Ei undersøking av realdebitor sitt erstatningsansvar på ulovfesta grunnlag
Kontraktshjelparansvar ved skade på anna enn kontraktsgjenstanden
Ei undersøking av realdebitor sitt erstatningsansvar på ulovfesta grunnlag
Kandidatnummer: 8
Antall ord: 14 548
JUS399 Masteroppgåve Det juridiske fakultet
UNIVERSITETET I BERGEN
10. mai 2021
Innhaldsliste
1.4 Systematikk og avgrensingar 7
2 Kontraktshjelparansvaret sine særtrekk 9
2.2 Reelle omsyn kontraktshjelparansvaret kviler på 11
2.2.1 Kva omsyn grunnar kontraktshjelparansvaret? 11
2.2.2 Kva omsyn avgrensar kontraktshjelparansvaret? 12
3 Føresetnad: Skaden må ikkje vera eit kontraktsbrot 14
4.1 Spørsmål og systematikk 18
4.2 Eksisterer det ein hovudregel? 18
4.3.1 Klargjering av vilkåra 20
4.3.2 Særregel for kontroll og varetektstilfella? 21
5.1 Spørsmål og systematikk 25
5.2 Nærleikskriteriet si kjerne 25
5.2.1 Årsakssamanheng – minimumsføresetnad 25
5.2.2 Nærare tilknyting mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver 27
5.3 Unntak for abnorme handlingar? 30
5.4 Samanheng mellom nærleikskriteriet og kontraktsbrotsproblematikken 32
6 Grunnlag for kontraktshjelparansvar? 34
6.1 Spørsmål og systematikk 34
6.3 Retningslinjer for vurderinga i lys av ulike typetilfelle 35
6.4 Argumentasjon i nærleiksvurderinga 41
1 Innleiing
1.1 Føremål og oversyn
Temaet i denne undersøkinga er det ulovfesta kontraktshjelparansvaret. Føremålet med oppgåva er å klargjere vilkåra for å påleggje kontraktshjelparansvar, samt å undersøke om kontraktshjelparansvar kan påleggast i ulike situasjonar.
Ved kontraktsgjennomføringar hender det at ein tenesteytar engasjerer andre til å oppfylle heile eller delar av kontrakten – såkalla kontraktshjelparar. Dersom kontraktshjelparen valdar skade under kontraktsgjennomføringa, inneber kontraktshjelparansvaret at tenesteytaren svarar for kontraktshjelparen sine handlingar som om desse var hans eigne.1 Sagt med andre ord blir tenesteytaren identifisert med sin kontraktshjelpar.2 Kontraktshjelparansvaret er ei form for aktiv identifikasjon ettersom det ikkje er eit krav om at realdebitor kan klandrast.3
Dei involverte partane i konfliktsituasjonen vår er ein bestiller av tenesta, ein tenesteytar som inngår avtale med den som bestiller tenesta og tenesteytaren sin hjelpar. I det fylgjande blir desse partane omtala som høvesvis realkreditor, realdebitor og kontraktshjelpar. Ein premiss for oppgåva er at realkreditor ikkje er ein forbrukar.4
Kontraktshjelparansvar kan vera aktuelt både når hjelparen skadar kontraktsgjenstanden og når hjelparen skadar andre formuesgode som realkreditor eig. I den fyrstnemnte situasjonen vil skaden utgjere eit misleghald av kontrakten mellom realkreditor og realdebitor. Som eit utgangspunkt må kontraktshjelparen ha utvist subjektiv skuld, og dette gjeld uavhengig av om det ligg føre eit kontraktsbrot eller ikkje.5
Denne oppgåva tek berre for seg situasjonen der kontraktshjelparen valdar skade på realkreditor sine formuesgode som ikkje er ein del av kontrakten mellom realdebitor og realkreditor. Ein viktig premiss for denne forma for kontraktshjelparansvar er at skaden på realkreditor sitt formuesgode heller ikkje er ei fylgje av ein mangel. Ei vanleg oppfatning er at det skal meir til for å statuere kontraktshjelparansvar i vår situasjon, samanlikna med
1 Sjå x.x. Xxxxxxxx (2011) s. 491.
2 Sjå Xxxxxxxx (1997) s. 275, som held fram at i kontraktsforhold gjeld det ein generell identifikasjonsregel.
3 Askeland (2002) s. 178.
4 Sjå Ot.prp. nr. 44 (2001-2002) s. 35–39 om forbrukardefinisjonen.
5 Sjå Askeland (2002) s. 178–179.
situasjonar der kontraktshjelparen si skadevalding råkar kontraktsgjenstanden.6 I oppgåva blir situasjonen der kontraktshjelparen skadar eit anna rettsgode enn kontraktsgjenstanden i enkelte tilfelle omtala som kontraktshjelparen si direkte skadevalding.
Kontraktshjelparansvar kan i prinsippet gjerast gjeldande ved alle typar naturalforpliktingar. I oppgåva er likevel problemstillingar og eksempelbruk vinkla inn mot tenesteavtalar mellom profesjonelle partar om arbeid på ting eller fast eigedom. Med dette meiner eg til dømes avtalar om reperasjons-, utbetrings- og ombyggingsarbeid.7 Trass i denne vinklinga kan analysen truleg vera relevant også for andre kontraktstypar.
Fleire stadar i oppgåva kjem eg til å sjå realdebitor sitt ansvar i lys av det skada rettsgodet si plassering. For det fyrste kan det skada rettsgodet vere overlate i realdebitor si varetekt, noko som inneber at det skada rettsgodet er tiltrudd realdebitor. Neste typetilfelle er at realdebitor har fått kontroll over det skada rettsgodet, og her er rettsgodet ikkje tiltrudd realdebitor, men vedkomande har styringsmoglegheit over gjenstanden. Vidare vil eg nytte omgrepet geografisk nærleik som eksempel på situasjonen der det skada rettsgodet er lokalisert nært kontraktsgjenstanden, utan at den er i realdebitor si varetekt eller kontroll. Endeleg vil omgrepet funksjonell nærleik bli nytta når me heller ikkje kan seie at det skada rettsgodet er lokalisert nært kontraktsgjenstanden, men at rettsgodet og kontraktsgjenstanden begge har ein funksjon i eit større bilde. Typetilfella vil bli ytterligare eksemplifisert seinare i oppgåva.
1.2 Aktualitet
To gonger i nyare tid har spørsmålet om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding vore oppe i Høgsterett. Fyrste gong var i Rt. 1986 s. 1386 (Block Watne), men i denne saka stengde ein avtaleklausul for kontraktshjelparansvar. Xxxxx xxxx var i HR-2020-1120-A. I dommen hadde underentreprenøren, dvs. kontraktshjelparen, aktlaust valda skade på byggherren, dvs. realkreditor, sitt sjømerke. Arbeidsoppdraget gjekk ut på å frakte steinamassar ut til ein molo, som var arbeidsstaden. Sjømerket var plassert langs fraktruta ut til moloen, og var difor ikkje ein del av kontraktsgjenstanden. Det er aktuelt å analysere kva den ferske dommen frå Høgsterett avklarar, og kva den ikkje avklarar, om det ulovfesta kontraktshjelparansvaret.
6 Sjå t.d. Xxxxxxxx (2002) s. 224 og 226.
7 Sjå t.d. definisjonen om handverkartenester i lov 16. juni 1989 nr. 63 om håndverkertjenester m.m for forbrukere. (håndverkertjenesteloven – hvtjl.) § 1 (1) og (4).
Xxxxxxx m.fl. hevdar at byggeprosjekt i dag krev stor spesialkompetanse, og at ein sjeldan finn denne kompetansen samla på ei hand.8 Eit auka behov for spesialkompetanse for å utføre kontraktsprestasjonen vil i neste omgang medføre hyppigare bruk av kontraktshjelparar, og dette aktualiserer kontraktshjelparansvaret.
Mellom profesjonelle partar herskar det avtalefridom, og avtalen kan dermed hindre bruk av kontraktshjelparansvaret. Temaet er difor ikkje aktuelt dersom avtalen stengjer for at realdebitor kan delegere kontraktsprestasjonar.9
Ved tenesteavtalar om arbeid på ting eller fast eigedom er det tenkjeleg at realdebitor og realkreditor nyttar standardkontraktar som inneheld avtaleklausular om kontraktsprestasjonen. To sentrale standardar er NS 8405:2008 og NS 8406:2009.10 NS 8405:2008 punkt 42.2 slår fast at «alminnelige erstatningsregler» gjeld ved skadar på andre gjenstandar enn kontraktsgjenstanden. Det fylgjer av Block Watne-dommen at omgrepet skal tolkast som at entreprenøren ikkje er ansvarleg for underentreprenøren si direkte skadevalding.11 Me ser difor at dersom NS 8405:2008, eller ein konktraktsstandard med tilsvarande regulering, blir avtala, er temaet i denne oppgåva ikkje aktuelt. På den andre sida er temaet framleis aktuelt dersom NS 8406:2009 blir avtala ettersom denne standarden ikkje regulerer kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.12 Det same gjeld dersom partane ikkje avtalar ein standardkontrakt, og avtalen er taus om kontraktshjelparansvaret.
1.3 Rettskjeldebildet
Som punktet over antyder, står HR-2020-1120-A svært sentralt i analysen. Likevel blir ikkje alle sider av kontraktshjelparansvaret avklart i dommen, og andre rettskjelder vil difor påverke analysen.
Reguleringa av kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i hvtjl. § 29 ligg tett opp til temaet i denne oppgåva. Det fylgjer av regelens andre ledd at: «For tap
8 Xxxxxxx, Xxxxxxxxxxxx og Xxxxxxxxx (2014) s. 127. I same retning Askeland (2002) s. 238–239.
9 Sjå meir om dette i Xxxxxxxxx (2017) s. 166. Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 188 og Xxxxxxxx (1997) s. 276 som begge held fram at hovudregelen er at kontraktshjelparar kan nyttast dersom anna ikkje er avtalt.
10 Xxxxxxxx og Xxxxxxxx (2014) s. 25–26.
11 Dommen omhandla ein tilsvarande regel som NS 8405:2008 punkt 42.2 i NS 3401:1969 pkt. 14.1, men skal tolkast på same måte, sjå Xxxxxxxxxxxx, Xxxxxxxxx og Xxxxxxx (2016) s. 715.
12 I HR-2020-1120-A avsnitt 46-61 drøftar Høgsterett spørsmålet om ein skal tolke i NS 8406:2009 i tråd med NS 8405:2008, men la til grunn at det ikkje var naudsynt å ta endeleg stilling til spørsmålet.
ellers i forbindelse med tjenesteoppdraget som ikke er en følge av forsinkelse eller mangel, er tjenesteyteren ansvarlig når tapet skyldes feil eller forsømmelse på tjenesteyterens side.» Fyrste ledd stiller opp ein særregel for kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i varetekts- og kontrolltilfella.
I tillegg regulerer buofl. § 6, som også grensar til temaet i oppgåva, kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.13 Likevel regulerer buofl. § 6 (1) 2. pkt og hvtjl. § 29 spørsmålet ulikt ettersom fyrstnemnte regel legg til grunn at «allmenne skadebotreglar» gjeld for tap som ikkje er ei fylgje av avtalebrotet. Kjøpslovgjevinga inneheld også reglar om kontraktshjelparansvar, men det eksisterer ikkje ei direkte regulering av kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.14 Det same gjeld for lovgjevinga om fraktavtalar.15
Tilhøvet til arbeidsgjevaransvaret etter skadeserstatningslova § 2-1 er ein viktig del av rettskjeldebildet.16 Det kjem fram av skl. § 2-1 (1) 1 pkt. at arbeidsgjevar «svarer for skade som voldes forsettlig eller uaktsomt under arbeidstakers utføring av arbeid eller verv for arbeidsgiveren». I andre punktum blir det presisert at ansvaret ikkje omfattar «skade som skyldes at arbeidstakeren går utenfor det som er rimelig å regne med etter arten av virksomheten eller saksområdet og karakteren av arbeidet eller vervet».
At arbeidsgjevaransvaret kan nyttast i kontraktsforhold fylgjer implisitt av uttrykket «svarer for».17 Arbeidsgjevaransvaret og kontraktshjelparansvaret kan difor vera alternative rettsgrunnlag for erstatning i kontraktsforhold dersom kontraktshjelparen er ein
«arbeidstaker[...]».18 Kontraktshjelparansvaret rekk likevel lengre i enkelte tilfelle, jf. HR- 2020-1120-A avsnitt 75.19 Sidan arbeidsgjevaransvar og kontraktshjelparansvar kan vera alternative grunnlag for erstatning, og kontraktshjelparansvaret rekk lengre i enkelte tilfelle,
13 Lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova – buofl.).
14 Sjå lov 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp (kjøpsloven – kjl.) § 40 jf. § 27; lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova – avhl.) § 4-14 jf. § 4-5 og lov 21. juni 2002 nr. 34 om forbrukerkjøp (forbrukerkjøpsloven – forbrkjl.) § 33 jf. § 24.
15 Sjå lov 20. desember 1974 nr. 68 om vegfraktavtaler (vegfraktloven – vegfrl.) § 6; lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven – sjøl.) § 285; lov 6. oktober 1977 nr. 73 om jernbaneansvar (jernbaneansvarsloven – jbansvl.) § 13 og lov 6. november 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartsloven – luftl.) § 10-33.
16 Lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning (skadeserstatningsloven – skl.).
17 Denne forståinga er stadfesta i Ot.prp. nr. 48 (1965-1966) s. 82.
18 I t.d. Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) blei både arbeidsgjevaransvaret og kontraktshjelparansvaret gjort gjeldande som rettsleg grunnlag.
19 I same retning Hov og Xxxxxxx (2017) s. 256, der det kjem fram at i kontraktsforhold har regelen om arbeidsgjevaransvar mindre betyding.
kan rettspraksis der skl. § 2-1 er nytta i kontraktsforhold vera relevant ved kontraktshjelparansvaret.20
Kontraktshjelparansvaret er gjenstand for analyse i mange rettsvitskaplege framstillingar. Det verkar likevel som at fleire rettsvitskaplege framstillingar drøftar kontraktshjelparansvaret under føresetnad om kontraktsbrot.21 På grunn av at dette er det noko problematisk å gjere bruk av slike verk. I tillegg blir situasjonar der hjelparen handlar med aktløyse og situasjonar der hjelparen handlar med forsett, ikkje drøfta separat i fleire framstillingar. Ved forsetteleg skadevalding har realdebitor ikkje same form for tilknyting til kontraktsprestasjonen som førte til skaden som ved aktlaus skadevalding, og det er dermed svakare grunnlag for kontraktshjelparansvar ved forsetteleg skadevalding.22 Difor er det også noko problematisk å nytte juridisk teori som ikkje skil mellom skuldformene når dei drøftar kontraktshjelparansvaret.
