Høyring om revidert samhandlingsavtale/samarbeidsavtale
Til høyringsinstansane
Vår ref.: LBW Dykkar ref.: Dato: 20.12.2019
Høyring om revidert samhandlingsavtale/samarbeidsavtale
Med bakgrunn i gjeldande samhandlingsavtale, har partane forplikta seg til å revidere avtalen slik at den til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter. Xxxxxxx plikter å foreta ein gjennomgang og evaluering anna kvart år ved utgangen av året.
Det er gjort ei namnendring på samhandlingsavtalen til samarbeidsavtalen. Vedlagt er høyringsutkast for revidert samarbeidsavtale.
Høyringsfristen er sett til 12. februar 2020. Høyringsinnspel skal sendast til: postmottak@helse- xx.xx
Alle høyringsinnspel blir publisert fortløpande på nettsida xxxxx://xxxxx-xx.xx/xxx-xx-xxxxxxxx/xxxxxxxxxxx
Høyringsinstansar:
Brukarutvalet i Møre og Romsdal
Brukarorganisasjonar i Møre og Romsdal
Kommunane i Møre og Romsdal
Helse Møre og Romsdal HF
Overordna samhandlingsutval
Lokale samhandlingsutval
Fagråd/kliniske samhandlingsutval, relevante ressursgrupper
Regionråd
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
KS Møre og Romsdal
Utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal
Norsk sykepleierforbund
Møre og Romsdal legeforening
Fagforbundet
Tillitsvalde i kommunene og Helse Møre og Romsdal HF
Som bakgrunnsinformasjon for prosess før høyring av revidert samarbeidsavtale, visast til følgjande:
Samhandlingsavtalen mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF
Sak 2018/15 Etablering av forhandlingsutval for revisjon av Samhandlingsavtalen
Sak 06/2017 Status, evaluering og utvikling av Samhandlingsavtalen som rammeverk
Sak 2017/17 Oppfølging evaluering samhandlingsavtale – tilråding vidare prosess
Sak 2017/37 Evaluering av Samhandlingsavtalen i Møre og Romsdal – tilråding og vidare prosess
Sak 04/2019 (OSU) – justering av mandat
Avtale mellom KS og regjering om etablering helsefellesskap
Meir informasjon knytt til revisjonsarbeidet for samhandlingsavtalen kan lesast her.
Under er det trukke fram nokre moment som har ramma inn og danna grunnlag for utkast til revidert samarbeidsavtale.
Mandat:
• Eksisterende Samhandlingsavtale (hovedavtale og delavtaler) med gjensidige forpliktelser og rettigheter mellom partene skal danne grunnlaget for revidert avtale.
• Målet med revisjon av Samhandlingsavtalen er å få til et avtaleverk som i enda større grad fremmer utvikling og god samhandling.
• Ved revisjonen må det tas utgangspunkt i at hovedavtale og delavtaler/retningslinjer skal oppfylle de lovkrav som fremgår av helse- og omsorgstjenesteloven § 6-2 flg jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-1 e.
I den grad gjeldende delavtaler er en blanding av retningslinjer som omfattes av lovkravet, og operasjonelle prosedyrer, så bør det legges til rette for at prosedyrer tas ut av avtalene og forvaltes av etablerte fagråd på de enkelte fagområdene.
• Avtalen skal justeres i henhold til nye lovbestemmelser og forskrifter.
• I den grad det er praktisk og hensiktsmessig bør revisjonsarbeidet lede til harmonisering av de ulike avtalene i helseregionen.
• Det må sikres god involvering og legges opp til gode høringsprosesser.
• Det må settes av nok ressurser til revisjonsarbeidet, både fra kommunene og fra helseforetaket.
Helsefellesskap:
I etterkant av vedteke mandat, vart det inngått avtale mellom regjeringa og KS om innføring av
«helsefellesskap». Dette gir eit signal om ønska utviklingsretning for samhandlingsavtalen og samhandlingsstrukturen. Forhandlingsutvalet har valt å innrette revidert samhandlingsstruktur i tråd med prinsipp om;
- Tredelt struktur, men med lokale tilpassingar.
o Formål er å sikre representasjon i dei ulike samhandlingsutvala og at dei ulike utvala har dei rette oppgåvene/sakene og at dette kjem tydeleg fram i avtalen. Det er særskilt ønskje i høyringa å få innspel på samhandlingsstrukturen iht representasjon, organisering og oppgåver.
- Brukarrepresentantar og fastlegar skal vere involvert på alle nivå.
o Her ber vi i høyringsspørsmål om at ein særskilt vurderer korleis ein best kan sikre denne representativiteten i utvala. Ein ser for seg at fastleger i hovudsak kan vere representert via praksiskonsulentane. Iht brukarrepresentasjon, ber vi om innspel på om det som fast prinsipp skal vere ein brukar frå helseføretaket og ein brukar frå kommunane. Utfordring med representant frå kommunane, er at det ikkje er etablert ei samordning kring dette. Xxxxxxx sikrar vi utval av kommunal brukarrepresentant og kven har myndigheita til å utnemne?
