fornye det du har lånt via automatane i biblioteket, e-post, telefon eller via heimesida til
biblioteket xxx.xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx.xx.
Vil du reservere eller bestille?
Det er mogeleg å reservere materiale som er utlånt eller under innkjøp.
Dette kan du gjere i biblioteket eller via heimesida vår, xxx.xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx.xx.
Det er også mogeleg å bestille materiale frå dei andre biblioteka i Nordhordland på heimesida til biblioteket. For å bestille materiale frå andre norske bibliotek, må du ta kontakt med
biblioteket. Viss du har Nasjonalt lånekort, så kan du bestille materiale på nettsida
xxx.xxxxxx.xx og få det tilsendt til biblioteket ditt. Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, blir det sendt ut ein sms, e-post eller brev til deg.
Purring
Viss du ikkje leverar innan fristen, får du purring. Frå og med 23. april 2019, så krev ikkje
biblioteket inn purregebyr, men ein vil framleis sende ut purringar. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.
Erstatningskrav
Om du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. Både dei som er under og over 15 år får erstatningskrav.
Prisane for erstatning er:
• Lydbøker for barn: 250 kr
• Lydbøker for vaksne: 450 kr
• Bøker for barn: 250 kr
• Bøker for vaksne: 450 kr
• DVD/CD-rom: 200 kr
• Tidsskrift/vekeblad: 100 kr
• Bygdebøker: 1000 kr
For materiale som tilhøyrer andre bibliotek utanom Nordhordland (Ƞernlån), så kan det vere andre prisar. Nordhordlandsbiblioteka følgjer prisane til biblioteket som eig materialet.
Skulebiblioteka kan ha andre reglar for utlån og erstatningskrav. Sjekk med ditt lokale skulebibliotek.
Personvernerklæring
Som verksemd har biblioteket plikt til å handsame personopplysingar på ein open måte. Det inneber at vi skal gi forståeleg informasjon om korleis vi handterer slike opplysingar.
For å oppfylle dette, har vi laga ei ny personvernerklæring.
Biblioteket si personvernerklæring finn du her: xxx.xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx.xx.
Rettane dine
Innsynsretten (som du finn i personvernforordninga artikkel 15) går ut på at du kan spørje ei verksemd om korleis ho behandlar opplysningane dine og be om å få sjå opplysningane sjølv. Dersom du oppdagar at biblioteket har uriktige opplysingar om deg, kan du krevje retting (jf. personvernforordningen artikkel 16).
I enkelte tilfelle kan du krevje at personopplysingar om deg vert sletta (jf. personvern- forordningen artikkel 17). Det er ein føresetnad at biblioteket ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtaler med deg.
Retten til dataportabilitet (personvernforordningen artikkel 20) skal gjere det lettare å byte tenesteleverandørar ved at ein kan få med seg personopplysingane sine frå ein leverandør til ein annan.
Biblioteket har inntil ein månad på seg til å svare på krav i slike saker.