April 2012
April 2012
Nettavtale for næringskundar o.a.
Denne nettavtalen gjeld, dersom ikkje anna er avtala, for næringsdrivande kundar, offentlege kundar, organisasjonar og andre nettkundar der nettavtalen ikkje er regulert av lov om forbrukerkjøp av 21.06.2002 nr. 34.
§ 1 PARTANE I NETTAVTALEN, AVTALEDOKUMENT, KONSESJONSVILKÅR OG FORSKRIFTER FOR NETTVERKSEMDA
§ 1.1 Partane i nettavtalen
Nettavtale blir inngått mellom nettselskapet som leverandør av nettenester og nettkunden som brukar av nettenester.
Nettselskapet er det selskapet som eig det elektriske nettet som nettkundens anlegg er tilknytt.
Nettkunden er den eininga eller juridiske personen som bruker det elektriske anlegget som er tilknytt nettet.
§ 1.2 Avtaledokument, konsesjonsvilkår og forskrifter for nettverksemda
Avtaleforholdet blir regulert av:
1. dei særskilde vilkåra partane sjølv eventuelt har avtala i ordrestadfestinga,
2. denne standard nettavtalen,
3. gjeldande tilknytingsvilkår,
4. gjeldande tariffar for nettleige. Tariffar kan òg omfatte ikkje-økonomiske forhold. Særskilt avtala vilkår gjeld, i tilfelle motstrid, framfor desse generelle, standard avtalevilkåra.
I tillegg til det som står ovanfor, gjeld dei konsesjonsvilkåra som til kvar tid gjeld, og forskriftene for nettverksemda.
Føresegnene i avtaledokumenta skal tolkast og fyllast ut i samsvar med dei til kvar tid gjeldande føresegnene i konsesjonsvilkår og forskrifter om nettverksemda.
Tvingande føresegner i konsesjonsvilkår og forskrifter om nettverksemda gjeld alltid, i tilfelle motstrid, framfor avtala føresegner i avtaledokumenta.
§ 2 INNGÅING AV NETTAVTALE, BETALING AV GJELD OG SIKKERHEITSSTILLING SOM VILKÅR FOR Å INNGÅ NETTAVTALE OG SIKKERHEITSSTILLING ETTER AT AVTALEN ER INNGÅTT
§ 2-1 Inngåing av nettavtale o.a.
Nettavtale skal bestillast av den som skal ta eit elektrisk anlegg i bruk. Etter at nettselskapet har motteke ei bestilling som det aksepterer, sender selskapet ei skriftleg stadfesting på bestillinga (ordrestadfesting) til den nye nettkunden. Nettavtalen blir ikkje inngått før eventuelle vilkår som nettselskapet stiller for å inngå nettavtale, er oppfylte, jf. § 2-3.
Gjeldande nettavtale og informasjon om gjeldande tariffar for nettleige er tilgjengelege på heimesida til nettselskapet på internett. Ved avtaleinngåing blir gjeldande nettavtale og tariffar sende til nettkunden dersom han ber om det.
§ 2-2 Inngåing av avtalar ved konkludent åtferd (ta anlegget i bruk)
Dersom eit elektrisk anlegg blir teke i bruk utan at brukaren har inngått nettavtale med nettselskapet i samsvar med § 2-1 ovanfor, og det såleis blir teke ut elektrisk kraft utan at det ligg føre ein skriftleg inngått nettavtale, blir brukaren rekna for å ha godteke og slutta seg til nettselskapet sine vilkår for nettleige slik dei går fram av denne avtalen, og tariffane til nettselskapet. Brukaren blir likeins rekna for å ha godteke og slutta seg til nettselskapet sine vilkår og pris for levering av kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt, jf. § 3-3 i energilova av 29-06-1990 nr. 50.
Når nettselskapet får kunnskap om at eit anlegg er teke i bruk etter leddet ovanfor, pliktar brukaren å betale for nettleige og utteken kraft for den perioden vedkomande brukar har brukt anlegget.
Dersom anlegget ikkje er timemålt, blir det berekna eit beløp vedkomande skal betale for den tida anlegget har vore i bruk. Det blir berekna ut frå sluttstanden nettselskapet har registrert for siste registrerte nettkunde på anlegget, og forbruket blir fordelt i samsvar med JIP i nettselskapet og avrekna etter dei nettariffane og leveringspliktprisane for kraft som nettselskapet har hatt i etterberekningsperioden.