Noko litteratur tek likevel føre seg spørsmålet om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si aktlause direkte skadevalding. Særleg sentralt står Xxxxxx Xxxxxxxx si doktoravhandling om erstatningsrettsleg identifikasjon, men Xxxx Xxxxxxxxx har og omtalt spørsmålet i samband med handverkarteneste- og bustadoppføringslovas reglar.
Sidan det er lite rettspraksis om temaet, og situasjonen ikkje er lovregulert, vil reelle omsyn stå svært sentralt i analysen. Ei særleg framtredande rolle vil reelle omsyn ha dersom HR- 2020-1120-A ikkje gjev tilvising til ei løysing. Fleire reelle omsyn er relevant i samband med kontraktshjelparansvaret, og ein særskild omtale av dei fylgjer av punkt 2.2.
1.4 Systematikk og avgrensingar
Denne undersøkinga kan overordna sett delast inn i tre delar. I den fyrste delen, som blir handsama i punkt 4, vil eg klargjere vilkåra for kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding, samt å undersøke om det er mogleg å stille opp ein hovudregel for realdebitor sitt ansvar. I punkt 5 skal eg sjå nærare på innhaldet i det relevante vilkåret som er
20 I same retning Askeland (2002) s. 219, som gjer gjeldande at rettspraksis om skl. § 2-1 har «prejudikatsverdi i forhold til kontraktshjelperansvaret fordi § 2-1 etter forarbeidene gjelder i kontraktsforhold».
21 Sjå x.x. Xxxxxxxx (2011) s. 486–493; Lilleholt (2017) s. 343–345; Xxx og Xxxxxxx (2017) s. 256–262 og
Hallsteinsen (2018) s. 221–226.
22 Askeland (2002) s. 218.
klargjort i punkt 4. Til slutt vil eg i punkt 6 vurdere om det er grunnlag for å halde realdebitor ansvarleg for sin kontraktshjelpar.
For å kunne gjere undersøkingane i desse punkta er det naudsynt å presisere særtrekk ved kontraktshjelparansvaret i punkt 2, samt å gjere greie for ein sentral føresetnad for konfliktsituasjonen i punkt 3.
Eg avgrensar mot omtale av grunnvilkåra for erstatning om økonomisk tap og årsakssamanheng ettersom kontraktshjelparansvaret er tilknytt spørsmålet om det ligg føre ansvarsgrunnlag.23
Kontrollansvaret skal heller ikkje omtalast ettersom dette ansvarsgrunnlaget føreset at skaden utgjer ein mangel, jf. x.x. xxxxx. § 28 (1).24 Som nemnt i punkt 1.3 kan arbeidsgjevaransvaret etter skl. § 2-1 og kontraktshjelparansvaret vera alternative grunnlag for erstatning. Trass i dette skal arbeidsgjevaransvaret ikkje omtalast nærare her. Kontrollansvaret og arbeidsgjevaransvaret må likevel omtalast dersom ei omtale kan klargjere poeng som er relevant for denne oppgåva.
Det blir vidare avgrensa mot alle former for aktløyse utvist av realdebitor sjølv ettersom vår situasjon føreset at det er kontraktshjelparen som gjer den skadevaldande handlinga. Ein annan føresetnad for oppgåva er at kontraktshjelparen ikkje valdar skaden med forsett, og difor blir slik skadevalding ikkje omtala. Det vil falle utanfor oppgåvas rammer å omtale personelle avgrensingar av kontraktshjelparansvaret.25
23 I teorien er det tilsynelatande usemje om kontraktshjelparansvaret er eit sjølvstendig ansvarsgrunnlag eller ein identifikasjonsregel, sjå motstrid mellom Haaskjold (2017) s. 166 og Hallsteinsen (2018) s. 222.
24 I tillegg er det uklart om kontrollansvaret gjeld på ulovfesta grunnlag, sjå motstrid mellom t.d. Xxxxxxxx (2011) s. 522 og Hov og Høgberg (2017) s. 255–256.
25 Sjå Xxxxxxxx (2011) s. 487–490 om personelle avgrensingar.
2 Kontraktshjelparansvaret sine særtrekk
2.1 Ansvarsmodellen
Under punkt 2 skal eg omtale nokre særtrekk ved kontraktshjelparansvaret som må vera klargjort før eg kan analysere innhaldet i regelen. Føremålet med punkt 2.1 er å klargjere nokre utgangspunkt om grunnlaget for å halde realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar. Sagt med andre ord skal eg her klargjere konstruksjonen til kontraktshjelparansvaret. Eg har valt å sameine utgangspunkta under omgrepet ansvarsmodellen.
I deliktserstatningsretten er utgangspunktet at ein berre er ansvarleg for eigne handlingar, og at ein treng særskild heimel for å pålegge ansvar for andre sine skadevaldande handlingar.26 Ved erstatning i kontrakt kan ansvaret rettast mot den formelle kontraktsparten gjennom identifikasjonsreglar.27
Det er ingen tvil om at realdebitor er forplikta til å oppfylle kontrakten etter sitt innhald, sjølv om ein kontraktshjelpar blir nytta for å oppfylle kontrakten.28 Realdebitor kan difor ikkje
«forrykke risiko- og ansvarsfordelingen ved å sette deler av sine oppfyllelsesplikter bort til andre».29 Sitatet byggjer likevel på ein føresetnad om at det er tale om eit kontraktbrot, og ansvarsfordelinga er ikkje like enkel dersom det er tale om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.
Realdebitor sitt ansvar overfor realkreditor for kontraktshjelparen sine aktlause handlingar, er objektivt.30 Ein kan dermed seie, som også kjem fram av rettspraksis, at realdebitor har
«objektivt ansvar i form av kontraktshjelperansvar, som innebærer objektivt ansvar for oppdragstakers feil, ved at hjelperens handling bedømmes som om den var foretatt av oppdragsgiver», jf. RG 1996 s. 189 side 198.
Realdebitor er ansvarleg for både anonyme og identifiserte feil og forsømmingar av kontraktshjelparen.31 Likevel er ikkje realdebitor ansvarleg for alt kontraktshjelparen føretek
26 Sjå x.x. Xxxxxxxx (2019) s. 206.
27 Sjå Xxxxxxxx (1997) s. 271.
28 Sjå x.x. Xxxxxxxx (2011) s. 486 og Hov og Xxxxxxx (2017) s. 256–257.
29 Hagstrøm (2011) s. 486
30 Sjå t.d. Xxxxxxxxx (2017) s. 343 og Nygaard (2007) s. 252.
31 Xxxxxx (1999) s. 458.
seg. Det blir uttalt i blant anna Rt. 1978 s. 1019 s. 1028 at realdebitor ikkje er ansvarleg for hjelparen sine feil under «enhver omstendighet».
Som ein hovudregel omfattar kontraktshjelparansvaret alle hjelparar som medverkar til oppfyllinga av kontrakten, medrekna sjølvstendige oppdragstakarar.32 Det er realdebitor sitt objektive ansvar for kontraktshjelparen sine handlingar som medfører at kontraktshjelparansvar ikkje er avhengig av realdebitor sitt val. Som fylgje av dette er det ikkje avgjerande for kontraktshjelparansvarsvurderinga om det var aktlaust å engasjere ein bestemt kontraktshjelpar (contractu in eligendo) eller at instruksen til kontraktshjelparen var aktlaus (culpa in instruendo). Ei annan sak er likevel at realdebitor kan svare direkte overfor realkreditor for aktlaust val av kontraktshjelpar.33 Dette ligg utanfor rammene til denne oppgåva å omtale, jf. punkt 1.4.
Realdebitor er berre er ansvarleg for hjelparar han sjølv har engasjert.34 Realkreditor har difor risikoen for partar han har inngått avtale med, sjølv om desse partane medverkar til realdebitor sin kontraktsprestasjon.
Som nemnt over er kontraktshjelparansvar avhengig av at hjelparen har utvist subjektiv skuld. Det kan spørjast kva norm kontraktshjelparen si åtferd skal målast opp mot i vurderinga av om hjelparen har handla aktlaust. Dersom skaden utgjer eit kontraktsbrot, er det normsystemet mellom kontraktens parter som er bestemmande for vurderinga.35 Til samanlikning er det samfunnets alminnelege normsystem som er utgangspunktet for aktsemdvurderinga ved erstatning utanfor kontrakt.36 Xxxxxxxx klargjer spørsmålet når han skriv at kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding kan gjerast gjeldande når «hjelperen hefter som selvstendig ansvarlig etter deliktsansvarsreglene».37 I det fylgjande vil innhaldet i den konkrete vurderinga av om hjelparen har utvist skuld ikkje bli omtala nærare.
32 Sjå x.x. Xxxxxx (1968) s. 87–88 og Kaasen (2018) s. 201. Sjå også Xxxxxxxx (1997) s. 272, det han held fram at: «Formålet med identifikasjonsreglene er å holde sanksjonssystemet inntakt uten hensyn til hvem som faktisk står for oppfyllelsen.»
33 Sjå Xxxxxxxx og Stenvik (2019) s. 235, med tilhøyrande eksempel.
34 Sjå Hallsteinsen (2018) s. 223–224, med tilhøyrande eksempel.
35 Sjå Xxxxxxxx (1997) s. 272, med vidare utgreiing.
36 Sjå Xxxxxxxx (1997) s. 272–273, med vidare utgreiing.
37 Askeland (2002) s. 180.
På bakgrunn av det ovannemnte kan ein seie at når kontraktshjelparen er erstatningsansvarleg etter reglane om erstatning utanfor kontrakt, kan erstatningskrav rettast mot både kontraktshjelparen og realdebitor dersom dei kan identifiserast med kvarandre. Spørsmålet om kontraktshjelparansvar kan difor formulerast som eit spørsmål om «skadelidte skal nyte fordelen ved å ha to ansvarlige og forholde seg til».38
2.2 Reelle omsyn kontraktshjelparansvaret kviler på
2.2.1 Kva omsyn grunnar kontraktshjelparansvaret?
Fleire reelle omsyn grunnar eit behov for at realdebitor svarar for kontraktshjelparen sine handlingar. Dei generelle legislative omsyna som gjer seg gjeldande ved erstatning i kontraktsforhold er prevensjons- og reperasjonsomsyn.39 I tillegg til prevensjons- og reperasjonsomsynet vil også effektivitets- og rimelegheit og rettferdsomsyn kunne tale for kontraktshjelparansvar.40
Ein seier gjerne at erstatningsreglane i kontraktsforhold har ein preventiv effekt fordi erstatningstrusselen medfører at kontraktspartane handlar meir aktsamt. Prevensjonsomsynet kan også ofte sjåast på som eit oppmuntringsomsyn, som inneber at den kontraktsrettslege erstatningsregelen skal stimulere til kontraktsmessig oppfylling.41 Xxxxxxxx har nytta prevensjonsomsynet som grunngjeving for kontraktshjelparansvar direkte i tilknyting til skade på xxxx enn kontraktsgjenstanden. Han gjer gjeldande at prevensjonsomsynet vil tale for kontraktshjelparansvar dersom kontraktsforholdet er naudsynt for at skaden hende.42 Det er særleg det tilhøve at det er realdebitor som har valt kontraktshjelparen, og dermed realdebitor som plasserer kontraktshjelparen i posisjon til å kunne valde skaden overfor realkreditor, som medfører prevensjonsomsynet sin relevans.43 Vidare tilseier reperasjonsomsynet at den tiltenkte økonomiske balansen i kontraktsforholdet bør reparerast med eit erstatningskrav dersom skade oppstår.
38 Askeland (2002) s. 180.
39 Xxxxxx (1999) s. 437.
40 Sjå Askeland (2002) s. 181–183. Xxxxxxxx (1997) s. 277 syner til dei same omsyna, med unntak av reperasjonsomsynet.
41 Xxxxxx (1999) s. 437. I same retning Hagstrøm (2011) s. 466.
42 Askeland (2002) s. 229.
43 Askeland (2002) s. 229. I same retning Simonsen (1997) s. 277 som skriv at «prevensjonshensyn [taler] mot å la organisering av arbeidet være avgjørende for ansvarets utstrekning».
Det er uheldig dersom realkreditor si moglegheit til å gjera erstatningskrav gjeldandande mot kontraktsmotparten blir svekka på grunn av at kontraktsprestasjonen er delegert. Dette fordi det vil vera lett å omgå erstatningsansvar dersom ein fritt kan delegere bort kontraktsprestasjonar utan risiko for å bli ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar.44 Regelen om kontraktshjelparansvar er med andre ord berre effektiv dersom realdebitor heftar for hjelparar som er tildelegert kontraktsprestasjonar.45
På grunn av at den som delegerer arbeid bør bere risikoen for negative fylgjer av arbeidsdelinga talar også rimelegheits- og rettferdsomsyn for kontraktshjelparansvar. Vidare talar også rimelegheits- og rettferdsomsyn for at realkreditor ikkje mister den tiltenkte dekningsmoglegheita han hadde ved avtaleinngåinga. I denne samanheng kan ein også hevde at rettsøkonomiske omsyn kontraktshjelparansvaret. Det vil vera billigare for realdebitor å få dekning for kravet sitt hjå kontraktshjelparen, og realdebitor har betre informasjon om kontraktshjelparen sin identitet.
2.2.2 Kva omsyn avgrensar kontraktshjelparansvaret?
Sjølv om dei ovannemnte reelle omsyna talar for kontraktshjelparansvar, kan ikkje realdebitor sitt ansvar vera uavkorta. Som nemnt under punkt 2.1 er realdebitor objektivt ansvarleg for sine hjelparar, og på grunn av dette kan ein diskutere kor rimeleg og rettferdig det er å halde realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar.
Omsyna som grunnar kontraktshjelparansvar kan gjera seg gjeldande med mindre styrke når kontraktshjelparen si skadevalding ikkje utgjer eit kontraktsbrot. Ved kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding, har realdebitor mindre moglegheit til å føresjå skaden som kontraktshjelparen har valda. Når realdebitor ikkje kan føresjå eller kalkulere med den konkrete skaden vil det vera mindre rimeleg at realdebitor er ansvarleg.
Prevensjonsomsynet kan også gjera seg gjeldande med mindre styrke dersom skaden ikkje er eit kontraktsbrot ettersom realdebitor har mindre oppmoding om å verne mot slike skadar.
I mange kontraktsforhold er det ei «uuttalt forutsetning at deler av kontraktsprestasjonen må delegeres».46 I eit tilfelle der realkreditor kjenner til at delar av oppdraget må delegerast til ein
44 Hov og Høgberg (2017) s. 257 nemner berre delegasjonssynspunktet som grunngjeving for kontraktshjelparansvaret: «En skal ikke komme seg unna et ansvar en ellers ville hatt, ved å la en annen gjøre jobben.»
45 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 183 om effektivitetsomsynet.
46 Askeland (2002) s. 238.
kontraktshjelpar, vil det xxxx xxxxxxxx med eit svært vidtrekkande kontraktshjelparansvar for realdebitor. Dette fordi realkreditor ikkje kan forvente at det berre er realdebitor som blir sett i posisjon til å valde skade på realkreditor sine eigedelar. Dersom realkreditor i tillegg er økonomisk tent med at realdebitor kan delegere kontraktsprestasjonen til spesialistar, vil det vera endå mindre rimeleg med eit vidtrekkande kontraktshjelparansvar.
