Utbyggingsavtale
Utbyggingsavtale
mellom Vang kommune og tiltakshavar Opdalstølen og Øysterlie Utmarkslag, xxx.xx. 989 434 454, i reguleringsplan Tyin trafikkareal med plan-ID 2016002.
Dato: 04.02.2019
Godkjent i kommunestyret: xx.xx.2019
Denne avtala omhandlar plikter knytt til tiltak i planområdet som går fram av reguleringsplanen og generelle vilkår i Plan- og bygningslova med forskrifter.
1. Geografisk avgrensing
Området som omfattast av denne avtala er markert i plankartet med felt MA1, MT1, TR1, G2, G3, KH1, KH2 og NS1.
2. Gjennomføring av tiltak
Masseuttaket kan ikkje startast opp før det blir gjeve igangsettingsløyve. Før eit slikt løyve blir gjeve skal det leggast fram ein uttaksplan som skal godkjennast av kommunen. Denne skal syne korleis tiltaket skal gjennomførast frå start til slutt og kva tidsrom det skal gå over. Uttaksplanan skal utarbeidast av tiltakshavar/ansvarleg entreprenør, og skal vera tufta på vedteken reguleringsplan med føresegner, og utanomhusplanen.
Masseuttaket skal vera ferdig rydda og istandsett innan 3 år frå igangsettingsløyve blir gjeve. Dersom tiltakshavar ikkje gjennomfører og sluttfører uttaket i tråd med reguleringsplan, uttaksplan og utanomhusplan, og innan fristar sett i igangsettingsløyvet, kan kommunen sørgje for å få gjennomført og sluttført naudsynte tiltak i ovannemde planer, for tiltakshavar si rekning.
Dersom tiltakshavar overlet tiltak etter denne avtala til andre, står tiltakshavar framleis ansvarleg for gjennomføring av det som her er avtalefesta.
3. Bankgaranti
Tiltakshavar, eller den tiltakshavar utpeikar til det, skal stille ein bankgaranti på kroner 350.000,- (2019 – kroner) for avslutning og istandsetting av masseuttaket. Tiltakshavar er uansett ansvarleg for at bankgarantien blir oppretta. Bankgarantien skal vera oppretta, og uttaksplan og utenomhusplanen skal vera godkjent av kommunen, før igangsettingsløyve blir gjeve.
Garantien skal slettast så snart:
• massuttaket er avslutta
• området rydda og istandsett i tråd med reguleringsplan og godkjent utenomhusplan
• gjennomført sluttbefaring mellom tiltakshavar og kommunen
Denne avtala ligg føre i to likelydande eksemplar, der partane har kvar sitt eksemplar.
For tiltakshavar,
Dato:
For Vang kommune,
Dato: