Tlf. 418 67 800
Tlf. 000 00 000
xxxx@xxxxx.xxxxxxx.xx xxx.xxxxx.xxxxxxx.xx
Utleigebustader Fjord kommune
Fjord kommune ynskjer å inngå tildelings- avtale med firma som har til formål å eige, forvalte og leige ut bustader. Bustadane skal vere eit supplement til kommunen sine eigne utleigebustader.
Ein tildelingssavtale gir kommunen rett til å anvise bustadsøkjarar til bustadane som er omfatta av avtalen. Bustadeigar inngår deret- ter leigekontrakt med den enkelte bustad- søkjar.
Ein slik tildelingsavtale:
• Er ein avtale og samarbeid mellom kommunen og utleigar
• Gir kommunen tildelingsrett til bustadane i 30 år
• Gir mogelegheit til lån fra Husbanken, samt eingongstilskot til oppføring av bustaden
• Skal nyttast til vanskeligstilte på bustad- marknaden
• Er for husstandar med ulik grad av behov for oppfylgjing frå kommunen.
Dersom kommunen ikkje har behov, kan bustaden leigast ut på det åpne marked, i samsvar med fristar som er gitt i avtalen. For nærare informasjon om utleigebustader med tildelingsrett, sjå Xxxxxxxxxx.xx
Bustadane
Fjord kommune har no behov for tildeling av bustader med 2-3 rom. Vurdert behov er to til fire i Stordal og to til fire i Valldal.
Bustadane skal ha ein kvalitet/standard som tilsvarar nye eigarbustadar.
Finansiering
Ved etablering av utleigebustadar med tilde- lingsavtale gjennom nybygging, ombygging
eller ved kjøpsprosjekt, kan det søkjast om lån og tilskudd til Husbanken. Du finner mer informasjon på xxx.xxxxxxxxxx.xx
Dokumentasjon
Ved valg av aktør/prosjekt vil vi vektlegge:
• skildring av utleigeselskapet
• plan for forvaltning av bebuerar og bumiljø
• husleigenivå
• kvalitet- og bustadstandard
• tidspunkt for ferdigstilling
• bustadane si beliggenheit.
Xxxxxxxx må sjølv skaffe tomt til bygge- prosjekt.
Tilbodet må innehalde:
Beskrivelse av utleigeselskapet med firma- attest og skatteattest nyare enn 6 månader. Plan, snitt og fasadeteikningar av utleigebygg, samt situasjonsplan.
All innsendt dokumentasjon fra tilbyderar vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Tilbod sendast til Fjord kommune, post@fjord. xxxxxxx.xx innan 14.12.21. Ein føresett at tilboda har ein vedståingsfrist på 90 dagar.
For meir informasjon
Ta kontakt med Fjord kommune v/ økonomisjef Xxxx Xxxxx, xxxx.xxxxx@xxxxx.xxxxxxx.xx
eller ved leiar bygg og kommunalteknikk, xxxxx.xxxxxxxxxxxx@xxxxx.xxxxxxx.xx