I førre punkt nemnte eg at reperasjonsomsynet gjorde seg gjeldande ved spørsmål om erstatning i kontraktsforhold, men etter mi forståing vil omsynet berre gjera seg gjeldande dersom det er tale om eit kontraktsbrot. Dette fordi den tiltenkte økonomisk balansen i kontraktsforholdet ikkje er endra dersom skaden ikkje utgjer eit kontraktsbrot.
3 Føresetnad: Skaden må ikkje vera eit kontraktsbrot
I punkt 3 skal eg omtale ein viktige føresetnad for konfliktssituasjonen i denne oppgåva. Kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding føreset at skaden ikkje råkar kontraktsgjenstanden, og at skaden heller ikkje er ei fylgje av kontraktsbrotet. I det fylgjande skal eg omtale kvifor dette er ein viktig føresetnad, og søkje å klargjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot i lys av ulike typetilfelle.
Fyrst må det likevel nemnast at det i eldre litteratur var ei oppfatning om at det avgjerande for kontraktshjelparansvar var om «kontraktshjelperen har voldt skaden på en måte som representerer mislighold».47 Ein finn og liknande synspunkt i noko nyare litteratur.48 Med ein slik innfallsvinkel er det misvisande å tale om ein føresetnad om at skaden ikkje er eit kontraktsbrot ettersom kontraktshjelparansvaret ikkje gjeld dersom dette er tilfelle.
Likevel vil truleg ikkje denne innfallsvinkelen stå seg etter dagens rettstilstand. I HR-2020- 1120-A avsnitt 64 adresserer Høgsterett spørsmålet om hovudentreprenøren kan identifiserast med sin hjelpar dersom skaden råkar eit anna rettsgode enn kontraktsgjenstanden. Sjølv om kontraktshjelparansvar ikkje kunne påleggast, syner problemformuleringa til Høgsterett at det ikkje er eit absolutt krav om kontraktsbrot for at kontraktshjelparansvar kan påleggast.49 Omsynet til koherens mellom vårt tilfelle og hvtjl. § 29 vil også tale for at kontraktshjelparansvar kan påleggast når skaden ikkje utgjer eit kontraktsbrot. Etter denne regelen kan realdebitor vera ansvarleg sjølv om tapet ikkje er «en følge av [...] mangel», jf. (2).50
Trass i at kontraktshjelparansvar også kan påleggast når skaden ikkje utgjer eit kontraktsbrot er det framleis ein sterkare presumsjon for at realdebitor er ansvarleg for sin kontraktshjelpar dersom det er tale om eit kontraktsbrot.51 Det er normalt ei nærare samanheng mellom skaden og kontraktsforholdet i slike tilfelle. Difor er det meir rimeleg at realdebitor ber risikoen for
47 Selvig (1968) s. 82.
48 Sjå Lilleholt (2002) s. 177 der det kjem fram at «[d]et er vanskeleg å sjå kvifor kontraktsparten skal stå sterkare enn andre når det ikkje er tale om mishald». I motsett retning Askeland (2002) s. 229.
49 I same retning Sande (2020) s. 25.
50 I same retning Ot.prp. nr. 29 (1988-1989) s. 52, der det kjem fram at hvtjl. § 29 (2) «i hovedsak i samsvar med alminnelige erstatningsrettslige prinsipper». Sjå også Xxxxxxxx (2005) s. 100 som uttaler at § 29 (2) samsvarar med den ulovfesta regelen.
51 Sjå Askeland (2002) s. 226, der han gjer gjeldande at identifikasjon er meir problematisk dersom det ikkje er tale om eit kontraktsbrot.
kontraktshjelparen si skadevalding i desse tilfella, samanlikna med tilfelle der hjelparen skadar ein annan gjenstand enn kontraktsgjenstanden. Som nemnt under punkt 2.2.2 gjer også reperasjonsomsynet seg gjeldande ved skade på kontraktsgjenstanden. Ettersom det er ein sterkare presumsjon for kontraktshjelparansvar dersom skaden utgjer eit kontraktsbrot kan det i prinsippet vera viktig for realdebitor sitt ansvar å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot eller ikkje.
Det er ei vanskeleg oppgåve å trekkje tydelege skiljelinjer mellom situasjonar der skaden utgjer eit kontraktsbrot og situasjonar der skaden ikkje gjer det. Dette poenget blir også framheva i forarbeida til handverkartenestelova, der det kjem fram at i «mange tilfeller kan det være vanskelig å si om skaden skyldes mangel/forsinkelse eller andre forhold».52
Eit kontraktsbrot kan definerast som «et avvik fra kontraktsmessig oppfyllelse som debitor har risikoen for».53 Det er dermed ein føresetnad om pliktbrot og dette brotet må førast tilbake til forhold som realdebitor svarer for.54 Det alminneleg utgangspunktet for vurderinga av om skaden utgjer eit pliktbrot er avtalen, men om denne er taus må den utfyllast med bakgrunnsretten.55 Ei heilskapleg omtale av avtaletolkingslæra vil overskride grensene til denne undersøkinga.56 Det sentrale formålet med avtaletolkinga er likevel å «finne ut hva partene har ment», jf. Rt. 1993 s. 564 på side 569. Med tanke på tolkingsspørsmålet i vårt tilfelle, er det sentrale føremålet å kome fram til kva partane meiner innhaldet i tenesta er.
Dette fordi kva partane meiner innhaldet i tenesta er, vil vera styrande for kva som kan reknast som kontraktsgjenstanden.
Grensedraginga mellom skade på kontraktsgjenstanden og skade på andre rettsgode som realkreditor eig, vil vera særleg vanskeleg dersom gjenstanden er overlate i realdebitor si varetekt.57 Den typiske situasjonen er dersom eit rettsgode blir overlate til realdebitor for reparasjon, og den delen av gjenstanden som utgjer kontraktsgjenstanden kan ikkje skiljast frå resten av gjenstanden utan å bli øydelagt eller utan at dette skaper usamhøvelege vanskar. Til dømes tek ein ikkje ut frontruta til ein bil før levering til steinsprutreperasjon. I slike tilfelle er
52 Ot.prp. nr. 29 (1988-1989) s. 52. I same retning Askeland (2002) s. 227, som uttaler at det er ein «glidende overgang» mellom tilfella.
53 Hallsteinsen (2018) s. 264.
54 Sjå Krokeide (1977) s. 623–626, med grunngjeving for denne forståinga. I same retning Hagstrøm (2011) s. 327; Xxx og Xxxxxxx (2017) s. 128; Lilleholt (2017) s. 222 og Hallsteinsen (2018) s. 264.
55 Denne alminnelege regelen er uttrykt i kjl. § 17; hvtjl. § 17; avhl. § 3-1; buofl. § 25 og forbrkjl. § 15.
56 Sjå nærare om dette i t.d. Xxxxxxxx (2014) s. 111–138.
57 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 227, med tilhøyrande eksempel.
det vanskeleg å avgjere kva partane meiner innhaldet i tenesta er. Gjeld kontraktsprestasjonen bilen eller berre frontruta?
I situasjonar der gjenstanden er overlevert i realdebitor sin kontroll, er det noko enklare å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot eller ikkje. Eit eksempel på dette er at realdebitor får tilgang til realkreditor sitt bygg der kontraktsgjenstanden er. I dette tilfelle kan ein lettare individualisere kontraktsgjenstanden, og dermed er det enklare å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot eller ikkje. Dersom ein kan legge til grunn at gjenstanden heller ikkje er i realdebitor sin kontroll, slik som var tilfelle i Rt. 1986 s. 1386 (Block Watne) og HR-2020- 1120-A, er det endå enklare å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot. I Block Watne- dommen var det eit anna hus enn det huset som var omfatta av kontrakten som blei skada, og det var difor enkelt å skilje ut kontraktsgjenstanden. I HR-2020-1120-A var det også enkelt å skilje kontraktsgjenstanden – moloen – frå det skada rettsgodet – sjømerket.
Dersom skaden utgjer eit brot på sidepliktene som fylgjer av avtalen eller bakgrunnsretten vil dette også utgjere eit kontraktsbrot. Bakgrunnsretten stiller for eksempel krav om «aktsom og lojal opptreden», jf. Rt. 1988 s. 1078 på side 1084.58 I til dømes ein situasjon der realkreditor har gjort realdebitor merksam på at ein gjenstand må vernast mot skade, vil det vera eit kontraktsbrot om skade oppstår på denne gjenstanden, sjølv om kontraktsprestasjonen ikkje rettar seg mot denne gjenstanden. Det same gjeld dersom for eksempel ein snikkar ikkje opplyser at byggets sokkel ikkje vil tåle belastninga av arbeidet hans, sjølv om sokkelen ikkje er ein del av kontraktsgjenstanden.
Som nemnt innleiingsvis under dette punktet, må skaden på realkreditor sitt rettsgode heller ikkje vera ei fylgje av eit kontraktsbrot. I slike tilfelle har tapet, som oppstår på grunn av skaden på realkreditor sitt rettsgode, ein samanheng med eit kontraktsbrotet. På grunn av samanhengen mellom tapet og kontraktsbrotet vil det ligge til rett for identifikasjon. Eit døme på ein slik situasjon er dersom ein mangel ved arbeidet med flisene på badet har medført vasskade på andre gjenstandar som realkreditor eig.59
Samla sett er det difor mest krevjande å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot i varetektstilfella. I punkt 5.4 skal eg likevel undersøke om retningslinjene som kjem fram av
58 Xxxxxxxx (2011) s. 123 legg til grunn at dette utgjer ein samla og enkel karakteristikk av realdebitor sine sideplikter.
59 Sjå tilsvarande skilje mellom hvtjl. §§ 28 (3) og 29 (2).
HR-2020-1120-A angåande vurderinga av realdebitor sitt ansvar, medfører eit mindre behov for å skilje skarpt mellom skadar som utgjer eit kontraktsbrot og skadar som utgjer ein alminneleg skade.
4 Hovudregel og vilkår
4.1 Spørsmål og systematikk
I punkt 4.2 skal eg fyrst sjå nærare på om det er mogleg å stille opp ein hovudregel for realdebitor sitt ansvar. Med andre ord om det eksistrer ein presumsjon for at realdebitor er ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i den eine eller andre retninga. Etter dette skal eg undersøke kva vilkåra for å halde realdebitor ansvarleg er i punkt 4.3. Dette inneber ei klargjering av kva vilkår som generelt sett gjeld i punkt 4.3.1, og ei undersøking av om tilfella der det skada rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll er underlagt ein særeigen regulering i punkt 4.3.2.
4.2 Eksisterer det ein hovudregel?
Som nemnt over skal eg fyrst sjå nærare på om det kan stillast opp ein hovudregel for realdebitor sitt ansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding. Det fylgjer av Rt. 1986
s. 1386 (Block Watne) side 1393 at den som nyttar ein kontraktshjelpar «som hovedregel hefter for kontraktsbrudd som følge av medhjelperens handlinger».60 Sjølv om dommen omhandlar ein situasjon der det var tale om skade på eit anna objekt enn kontraktsgjenstanden uttaler Høgsterett seg berre om hovudregelen i situasjonen der det ligg føre skade på kontraktsgjenstanden.61 Difor gjev ikkje dommen rettleiing for spørsmålet om kva hovudregelen er når det er tale om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.
60 I situasjonen der skaden utgjer eit kontraktsbrot er dette den klare hovudregelen, sjå x.x. Xxxxxxxx (1997) s. 275; Xxxxxxxx (2002) s. 222; Xxxxxxxx (2011) s. 486; Hov og Xxxxxxx (2017) s. 256–257 og Hallsteinsen
(2018) s. 222.
61 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 228–229, der han held fram at sakstilhøvet er eit eksempel på ein situasjon der kontraktshjelparansvar kan påleggast, dersom ansvarsfråskrivinga ikkje hadde vore tilstades.
I teorien er det gjort gjeldande av Xxxxx at hovudregelen etter HR-2020-1120-A er
«deliktsrettslig erstatningsansvar for underentreprenøren og følgelig intet identifikasjonsansvar for entreprenøren».62 Om realdebitor sitt ansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding uttaler Xxxxxxxx:
«Utgangspunktet i norsk rett bør etter dette være at debitor hefter for hjelperens uaktsomme skadeforvoldelser når kontraktsgjennomføringen er conditio sine qua non for skadens inntreden.»63
Utgangspunktet blir grunna i prevensjonsomsyn og at det er rimeleg at realdebitor, og ikkje realkreditor, har risikoen for slike skadar.64 Med fyrste augekast kan det verke som at det er motstrid mellom Askeland og Sande. Xxxxxxxx legg til grunn at realdebitor, som eit utgangspunkt, hefter for sin kontraktshjelpar, medan Xxxxx legg til grunn at hovudregelen er at realdebitor ikkje heftar. Dersom ein ser uttalen til Askeland i samanheng med hans føregåande drøfting verkar sitatet berre som ein konklusjon om at kontraktsgjennomføringa ikkje krev meir enn at skaden er «conditio sine qua non for skadens inntreden».65 Sagt med andre ord at kontraktsgjennomføringa må, som ein minsteføresetnad, vera naudsynt for at skaden skjedde. Ettersom det etter nærare ettersyn ikkje verkar som at Askeland uttalar seg om hovudregel for realdebitor sitt ansvar, men berre ein minsteføresetnad for vedkomande sitt ansvar, er det mogleg at det ikkje er motstrid likevel.
Det kan diskuterast om rettskjeldemateriale gjev grunnlag for å stille opp ein hovudregel om at realdebitor er ansvarleg for sin kontraktshjelpar. Det er vanskeleg å skjøne kvifor Sande meiner at HR-2020-1120-A gjev uttrykk for ein hovudregel om at realdebitor ikkje er ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding. Høgsterett uttaler i alle fall ikkje ein hovudregel med reine ord.
I punkt 6.3 går eg nærare inn på vurderinga av om realdebitor er ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding sett opp mot ulike typetilfelle. Som me skal sjå her, vil dei reelle omsyna som kontraktshjelparansvaret kviler på i større eller mindre grad gjera seg gjeldande avhengig av typetilfelle. På grunn av dette kan det vera uheldig å operere med ein felles hovudregel om at realdebitor ikkje er ansvarleg for desse typetilfella. Til dømes skal
62 Sande (2020) s. 25.
63 Askeland (2002) s. 229.
64 Sjå Askeland (2002) s. 229, med vidare utgreiing.
65 Sjå Askeland (2002) s. 227–228.
me sjå i punkt 6.3.1 at dersom det skada rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt, vil prevensjonsomsynet gjera seg sterkt gjeldande. Som nemnt tidligare, er ein gjenstand i realdebitor si varetekt dersom den er overlate til han for reperasjon. Sidan prevensjonsomsynet talar med tyngde for ansvar i denne situasjonen, er det etter mitt syn uheldig å operere med ein hovudregel om at realdebitor ikkje er ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i desse tilfella.
