Forskrift om gebyr for kommunalt vatn og avløp Vang kommune
Forskrift om gebyr for kommunalt vatn og avløp Vang kommune
§ 1.Formål
Formål med forskrifta er å sikre tilknyting til kommunal infrastruktur herunder vatn og avløp samt etablera grunnlag for innkreving av gebyr. Tilknyting er ikkje eit val men ei plikt. Slik bidreg alle tilknytta abonnentar via vass- og avløpsgebyret til at investeringar til vass- og avløpsanlegg blir fordelt på alle som blir tilknytta. Plikt til tilknyting er heimla i plan- og bygningslova § 27-1, § 27-2, jf. også § 30. Fastsetting av gebyr er heimla i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), del 4A, kapittel 16.
§ 2.Verkeområde
Forskrifta gjeld for tilknytingsfasen og driftsfasen. Når det gjeld det gjensidige ansvarstilhøvet mellom kommunen og den enkelte abonnent, som ma. gjeld endringar, utbetringar og vanleg drift blir det vist til Standard abonnementsvilkår og VA-norm for Vang kommune. Det blir også vist til kapittel 15 og 15A i forureiningsforskrifta. Forskrifta gjev reglar om betaling av gebyr for dei vass- og avløpstenester kommunen leverer. Forskrifta gjeld alle som er knytt til eller pålagt knytt til vass- og/eller avløpstenester i kommunen.
Forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen med unntak av abonnentar tilknytta anlegg drifta av andre kommunar. For desse abonnentane gjeld den respektive kommune sin forskrift.
§ 3.Definisjonar
Avløpsnett er transportsystem som samler opp og fører avløpsvatn frå bustadhus eller andre bygningar med innlagt vatn.
Avløpsvatn er både sanitært og industrielt avløpsvatn samt overvatn.
Abonnent er heimelshavar/festar/seksjonseigar av eigedom som er registrert i grunnboka, og som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsnett direkte eller via felles privat leidningsnett.
Abonnenten svarer avgift for kvar bueining og/eller næringseining på eigedomen. Dette gjeld og festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og brukar festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste.
Tinglyst heimelshavar/festar/seksjonseigar av eigedom der kommunen med heimel i plan- og bygningslova § 27-1, § 27-2, jf. § 30-6 krev eigedom knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning.
Abonnementsgebyr er den faste delen av årsgebyret, som skal dekke kommunen sine faste kostnader ved administrasjon og tilrettelegging for levering av vass- og/eller avløpstenester. Det vert kravd inn abonnementsgebyr for kvar sjølvstendig bueining og/eller næringseining.
Kommunen avgjer kva som skal reknast som sjølvstendig bueining eller næringseining på eigedomen.
Bueinheit Med bueinheit forstås bustad/hytte/fritidsbustad/leiligheit med eit eller fleire rom og med separat inngang, samt eige bad/WC og kjøkkendel.
Bruksendring er endring av bruksområdet til eit bygg jf. plan- og bygningslova § 31-6. Bruksendring har etter denne forskrift berre konsekvens ved endring frå produksjonslokale industri til anna formål. Då må heimelshavar svare tilkoplingsavgift for arealet utover 150 m 2 BRA.
Bruksareal (BRA) er definert av Norsk Standard 3940 «Areal- og volumberegning av bygningar» og inneheld reglar for korleis ein kan rekne storleik på bygg m.a. bruksareal (BRA). Kommunen nyttar denne standarden for å definere storleik på bygg som grunnlag for utrekning av tilknytingsavgifter.
Fellesleidning er leidning for samla borttransport av spillvatn, overvatn, drensvatn og ev. takvatn.
Fritidsbustad/hytte Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjent til fritidsbustad/hytte.
Industrielt avløpsvatn er avløpsvatn frå næringsverksemd.
Kommunalt vatn- og avløpsanlegg er vatn- og avløpsanlegg som eigd av kommunen og er allment tilgjengeleg for tilknyting.
