SAMARBEIDSAVTALE
SAMARBEIDSAVTALE
Vedrørande bruk av SANDANE GOLFBANE
mellom SANDANE GOLFPARK
(Xxxxxx Xxxx X.xx 76, Xx.xx 1 i Gloppen Kommune) og
SANDANE GOLFKLUBB
1. Partane og avtala sitt formål
Xxxxxx Xxxx eig golfanlegget på eiendomen X.xx 76, Xx.xx 1 i Gloppen kommune, kalla SANDANE GOLFPARK
SANDANE GOLFKLUBB, er eit idrettslag som er medlem av Norges Golfforbund (NGF) samt medlem av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) gjennom Gloppen Idrettsråd
Denne avtala fastset vilkåra for eit samarbeid der SANDANE GOLFKLUBB får tilgang til SANDANE GOLFPARK for sine medlemer. For eventuelle tenester som GOLFPARKEN skal utføre for GOLFKLUBBEN, vert det laga ei separat skriftleg avtale.
Med SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB meinar ein i denne avtala,( når anna ikkje er uttrykt eller framgår av samanhengen, eksisterande eller framtidig) :
• Golfanlegg med Golfbane - 9 hull (Omfattar areal som er regulert til Golfbane).
• Driving range og andre treningsområde
• Parkeringsområde og rekreasjonsarealer innanfor eiendommen sine grenser
• Klubbhus
2. Idretten sitt regelverk
Begge partar er innforstått med at Golfklubben er underlagt norsk idrett sine lover og avgjersle til einkver tid (heretter idretten sitt regelverk), som inntatt i eller fastsett i medhold av NIFs lov, og at ingen avtaler kan innehalde vedtak som bryt med norsk idretts regelverk eller etiske grunnverdiar eller som er eigna til å skade idretten sitt omdøme. Golfklubben er her pålagt å ta vare på si frie stilling og å sikre bestemmande mynde over alle forhold knytt til medlemskap i NIF og NGF og den sportslege aktivitet.
Det vert særleg vist til NIF si lov kapittel 13, der de førnemnde prinsipp er inntatt, og til retningslinjer og andre føresegner for avtaler mellom idretten og næringslivet eller anna rettssubjekt fastsatt av NIF og/eller NGF. Det vert og vist til valgbarhetsbestemmelsene i NIF si lov § 2-7 og inhabilitetsbestemmelsene i NIF si lov § 2-8.
Partane er godt kjende med idretten sitt regelverk, som ein finn tilgjengeleg blant annet på xxx.xxxxxxxxxxxxxxxx.xx og xxx.xxxxxxxxxxxxx.xx, og forpliktar seg til å halde seg orientert om endringar i regelverket som gjeld innhaldet i denne avtala. Partane aksepterar at i tilfelle motstrid skal denne avtala tolkast og praktiserast i samsvar med idretten sitt regelverk.
3. Felles målsetjing og samarbeidsform
SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB legg til grunn for denne avtala ei felles oppfatning og forståing av mål og virkemiddel for drift av golfanlegget.
Partene er enige om føljande hovedlinjer:
a. SANDANE GOLFKLUBB inngår leieavtale med SANDANE GOLFPARK, og er ansvarleg for drift av golfbana.
b. Anlegget skal holde ein standard som gjer det attraktivt også for gjestespelarar.
c. Forvalting, drift og vedlikehald skal ivaretakast slik at anlegget sin attraktivitet ikkje vert redusert og ha ein sunn økonomisk forankring.
d. Rekruttering, ivaretaking og utvikling av medlemene skal vere under gode føresetnadar.
e. Det skal leggast vekt på å skape et godt miljø blant alle som er i kontakt med verksemda og bana. Åpenheit, inkludering og samarbeid skal prege alt som skjer i tilknytning til golfbana.
f. I erkjenning av at SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB er gjensidig avhengige av kvarandre, er det naudsynt med jamlege samarbeidsmøte mellom partane. Dette skal bidra til at styra får utvikla ein felles forståing og respekt for kvarandre sitt formål, ansvar og oppgåver.
g. Dei styrande organ hos begge partar må involverast og haldast godt informerte. Utad skal SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB opptre mest muleg samla og eintydig. Det gjeld f.eks. i markedsføring av anlegget, rekrutteringskampanjar etc. Styreleiarane har rett til å møte i kvarandre sine styremøter som observatør med tale-, men ikkje stemmerett. Når leiarane er enige om det vert det halde samarbeidsmøter mellom styra.
4. Klubben sin bruk av golfanlegget
SANDANE GOLFKLUBB har rett og plikt til å nytte SANDANE GOLFPARK som si heimebane, slik at GOLFKLUBBEN blir å rekne som klubb med bane og treningsanlegg etter NGF sine regler.