Brukarar som har teke anlegg i bruk som beskrive i denne § 2-2, kan ikkje hevde at nettselskapet har misleghalde varslingsplikter eller andre føresegner i nettavtalen i tida før nettselskapet fekk kunnskap om at anlegget var teke i bruk.
§ 2-3 Betaling av gjeld og sikkerheitsstilling som vilkår for å inngå nettavtale. Sikkerheitsstilling i avtaleperioden
Som vilkår for å inngå ein ny nettavtale kan nettselskapet krevje at den eininga eller juridiske personen som ønskjer ny nettavtale, gjer opp ikkje forelda, uomtvista gjeld inklusive renter og påkomne kostnader frå tidlegare nettavtaleforhold.
Vidare kan nettselskapet krevje som vilkår for å inngå nettavtale at bestillaren stiller sikkerheit for betalingsforpliktinga, dersom det er fare for betalingsmisleghald.
Likeins kan nettselskapet i avtaleperioden krevje at nettkunden stiller sikkerheit for betalingsforpliktinga dersom det er fare for betalingsmisleghald.
Sikkerheita skal vere så stor at ho dekkjer betalingsforpliktinga frå eit eventuelt betalingsmisleghald oppstår og fram til leveransen kan avbrytast og ytterlegare gjeldsoppbygging kan stansast ved stenging i samsvar med reglane i §§ 7-1 til 7-4.
Nettkunden pliktar å halde ved lag sikkerheitsstillinga så lenge faren for betalingsmisleghald er sannsynleg.
Dersom nettkunden krev det, må nettselskapet grunngi kravet om sikkerheitsstilling skriftleg.
Dersom nettkunden i avtaleperioden lèt vere å stille sakleg grunngitt sikkerheit etter krav frå nettselskapet, kan nettselskapet stengje anlegget til kunden etter reglane i §§ 7-1 til 7-4.
§ 3 OPPLYSNINGAR OM NETTKUNDEN O.A.
Når nettkunden inngår ein nettavtale, og jamleg under avtaleperioden, skal han gi, og på spørsmål dokumentere, alle opplysningar nettselskapet treng for å kunne oppfylle nettavtalen med kunden og dei pliktene nettselskapet har overfor det offentlege.
Dette omfattar mellom anna alle opplysningar nettselskapet treng for å kunne avrekne og fakturere, og ved betalingsmisleghald gjeldsforfølgje nettkunden, for å kunne krevje inn offentlege avgifter og liknande frå kunden, og elles for å kunne oppfylle dei offentlegrettslege forskriftene eller pålegga som nettselskapet til kvar tid skal oppfylle.
Nettkunden pliktar å halde all kontaktinformasjon og avtaleinformasjon à jour, slik at alle endringar straks blir melde til nettselskapet på den måten, og på det formatet, nettselskapet til kvar tid bestemmer.
Nettselskapet fråskriv seg alt ansvar for skadar og tap nettkunden måtte lide som følgje av at nettkunden ikkje får varsel, fordi nettkunden ikkje har meldt riktig oppdatert kontaktinformasjon eller avtaleinformasjon til nettselskapet.
§ 4 VIRKEOMRÅDET OG FØRESETNADENE FOR NETTAVTALEN
§ 4-1 Virkeområde
Nettavtalen gjeld for kundar som bruker elektriske anlegg som er tilknytte distribusjonsnettet eller regionalnettet.
Nettavtalen regulerer bruken av nettet til overføring av elektrisk kraft.
All annan bruk av nettet, mellom anna signaloverføring, kan berre skje etter skriftleg avtale med nettselskapet.
§ 4-2 Føresetnadene for nettavtalen
§ 4-2.1 Tilknytingsvilkår o.a.
Nettselskapet knyter alle elektriske anlegg til nettet i samsvar med energilova og forskrift til energilova om tilknytingsplikt, og i samsvar med tilknytingsvilkåra til nettselskapet. Nettkunden skal likeins overhalde sine plikter etter dei same lovene og reglane.
Tilknytingsvilkåra gjeld mellom nettselskapet og eigaren av det tilknytte elektriske anlegget frå og med det tidspunktet det elektriske anlegget første gong blir tilknytt, og deretter så lenge det elektriske anlegget er tilknytt nettet til nettselskapet.