Oljehaldig/feitthaldig avløpsvatn er avløpsvatn som inneheld motorolje, smørefeitt, parafin, white-spirit, bensin, frityrolje og liknande. I dette ligg også avløp frå vask og avfeitting av kjøretøy, motorvask og liknande, samt feitt frå tillaging og behandling av mat. Dette må aldri sleppast ureinsa på kommunalt nett utan fyrst å ha blitt reinsa i olje- eller feittavskiljar.
Overvatn er overflateavrenning som følgje av nedbør eller smeltevatn.
Privat vatn- og avløpsanlegg er alle røyr/leidningar, kummar og liknande som ikkje finansierast gjennom kommunale vatn- og avløpsgebyrer. Stikkleidningar til kommunale bygg reknas i denne sammenheng som private.
Prosessavløp er avløp frå industri, næringsmiddelproduksjon, eller anna som krev bruk av vatn i produksjonen.
Resipient er mottakar. Brukas blant anna om vassførekomstar som mottek avløpsvatn, og kan være sjø, innsjø, elv, bekk, myr eller grunnvatn.
Sanitært avløpsvatn er avløpsvatn som i hovudsak skriv seg frå hushaldningsaktivitetar, skoler, sjukeheim med meir. I dette inngår avløpsvatn frå vassklosett, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
Separatsystem er system der spillvatn og overvatn går i kvar sin leidning.
Solidarisk ansvar betyr at fleire personar heftar for same skyldnad, slik at kvar av dei er ansvarleg for heile gjelda (ein for alle og alle for ein).
Spillvatn er forureina avløpsvatn frå busetnad og industri. Særleg nytta om avløpsvatn som leiast bort i eigen leidning ved separatsystem.
Stikkleidning er samanbindingsleidning mellom bygning og hovudavløpssystemet/hovudvassleidningen for området, og denne er ikkje allment tilgjengelig for tilknyting.
Stipulert forbruk: Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.
Felles privat leidning er privat leidning eigd i eit fellesskap av abonnentar som er knytt til det kommunale leidningsnettet.
Forbruksgebyr er den variable delen av årsgebyret, som skal dekke kommunen sine produksjonskostnader ved levering av vass- og/eller avløpstenester.
Gebyrregulativet er prisoversikt for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Gebyrsatsane vert vedteke av kommunestyret ved årleg behandling av budsjett og økonomiplan.
Næringseining er bygg eller del av bygg der ein driv sjølvstendig næringsverksemd.
Tilknytingsgebyr er gebyr ved etablering av nytt abonnementstilhøve til kommunale vass- og/eller avløpstenester eller utviding av bygningsmassa på tilknytt bygg.
§ 4.Avløpsnett
Tilsvarer § 12-7 i forureiningsforskrifta.
§ 5.Tilknytingsplikt vatn og avløp
§ 5-1.Kommunalt vatn
Bygning skal som hovudregel knytas til kommunalt vassforsyningsanlegg der dette ikkje medfører uforholdsmessig store kostnader jf. plan- og bygningslova § 27-1.
Plikt til tilknyting gjeld også private vassforsyningssytem.
Ved tvilstilfelle, td. knytt til kompleksitet og kostnader avgjer hovudutval for utvikling etter søknad om det skal påleggast slik tilknyting.
§ 5-2.Kommunalt avløp
Bygning skal som hovudregel knytas til kommunalt avløpsanlegg der dette ikkje medfører uforholdsmessig store kostnader jf. plan- og bygningslova § 27-2.
Ved tvilstilfelle, td. knytt til kompleksitet og kostnader avgjer hovudutval for utvikling etter søknad om det skal påleggast slik tilknytning
§ 6.Planlegging, samordning og samarbeid
§ 6-1.Private stikkleidningar (vatn- og avløpsleidningar)
Planlegging og tilknytning av private stikkleidningar til kommunale hovudleidningar for vatn og avløp skal være i samsvar med gjeldande VA–norm, og skal utførast og kostast av abonnenten. Dette gjelder også når privat avløp må pumpast opp til kommunal avløpsleidning. Kommunen skal godkjenne VA plan. Kommunen kan sjølv planlegge for framføring av privat stikkleidning dersom dette er hensiktsmessig.