GOLFKLUBBEN skal ikkje inngå avtale om bruk av xxxx xxxx for sine medlemmar uten skriftleg samtykkje fra SANDANE GOLFPARK sitt styre, slik at GOLFPARKEN har ei viss trygd for inntekter gjennom spelarvgifter fra GOLFKLUBBEN sine medlemer.
SANDANE GOLFPARK skal ikkje inngå avtale med andre klubbar/idrettslag enn SANDANE GOLFKLUBB om bruk av anlegget, uten etter skriftleg samtykkje fra GOLFKLUBBEN v/styret.
SANDANE GOLFKLUBB har rett til sjølve å engasjere/tilsetje golftrenar som ledd i den sportslege aktiviteten.
5. Medlemane sin spelerett
Xxxxxxxx medlem av SANDANE GOLFKLUBB som har sitt økonomiske mellomværande i orden med golfklubben har tilgang til golfanlegget. For generell årleg spelerett på golfbana krev ein Golfkortet med handicap registrert i GolfBox og at medlemet har betalt de speleavgifter som er fastsette for dette.
Xxxxxx et medlem ikkje ønskjer å betale årlig speleavgift, har medlemet likevel rett til å nytte golfbana, på same vilkår som besøkjande ikkje-medlemer, ved å betale greenfee. Slikt medlem kan ikkje kreve same rettar (som speletidspunkt, bookingtid, handicapkrav) som medlem som har betalt årleg speleavgift.
SANDANE GOLFKLUBB fastset dei avgifter som golfklubben sine medlemer skal betale for spelerett på golfbana.
Klubben skal koste xxxxxxxxxx medlemskap i klubben for grunneigar sin næraste familie og baneeigar sine styremedlemer. Kostnadar ved utdeling av medlemskap eller for æresmedlemer, skal betalast av den som utnemner desse medlemane.
6. Vederlag
For GOLFKLUBBEN og deira medlemer sin bruk av golfanlegget skal SANDANE GOLFPARK og GOLFKLUBBEN ha direkte eller indirekte vederlag som følger:
A. GOLFKLUBBEN: Årlege faste avgifter til NGF
B. GOLFPARKEN: Fast vederlag av speleravgift kr. 300 000 pr. kalenderår, utbetalt i 2 avdrag. Første 15 april og andre 15 september hvert år. (Bane og maskinpark)
C. GOLFKLUBBEN: Årlege faste utgifter til drift av klubbhus.
D. GOLFPARKEN: Del av speleavgift frå klubben sine medlemer, fastsett til kr. 300 000 pr kalenderår. For stell og vedlikehold av greener, fairway, rough, treningsområder og driving range.
Vert utbetalt i 6 avdrag, den siste datoen i månadene april til september.
Ved sviktande spelaravgifter skal vederlag utbetalast etter rekkefølja over. (A, B, C, D) Vederlag skal indeksregulerast kvart år.
7. Drift og utvikling av golfanlegget
SANDANE GOLFKLUBB er ansvarleg for drift av klubb og bane. GOLFKLUBBEN forvaltar for eiga regning all forvaltning, herunder utbygging, drift og vedlikehald av golfanlegget.
SANDANE GOLFKLUBB er eigar av klubbhuset på SANDANE GOLFPARK. Klubben har sjølve ansvar for, eller ved utleige til andre, drift av klubbhuset. Klubben eller den klubben overlet dette til har eksklusiv rett til alle former for servering i klubbhus og ute på bana.
Klubben administrerar alt det sportslege ved konkurransar arrangert av klubben.
Det skal til ein kvar tid være ein gjeldande verksemdsplan for golfanlegget som er godkjent av årsmøte til Sandane Golfklubb.
KLUBBEN og GOLFPARKEN skal utarbeide forslag til verksemdplanar for å utvikle og vedlikehalde golfanlegget. Styret er ansvarleg for å følgje opp vedtekne planer.
SANDANE GOLFPARK stiller en driving range til disposisjon på golfanlegget. Anlegget skal også ha et område for trening av innspel og bunkerslag, samt ein treningsgreen i nærleiken av første utslag.
GOLFPARKEN står føre mot vederlag all dagleg klipping av greener, fairway, rough, treningsområder og driving range. I tillegg innsamling av baller på driving range. Inkludert i vederlaget er også maskinpark til oppgåvene skissert over og vedlikehald og oppgradering av disse. Dersom GOLFPARKEN ikkje har kapasitet eller utfører klipping av greener, fairway og rough i samsvar med avtalen, har SANDANE GOLFKLUBB rett til å bruke maskinpark/utstyr og leige inn hjelp til dette arbeidet. Summen av disse kostnadane kan ikkje være større enn baneeigar sin del av speleavgift i Punkt 6 – D. Om bruk av maskinpark og leige av hjelp til klipping blir aktuelt, skal dette avtalast med GOLFPARKEN på førehand.