Difor kan det etter mitt syn ikkje stillast opp ein hovudregel om realdebitor sitt ansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding som dekker alle typetilfella. Det må nemnast at det fyrst og frems er av teoretisk interesse å uttrykkeleg fastslå kva som er hovudregelen. I ein praktisk situasjon må ein uansett vurdere om vilkåra, som blir omtala i neste punkt, er innfridd.
4.3 Kva er vilkåra?
4.3.1 Klargjering av vilkåra
I det fylgjande skal eg presisere vilkåra for kontraktshjelparansvar dersom kontraktshjelparen skadar realkreditor sitt rettsgode, som ikkje utgjer ein del av kontraktsgjenstanden. Som nemnt under punkt 2.1, er det eit krav om at kontraktshjelparen har valda skaden aktlaust dersom realdebitor skal bli ansvarleg for hjelparen si direkte skadevalding. I HR-2020-1120- A syner ikkje Høgsterett direkte til dette, men dette skuldast at det blei rettskraftig avgjort i tingrettsdommen at kontraktshjelparen hadde handla aktlaust.66 Som nemnt tidlegare ligg det utanfor rammene til denne oppgåva å gå nærare inn på innhaldet i vurderinga om kontraktshjelparen har handla aktlaust.
Det fylgjer vidare av HR-2020-1120-A avsnitt 74 at dersom realdebitor skal hefte for skadar som kontraktshjelparen påfører realkreditor sin eigedom, må skaden ha ei «nærmere tilknytning til de oppgavene hjelperen er tildelt». I det fylgjande vil eg stundom omtale kravet om tilknyting mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden som nærleikskriteriet.
Vilkåra som me kan utleie frå dommen fylgjer same mønster som hvtjl. § 29 (2).67 Det fylgjer av denne regelen at for tap «i forbindelse med tjenesteoppdraget» som ikkje er ei fylgje av ein
66 Sjå TVTRA-2018-12971.
67 I same retning Xxxxxxxx (2005) s. 100, som uttaler at § 29 (2) samsvarar med den ulovfesta regelen.
mangel, er tenesteytaren ansvarleg når tapet skuldast «feil eller forsømmelse på tjenesteyterens side». Denne ordlyd er noko vidare enn nærleikskriteriet som fylgjer av HR- 2020-1120-A. Om hvtjl. § 29 (2) kan påverke tolkinga av nærleikskriteriet kjem eg tilbake til i punkt 5.2.2.
I HR-2020-1120-A avsnitt 79 adresserer Høgsterett problemstillinga om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding skal «begrenses til objekter som kontraktsparten er betrodd eller på annen måte gitt tilgang til». Dersom dette er tilfelle vil nærleikskriteriet ikkje kunne nyttast for å påleggje kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i andre tilfelle enn der gjenstanden er overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll. Sagt med andre ord vil slike tilfelle automatisk falle utanfor bruksområdet til kontraktshjelparansvaret, og bli tilvist til reglane om erstatning utanfor kontrakt.
I avsnitt 81 held Xxxxxxxxxx fram at om «kontraktshjelperansvaret må avgrenses til slike tilfeller, er det ikke nødvendig for meg å ta stilling til». I dommen var det klart at det skada sjømerket ikkje var «betrodd eller på annen måte gitt tilgang til» av realkreditor. På bakgrunn av at Høgsterett likevel vurderer om det førelåg tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden, kan det hevdast at det er underforstått i dommen at kontraktshjelparansvaret ikkje skal avgrensast varetekts- og kontrolltilfella. Reelle omsyn som kontraktshjelparansvaret kvile på kan tale for at realkreditor bør vera ansvarleg for hjelparen sine handlingar også i situasjonar der rettsgodet ikkje er overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll, sjå punkt 6.3 og 6.4. Nærleikskriteriet kan difor truleg brukast dersom gjenstanden ikkje er overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll. Likevel har me ikkje eit uttrykkeleg prejudikat som slår fast dette, og løysinga er difor noko usikker.
4.3.2 Særregel for kontroll og varetektstilfella?
I det fylgjande skal eg undersøke om det gjeld ein særregel for tilfella når det skada rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll. Meir presist skal eg vurdere om det kan gjerast unntak frå vilkåret om at kontraktshjelparen har utvist subjektiv skuld i varetekts- og kontrolltilfella. Som nemnt i punkt 1.1 er rettsgodet overlate i realdebitor si varetekt eller kontroll dersom gjenstanden er tiltrudd eller dersom realdebitor har ei viss styring over gjenstanden. Eit eksempel på eit tilfelle der rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt er dersom ein bil blir levert til realdebitor for dekkskift. Eit tilfelle der rettsgodet er overlate i
realdebitor sin kontroll er når realdebitor skal gjere eit arbeid i realkreditor sitt bygg, t.d. målearbeid. Ein gjenstand som ikkje er omfatta av målearbeidet, er i realdebitor sin kontroll.
Det er interessant å vurdere om det gjeld ein særregel for varetekts- og kontrolltilfella fordi ein slik regel gjeld ved forbrukarhandverkartenester. Det fylgjer av hvtjl. § 29 (1) at:
«Reglene i § 28 gjelder tilsvarende dersom ting eller eiendom er påført skade mens den var i tjenesteyterens varetekt eller for øvrig under tjenesteyterens kontroll.» Hvtjl. § 28 (2) jf. (1) lovfester tenesteytaren sitt kontrollansvar for kontraktshjelparar.68 Utgangspunktet etter hvtjl.
§ 29 (1) jf. § 28 (2) jf. (1) er dermed at tenestytar er objektivt ansvarleg for skade på anna enn kontraktsgjenstanden dersom den skada gjenstanden er under hans «varetekt» eller «kontroll», med mindre tenesteytaren kan godtgjere at tapet låg utanfor hans og kontraktshjelparen sin kontroll. Det fylgjer ikkje direkte av ordlyden, men forarbeida legg til grunn at ein gjenstand er realdebitor si varetekt eller kontroll «om den for en tid overlates til en kontraktsmedhjelper».69 Om det gjeld ein særregel for varetekts- og kontrolltilfella, etter same mønster som hvtjl. § 29 (1), er ikkje slått fast av Høgsterett.
I punkt 1.3 synte eg til kjøps- og fraktavtalelover som regulerer kontraktshjelparansvar, men ingen av desse lovene stiller opp ein tilsvarande regel som hvtjl. § 29 (1). Etter kjøpslovene kan realdebitor ikkje bli ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding ettersom det er eit vilkår for erstatningsansvar at skaden utgjer ein mangel, sjå t.d. kjl. § 40 jf. § 27. I kjøpsforhold er ein slik regel likevel ikkje praktisk ettersom kontraktshjelparen ikkje er i posisjon til å valde skade på realkreditor sine gjenstandar under oppfyllinga. Dette gjeld med mindre det er tale om eit tilverkingskjøp, jf. kjl. § 2 (1) og forbrkjl. § 2 (2) bokstav d, og det er tenkjeleg at retningslinjene etter HR-2020-1120-A kan få innverknad på desse tilfella. Ved fraktavtalar er det også lite praktisk med ein særregel om varetekts- og kontrolltilfella ettersom det er berre er fraktgodset, altså kontraktsgjenstanden, som blir tiltrudd realdebitor, jf. t.d. vegfrl. § 6.
Eg nemnte i punkt 1.3 at reguleringa av kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding er forskjellig i buofl. § 6 (1) 2. pkt. og hvtjl. § 29. Det fylgjer av buofl. § 6 (1) 2. pkt at «allmenne skadebotreglar» gjeld for tap som ikkje er ei fylgje av avtalebrotet. Regelen medfører at erstatningsreglane som fylgjer av kapittel 4 i lova ikkje gjeld.70 Me ser
68 Sjå Xxxxxxx (1993) s. 137–150 og Xxxxxxxx (2005) s. 97–102 om kontrollansvarsregelen i hvtjl. § 28.
69 Ot.prp. nr. 29 (1988-1989) s. 93.
70 Same tolking i NOU 1992: 9 s. 30.
difor at det ikkje gjeld ein særregel om varetekts- og kontrolltilfella etter bustadoppføringslova. Trass i at forbrukarens lausøyreting kan overlatast i realdebitor si varetekt eller kontroll, vil dette vera mindre aktuelt.71
Det praktiske behovet for ein særregel om varetekt og kontrolltilfella etter bustadoppføringslova, kjøpslovene og lovgjevinga om fraktavtalar er dermed mindre. Difor kan manglande regulering i desse lovene ikkje nyttast som argument mot at ein særregel for varetekts- og kontrolltilfella gjeld i vårt tilfelle. Ein enkeltståande regel, slik som hvtjl. § 29 (1), kan sjåast på som eit uttrykk for ein regel som også kan gjelde på områder som ikkje er lovregulert.72
Ettersom tenestekontraktar mellom profesjonelle partar om arbeid på ting eller fast eigedom etter sin art liknar på kontraktar om forbrukarhandverkartenester, vil koherensbetraktningar tale for at varetekts- og kontrolltilfella bør fylgje same regulering som hvtjl. § 29 (1). Den tilpassa regulering av varetekts- og kontrolltilfella vil også vera praktisk ved tenestekontraktar mellom profesjonelle. I likskap med reguleringa av forbrukarhandverkartenester, kan det påleggast skjerpa omsorgsplikter overfor rettsgode som er tiltrudd realdebitor i vårt tilfelle.73 Dersom den tiltrudde gjenstanden blir skada, og omsorgspliktene difor ikkje er ivaretatt, er det rimeleg at realdebitor er ansvarleg uavhengig av om hjelparen har utvist
skuld. Prevensjonsomsyn gjer seg også sterkare gjeldande når realdebitor kan påleggast skjerpa omsorgsplikter, og vil tale for same løysing.
På den andre sida er det uheldig å vektlegge koherensbetraktningar tungt i dette tilfelle ettersom hvtjl. § 29 (1) til dels bygger på forbrukaromsyn. Regelen gjev nemleg forbrukaren eit sterkare vern i varetekts- og kontrolltilfella, samanlikna med den alminnelege regelen i § 29 (2). Ved avtalar mellom profesjonelle gjeld det full avtalefridom, og partane er presumptivt i betre stand til å ivareta sine interesser. Ein kan dermed rekne med at partane avtalar tilsvarande regulering som hvtjl. § 29 (1), dersom dei ynskjer dette. Det kan i tillegg vera urimeleg dersom realdebitor skal påleggast eit så strengt ansvar i varetekts- og kontrolltilfella på ulovfesta område når det ikkje føreligg heimel i avtalen for dette. Omsynet
71 Sjå NOU 1993: 9 s. 30, med tilhøyrande grunngjeving.
72 Sjå x.x. Xxxxxxx (2009) s. 273.
73 Sjå Askeland (2002) s. 227.
til realdebitor si rettsvisse er dårleg ivareteke dersom han må avtale seg vekk frå ein slik regel på ulovfesta område.
I tillegg er reguleringa i hvtjl. § 29 (1) positivrettsleg. Når det er tale om positivrettsleg regulering er det normalt ei lovgjevaroppgåve å utforme regelen, jf. Rt. 2013 s. 865 (Rustskade) avsnitt 38. Difor kan det hevdast at det ulovfesta kontraktshjelparansvaret ikkje skal fylgje same mønster som hvtjl. § 29 (1).
Samla sett kan det truleg ikkje stillast opp ein tilsvarande regel som hvtjl. § 29 (1) ved tenestekontraktar mellom profesjonelle partar om arbeid på ting eller fast eigedom. Vilkåret om at kontraktshjelparen har handla aktlaust gjeld dermed også i varetekts- og kontrolltilfella. Til støtte for denne påstanden kan ein særleg syne til at hvtjl. § 29 (1) er positivrettsleg utforma, men det får også stor innverknad at det ikkje er rimeleg å påleggje eit så strengt kontraktshjelparansvar på ulovfesta område.
5 Nærleikskriteriet
5.1 Spørsmål og systematikk
Som punkt 4 syner vil det avgjerande vilkåret for realdebitor sitt ansvar vera om det er tilstrekkeleg nærleik mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver, jf. HR-2020-1120- A avsnitt 74. I den fylgjande vurderinga skal eg undersøke om det er mogleg å seie noko om innhaldet i dette kriteriet. Korleis ein forstår nærleikskriteriet vil igjen ha påverknad på vurderinga av om kontraktshjelparansvar kan påleggast, som skal omtalast i punkt 6.
Eg skal fyrst søkje å kartleggje nærleikskriteriet si kjerne. I punkt 5.2.1 vil eg gjere greie for ein minimumsføresetnad om årsakssamanheng for at nærleikskriteriet skal vera innfridd, og i punkt 5.2.2 skal eg søkje å klargjere kva det inneber at skaden må ha ei nærare tilknyting til kontraktshjelparen sine oppgåver. I punkt 5.3 skal eg undersøke om ein må gjere unntak frå nærleikskriteriet dersom kontraktshjelparen sine handlingar er abnorme. Til slutt skal eg i punkt 5.4 sjå nærare på om introduksjonen av nærleikskriteriet i HR-2020-1120-A kan få betyding for føresetnaden om at skaden er eit kontraktsbrot, som er omtala i punkt 3.
5.2 Nærleikskriteriet si kjerne
5.2.1 Årsakssamanheng – minimumsføresetnad
I juridisk teori har Xxxxxxxx uttalt at grensa for realdebitor sitt ansvar må trekkast «mot tilfeller hvor hovedkontrakten ikke engang er conditio sine qua non for skadens inntreden».74 Sagt med andre ord hevdar Xxxxxxxx at kontraktsgjennomføringa må vera ein naudsynt premiss for skaden, og syner difor til ein føresetnad om årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden. Som nemnt i punkt 1.4 skal grunnvilkåret for erstatning om årsakssamanheng ikkje drøftast, og analysen under dette punktet må ikkje forvekslast med dette kravet.75 Under dette punktet vil eg berre omtale ein minimumsføresetnad som må vera tilstades for at det skal føreliggje tilstrekkeleg nærleik.