§ 6-2.Tidsmessig samordning for tilknytning
Når ny kommunal hovudleidning for vatn eller avløp blir lagt der det ikkje har vært slik leidning tidlegare, kan kommunen gje pålegg om at bygningar knytas til kommunalt vatn eller avløp samtidig som dei kommunale hovudleidningane leggast, eller innan ein fastsett frist.
§ 6-3.Industriavløp, store mengder
Når avløp frå en eigendom har sammensetning eller mengde som avvik vesentleg frå normalt hushaldningsavløp, kan kommunen gje pålegg om forbehandling eller fordrøyning (fordeling av utsleppet over tid).
§ 6-4.Plikt til privat samarbeid ved tilknyting til vatn- og avløpsanlegg
Ved tilknyting til kommunale vatn- og avløpsanlegg iht. § 5-1 og § 5-2, kan kommunen fastlegge løysingar med felles, private stikkleidningar fram til kommunale avløpsanlegg der dette er miljømessig og økonomisk fordelaktig for råka eigedomar. I slike tilfelle kan kommunen gje heimelshavarar pålegg om samarbeid om slike felles stikkleidningar.
Kommunen kan sette frist for slik etablering av felles private stikkleidningar.
Med heimel i forureiningslova § 23 kan kommunen bestemme at avløpsvatn kan leiast inn i annan sin private avløpsleidning.
§ 6-5.Separering av spillvatn og overvatn
Stikkleidningane leggast som separatsystem når forholda ikkje ligger til rette for lokal overvatndisponering.
§ 7.Ansvar og kostnader
§ 7-1.Legging av ny kommunal hovudleidning – utlegging av stikkleidningar
Når kommunen legg nye hovudleidningar, skal kommunen sørge for og koste stikkleidningar ut av kjørebane i offentleg veg/fortau til alle nye bygg/eigedomar. Disse stikkleidningane er privat eige.
§ 7-2.Private stikkleidningar
Planlegging og bygging av stikkleidningar for tilknyting av vatn og avløp og for separering av avløp er den private utbyggar sitt ansvar og kostnad. Har fleire eigedomar felles privat vatn- eller avløpsleidning fram til kommunal hovudleidning, er eigarane solidarisk ansvarleg for leidningen sin tilstand. Dette sjølv om tinglyst erklæring eller innbyrdes avtaler ikkje føreligg.
Den private utbyggar har ansvar for at eigne anlegg/stikkleidningar er lagt etter dei høgder og trasear som kommunen krev.
§ 7-3.Utbetring av eksisterande kommunale leidningsanlegg – fornya tilknyting
Når kommunal hovudleidning leggast for å erstatte eller fornye eksisterande hovudleidning skal kommunen sørge for og koste tilknyting av private stikkleidningar for alle tidligare tilknytta abonnentar.
§ 7-4.Søknad om tilknytning, oppstart og ferdigmelding på VA-skjema
VA-søknad, melding og ferdigmelding nyttast i følgjande fasar ved kopling til vatn og//eller avløp:
- Søknad om tilknyting (VA-søknad) før tiltaket startar opp.
- Tiltaket grave meldast (VA-melding) før oppstart.
- VA-ferdigmelding, med dokumentasjon i samsvar med VA-norm herunder innmåling leverast seinast 3 veker etter tilknyting.
Kommunen skal anvisa fysisk tilknytningspunkt i kum.
Kapittel 2. Gebyr og vassmålar
§ 8.Gebyr
§ 8-1.Gebyrtypar
- Eingongsgebyr for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg.
- Eingongsgebyr for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg- særreglar for produksjonslokaler industri.
- Årsgebyr for vatn og avløp (abonnementsgebyr og forbruksgebyr).
§ 8-2.Innbetaling av gebyr
- Tilknytingsgebyr vert kravd inn i samband med utsteding av byggjeløyve etter plan- og bygningslova § 20-1 og § 20-3, eller når ferdigmelding føreligg for bygg i samsvar med § 20-5. Forfall vert då sett til 90 dagar. Gjeldande gebyrregulativ på det tidspunkt
komplett eittrinnssøknad, søknad om igangsettingsløyve eller ferdigmelding om bygg er registrert motteke i kommunen ligg til grunn for utrekning av gebyret.