Tilknytingsvilkåra gjeld både for eigarar av elektriske anlegg som har anlegg tilknytte nettet, og for dei som er nettkundar og brukarar av elektriske anlegg. Tilknytingsvilkåra er såleis ein del av denne nettavtalen.
Tilknytingsvilkåra er tilgjengelege på internettsidene til nettselskapet, og blir sende til nettkunden dersom kunden ber om det når nettavtalen blir inngått.
Plikter som eigarar og brukarar av elektriske anlegg har etter lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr med tilhøyrande forskrifter, gjeld på same måte som tilknytingsvilkår for nettkundar og anleggseigarar i samsvar med denne nettavtalen.
§ 4-2.2 Forstyrringar på nettet
Nettkundens bruk av nettet må ikkje vere til skade for, eller verke forstyrrande, skadeleg eller sjenerande for andre nettkundar eller for nettselskapet si drift av nettet.
All bruk av nettet frå nettkunden si side som fører til at det oppstår avvik frå krava til leveringskvalitet i nettselskapet sitt nett, jf. m.a. forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet, blir rekna som skadeleg eller forstyrrande bruk av nettet.
Nettselskapet kan leggje ned forbod mot bruk av nettet som medfører slike forstyrringar eller skadar. Forstyrrande bruk av nettet er eit vesentleg kontraktsbrot som kan føre til stenging av nettkundens anlegg, jf. §§ 7-1 til 7-4, eller § 8-1.
Nettkunden er ansvarleg for eventuelle økonomiske tap, mellom anna erstatningsansvar, som slike forstyrringar måtte påføre nettselskapet direkte, eller som nettselskapet blir ansvarleg for overfor andre nettkundar, jf. § 12-9.
Nettkunden skal, utan ugrunna opphald, varsle nettselskapet om hendingar i eige anlegg eller eige utstyr dersom hendingane kan føre til at nettselskapet får problem med å kunne oppfylle sine plikter i samsvar med forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Som hending i eige anlegg reknar ein også at eige anlegg er straumlaust, eller at det er andre feil ved leveringskvaliteten. Dersom nettkunden har late vere å varsle, kan det føre til bortfall eller lemping av nettselskapet sitt erstatningsansvar i samsvar med §§ 12-1 og 12-2, jf. § 12- 7, og/eller erstatningsansvar for nettkunden etter § 12-9.
§ 4-2.3 Bruk av elektrisk utstyr
Installasjon eller bruk av utstyr o.a. som krev effektuttak ut over det som er innmeldt til nettselskapet tidlegere, eller som kan medføre forstyrringar i nettdrifta på annan måte, skal førehandsmeldast og godkjennast av nettselskapet før det kan takast i bruk. Bruk utan førehandsmelding og godkjenning kan medføre erstatningsansvar for nettkunden i samsvar med § 12-9.
Nettselskapet kan leggje ned forbod mot installasjon og bruk av slikt utstyr inntil eventuelle nødvendige nettforsterkingar eller andre relevante tiltak i nettet er utførte, jf. § 5 om anleggsbidrag i tilknytingsvilkåra.
§ 4-2.4 Andre føresetnader
Dersom nettselskapet har kopla frå eit anlegg, kan ingen andre enn nettselskapet eller ein representant for nettselskapet kople til anlegget igjen, jf. også §§ 7-3 og 8.
Oppstår det tvil om forståinga av omgrep og uttrykk som er brukte i denne nettavtalen, skal definisjonane i definisjonslista som ligg ved denne nettavtalen, leggjast til grunn, dersom ikkje noko anna er sagt i denne nettavtalen eller går fram av samanhengen.
§ 4-3 Avgrensing i bruk av nettet
Nettselskapet kan mellombels avgrense uttaket eller kople frå anlegget til nettkunden dersom det er nødvendig av omsyn til ettersyn, vedlikehald og utvidingar av eige nett eller andre nettkundars anlegg, jf. § 8-2. Det same gjeld dersom tilstanden i kundens eige elektriske anlegg er slik at anlegget må koplast frå nettet, jf. § 8-1.
Dersom det planlagde arbeidet som skal utførast, fører til fråkopling eller avgrensing i uttaket, bør dette så langt det er mogleg, anten varslast direkte til nettkunden, eller på annan eigna måte, jf. § 8- 2.