Dersom årsakssamanheng kan påvisast, meiner Askeland at realdebitor er nærare enn realkreditor til å bere risikoen alt sett under eit.76 Sande vurderer sitatet til Xxxxxxxx som ein
74 Askeland (2002) s. 227.
75 Sjå meir om grunnvilkåret om årsakssamanheng i x.x. Xxxxxxxx (2011) s. 539–545.
76 Askeland (2002) s. 229.
«konklusjon om at kontraktshjelperansvaret som hovedregel ikke krever mer enn at kontraktsforpliktelsen har vært en nødvendig betingelse for skadens inntreden».77
I HR-2020-1120-A blir nemnte uttale frå Askeland sitert i avsnitt 73, men i avsnitt 74 blir det hevda at «rettskildene [ikkje] gir holdepunkter for et så omfattende kontraktshjelperansvar». Likevel fylgjer det vidare av avsnitt 74 at Askeland sitt synspunkt er «bare et utgangspunkt», og at det «danner ytterpunktet for den identifikasjon det er mulig å gjøre». Dersom me ser uttalene i avsnitt 74 i samanheng gjev Høgsterett dermed ikkje uttrykk for ei vesentleg anna forståing enn Askeland. Både Høgsterettspraksis og juridisk teori kan difor takast til inntekt for at det gjeld ein minimumsføresetnad om årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden.78
Dei reelle omsyna som grunnar kontraktshjelparansvaret, vil ikkje gjera seg gjeldande dersom årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden manglar. Sidan skaden oppstår heilt uavhengig av realdebitor sine oppfyllingsplikter vil det ikkje vera rimeleg at vedkomande er ansvarleg. Vidare vil prevensjonsomsynet ikkje gjera seg gjeldande overfor skadar som realdebitor ikkje hadde moglegheit til å avverje.
Faktisk årsakssamanheng er ein samanheng i det som verkeleg skjedde.79 I Høgsterettspraksis frå deliktserstatningsretten blir det uttalt at årsakssamanheng er tilstades dersom «skaden ikke ville ha skjedd om handlingen eller unnlatelsen tenkes borte» jf. Rt. 1992 s. 64 (P-pilledom II) på side 69. Med same innfallsvinkel overført til vårt tilfelle, kan ein seie at det vil liggje føre årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden dersom skaden ikkje ville skjedd dersom kontrakten aldri hadde blitt inngått. Dersom svaret er nei, er det heilt klart at realdebitor ikkje kan haldast ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar.
Askeland gjer etter mitt syn gjeldande tilsvarande synspunkt når han held fram at kontrakten ikkje må vera irrelevant for ansvarsspørsmålet.80 Etter mitt syn er dette ei god rettesnor. Om me ser for oss eit eksempel der eit selskap skal organisere oppussing av eit kontorbygg, vil ikkje selskapet svare for skadar som elektrikaren har gjort på eit anna kontorbygg som realkreditor eig når elektrikaren besøker bygget i privat samanheng. I dette eksempelet er
77 Sande (2020) s. 25.
78 Sjå også Sande (2020) s. 25, som held fram at det er ei sjølvmotseiing at fyrstvoterande tar avstand frå Xxxxxxxx sin uttale, og deretter gjenta det same med eigne ord.
79 Nygaard (2007) s. 322.
80 Sjå Askeland (2002) s. 209, med tilvising til eksempel frå engelsk rett.
kontrakten fullstendig irrelevant for den skaden som har skjedd, og fylgjeleg kan kontraktshjelparen ikkje identifiserast med selskapet.
Det vil framleis liggje føre årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden sjølv om skaden er avhengig av andre årsaksbidrag for å materialiserer seg. Difor er det tilstrekkeleg at kontraktsforholdet på ein eller annan måte kan plasserast i årsaksbilete.
5.2.2 Nærare tilknyting mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver
Sjølv om føresetnaden om årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden er tilstades, er dette, som Høgsterett presiserer i HR-2020-1120-A, berre ytterpunktet for identifikasjon. Det må normalt sett vera «en nærmere tilknytning til de oppgavene hjelperen er tildelt» dersom realdebitor skal identifiserast med sin hjelpar, jf. HR-2020-1120-A avsnitt
74. I det fylgjande skal eg undersøke kva som inngår i dette kravet.
Formuleringa av nærleiskriteriet i HR-2020-1120-A er ikkje ei nytenking. Me finn den igjen i Rt. 1986 s. 1386 (Block Watne), der det kjem fram at utgangspunktet om ansvar for sin kontraktshjelpar gjeld for den som «bruker en medhjelpar til å oppfylle en kontraktsmessig forpliktelse», jf. side 1393. Me finn den også igjen i juridisk teori ved omtale av kontraktshjelparansvaret under føresetnad om kontraktsbrot. Xxxxxxxx skriv at kontraktshjelparen sine handlingar må ha «tilknytning til de oppgavene han er tildelt».81 Xxxxxxxxxxxx skriv at kontraktshjelparen sine handling må ha ein «logisk forbindelse til kontraktsforpliktelsen».82 Til slutt kan ein nemne at Lilleholt skriv at kontraktshjelparen si skadevalding må skje som «ledd i oppfyllinga av debitors kontraktsplikter».83 Nyansane i korleis forfattarane formulerer dette utgjer ikkje ein realitetsforskjell. Etter mi forståing er likevel ikkje innhaldet i nærleikskriteriet nærare omtala i rettskjeldene som er nemnt i dette avsnittet.
Som nemnt under punkt 4.3.1 er hvtjl. § 29 (2) og nærleikskriteriet i HR-2020-1120-A utforma etter same mønster. Det fylgjer av hvtjl. § 29 (2) at: «For tap ellers i forbindelse med tjenesteoppdraget som ikke er en følge av forsinkelse eller mangel, er tjenesteyteren ansvarlig når tapet skyldes feil eller forsømmelse på tjenesteyterens side.» Ei naturleg språkleg
81 Xxxxxxxx (2011) s. 492.
82 Hallsteinsen (2018) s. 222.
83 Lilleholt (2017) s. 344.
forståing av «i forbindelse med tjensteoppdraget» tilseier at det må vera ei tilknyting mellom kontraktsprestasjonen og skaden som har oppstått.84
Føresegnas meiningsinnhald samsvarar dermed med nærleikskriteriet i HR-2020-1120-A, men det kan hevdast at hvtjl. § 29 (2) har eit vidare nedslagsfelt.85 Ordlyden «i forbindelse med tjenesteoppdraget» stiller berre opp eit krav om at hjelparen si skadevalding ikkje førekjem i ein samanheng eller på eit tidspunkt som er urelatert til tenesteoppdraget. På den andre sida verkar nærleikskriteriet i HR-2020-1120-A strengare ettersom premissane i dommen tydar på at det som eit minimum må vera ei nærare fysisk tilknyting mellom det skada rettsgodet og kontraktsprestasjonen. Utover å tydeleggjere at det skal noko meir til for kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding på ulovfesta område, bidreg ikkje hvtjl. § 29 (2) eller forarbeida til regelen med ytterligare forståing av nærleikskriteriet.
I HR-2020-1120-A blir Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) trekt fram ved omtalen av nærleikskriteriet. Dommen omhandla eit vaktselskap som blei kjend erstatningsansvarleg på kontraktsrettsleg grunnlag fordi ein vektar hadde sett fyr på bygningen vaktselskapet skulle føre tilsyn med.
Høgsterett uttaler at eldpåsetjinga skjedde «i tilknyting til at vekteren utførte sitt oppdrag for vaktselskapet», jf. avsnitt 45. Dei faktiske forholda som skil seg frå vårt tilfelle er at kontraktshjelparen handla forsetteleg og at skaden utgjorde eit kontraktsbrot. Dette medfører at ein må vera forsiktig med å trekkje slutningar frå dommen.86
Likevel verkar det som at Høgsterett i HR-2020-1120-A nytter Vekter-dommen ved fastlegginga av innhaldet i nærleikskriteriet. Det fylgjer av HR-2020-1120-A avsnitt 78 at:
«Begrunnelsen [i Vekter-dommen] er knyttet til den nærheten det var mellom kontraktsgjenstanden og skadetilføyelsen.» Etter mi forståing er nærleik mellom kontraktshjelparen sine skadepåførande handlingar og kontraktsgjenstanden noko anna enn nærleik mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver. Om kontraktshjelparen handla i tråd med sine oppgåver etter kontrakten, var ikkje relevant å gå inn på i Vekter-dommen ettersom kontraktshjelparen valda skaden med forsett. I situasjonar der skaden er valda med forsett, vil det nemleg ikkje vera nærleik mellom hjelparen sine oppgåver og skaden. Til
84 Sjå også Ot.prp. nr. 29 (1988-1989) s. 53 med tilhøyrande eksempel.
85 I same retning Sande (2020) s. 26 som held fram at identifikasjonsregelen som fylgjer av hvtjl. § 29 (2) er meir omfattande.
86 Hør også Xxxxxxxx (2020) som hevder at dommen er ueigna til vegleiing.
dømes handlar ikkje ein bilmekanikar i tråd med sine kontraktsoppgåver dersom han forsetteleg øydelegger vindauga på bilen. Difor er det vanskeleg å skjøne korleis Vekter- dommen kan bidra med forståing av tilknytingskravet.
Vidare stiller Xxxxx seg kritisk til at Høgsterett blandar saman to nærleikskrav. Etter Xxxxx sitt syn blandar fyrstvoterande saman eit krav om nærleik til kontrakten mellom realkreditor og realdebitor og eit krav om nærleik til kontrakten mellom realdebitor og kontraktshjelparen.87 Det kan likevel vera unødvendig kompliserande å spalte opp nærleikskravet slik som dette. Kontraktshjelparen sine skadevaldande handlingar må ha nærleik til dei oppgåvene han er tildelt av realdebitor etter kontraktsforholdet mellom dei, og som fylgje av dette vil det etter mi forståing vera nærleik mellom kontraktsforholdet mellom realkreditor og realdebitor. Dette fordi kontraktshjelparen blir tildelt ei kontraktsoppgåve som spring ut av kontrakten mellom realkreditor og realdebitor.
På bakgrunn av drøftinga til Høgsterett i HR-2020-1120-A om nærleikskriteriet, kan det hevdast at vilkåret kan sjåast på som ein glideskala.88 På eit punkt av denne skalaen vil samanhengen mellom hjelparen sine oppgåver og skaden vera så liten at kravet ikkje er innfridd. Sande presiserer at det ikkje er enkelt å slå fast nøyaktig kor på glideskalaen grensa for kontraktshjelparansvaret skal trekkast, men at grensa ligg tett opp mot der det er nær samanheng mellom kontrakten og skaden.89
At kravet om nærleik kan sjåast på som ein glideskala kan illustrerast med eit eksempel Lilleholt har halde fram. Han gjer gjeldande at skaden står i nær samanheng til utføringa av arbeidet når golvfliser blir skada ved montering av baderomutstyr, medan samanhengen er mindre dersom ei bøtte med mørtel blir velta over parketten i stova på veg til arbeidet på badet.90 Eksempla til Lilleholt syner særleg at svekking av den fysiske nærleiken vil medføre at graden av nærleik blir svekka.
87 Sande (2020) s. 25.
88 I same retning Askeland (2002) s. 220, der han held fram at: «[g]raden av betroelse i kontraktsforholdet mellom kreditor og debitor [...] medføre[r] en skjerpet aktsomhetsplikt for debitor», som igjen kan medfører at
«identifikasjonen strekkes lenger».
89 Sande (2020) s. 26.
90 Lilleholt (2002) s. 172.
Drøftinga under dette punktet syner at det ikkje er enkelt å sei med reine ord kva som inngår i kravet om nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden.91 Dei reelle omsyna som kontraktshjelparansvaret kviler på kan grunne at ein stiller opp eit slikt krav. Det er til dømes ikkje rimeleg at realkreditor skal nyte fordelen av å ha to rettssubjekt å rette erstatningskravet mot dersom det ikkje er ein nærleik mellom skadevaldinga og kontrakten.
5.3 Unntak for abnorme handlingar?
I det fylgjande punktet skal eg gå nærare inn på spørsmålet om kravet om nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden ikkje er innfridd dersom hjelparen sine aktlause handlingar er abnorme. Med andre ord skal eg analysere om ein kan gjere unntak frå nærleikskriteriet dersom hjelparen si utføring av kontraktsprestasjonen er unormal, sjølv om det isolert sett ligg føre tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden.
Ved arbeidsgjevaransvaret etter skl. § 2-1 er arbeidsgjevar ikkje ansvarleg for arbeidstakar sine abnorme handlingar. Dersom skaden ikkje er valda «under arbeidstakers utføring av arbeid eller verv» eller dersom arbeidstakar «går utenfor det som er rimelig å regne med etter arten av virksomheten eller saksområdet og karakteren av arbeidet eller vervet» svarar ikkje arbeidsgjevar for skaden jf. skl. § 2-1 (1) 1. og 2. pkt. Handlingane til arbeidstakaren må difor ligge innanfor det «arbeidsgiveren med rimelighet har kunnet forutsette», dersom arbeidsgjevar skal vera ansvarleg.92 Vurderinga under dette punktet er dermed om ei tilsvarande avgrensing gjeld ved spørsmål om kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.
For å illustrere problemet kan me tenkje oss eit eksempel der realdebitor nyttar ein kontraktshjelpar til sprengingsarbeid. Ved sprengingsarbeidet skadar kontraktshjelparen realkreditor sine eigedeler på grunn av at arbeidet blir utført på ein svært unormal måte. Me kan tenkje oss at dette skuldast unormal sikring av området. I eit slikt tilfelle kan det vera tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver – sprengingsarbeidet – og
91 I same retning Sande (2020) s. 25, der han held fram at det «ikke [er] enkelt å uttale seg om [nærleikskriteriet] i alminnelighet».
92 NUT 1964: 3 s. 45.
skaden for å påleggje kontraktshjelparansvar. Spørsmålet som oppstår då er om realdebitor likevel ikkje er ansvarleg sidan sprengingsarbeidet blei utført på ein unormal måte.
Rt. 1959 s. 849 (Læregut) syner at ein og same handling kan bli vurdert ulikt i høve til kontraktshjelparansvaret og arbeidsgjevaransvaret.93 I dommen hadde ein læregut på ein bilverkstad utan løyve lånt ein bli som skulle reparerast. Læreguten valda skade på bilen, og eit av spørsmåla som Høgsterett måtte ta stilling til var om bilverkstaden kunne haldast ansvarleg for dette. Arbeidsgjevaransvar kunne ikkje påleggast på grunn av at læreguten sine handlingar var abnorme, men realdebitor var likevel ansvarleg etter kontraktshjelparansvaret. Med tilvising dommen skriv Xxxxxxxx at: «Selv om premissene ikke uttaler det direkte, følger det av domsresultatet at den begrensning som er lovfestet i Skl. § 2-1 annet punktum, ikke gjelder for kontraktshjelperansvaret.»94
Rt. 2007 s. 1665 (Vekter), som er gjort greie for under punkt 5.2.2, gjev uttrykk for det same ettersom Høgsterett kom til at vaktselskapet ikkje var ansvarleg etter arbeidsgjevaransvaret for vektarens forsetteleg skadevalding, men at vaktselskapet var ansvarleg etter kontraktshjelparansvaret. Ein siste dom som gjev uttrykk for det same er Rt. 1911 s. 417 (Visegut). I dommen var eit visegutkontor ansvarleg for underslag av reiseeffektar gjort av kontorets bod. Ansvaret bygga ikkje på arbeidsgjevaransvaret, men det «bestaaende kontraktsforhold» mellom partane, jf. side 417.