- Eksisterande bygg som får pålegg om tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett skal ha rimeleg tid til å planlegge og gjennomføre tilknytinga. Forfall vert også her sett til 90 dagar. Gjeldande gebyrregulativ på det tidspunkt pålegg om tilknytning er sendt ligg til grunn for utrekning av tilknytingsgebyret.
- Eingongsgebyr for tilknyting forfell seinast ved fysisk tilknyting til kommunalt nett og innmontering av vassmålar.
- Busett eigedom som er kravd knytt til kommunal leidning skal betale årsgebyr frå det tidspunkt tilknyting er gjennomført eller dato for forfall av tilknytingsgebyr.
- Årsgebyra blir fordelt over 2 terminar pr. år. Formannskapet kan endre antall terminar etter vedtak.
- Renter løper ved for sein betaling eller tilbakebetaling av vatn- og avløpsgebyr etter reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane, § 26 tilsvarande og lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling.
- Uteståande krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen etter lov om pant 8. februar 1980 nr. 2 § 6-1. Innkrevjing av både årsgebyr og eingongsgebyr for tilknyting, skjer etter reglane for innkrevjing av skatt jf. lov om kommunale vass- og avløpsanlegg 16. mars 2012 nr. 12 § 6.
- Legalpant inneber at panteretten for dei kommunale avgiftene har beste prioritet og skal bli dekt før xxxx xxxxxxxxxx blir dekt. Innkrevjing skjer i samsvar med Lov om tvangsfullbyrding og inkassoloven.
§ 8-3.Behandling av klage
Kommunen si avgjerd om innkrevjing av gebyr er å sjå på som einskildvedtak. I samsvar med reglane i forvaltningslova og kommunelova kan vedtak i medhald av denne forskrift påklagast til kommunen sin klagenemd (formannskapet). Gebyr skal betalast innan forfallsdato, unnateke når kommunen skriftleg har gjeve utsetjing av betalinga, jf. Skattebetalingslova § 30.
Kommunestyret sine vedtak om storleik på gebyrsatsar i gebyrregulativet i samband med vedtak om årsbudsjett og økonomiplan er å sjå på som forskrift jf. forvaltningslova. Dette er ikkje einskildvedtak og kan difor ikkje påklagast.
§ 8-4.Ulike gebyrtypesatsar
Det skal ved kvart årsbudsjett sette ein sats for følgande arealformål:
- Bustadhus og gardsbruk
- Fritidsbustadar
- Næringsverksemd og andre arealformål
Dette gjeld ikkje abonnentar i Raudalen som får levert vatn og avløp av Øystre Slidre kommune. Der gjeld satsane for abonnentar i Øystre Slidre kommune.
§ 9.Tilknytingsgebyr
§ 9-1.Gebyrplikt
Heimelshavar/festar/seksjonseigar av eigedom som vert knytt til kommunalt vass- og/eller avløpsnett skal betale tilknytingsgebyr.
Dette gjeld:
- Nybygg
- Eksisterande bygg som blir knytt til for fyrste gong eller som kommunen krev knytt til.
- Utviding av eksisterande bygg som er tilknytt frå tidlegare.
- Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend tidlegare.
- Annan permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg.
Dersom nybygg erstattar bygg som tidligare har vore knytt til og har same bruk, kjem arealet frå eldre bygg til frådrag ved utrekning av nytt tilknytingsgebyr. Vilkåret er at nytt igangsettingsløyve vert gjeve innan 3 år etter at bygningen er fjerna eller kopla frå. Dette gjeld til dømes bygg råka av brann eller naturskade.
Bygg som blir sanert for å gje plass for bygg med eit nytt utbyggingsformål, får ikkje godskrive arealet ved utrekning av tilkoplingsgebyr på nybygget.
§ 9-2.Utrekning av gebyret
Tilknytingsgebyret blir rekna ut etter ein pris pr. m2 bruksareal (BRA) i tråd med reglane i Norsk Standard 3940. Det skal berre reknast bruksareal av arealet innanfor bygget sine ytterveggar. Pris pr. m2 er lik for alle typar bygg.