Harmonisering:
I mandat for forhandlingsarbeidet visast det til at det i den grad det er praktisk og hensiktsmessig, bør revisjonsarbeidet lede til harmonisering av dei ulike avtalane i helseregionen.
Forhandlingsutvalet har i prosessen hatt dialog og utveksling av innhald i deler av samarbeidssavtalen, med mål om å tilstrebe betre harmonisering.
Avtalestruktur med hovudavtale og reviderte delavtalar er eit resultat av ei slik harmonisering, som de ser i justeringa frå 15 til 6 delavtalar. For å forenkle ytterlegare har forhandlingsutvalet også sett på språk, fjerning av oppattaking og overflødig tekst. Det er lagt inn lenker til lovtekst, forskrifter, rutiner og andre relevante dokument.
Forhandlingsutvalet har samtidig vore opptatt av å ivareta lokale omsyn/vilkår, som mellom anna i hovudavtalen og samhandlingsfora. Her har forhandlingsutvalet valt å gå vidare med dei fire lokale samhandlingsutvala, til tross for signal i helsefellesskap om tredelt struktur. Bakgrunnen er behovet for lokale fellesarenaer rundt det enkelte sjukehus, med mål om å understøtte lokal oppfølging, implementering av tiltak og lokalt forbetringsarbeid.
I delavtale om innlegging og utskriving, vil de sjå ei betydeleg forenkling der fem delavtalar er slått saman til ein delavtale. Revidert delavtale omhandlar også både pasientar innan psykisk helse og rus og somatikk. Sjølv om der er språkmessige endringar, har forhandlingsutvalet innarbeida tidlegare avtalefesta vilkår knytt til betalingsplikt utover det som er forskriftsfesta, som tek i vare konklusjonar frå tidlegare tvistesaker.
Arbeidsform/prosess:
Forhandlingsutvalet har hatt jamnlege møter med oppstart hausten 2018. Referat frå møta kan lesast her. Med bakgrunn i behov for å avklare og forankre mandatet og prosess, er det først siste halvdel 2019 at arbeidet har blitt intensivert.
I framlagt revidert samarbeidsavtale har forhandlingsutvalet utarbeida revidert hovudavtale og delavtale for innlegging og utskriving. Dei andre delavtalane har blitt delegert til etablerte fagråd, kliniske samhandlingsutval og arbeidsgruppe der det var behov for å opprette dette. Desse har vore representert både frå kommunane, helseføretaket og brukarar.
Avtaleteknisk/layout
Høyringsutkastet framleggast som eit råutkast, dvs at layout, oppsett og språkvask blir ferdigstilt etter høyringa.
Høyringsspørsmål
1. Samhandlingsfora har som mål å sikre oppfølging og gjennomføring av samarbeidsavtalen:
a. Er samansetninga i dei ulike utvala hensiktsmessig?
1. Der det er skissert ulike alternativ, kva alternativ er mest hensiktsmessig? Ev. kom med forslag til alternativ samansetning.
2. Der det er skissert representasjon med tale- og forslagsrett, bør desse representantane inngå som reelle medlemmar med stemmerett?
3. Er representasjon av fastlegar og brukarar ivaretatt slik det er framstilt i alternativa, jamfør føringar i avtale om helsefellesskap?
1. For oppnemning av brukarrepresentantar, korleis kan ein sikre brukarrepresentant frå kommunane?
b. Er oppgåvene for dei ulike utvala hensiktsmessige?
c. Er etablert fagrådsstruktur dekkande? Eller treng vi færre, fleire eller andre fagråd? Ev. kva for områder er det behov for nye fagråd? Det er mellom anna kome innspel på behov for fagråd innan psykisk helse og rus og førebygging. Det visast også til behov for å etablere eit beredskapsutvalg i Møre og Romsdal.
2. I forslag til hovudavtalen er det eit eige kapittel om om avviks- og forbetringsarbeid: Er innhaldet dekkande eller bør det konkretiserast meir. I så fall korleis?
Høyringsinstansene står fritt til å kommentere andre forhold med utkastet til revidert avtale.
Høyringsinnspel vil danne grunnlag for det vidare arbeidet i forhandlingsutvalet med å ferdigstille revidert samarbeidsavtale. Endeleg forlag skal etter planen bli lagt fram for overordna samhandlingsutval i 4. mars 2020. Revidert samarbeidsavtale vil i etterkant bli sendt til alle kommuner i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF for behandling. Det tas sikte på at revidert avtale skal tre i kraft i løpet av andre kvartal 2020.
På vegne av forhandlingsutvalet Med vennleg helsing
Xxxx Xxxxxx Xxxxx
samhandlingssjef Helse Møre og Romsdal HF