I tilknyting til vegfrl. § 6, som tilseier at fraktføraren svarar for kontraktshjelparen sine
«handling eller unnlatelse i tjenesten», er det også framheva at det ikkje har betyding for ansvarsvurderinga at hjelparen utfører sin kontraktsprestasjon på ein «unormal eller abnorm måte».95
Læregut-, Vekter- og Visegut-dommen omhandla likevel eit anna tilfelle enn det som er gjenstand for analyse i denne oppgåva ettersom dei skadevaldande handlingane utgjer eit kontraktsbrot i alle dommane. Uttalene i teorien er også tilsynelatande gjeve under den føresetnad om at det er tale om eit kontraktsbrot. Det er difor usikker om ein kan legge tilsvarande løysing til grunn i vårt tilfelle.
93 I same retning Selvig (1968) s. 82.
94 Hagstrøm (2011) s. 491–492.
95 Bull (2000) s. 69.
Dei reelle omsyna som kontraktshjelparansvaret kviler på gjer seg likevel gjeldande også når hjelparen sine handlingar er unormale. Det er realdebitor som har valt kontraktshjelparen, og dermed sett hjelparen i posisjon til å kunne valde skade. Både prevensjonsomsyn og rimelegheits- og rettferdsomsyn talar i slike tilfelle for at realdebitor bør ha risikoen for korleis hjelparen utfører kontraktsprestasjonen. Det er i tillegg realdebitor som har best påverknadsmoglegheit overfor kontraktshjelparen ettersom kontraktshjelparen er valt av han.96 Fylgjeleg er det nærliggande at den som har størst påverknad på korleis kontraktshjelparen utfører kontraktsprestasjonen, har risikoen for vedkomande sine abnorme handlingar. Om hjelparen vel å gjennomføre kontraktsprestasjonen på ein abnorm måte bør dermed ikkje vera avgjerande for realkreditor si moglegheit til å halde realdebitor ansvarleg for hjelparen sine handlingar, etter mitt syn.
Spørsmålet er likevel ikkje løyst i Høgsterettspraksis, og løysinga på spørsmålet er difor usikkert. Dersom det kan stillast opp ei avgrensing mot tilfelle der kontraktshjelparen sine handlingar er abnorme, må det nemnast at rettspraksis angåande avgrensinga i skl. § 2-1 normalt omhandlar tilfelle der kontraktshjelparen har valda skaden forsetteleg, og ikkje aktlaust.97
5.4 Samanheng mellom nærleikskriteriet og kontraktsbrotsproblematikken
Som nemnt under punkt 3 kan det vera vanskeleg å avgjere om skaden utgjer eit kontraktsbrot eller ikkje dersom ein gjenstand er overlate i realdebitor si varetekt. Her synte eg til eit eksempel om ein bil som blei levert inn til steinsprutreperasjon som illustrasjon på eit varetektstilfelle, og introduserte samtidig problematikken om kontraktsprestasjonen omhandla bilen eller berre frontruta.
Etter at Høgsterett i HR-2020-1120-A formulerte eit krav om nærleik mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver, kan det spørjast om dette er eit betre eigna kriterium for å avgjere realdebitor sitt ansvar. Sagt med andre ord om det etter innføringa av nærleikskriteriet er mindre behov for å avgjere om det er ein skade på kontraktsgjenstanden eller eit anna rettsgode som realkreditor eig.
96 Påverknadsbetraktningar er også vektlagt i Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) avsnitt 45.
97 Sjå t.d. Rt. 1996 s. 385 (Vaktmeister) om forsetteleg tjuveri, Rt. 2000 s. 211 om forsetteleg bedrageri og Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) om forsetteleg skadevalding.
I juridisk teori er det teke til ordet for at nærleikskriteriet kan inneha denne funksjonen. Xxxxx uttaler at nærleikskriteriet i HR-2020-1120-A kan sjåast på som «en omformulering eller presisering av kontraktsbruddsvilkåret som ellers gjelder for at kontraktshjelperansvaret skal få anvendelse».98 Synsvinkelen er då at nærleikskriteriet er ein «spesialanvendelse av entreprenørens alminnelige lojalitetsplikt til å vise omsorg for byggherrens øvrige eiendeler».99
Etter mitt syn kan truleg nærleikskriteret vera ei betre rettesnor når ein skal avgjere om realdebitor er ansvarleg for hjelparen sine handlingar, samanlikna med å spørje om skaden er eit kontraktsbrot eller ikkje. Med andre ord er det eit lite eigna avgrensingskriterium for realdebitor sitt ansvar å spørje om det ligg føre skade på kontraktsgjenstanden eller andre rettsgode som realkreditor eig. Dersom det er tvil om ein del av gjenstanden som er tiltrudd realdebitor utgjer kontraktsgjenstanden, kan det vera betre å vurdere om nærleikskriteriet er innfridd, i staden for å gjere ei inngåande vurdering av kva utgjer kontraktsgjenstanden. Dette fordi nærleikskriteret i større grad fangar opp dei reelle omsyna som gjer seg gjeldande i enkelttilfelle, og som kan tale for at realdebitor er ansvarleg. I tillegg kan det vera rettsteknisk enklare å gjere bruk av nærleikskriteriet i kontraktshjelparansvarsvurderinga.
98 Sande (2020) s. 26.
99 Sande (2020) s. 26. Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 212 som uttaler at «sondringen mellom sentrale og perifere kontraktsforpliktelser må forkastes som mulig retningslinje for å trekke rammene for identifikasjon».
6 Grunnlag for kontraktshjelparansvar?
6.1 Spørsmål og systematikk
I det fylgjande skal eg undersøke om det er grunnlag for å påleggje kontraktshjelparansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding, sett opp mot typetilfelle som er nemnt i punkt 1.1. Med andre ord skal eg sjå nærare på nærleikskriteriet sitt nedslagsfelt i desse tilfella. Dersom det er tilstrekkeleg nærleik vil det førekome identifikasjon, og realdebitor svarar då for kontraktshjelparen sine handlingar «på samme måte som om disse var foretatt av ham selv», jf. Rt. 1986 s. 1386 (Block Watne) på side 1396.
I punkt 6.2 skal eg presisere kva som er utgangspunktet for ansvarsvurderinga. Vidare vil eg i punkt 6.3 undersøke nærleikskriteriet sitt nedslagsfelt i ulike typetilfelle. I punkt 6.4 skal eg klargjere nokon argumentasjonslinjer i nærleiksvurderinga som i prinsippet kan gjerast gjeldande ved alle typetilfella. Det er viktig å understreke at argumentasjonen ikkje skal sjåast på som ei uttømmande opprekning av kva argument som kan inngå i vurderinga.
6.2 Ei «konkret vurdering»
Det fylgjer av avsnitt 81 i HR-2020-1120-A at det må gjerast ei «konkret vurdering fra tilfelle til tilfelle» når ein skal avgjere om realdebitor er ansvarleg for sin kontraktshjelpar.
Rettsbrukaren må difor ta omsyn til dei individuelle variasjonane i det konkrete kontraktsforholdet når vedkomande skal vurdere om det er grunnlag for kontraktshjelparansvar.
I den konkrete vurderinga vil «de momenter» fyrstvoterande har vore inne på ha betyding, jf. HR-2020-1120-A avsnitt 81. Det er noko usikkert kva moment fyrstvoterande syner tilbake til her. Sett i lys av dei føregåande avsnitta i dommen kan uttalen verke som ei tilvising til forståinga av nærleikskriteriet.100
Som nemnt under punkt 5.2.2 kan nærleikskriteriet sjåast på som ein glideskala, og typetilfella i det påfølgjande punkta kan plasserast på denne skalaen. Det må presiserast at det uavhengig av typetilfelle må gjerast ei konkrete vurderinga av om det er tilstrekkeleg nærleik
100 Same tolking av dommen i Sande (2020) s. 25.
mellom skaden og hjelparen sine oppgåver. Skiljet mellom typetilfella nedanfor vil heller ikkje vera direkte avgjerande for realdebitor sitt ansvar.
6.3 Retningslinjer for vurderinga i lys av ulike typetilfelle
6.3.1 Varetekt
Den faktiske situasjonen i det fylgjande er at det skada rettsgodet ikkje kan overlatast til realdebitor utan at kontraktsgjenstanden fylgjer med. Det skada rettsgodet er dermed tiltrudd i realdebitor si varetekt. Me kan tenkje oss ein situasjon der ein seglbåt blir overlevert til realdebitor for reperasjon av kjølen. I eit slikt tilfelle er truleg ikkje seglbåten si mast ein del av kontraktsgjenstanden, men den må overlatast til realdebitor for at reperasjonen skal kunne førekome.101 Askeland gjer gjeldande at i ein varetektssituasjon vil det vera «faktiske kasuale forbindelseslinjer mellom debitors handlinger og skaden», og at realdebitor si nærleik til hendingsgangen i ein slik situasjon talar for identifikasjon.102
Det fylgjer av HR-2020-1120-A at dersom den «skadete gjenstanden er betrodd eller oppbevart hos debitor, vil [det] være av betydning i ansvarsvurderingen», jf. avsnitt 80.103 Vidare blir det faktum at gjenstanden ikkje var i realbeitor sin varetekt nytta som grunngjeving for at kontraktshjelparansvar ikkje var aktuelt i avsnitt 83. I dommen var det klart at det skada sjømerke ikkje var tiltrudd realdebitor.
Som nemnt under punkt 4.3.2 er det ein spesialregel i hvtjl. § 29 (1) om situasjonen der kontraktsgjenstanden er overlate i realdebitor si varetekt. Kontrollansvarsregelen i hvtjl. § 28 gjeld i desse tilfella, og kravet om at skaden må skje «i forbindelse med tjenesteoppdraget» i § 29 (2) gjeld ikkje.104 På grunn av denne reguleringa skal det mindre til for at realdebitor er ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar i varetektstilfella, og fylgjeleg syner regelen at realkreditor skal vernast i større grad i slike tilfelle. Omsynet til koherens mellom kontraktstypar som etter sin art liknar på kvarandre, tilseier at realkreditor skal ha eit sterkare vern i varetektstilfella også ved tenesteavtalar om arbeid på ting og fast eigedom mellom
101 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 227 for liknande eksempel.
102 Askeland (2002) s. 219.
103 Med tilvising til Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) og Xxxxxxxx (2011) s. 491–492.
104 Sjå LB-2002-01507 for eksempel frå lagmannsretten om situasjonen der det skada rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt etter hvtjl. § 29 (1). I dommen ein bil hadde blitt levert til ein bilverkstad for reperasjon.
profesjonelle partar. Dette synspunktet må likevel modererast i noko grad ettersom forbrukaromsyn ikkje gjer seg gjeldande i vårt tilfelle.
Det kan hevdast at når rettsgodet er overlate i realdebitor si varetekt har realdebitor ekstra tilsynsplikter over gjenstanden. Dette kan også formulerast som at realdebitor må vise omsorg for realkreditor sine eigedeler.105 I Rt. 2007 s. 1665 (Vekter) blei det vektlagt at skaden ramma dei gjenstandane som realdebitor skulle «føre tilsyn med», jf. avsnitt 45. Dommen omhandla rett nok forsetteleg skadevalding på kontraktsgjenstanden, men gjev etter mitt syn uttrykk for at tilsynsplikter kan påleggast realdebitor når kontraktsgjenstanden er tiltrudd han.
På grunn av omsorgsplikten kan det hevdast at det vil vera rimeleg og rettferdig å halde realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen sine skadevaldande handlingar. Realkreditor har i slike tilfelle ei klar forventing om at realdebitor sine folk tar omsyn til hans eigedelar. Vidare gjer også prevensjonsomsynet seg sterkt gjeldande dersom det skada rettsgodet er tiltrudd realdebitor ettersom realdebitor har ei større oppmoding om å ta vare på realkreditor sine eigedelar når dei er tiltrudd han.
Samla sett er det fleire reelle omsyn som grunnar realdebitor sitt ansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding dersom det skada rettsgodet er tiltrudd realdebitor. På grunn av dette vil det normalt sett vera tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden i varetektstilfella. Med andre ord vil det vera gode grunnar for identifikasjon, men på grunn av at det må gjerast ei konkret vurdering er det ikkje noko automatikk i at realdebitor er ansvarleg sjølv om det skada rettsgodet er tiltrudd han.
6.3.2 Kontroll
Dersom det skada rettsgodet er underlagt realdebitor sin kontroll, har realdebitor i større eller mindre grad fått tilgang til det skada rettsgodet på grunn av arbeidet med kontraktsgjenstanden. For eksempel kan me tenkje oss eit tilfelle der ein elektrikar må få tilgang til eit bygg for å gjera arbeid i sikringsskapet. I eit slikt tilfelle er andre rettsgode enn det elektriske anlegget i bygget ikkje ein del av kontraktsgjenstanden, men realdebitor må få tilgang til bygget for å kunne utføre arbeidet. Dermed blir rettsgoda i bygget overlate i
105 I same retning Askeland (2002) s. 227, der han gjer gjeldande at dersom realkreditor har tiltrudd det skada rettsgodet til realdebitor, vil dette medføre ein «skjerpede omsorgsplikt».
elektrikaren sin kontroll. Forarbeida til handverkartenestelova syner til eit liknande eksempel om ein tapetserar som øydelegg et møbel i rommet vedkomande arbeider i.106
Den faktiske situasjonen der det skada rettsgodet er i realdebitor sin kontroll skil seg frå situasjonen som er nemnt over på det punkt at det skada rettsgodet ikkje er tiltrudd realdebitor. Grensa mellom dei to situasjonane er likevel ikkje alltid lett å trekke, men eg skal forsøke å illustrere dette med ei samanlikning av faktum i Rt. 1959 s. 849 (Læregut) og Rt.
1982 s. 1349 (Reingjeringsbyrå). Sjølv om begge dommane omhandlar arbeidsgjevaransvaret kan ei samanlikning illustrere grensedraginga.
Som nemnt i punkt 5.3, omhandla Læregut-dommen aktlaus skadevalding på ein bil som var levert inn til reperasjon. Høgsterett uttaler i denne dommen at avtalen mellom realkreditor og realdebitor medførte at sistnemnte var ansvarleg for skadar som «påføres bilen ved uaktsomt forhold fra verkstedets egne folk i arbeidstiden», jf. side 851. Reingjeringsbyrå-dommen omhandla spørsmål om erstatningsansvar for tjuveri som reingjeringsbyrået sine tilsette hadde gjennomført i arbeidstida. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for erstatningsansvar. I motsetning til det som var tilfelle i Læregut-dommen var det ikkje meininga at realdebitor skulle ha eksklusivt rådevelde over det skada rettsgodet. På grunn av denne forskjellen har Xxxxxxxx gjort gjeldande at i Læregut-dommen, til forskjell frå Reingjeringsbyrå-dommen, var det «et fremtredende element av betroelse».107 Dommane sett i samanheng kan dermed tilseie at dersom gjenstanden er i realdebitor sin kontroll vil vedkomande sitt rådevelde over det skada rettsgodet i mindre grad vera eksklusivt.