Einaste avvik er at produksjonslokale industri skal betale for areal avgrensa opp til 150 m 2 bruksareal (BRA). Med produksjonslokale industri meiner vi næringsareal med eit større produksjonslokale med avgrensa bruk av vatn og avløp, og der kontor, pauserom og
sanitæravdeling utgjer ein mindre del av samla areal. Driftsbygningar i landbruket kjem inn under denne kategori. Ved oppføring av tilbygg til bygg som er knytt til kommunalt vass- og avløpsnett skal ein betale tilkoplingsavgift for nytt areal. Tilknytingsgebyret vert rekna ut ved å fastsette nytt bruksareal for bygget og trekke frå tidlegare betalt areal. Det blir ikkje kravd inn tilknytingsgebyr for areal mindre enn 10 m2 .
§ 9-3.Gebyrsats for tilknyting som ikkje er godkjent
For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend, vert det kravd tilknytingsgebyr etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet blir sett fram.
§ 9-4.Ansvar for betaling av gebyr
Heimelshavar/festar//seksjonseigar av eigedomen er ansvarleg for betaling av tilknytingsgebyret. Tilknytingsgebyr kravd inn i samband med byggjeløyve vert adressert til tiltakshavar.
§ 9-5.Tilknyting av ikkje permanente bygg
Det vert ikkje kravd inn tilknytingsgebyr for ikkje permanente bygg definert etter plan-
og bygningsloven § 20-1 første ledd bokstav j og § 20-2 bokstav c. Har kommunen kostnader med tilknytinga kan kommunen be om å få dekt sine kostnader etter medgått tid og utlegg.
§ 10.Årsgebyr
§ 10-1.Gebyrplikt
Årsgebyr skal betalast for alle eigedommar som er knytt til kommunalt vass- eller avløpsanlegg eller er pålagt tilknyting i medhald av lov, og fristen for tilknyting er ute. (Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3.)
§ 10-2.Utforming av gebyr
Det reknast årsgebyr for vassforsyning og avløp med ein fast del – abonnementsgebyr og ein mengdeavhengig del – forbruksgebyr. Abonnementsgebyret er eit fast beløp som blir kravd inn av kvar einskild bueining eller næringseining. Forbruksgebyret er eit variabelt gebyr som vert rekna ut frå dokumentert vassforbruk i installert vassmålar. Gebyr for levert avløp vert også rekna ut etter vassforbruk i installert vassmålar dersom ikkje anna vert dokumentert.
§ 10-3.Eigedom utan godkjend tilknyting
Om det er føreteke tilknyting som ikkje er godkjend av kommunen, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknyting har skjedd. Har kommunen ikkje anna reknegrunnlag, reknar ein ut gebyr etter stipulert forbruk. Oppgjer for forbruk av vatn inneber ikkje at kommunen har godkjend tilknytinga
§ 10-4.Ansvar for gebyret
Abonnenten, dvs. heimelshavar/festar eller seksjonseigar til ein eigedom som er knytt til offentleg vass- og avløpsnett, har ansvar for betaling av årsgebyr. Dette gjeld sjølv om det er gjort avtale om utsending til annan rekningsmottakar.
Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar skal gjere skriftleg avtale om prosentvis fordeling av forbruket som kvar abonnent er ansvarleg for og sende han over til kommunen.
Gjeld slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for forbruksgebyret i høve til eigarandel, om ikkje anna er fastsett i sameiget sine vedtekter.
Manglar kommunen slik fordelingsnøkkel er abonnentane solidarisk ansvarleg for heile forbruksgebyret som er målt.
§ 10-5.Ansvar for opplysningar om abonnement
Abonnenten har ansvar for at kommunen har oppdaterte data kring abonnementet. Abonnenten skal melde endringar i personopplysningar, mistanke om avvik på vassmålar og endringar gjort på leidningsnett. Har mangelfulle eller feil opplysningar ført til feilaktig utrekning av gebyr, skal feil rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert ikkje dekka. Registrert abonnent står ansvarleg for kundetilhøvet til kommunen fram til kommunen får melding om overdraging.