Dersom nettselskapet som følgje av uventa hendingar eller offentlege pålegg ikkje kan overføre, eller berre kan overføre kraft i avgrensa utstrekning, bestemmer nettselskapet i samsvar med gjeldande lovverk eller offentlege vedtak korleis tilgjengeleg overføringskapasitet i slike tilfelle skal disponerast innanfor konsesjonsområdet. Jf. forskrift om systemansvaret i kraftsystemet av 7. mai 2002 nr. 448, og forskrift om planlegging og gjennomføring av rekvisisjon av kraft og tvangsmessige leveringsinnskrenkninger ved kraftrasjonering av 17. desember 2001 nr. 1421.
Avbrot, fråkopling eller avgrensing i kraftoverføringa som skjer i samsvar med denne føresegna, er ikkje kontraktsbrot og medfører ikkje erstatningsansvar for nettselskapet.
§ 5 MÅLING AV FORBRUK OG MÅLARAVLESING
§ 5-1 Installasjon og drift av måleutstyr
Nettselskapet avgjer kva for måleutstyr som skal brukast, eig måleutstyret og har ansvaret for installasjon, drift og kontroll av det. Dersom nettkunden installerer eige måleutstyr i tillegg til nettselskapet sitt utstyr, skjer dette for eiga rekning.
Nettkundens måleutstyr må ikkje plasserast slik at måleutstyret til nettselskapet kan bli påverka. Nettselskapet vil orientere om kvar kunden kan plassere eige måleutstyr.
Nettkunden pliktar til kvar tid å gi nettselskapet uhindra tilgang til måleutstyret. Ved målarstandkontroll har nettkunden ikkje krav på førehandsvarsling.
§ 5-2 Målaravlesing
Målaravlesing skal gjennomførast i samsvar med rutinane til nettselskapet og gjeldande forskrifter, jf. siste ledd.
Dersom det er installert måleutstyr på nettkundens anlegg som må lesast av på staden, pliktar nettkunden å lese av og innrapportere målarstanden til nettselskapet på den måten, til dei tidene og innanfor dei fristane som nettselskapet bestemmer.
Dersom nettkunden fleire gonger har late vere å rapportere inn målarstand, eller ikkje har gitt nettselskapet tilgang til målaren for avlesing eller kontrollavlesing, slik at nettselskapet ikkje kan oppfylle dei forskriftspålagde pliktene med tanke på å innhente måleverdiar, er det vesentleg kontraktsbrot, jf. §§ 7-1 og 7-2.
Målaren skal likeins lesast av og målarstanden rapporterast inn til nettselskapet når det er skifte av kraftleverandør, når kraftleveransen blir avslutta, og dessutan når nettkunden avsluttar nettleigeforholdet og seier opp nettavtalen, jf. § 11-1.
Dersom målaravlesinga frå nettkunden manglar, har nettselskapet rett til å fastsetje nettkundens uttak ut frå skjønn og fakturere nettkunden for eit stipulert uttak. Når nettselskapet mottek ein avlesen målarstand for ein seinare avrekningsperiode, korrigerer nettselskapet avrekninga i samsvar med avlese reelt uttak.
Elles skjer måling og avlesing av målaren i samsvar med §§ 3-3 og 3-5 i forskrift om måling, avregning mv. av 11. mars 1999 nr. 301.
§ 5-3 Kontroll av måleutstyr
Begge partar kan forlange at måleutstyret til nettselskapet blir kontrollert.
Som ein del av kontrollen med måleutstyr kontrollerer nettselskapet også utstyret rutinemessig for å slå fast om påståtte feil kan kome av jordfeil, feilkoplingar o.a. Den rutinemessige kontrollen omfattar ikkje kontroll i kundens eige anlegg. Kunden er sjølv ansvarleg for kontroll, ettersyn og vedlikehald av eige anlegg.
Blir det forlangt ytterlegare kontroll av utstyret, blir partane på førehand einige om ein nøytral instans som utfører kontrollen.
Den som forlanger å få måleutstyret kontrollert, skal dekkje kostnadene ved kontrollen.
Dersom kontrollen viser måleavvik større enn det som er tillate i samsvar med forskrift om krav til elektrisitetsmålarar av 25. juli 2002 nr. 972, skal nettselskapet koste kontrollen uansett kven som har forlangt kontrollen. Resultatet av målekontrollen skal gjerast tilgjengeleg for nettkunden.