I motsetning til varetektstilfelle er ikkje kontrolltilfelle omtala med reine ord i HR-2020- 1120-A. Likevel løfter Høgsterett fram at sjømerket «ikke [var] plassert i anleggsområdet», jf. avsnitt 83. Slik eg forstår dommen er «anleggsområdet» eit eksempel på ein plass der det skada rettsgodet er underlagt realdebitor sin kontroll. Kor «anleggsområdet» sine ytre grenser går er likevel vanskeleg å definere presist, og det kan difor vera vanskeleg å skilje denne situasjonen frå situasjonen der det skada rettsgodet berre er i geografisk nærleik til kontraktsgjenstanden. Dette skiljet skal omtalast nærare i neste punkt. Allereie her kan det
106 NOU 1979: 42 s. 121–122. Sjå også RG 1965 s. 420, som rett nok ikkje omhandla kontraktshjelparansvar, men dommen illustrerer eit kontrolltilfelle. I dommen hadde sveisearbeider forårsaka gnistregn, som igjen hadde skada vindauger som låg ca. to og ein halv meter unna kontraktsgjenstanden.
107 Askeland (2002) s. 233.
likevel nemnast at det er tenkjeleg at anleggsområdet er definert i kontrakten mellom realkreditor og realdebitor, og då er skiljet mellom typetilfella openbart.
I likskap med varetektstilfella, vil prevensjonsomsynet, rettferds og rimelegheitsomsyn og koherensbetraktningar tale for at det ligg føre tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden i kontrolltilfella. Ein kan dermed seie at normalt sett er realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding i kontrolltilfella. Når eit rettsgode er overlate i realdebitor sin kontroll har han likevel, samanlikna med varetektstilfella, mindre moglegheit til å føresjå eller kalkulere med at kontraktshjelparen valdar skade. Dette medfører etter mitt syn at dei nemnte omsyna ikkje gjer seg gjeldande med like stor styrke, og at det difor kan vera dårlegare grunnlag for identifikasjon i kontrolltilfella.
6.3.3 Geografisk nærleik
I det fylgjande skal eg sjå nærare på situasjonen der det er geografisk nærleik mellom kontraktsgjenstanden og det skada rettsgodet, utan at ein kan seie at det skada rettsgodet er i realdebitor si varetekt eller kontroll. Geografisk nærleik er ein premiss for at tingen er i realdebitor si varetekt eller kontroll, men når eg skriv om geografisk nærleik i det fylgjande er desse situasjonane ikkje inkludert.
I HR-2020-1120-A avsnitt 83 legg Høgsterett til grunn at det skada rettsgodet ikkje var i
«umiddelbar nærhet» med kontraktsgjenstanden. At det ikkje var tilstrekkeleg geografisk nærleik blei difor nytta som grunngjeving for at nærleikskriteriet ikkje var innfridd. Xxxxxxxx har også gjort gjeldande at der «nærheten i lokaliseringen skyldes at den skadde gjenstand står i funksjonell sammenheng med objektet for kontrakten (kontraktsgjenstanden) vil det ligge til rette for identifikasjon».108
Som antyda i førre punkt kan det vera vanskeleg å skilje mellom situasjonar der det skada rettsgodet er under realdebitor sin kontroll og tilfella der rettsgodet berre er i geografisk nærleik til kontraktsgjenstanden. Det fylgjer av punkt 4.3.2 at kontrolltilfella er underlagt spesialregulering i hvtjl. § 29 (1), og uttaler i forarbeida om kontrolltilfella kan etter mitt syn bidra til forståing av kor grensa mot tilfelle der det berre er geografisk nærleik går. Det fylgjer av forarbeida til handverkertenestelova at:
108 Askeland (2002) s. 226.
«Kontrolltilfellene er særlig aktuelle når arbeidet utføres hos oppdragstakeren. Begrepet er noe skjønnsmessig, men omfatter de tilfeller hvor oppdragstakeren har slik styring og tilsvarende kontroll som i varetektssituasjonen [...]».109
På bakgrunn av dette kan ein hevde at forskjellen mellom situasjonen der rettsgodet er i realdebitor sin kontroll og situasjonen der rettsgodet berre er i geografisk nærleik er avhengig av realdebitor si påverknadsmoglegheit på rettsgodet. Sitatet frå forarbeida indikerer også at det kan ha betyding for grensedraginga om arbeidet skjer innandørs eller utandørs. Xxxxxxxxx synes å byggje på eit tilsvarande skilje ved omtale av hvtjl. § 29, ettersom han nytter fyrste ledd når kontraktshjelparen skadar realkreditor sine møblar og andre ledd når kontraktshjelparen skadar realkreditor sin bil.110 Slik eg ser det skal det mindre til for at realkreditor har kontroll over gjenstandar som er innandørs.
Sidan det må gjerast ei konkret vurdering av om nærleikskriteriet er innfridd, er det likevel ikkje grunnlag for å tilleggje skilje mellom kontrolltilfella og tilfella der det berre ligg føre geografisk nærleik avgjerande betyding for ansvaret si utstrekning. Realdebitor kan bli ansvarleg for kontraktshjelparen sine handlingar uavhengig om det kan seiast at det skada rettsgodet var innanfor eller utanfor realdebitor si kontrollsfære. Skilje mellom situasjonane er dermed berre ei retningslinje for ansvarsvurderinga.
Rimelegheits- og rettferdsomsyn og prevensjonsomsynet vil i mindre grad gjera seg gjeldande når rettsgodet ligg utanfor realdebitor sin kontroll. Dette fordi realdebitor har mindre moglegheit til å føresjå skadar på rettsgode som ikkje er overlate i vedkomande sin kontroll, og fylgjeleg har realkreditor mindre oppmuntring til å verne om slike skadar. Likevel er kontraktsforholdet framleis ein viktig årsak for at skaden skjedde, og for at regelen om kontraktshjelparansvar skal vera effektiv må det kunne påleggast ansvar også utanfor kontrolltilfella.
Som drøftinga over antyder kan det liggje føre ulike gradar av geografisk nærleik mellom kontraktsgjenstanden og det skada rettsgodet. Eit eksempel på dette er Xxxxxxxxx sitt døme om søling av mørtel på fliser og parkett, som er nemnt under punkt 5.2.2.111 Ettersom kontraktsgjenstanden er på badet vil det vera større geografisk nærleik til flisene enn til
109 NOU 1979: 42 s. 121.
110 Sjå Lilleholt (2002) s. 176–177.
111 Sjå Lilleholt (2002) s. 172.
parketten. Me kan seie at jo nærare kontraktsgjenstanden og det skada rettsgodet er kvarandre, jo betre grunnlag er det for å seie at nærleikskriteriet er innfridd.
6.3.4 Funksjonell nærleik
I det fylgjande skal eg omtale situasjonen der nærleiken mellom kontraktsoppgåvene og det skada rettsgodet er svakast. I dette tilfelle kan me ikkje seie at det er ein geografisk nærleik mellom kontraktsgjenstanden og det skada rettsgodet, men at det skada rettsgodet og kontraktsgjenstanden har begge ein funksjon i eit større bilde. HR-2020-1120-A er illustrerande for denne situasjonen. I dommen hadde det skada sjømerket ein funksjon i hamneområdet der kontraktarbeidet skulle utførast. Sidan kontraktshjelparen måtte frakte steinmassane forbi sjømerket, var det ein funksjonell nærleik mellom kontrakten og den arbeidsoperasjon som skadevaldinga sprang ut av.
Eit eksempel frå svensk rettspraksis der funksjonell nærleik heller ikkje var tilstrekkeleg for å påleggje kontraktshjelparansvar er NJA 1942 s. 684. I dommen hadde kontraktshjelparen mista fraktgods ned på eit anna rettsgode under lossing frå eit skip. Rettsgodet var ikkje var omfatta av kontrakten mellom realkreditor og realdebitor. Sjølv om det førelåg ein funksjonell samanheng mellom skaden og kontraktshjelparen sine oppgåver, var ikkje dette tilstrekkeleg for at realdebitor kunne haldast ansvarleg.
Skiljet mellom geografisk og funksjonell nærleik er vanskeleg å trekkje. Som nemnt i førre punkt held Høgsterett fram i HR-2020-1120-A avsnitt 83 at det skada rettsgodet ikkje var i
«umiddelbar nærhet» med kontraktsgjenstanden. Xxxxx hevdar at «umiddelbar nærhet» må tolkast bokstavleg, og dette grunnar han med at sjømerket ikkje låg lengre unna enn 50 meter frå planlagt fraktrute og at lekteren vog over 6 000 tonn.112 Dersom ein tar i betraktning storleiken til lekteren var det altså ikkje stor geografisk avstand mellom kontraktsgjenstanden og det skada rettsgodet. Med denne innfallsvinkelen går skiljet mellom geografisk og
112 Sande (2020) s. 26.
funksjonell nærleik der det er liten geografisk avstand mellom det skada rettsgode og kontraktsgjenstanden.
Det må likevel vurderast konkret om realdebitor er ansvarleg, og skilje kan difor ikkje vera direkte avgjerande for realdebitor sitt ansvar etter mitt syn. Om skiljet skulle vore direkte avgjerande for realdebitor sitt ansvar kunne dette skapt rettstekniske utfordringar for vurderinga av om kontraktshjelparansvar kan påleggast.
I situasjonar der det berre ligg føre funksjonell nærleik har realdebitor dårlegare moglegheit til å føresjå at kontraktshjelparen kan valde den konkrete skaden. Når realdebitor ikkje kan føresjå dette er det mindre rimeleg at realkreditor skal stillast betre enn tilfeldige tredjemenn som ikkje står i eit kontraktsforhold med realdebitor. I tillegg vil ikkje prevensjonsomsynet gjera seg sterkt gjeldande ved skadar som realdebitor ikkje kan føresjå ettersom han har ei mindre oppmoding om å verne om slike skadar.
Etter mitt syn vil det likevel vera for unyansert dersom nærleikskriteriet aldri er innfridd i situasjonar der det berre ligg føre funksjonell nærleik. I eit eksempel der realdebitor sin kontraktshjelpar skal måle tiande etasje i eit kontorbygg vil det ikkje vera geografisk nærleik mellom kontraktsgjenstanden og inngangsdøra. Me kan tenkje oss at det er strengt vakthald rundt bygget, slik at det hadde vore umogleg for kontraktshjelparen å få tilgang til bygget dersom kontraktsforholdet mellom realdebitor og realkreditor ikkje hadde eksistert. I eit slikt tenkt eksempel vil kontrakten vera ein absolutt naudsynt årsak for kontraktshjelparen si skadevalding på inngangsdøra. I denne situasjonen kan det vera rimeleg å påleggje realkreditor ansvar, sjølv om det berre ligg føre funksjonell nærleik. Same tankegang kunne mogleg også vore relevant i HR-2020-1120-A dersom området rundt det skada sjømerket ikkje var opent for allmenn ferdsel.
6.4 Argumentasjon i nærleiksvurderinga
I det fylgjande skal eg omtale nokre argument ein kan gjera gjeldande i den konkrete vurderinga av om det er nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden.
Argumentasjonen kan utleiast frå HR-2020-1120-A og reelle omsyn, og argumenta kan i prinsippet gjerast gjeldande uavhengig av kva typetilfelle ein står overfor. Eg skal fyrst omtale argumentet om at det var «tilfeldig at sjømerket og kontraktsgjenstanden hadde samme eier» (min kursivering), jf. HR-2020-1120-A avsnitt 84. Det var tilsynelatande dette argumentet som i hovudsak grunna resultatet i dommen.
Ettersom det sjeldan er tilfeldig at det skada rettsgodet og kontraktsgjenstanden har same eigar i varetektstilfella, vil argumentet ha mindre betyding i desse tilfella. Sett på spissen, vil det ikkje vera tilfeldig at det skada rettsgodet og kontraktsgjenstanden har same eigar dersom tastaturet blir skada når PC-skjermen blir levert inn til reperasjon. Det same gjeld for kontrolltilfella, men her er det tenkjeleg at argumentet kan få noko større betyding.
I tilfelle der det berre er geografisk eller funksjonell nærleik, kan det vera meir tilfeldig at det skada rettsgodet og kontraktsgjenstanden har same eigar. Me kan for eksempel tenkje oss ein situasjon der realdebitor er leigd inn for fasadepussing av eit større kontorbygg med fleire leigetakarar. På parkeringsplassen står det fleire bilar som leigetakarane eig, men også ein bil som er eigd av realkreditor. Om kontraktshjelparen køyrer på, og dermed skadar, denne bilen på veg til arbeidet, vil det vera tilfeldig at det skada rettsgodet og kontraktsgjenstanden har same eigar. I slike tilfelle kan det vera urimeleg dersom realkreditor skal stå betre enn dersom det var ein av leigetakarane sine bilar som hadde blitt skada. Dette fordi realkreditor får ein tilfeldig fordel på grunn av eit kontraktsforholdet med realdebitor.
HR-2020-1120-A stiller ikkje direkte opp andre argument som er relevante i den konkrete nærleiksvurderinga. Etter mitt syn kunne likevel Høgsterett i større grad gjort bruk av reelle omsyn i vurderinga.113 I det fylgjande skal eg sjå nærare på kva argument ein kan utleie frå reelle omsyn som kontraktshjelparansvaret kviler på.
Det er sentralt å ta omsyn til om realkreditor har rettkomne forventingar om å kunne halde realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen sine skadevaldande handlingar.114 Me kan difor spørje om realkreditor har rettkomne forventningar om å kunne rette erstatningskrav mot realkreditor dersom ein konkret skade oppstår. Dette kan, etter mitt skjønn, også formulerast
113 I same retning Simonsen (2020) som gjer gjeldande at reelle omsyn er underkommunisert i dommen.
114 I same retning Simonsen (2020).
som eit spørsmål om i kva situasjonar realkreditor har ei forventing om at realdebitor har risikoen for sine kontraktshjelparar.
Det skada rettsgodet si eksponering vil ha betyding for om realkreditor har rettkomne forventingar om å halde realdebitor ansvarleg for ein konkret skade.115 Kor tilgjengeleg det skada rettsgodet er for realdebitor, får difor betyding for realkreditor sine forventingar om å halde realdebitor ansvarleg for ein konkret skade. Prevensjonsomsynet tilseier at realdebitor i større utstrekning er ansvarleg for eit eksponert rettsgode ettersom realdebitor har ei større oppmoding om å verne om desse rettsgoda. Me kan tenkje oss ein situasjon der realdebitor nyttar seg av ein kontraktshjelpar til å reparere listene i møtelokala i eit kontorbygg. Parketten i møtelokala er i denne situasjonen meir eksponert for skadevalding enn parketten i resepsjonen. Realdebitor har difor ei større forventing om å kunne halde realdebitor ansvarleg for eventuell skade på parketten i møtelokala.