§ 10-6.Utrekning av gebyr
Dokumentert forbruk av vatn ligg til grunn for utrekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.
For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda av avløpsvatn avvik vesentlig frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på eige måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller etter særskilt avtale.
For avløpsvatn som avvik frå vanleg hushaldningsavløp og verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunen sine avløpsanlegg, kan kommunen fastsette eit tillegg til avløpsgebyret til inndekning av meirkostnadane.
Spillvatn frå produksjonsprosess eller liknande som etter løyve frå forureiningsmyndigheitene ikkje er ført til kommunalt behandlingsanlegg, skal ikkje inngå i gebyrgrunnlaget for avløp. Slikt vatn skal målast separat.
Bu- eller næringseiningar som står unytta, gjev ikkje grunnlag for fritak frå gebyr før eininga inngår i eit saneringsprosjekt og er fysisk skilt frå kommunalt leidningsnett.
Alt forbruk skal som hovudregel vere registrert over ein vassmålar. Ved feil på vassmålar blir forbruk stipulert ut frå tidlegare dokumenterte data for abonnenten. Ligg ikkje slike data føre, kan kommunen stipulere forbruk og seinare avrekne det mot dokumentert forbruk i ettertid.
Ved mangel på tidlegare dokumentasjon blir vassforbruk fastsett etter areal der forbruket blir rekna ut etter 1,2 m3 /m2 bruksareal (BRA).
§ 10-7.Tilkopling av ikkje permanente bygg
Ikkje permanente bygg, jf. plan- og bygningsloven § 20-1 første ledd bokstav j og § 20-2 bokstav c som skal vera tilkopla offentleg nett mindre enn 2 år betaler berre fast del av årsgebyr.
§ 10-8.Tilleggsgebyr
Unnlèt ein abonnent å etterkomme pålegg om utbetring av eige vass- og//eller avløpsanlegg inkl. reparasjon og montering av vassmålar innan ein gitt frist, og kommunen etter dette må gripe inn å reparere feil og manglar, kan kommunen skrive ut eit tilleggsgebyr for å dekke sine kostnadar.
§ 10-9.Frådrag i årsgebyr
Kommunen kan ettergje påløpt årsgebyr heilt eller delvis dersom særlege grunnar ligg føre.
§ 11.Vassmålar
§ 11-1.Installasjon
Alt forbruk skal dokumenterast ved bruk av vassmålar. Som hovudregel skal alle bueiningar eller næringseiningar ha kvar sin vassmålar.
Ved oppdeling eller seksjonering av eksisterande eigedom, skal kvar av dei nye einingane ha eigen vassmålar. Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det teknisk er umogleg å installere eigen målar for kvar eining. Abonnentar som har felles vassmålar med fleire har solidarisk ansvar for drifta av vassmålaren. Eventuelle driftsutgifter vert fordelt etter same nøkkel som forbruksgebyret dersom ikkje anna er avtalt.
Vassmålar skal vere installert så fort hovedinntaket for vatn er permanent montert i bygget. Unnlét abonnenten å montere vassmålar, vert forbruket frå tilkoplingstidspunktet stipulert.
Ansvarleg røyrleggjar hentar ut vassmålar i kommunen. Abonnementet gjeld frå den dagen vassmålaren er utlevert.
Vassmålaren skal vere plassert straks etter hovudstoppekran ved vassinntaket. Alt vassforbruk i eininga skal gjennom vassmålaren.
Målaren skal vere plassert på ein oversiktleg plass der har er lett å lese av og vedlikehalde.
Kommunen kan krevje flytting av målar som er plassert i strid med kommunen sine krav til plassering. Abonnenten kostar slik flytting.
§ 11-2.Eigartilhøve til vassmålaren
Kommunen er eigar av vassmålaren om ikkje anna er avtala. Vassmålarar som tidlegare er kjøpt inn privat, forblir i privat eige til det tidspunkt dei treng vedlikehald. Målaren vil då bli skifta til målar eigd av kommunen. Abonnenten kostar installasjon av målarar. Undermålarar for intern måling av vassforbruk vedkjem ikkje kommunen.
