Avtale om driftstilskot til Nordfjord Folkemuseum 2010-2013
Avtale om driftstilskot til Nordfjord Folkemuseum 2010-2013
Fylkesrådmannen rår hovudutval for kultur til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:
Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:
Avtale om driftstilskot til Nordfjord Folkemuseum vert godkjent slik den ligg føre i vedlegg 2.
Prenta vedlegg:
1. Brev av 21.09.09 frå Nordfjord Folkemuseum
2. Avtale
Uprenta vedlegg:
1. Årsmelding/rekneskap 2008 for Nordfjord Folkemuseum
Saksframstilling
1. BAKGRUNN
Som oppfølgjing av museumsplanen frå 1998 har kommunane i fylket vore inne med driftstilskot til musea. Målet den gongen var at kommunane skulle bidra med ein sum tilsvarande 25% av det samla stats- og fylkeskommunale tilskotet. Ved førstegongs avtale låg ein tett oppunder dette målet.
Det har vorte utvikla fire-årige avtaler som har vore til politisk handsaming i kommunestyra og fylkestinget. Då avtalane for førre periode vart handsama, vart det i alle avtalane, med unntak av avtalen for Nordfjord Folkemuseum, lagt inn i avtalen at partane var samde om at ordninga med driftstilskot var å forstå som ei permanent ordning, og at framtidige forhandlingar skulle konsentrere seg om nivå på løyvingane.
Vedlagte avtale for Nordfjord Folkemuseum er ei vidareføring av avtalen for perioden 2006- 2009, justert for dei organisatoriske/strukturelle endringane som er gjort gjennom konsolidering av musea i Sogn og Fjordane. Det er no skrive inn i avtalen at ein er innforstått med dette som ei permanent ordning. Nivået på tilskotet frå kommunane er ikkje endra utover det som kjem av konsumprisindeks (jf pkt I, underpkt 5 i avtalen).
2. VURDERING OG KONSEKVENSAR
Fylkeskommunen gir no sitt tilskot samla til Musea i Sogn og Fjordane, som har ansvar for å fordele stats- og fylkeskommunalt tilskot vidare til den enkelte avdeling, herunder også Nordfjord Folkemuseum. Dei kommunale tilskota skal som før gå direkte til det enkelte museum (jf. konsolideringsavtalen).
Staten føreset i sine museumstilskot at det statlege tilskotet maksimalt skal utgjere 60% av det samla offentlege tilskotet. Kommune/fylkeskommune må såleis svare for minimum 40% av det samla offentlege tilskotet.
Konsolideringa ga eit permanent løft på 5 mill kroner årleg til musea i Sogn og Fjordane. Frå 2009 til 2010 er det lagt inn ein auke på 1,5 mill kroner frå staten til musea i fylket. Dette er om lag 1 mill kroner i realauke utover pris-/lønskompensasjon. For å sikre Musea i Sogn og Fjordane sin del av statstilskotet, har fylkeskommunen i budsjettframlegget for 2010 også auka opp sitt tilskot utover pris-/lønskompensasjon. Det er føresett at kommunane i 2010 vil bidra med om lag 4 mill kroner samla til musea i fylket.
Etter fylkesrådmannen si vurdering er det heilt avgjerande at kommunane er med i på driftssida i høve musea, og føreset at så også skjer framover. Sjølv om %-delen av tilskotet frå kommunane i dag er på eit lægre nivå enn det planen av 1998 hadde som målsetjing, utgjer det kommunale tilskotet eit heilt naudsynt del av finansieringsgrunnlaget for musea.
Så vil fylkesrådmannen nytte høvet til å signalisere at fylkeskommunen, saman med styret for Musea i Sogn og Fjordane, fram mot neste runde med forhandlingar med kommunane (2013), bør drøfte forventningar om nivået på det kommunale tilskotet, samstundes som det også vert invitert til å drøfte kva forventningar kommunane skal/kan ha til musea sitt bidrag tilbake til kommunane.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sto som byggherre på museumsbygget på Sandane på midten av 90-talet. Museet har tidlegare meldt om manglar/restarbeid. Ein del av dette er retta opp, men det står att arbeid med å få retta opp klimastyring/magasintilpassing.
Fylkesrådmannen vil bidra til å få fram fakta knytt til desse problema, og vil også rå til at fylkeskommunen bidreg til å få løyst desse problema, ut frå omforeint plan for dette (jf pkt III i avtalen).
3. KONKLUSJON/TILRÅDING
Fylkesrådmannen har ikkje merknader til avtalen, og rår til at denne vert godkjent slik den ligg føre i vedlegg 1.