Vidare vil det etter mitt syn ha betyding for realkreditor sine forventingar om å kunne halde realdebitor ansvarleg for ein konkret skade om det er tilfeldig at det er kontraktshjelparen, og ikkje ein tredjepart, som valdar skaden. Realkreditor får ein tilfeldig fordel på grunn av kontrakten dersom det er kontraktshjelparen, og ikkje ein tredjepart, som valdar skaden, og det er mindre rimeleg at realdebitor er ansvarleg i slike tilfelle. Ei slik argumentasjonslinje fylgjer implisitt av HR-2020-1120-A ettersom Høgsterett nemner at sjømerket ikkje var «en del av den offentlige infrastrukturen i området», jf. avsnitt 83. Sidan området var opent for allmenn ferdsel, kunne sjømerket potensielt blitt skada av andre tredjemenn, og realkreditor bør i slike tilfelle ikkje nødvendigvis stillast betre på grunn av at det er realdebitor sine folk som har valda skaden.
I denne samanheng kan me skilje mellom tilfelle der lokaliseringa av rettsgodet generelt sett medfører ein risiko for skade og tilfelle der det er den konkrete kontraktsprestasjonen som medfører at rettsgodet blir utsett for skaderisiko. I fyrstnemnte tilfelle kan det vera tilfeldig at det er realdebitor sin hjelpar, og ikkje ein tilfeldig tredjepart, som har valda skaden, og dette vil ha innverknad på realkreditor sine forventingar om å halde realdebitor ansvarleg for kontraktshjelparen si skadevalding.
115 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 227, som held fram at kontraktshjelparansvar kan grunnast med at realdebitor kan kalkulere med eksponering av det skada rettsgodet ved kontraktinngåinga.
Som nemnt over kunne sjømerket også blitt skada av andre skip i HR-2020-1120-A, og difor er dommen eit eksempel på ein situasjon der lokaliseringa til det skada rettsgodet generelt sett medfører ein skaderisiko. Dersom ein ikkje ser vekk frå ansvarsfråskrivinga i Rt. 1986 s. 1386 (Block Watne) er faktum i dommen illustrerande for eit tilfelle der den konkrete kontraktsprestasjonen medfører at rettsgodet blir utsett for skaderisiko. I dommen hadde ein entreprenør engasjert ein underentreprenør for å utføre sprengingsarbeid på eit område der allmennheita ikkje kunne ferdast. Som eit resultat av sprenginga oppstod det skade på hus som ikkje var omfatta av kontrakten mellom hovudentreprenøren og byggherren. Den konkrete kontraktsprestasjonen medførte difor at realkreditor sine eigedelar i nærområdet til kontraktsprestasjonen blei utsett for skaderisiko.116
Block Watne-dommen bringar oss over til omtale av realkreditor sine forventingar dersom kontraktarbeidet er forbunde med høg skaderisiko. Sprengingsarbeidet i dommen er nemleg eit eksempel på farefull verksemd, som kan medføre at realkreditor har særleg høge forventingar om at realdebitor er ansvarleg for kontraktshjelparen si direkte skadevalding.117
For å illustrere eit slikt tilfelle kan me tenkje oss ein situasjon der eit selskap har forplikta seg til å pumpe ut olje av eit eldre fyringsanlegg. Me kan leggje til grunn at realdebitor har positiv kunnskap om at oljesøl har eit stort skadepotensiale. Dersom det oppstår skade på andre objekt enn kontraktsgjenstanden, på grunn av oljesøl, er dette ei realisering av kontraktens skadepotensial. På grunn av at oljesølet berre er ei realisering av skadepotensialet som er forbunde med kontraktsgjennomføringa, har realkreditor ei rettkomen forventing om å kunne halde realkreditor ansvarleg for skaden. Dersom skadepotensialet ikkje er like openbart for realdebitor, må argumentet tildelast mindre vekt.
I tilknyting til det ovannemnte eksempelet kan ein hevde at det ikkje er heldig dersom realdebitor kan delegere vekk ansvar for den risikable delen av kontraktsprestasjonen.118 Reglane om kontraktshjelparansvar ville ikkje vore effektive dersom ein fritt kan delegere vekk ansvar for risikable delar av prosjektet. I tillegg er det realdebitor som har valt kontraktshjelparen til utføringa av den risikable delen av kontraktsprestasjonen, og han er då nærare enn realkreditor til å bere risikoen for kontraktshjelparen. Til slutt kan ein også peike
116 Sjå også Xxxxxxxx (2002) s. 228–229, som argumenterer for at realdebitor hadde vore ansvarleg dersom ein ser vekk i frå ansvarsfråskrivinga.
117 I same retning Askeland (2002) s. 228–229.
118 I same retning Askeland (2020).
på at reglane om kontraktshjelparansvaret også vil miste sin preventive effekt om realdebitor kan delegere vekk risikable delar av kontraktsprestasjonen utan ansvar.
7 Avsluttande merknader
Undersøkinga syner at realdebitor kan bli erstatningsansvarleg for skadar som kontraktshjelparen valdar på realkreditor sitt formuesgode, sjølv om kontrakten er oppfylt etter sitt innhald. Dette er vilkårsbunde av at kontraktshjelparen valdar skaden aktlaust, og at det er tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden.
Den konkrete vurderinga av om det ligg føre tilstrekkeleg nærleik mellom kontraktshjelparen sine oppgåver og skaden, byggjer i stor grad på skjønn, og dette legg til rette for individuelle tilpassingar av kontraktshjelparansvaret si utstrekning i enkelttilfelle.
Realdebitor sitt ansvar for kontraktshjelparen si direkte skadevalding, kan sjåast i lys av det skada rettsgodet si plassering. Dei reelle omsyna som kontraktshjelparansvaret kviler på, vil gjera seg gjeldande i større og mindre grad avhengig av rettsgodet si plassering. Xxxxxx for realdebitor sitt ansvar må likevel trekkast mot tilfelle der det ikkje er årsakssamanheng mellom kontraktsforholdet og skaden.
Innleiingsvis nemnte eg at HR-2020-1120-A avklarar enkelte sider ved det ulovfesta kontraktshjelparansvaret, men at det framleis er spørsmål som er uavklart. Høgsterett tydeleggjer vilkår og stiller opp nokre retningslinjer for vurderinga av realdebitor sitt erstatningsansvar for kontraktshjelparen sine handlingar, som vil vera styrande for rettsbruksprosessen i framtida. Det uavklarte er særleg kva posisjon reelle omsyn har i vurderinga av om kontraktshjelparansvar kan påleggast.
I dagens samfunn opplever me auka spesialisering ved byggeprosjekt, samanlikna med tidlegare.119 Dette fører med seg hyppigare bruk av kontraktshjelparar, og det er difor tenkjeleg at kontraktshjelparansvaret i større grad blir ført for domstolane i framtida. Dersom denne spådomen stemmer vil også kontraktshjelparansvaret sitt innhald bli nærare klargjort.
119 Sjå Xxxxxxx, Xxxxxxxxxxxx og Xxxxxxxxx (2014) s. 127.
Kjelderegister
Litteratur:
Bøker:
Xxxxxxx (2009) | Xxxxxxx, Xxxx Xxxxx, Rettskildelære, 2. utg., X.X Xxxxxxx 2009. |
Xxxxxxx, Xxxxxxxxxxxx og Xxxxxxxxx (2014) | Xxxxxxx, Xxxx-Xxxxxx, Xxxx Xxxxxxxxxxxx og Xxxxxx Xxxxxxxxx, NS 8406: Forenklet norsk bygge- og anleggskontrakt med kommentarer, 2. utg., Gyldendal juridisk 2014. |
Xxxxxxxx (2002) | Xxxxxxxx, Xxxxxx, Erstatningsrettslig identifikasjon, Cappelen akademiske forlag 2002. |
Bull (2000) | Xxxx Xxxxx Xxxx, Innføring i veifraktrett, 2. utg., Tano Aschehoug 2000. |
Xxxxxxx (1993) | Xxxxxxx, Xxxxx, Lov om håndverkertjenester m.m. for forbrukere: Kommentarutgave, Juridisk forlag 1993. |
Xxxxxxxx (2014) | Xxxxxxxx, Xxxxx, Avtaler, 3. utg., Universitetsforlaget 2014. |
Xxxxxxxxx (2017) | Xxxxxxxxx, Xxxxxx, Obligasjonsrett: En innføring, Universitetsforlaget 2017. |
Xxxxxxxx (2011) | Xxxxxxxx, Xxxxx, Obligasjonsrett, 2. utg., Universitetsforlaget 2011. |
Xxxxxxxx og Xxxxxxxx (2014) | Xxxxxxxx, Xxxxx og Xxxxxx Xxxxxxxx, Entrepriserett, Universitetsforlaget 2014. |
Xxxxxxxx og Xxxxxxx (2019) | Xxxxxxxx, Xxxxx og Are Stenvik, Erstatningsrett, 2. utg., Universitetsforlaget 2019. |
Xxxxxxxxxxxx (2018) | Xxxxxxxxxxxx, Xxxxx, Alminnelig obligasjonsrett, Gyldendal 2018. |
Hov og Xxxxxxx (2017) | Xxx, Xx og Xxx Xxxxxx Xxxxxxx, Obligasjonsrett, 2. utg., Papinian 2017. |
Kaasen (2018) | Xxxxxx, Xxxx, Tilvirkningskontrakter: Med kommentarer til NTK 15 og NF 15, Universitetsforlaget 2018. |
Xxxxxxxx (2019) | Xxxxxxxx, Xxxxxx, Erstatningsrett – en lærebok, 2. utg., Universitetsforlaget 2019. |
Xxxxxx (1999) | Xxxxxx, Xxx, Norsk kjøpsrett, 4. rev. utg., Alma mater 1999. |
Xxxxxxxxx (2002) | Xxxxxxxxx, Xxxx, «Om tingsskade og kontrakt», i Nybrott og odling: Festskrift til Xxxx Xxxxxxx på 70-årsdagen 3. april 2002, Xxxxxx Xxxxxxxxx, Xxx Xxxxxx og Xxxx Xxxxxxxxx (red.), Fagbokforlaget 2002, 171- 179. |
Lilleholt (2017) | Xxxxxxxxx, Xxxx, Kontraktsrett og obligasjonsrett, Cappelen Damm akademisk 2017. |
Xxxxxxxxxxxx, Xxxxxxxxx og Xxxxxxx (2016) | Xxxxxxxxxxxx, Xxxx, Xxxx-Xxxxxx Xxxxxxx, og Xxxxxx Xxxxxxxxx, NS 8405: Kommentarutgave til Norsk Standard NS 8405, Norsk bygge- og anleggskontrakt, 4. utg., Gyldendal 2016. |
Xxxxxxx (2007) | Xxxxxxx, Xxxx, Skade og ansvar, 6. utg., Universitetsforlaget 2007. |
Selvig (1968) | Xxxxxx, Xxxxxx, Det såkalte husbondsansvar: Studier i ulike typer av ansvar for hjelpere, herunder rederansvaret efter sjøl. § 8, Universitetsforlaget 1968. |
Xxxxxxxx (1997) | Xxxxxxxx, Xxxxx, Prekontraktuelt ansvar: Det alminnelige prekontraktuelle ansvar: Ansvar ved gjennomføring av anbudskonkurranser, Universitetsforlaget 1997. |
Xxxxxxxx (2005) | Xxxxxxxx, Xxxx, Håndverkertjenester, Gyldendal akademisk 2005. |
Tidsskriftsartikler:
Krokeide (1977) | Xxxxxxxx, Xxxxxx, «Forutsetningslæren og misligholdsbegrepet – særlig i langsiktige kontraktsforhold» Tidsskrift for Rettsvitenskap 1977, s. 569-649. |
Sande (2020) | Xxxxx, Xxxx, «Tingsskade og kontrakt: Kontraktshjelperansvarets grenser – HR- 2020-1120-A Kystverket» Nytt i privatretten 2020 nr. 3, s. 23-27. |
Foredrag:
Askeland (2020) | Xxxxxxxx, Xxxxxx, Kontraktshjelperansvar – særlig om sammenhengskravet: HR-2020- |
1120 i prinsippiell belysning, foredrag i regi av Oslo Senter for Kommersiell rett 21. august 2020, Oslo (sist sett: 6. mai 2021). | |
Xxxxxxxx (2020) | Xxxxxxxx, Xxxxx, HR-2020-1120 Kystverket, foredrag i regi av Oslo Senter for Kommersiell rett 21. august 2020, Oslo (sist sett: 6. mai 2021). |
Lovregister
Skadeserstatningsloven | Lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning. |
Vegfraktloven | Lov 20. desember 1974 nr. 68 om vegfraktavtaler. |
Jernbaneansvarsloven | Lov 6. oktober 1977 nr. 73 om jernbaneansvar. |
Kjøpsloven | Lov 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp. |
Håndverkertjenesteloven | Lov 16. juni 1989 nr. 63 om håndverkertjenester m.m for forbrukere. |
Avhendingslova | Lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom. |
Luftfartsloven | Lov 6. november 1993 nr. 101 om luftfart. |
Sjøloven | Lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten. |
Bustadoppføringslova | Lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. |
Forbrukerkjøpsloven | Lov 21. juni 2002 nr. 34 om forbrukerkjøp. |
Forarbeid
NUT 1964: 3 Innstilling om lov om Det offentliges og andre arbeidsgiveres erstatningsansvar
m.m. Innstilling II.
Ot.prp. nr. 48 (1965-1966) Om lov om skadeserstatning i visse forhold. NOU 1979: 42 Forbrukertjenester Delinnstilling I.
Ot.prp. nr. 29 (1988-1989) Om lov om håndverkertjenester m.m for forbrukere. NOU 1992: 9 Forbrukarentrepriselov.
Ot.prp. nr. 44 (2001-2002) Om lov om forbrukerkjøp (forbrukerkjøpsloven).
Domsregister Tingrettsavgjersler: TVTRA-2018-12971. RG 1996 s. 189 (Salten). Lagmannsrettsavgjersler:
RG 1965 s. 420 (Eidsivating). LB-2002-01507.
Høgsterettsavgjersler:
Rt. 1911 s. 417 Visegut. Rt. 1959 s. Læregut.
Rt. 1978 s. 1019.
Rt. 1982 s. 1349 Reingjeringsbyrå.
Rt. 1986 s. 1386 Block Watne.
Rt. 1988 s. 1078.
Rt. 1992 s. 64 P-pilledom II.
Rt. 1993 s. 564.
Rt. 1996 s. 385 Vaktmeister.
Rt. 2000 s. 211.
Rt. 2007 s. 1665 Vekter.
Rt. 2013 s. 865 Rustskade. HR-2020-1120-A.
Avgjersler frå utanlandske domstolar:
NJA 1942 s. 684.
Standardkontraktar
NS 3401:1969 | NS 3401 Alminnelige kontraktsbestemmelser om utførelse av bygg- og anleggsarbeider. |
NS 8405:2008 | NS 8405 Norsk bygge- og anleggskontrakt. |
NS 8406:2009 | NS 8406 Forenklet norsk bygge- og anleggskontrakt. |