Sjå eigen avtale om arbeidsfordeling og ansvarsoppgåver på Sandane Golfbane.
GOLFKLUBBEN er ansvarleg for kostnader med dugnad, skogrydding, skilting av bane, vedlikehold av utslag og bunkera, dressing av greener og fairway, vatning og sprøyting/gjødsling.
Eventuelt overskot klubben har ved drift av klubben og klubbhuset, inntekter frå turneringar, kiosk, sponsorar, utleige, skal i all hovudsak gå til å følgje opp vedtekne og gjeldande verksemdplan.
Betaling for punktfesteavgift for tomt til klubbhus er forhandla fram i eigen avtale.
8. Åpnings- og speletider
SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB fastset i felleskap når det skal åpnast for spel om våren og avsluttast om hausten utifrå kva som er forsvarleg for bana. Dette gjeld også dersom det er naudsynt å stenge bana på grunn av ver eller naudsynt vedlikehald.
9. Konkurranser
Omfanget av SANDANE GOLFKLUBB sin konkurranseaktivitet skal avklarast mellom partene før GOLFKLUBBEN sitt turneringsprogram for sesongen vert fastsett. Frekvensen på konkurransar, spesielt i helgane, skal avpassast slik at tilgjenge for alle vert ivareteke og vidare skal ein prøve å halde startfelta på eit nivå som gjer at også andre enn dei som er med i konkurransen får tilgang til bana.
SANDANE GOLFPARK kan ikkje arrangere turnering på bana, uten avtale med GOLFKLUBBEN
10. Reklame og arrangement- og mediarettigheiter
GOLFKLUBBEN har eksklusiv rett til all fast reklame på bana og alle øvrige stader innanfor bana sitt bruksområde, herunder klubbhus og andre bygningar som klubben disponerer, samt utleietraller m.m.
Ved turneringer (konkurranser) gjelder avgjersle om rettigheiter i NIFs lov kapittel 14 og NGFs avgjersle om rettigheiter. Ved turneringer som fordrer profilering av NGFs sponsorer eller andre etter avtale med NGF, skal Selskapet frigjøre nødvendig eksponeringsplass i forhold til den rett disse har krav på etter avtale med NGF. Nærare regulering av slike forhold vert avtala i kvert enkelt høve.
11. Avtaleperioden
Avtalen gjeld frå underteikning og godkjenning på golfklubben sitt årsmøte 16.03.2022 og til 31.12.2022. Både SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB har som intensjon at avtalen skal forlengast. Avtalen kan ikkje einsidig seiast opp i avtaleperioden.
Dersom SANDANE GOLFPARK kjem under konkurshandsaming har SANDANE GOLFKLUBB rett til å fråtre avtalen.
Dersom SANDANE GOLFPARK etter utløpet av avtalen framleis skal drive golfanlegget, har SANDANE GOLFKLUBB fortrinnsrett til ny avtale på dei vilkår som GOLFPARKEN krev av andre.
12. Personleg avtale
Denne samarbeidsavtalen vert sett på av partene som ei personleg avtale mellom SANDANE GOLFPARK og SANDANE GOLFKLUBB. Partane sine rettigheiter og plikter etter avtala kan ikkje overdragast utan etter først å ha innhenta skriftleg samtykkje fra den andre parten.
13. Tvistar
Einkvar tvist eller usemje vedrørende denne avtalen skal ein prøve å løyse med god vilje og kvar av partane skal lojalt og etter beste evne søkje å bidra til en forhandlingsløysning.
Tidlegast 30 dager etter at ein av partene skriftleg har kravd forhandlingar, og uten at dette har ført til en løysning, kan partane bringe en tvist inn for domstolane ved forliksklage eller stevning. Rett verneting er den rettskrets der golfanlegget ligg.
14. Godkjenning
Denne avtalen er ikkje bindande for SANDANE GOLFKLUBB før den er godkjent av årsmøte. Alle endringar i avtalen må godkjennast på same måte før den trer i kraft.
Avtalen er godkjent av SANDANE GOLFKLUBB sitt årsmøte helde 16.03.2022 Avtalen er utferda i 2 – to – eksemplar, eit til kvar av partane.
……………………………
Stad og dato
FOR SANDANE GOLFPARK FOR SANDANE GOLFKLUBB
XXXXXX XXXX XXXXXX XXXXX