§ 11-3.Avlesing
Abonnenten skal lese av vassmålaren til dei tidspunkt kommunen ber om og sender data til kommunen innan fastsett frist. Unnlét abonnenten å lese av målaren stipulerer kommunen vassforbruket ved skjønn og tidlegare dokumentert forbruk. Kommunen kan be om tilgang til målaren for avlesing. Kommunen kan fakturere arbeidet med ekstra målaravlesing etter medgått tid. Dersom kontroll av vassmålaren viser at den er innanfor reglane for presisjon i § 11-6, gjev unormalt høgt vassforbruk ikkje grunnlag for redusert gebyr.
§ 11-4.Tilsyn og vedlikehald
Abonnenten skal halde målar tilgjengelig for avlesing og tilsyn. Abonnenten skal jamleg føre tilsyn med målar. Blir ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Abonnenten kostar og skifting av målar der målaren er påført ytre skade, frostskade eller skade på telleverk eller plombering. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.
Kommunen kostar byting av målar dersom han gjennom ordinær slitasje har slutta å fungere eller der telleverket viser feil. Kommunen kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg.
§ 11-5.Presisjonskontroll
Kommunen og abonnenten kan krevja presisjonskontroll av målar. Kommunen avgjer om kommunen eller ekstern kontrollinstans skal utføre denne kontrollen. Krev abonnenten ytterlegare kontroll av målar, skal abonnenten bære kostnadene ved slik kontroll dersom testresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 11-6. I motsatt fall ber kommunen kostnadene.
§ 11-6.Avrekning ved feilmåling
Dersom målaren ved kontroll syner meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling. Tilbakebetalinga reknast frå det tidspunkt feilen truleg oppstod. Krav som er forelda etter reglar om forelding av fordringar vert ikkje refundert. Syner målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar. Er plomberinga av målaren brote, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.
§ 12.Vedtaksmynde
Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av kommunedirektør dersom ikkje anna er fastsett i forskrifta.
§ 13.Ikrafttreden
Denne forskrifta trer i kraft ved kunngjering i Norsk Lovtidend og erstattar forskrift 24. 04. 2008.
Vedlegg - presiseringar:
- Hybelleilegheiter i einebustadar vert ikkje rekna som sjølvstendig bueining. Einebustaden har eit abonnement.
- I bygg med likeverdige bueiningar som til dømes «tomannsbustad», vert kvar bueining rekna for seg.
- Bueining der det i tillegg er ein liten næringsverksemd som td. kontor for einskildmannsføretak eller frisørsalong, skal det berre reknast som eit abonnement.
- Gardsbruk med ei driftseining og inntil to bueiningar bebudd med «garden sitt folk» er eit abonnement. Kårhus eller annan bygnad på garden i vanleg utleige er eit sjølvstendig abonnement.
- Hybelhus og utleigebygg for korttidsutleige til td turistar som ikkje er definert å ha sjølvstendige bueiningar, er næringseining og difor eit abonnement.
- Fritidseigedom med frittståande anneks med storleik inntil 50 m2 BRA er ein bueining.
- Fritidseigedom som har to eller fleire sjølvstendige bueiningar vert belasta med avgift pr. eining.
- Produksjonslokale industri har særreglar for utrekning av tilknytingsavgift. Dette gjeld bygg som i hovudsak består av ein produksjonshall og med ein mindre del til kontor, garderobe, pauserom og liknande. Dette gjeld då bil- og landbruksverkstadar, snikkar-, målarverkstadar, sorteringsanlegg for landbruksprodukt, sag- og trelastutsal, slaktehall, driftsbygning.
Det gjeld ikkje serveringsstader, catering, bensinutsal, forretningar med isolerte utsalsstader.
- Biloppstillingsplassar under terreng eller i bygg etablert som ein del av parkeringskrav knytt til verksemda skal ikkje reknast inn i reknegrunnlaget. Ein føreset at arealet er eit «kaldt» parkeringsareal utan innlagt vatn.