§ 5-4 Feil ved måleutstyr
Partane skal, dersom det blir konstatert feil ved måleutstyr, straks melde frå om dette til den andre parten.
Dersom måleutstyret ved kontroll viser meir eller mindre enn det verkelege forbruket, eller viss måleutstyret ikkje har verka, kan nettselskapet stipulere forbruket dersom forbruket ikkje lèt seg berekne nøyaktig på annan måte. Stipuleringa skjer skjønnsmessig. Ved skjønnet legg ein til grunn det tidlegare normale forbruket ved anlegget i ein periode tilsvarande feilperioden, eller det blir gjort ei kontrollmåling av forbruket i ein tilsvarande periode. Dersom nettkunden kan sannsynleggjere at forbruket i den gjeldande feilperiode har vore lågare, eller om nettselskapet kan sannsynleggjere at forbruket har vore høgare enn tidlegare normalforbruk, skal ein ta omsyn til det i skjønnet.
Nettkunden blir etterrekna eller godskriven for nettleige som svarer til differansen mellom det skjønnsmessig antekne forbruk og det feilmålte forbruket for den perioden målarfeilen kan ettervisast. Dersom nettkunden er blitt avrekna for elektrisk kraft etter feilaktig måling på same måten som for nettleiga, skal nettselskapet godskrive nettkunden direkte for faktisk ikkje-levert kraft, eller krevje tilleggsbetalt direkte frå nettkunden for faktisk levert elektrisk kraft.
Nettselskapet sin rett og plikt til korrigeringsavrekning om kraft ved feil ved målarutstyret gjeld utan omsyn til om nettkunden har hatt ein annan (andre) kraftleverandør(ar) i feilperioden.
Kraftleverandøren si yting er finansiell og blir derfor ikkje påverka av målefeilen. Ved berekning av det beløpet som nettselskapet skal godskrive kunden eller krevje tilleggsbetaling for, skal nettselskapet sin pris for nettap i feilperioden brukast, dersom ikkje kunden kan dokumentere at han har hatt avtale om ein høgare eller lågare pris med kraftleverandøren (-leverandørane) sin(e) i feilperioden. Dersom kunden innan to veker etter at han har fått melding om feilen, kan godtgjere at
han har hatt ein høgare eller lågare kraftpris i feilperioden enn oppgitt tapspris, skal nettselskapet bruke denne til å berekne godskrivingsbeløpet eller tilleggsbetalingsbeløpet.
Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling for nettleige og elektrisk kraft ved feil ved målarutstyr skal skje for den tida feilen kan ettervisast, likevel ikkje ut over tre år, jf. lov om foreldelse av fordringer av 18. mai 1979 nr. 18, med mindre tilleggsfrist kan krevjast etter same lov. Slikt oppgjer skal normalt utførast snarast mogleg etter at feilen er dokumentert og berekna økonomisk.
§ 5-5 Meirforbruk som følgje av feil i nettkundens anlegg
Nettkunden svarer for feil og manglar i det anlegget nettkunden bruker.
Dersom ein feil ved nettkundens anlegg gjer at måleutstyret på anlegget har registrert eit forbruk som nettkunden ikkje har kunna nytte (meirforbruk), må nettkunden også betale for dette meirforbruket.
Det same gjeld dersom det registrerte meirforbruket er forårsaka av samanverkande feil i anlegga til kunden og ein annan kunde.
Ved samtidige feil i anlegga til nettselskapet og nettkunden – feil som har ført til at meirforbruket i nettkundens anlegg har blitt større enn det ville blitt utan feilen i nettselskapet sitt anlegg, skal nettkundens betaling for meirforbruket reduserast skjønnsmessig i samsvar med den faktiske innverknaden nettfeilen har hatt på det målte meirforbruket i nettkundens anlegg.
Samtidige feil i anlegga til nettselskapet og nettkunden – feil som ikkje kan ha påverka meirforbruket i nettkundens anlegg, reduserer ikkje nettkundens betalingsplikt for meirforbruket.
§ 5-6 Varslingsplikt
Oppdagar ein av partane feil ved målinga, eller har mistanke om feil, dvs. mistanke om meir- eller mindreforbruk, pliktar han utan ugrunna opphald å varsle den andre parten.
§ 6 AVREKNING, PRIS- OG BETALINGSVILKÅR
§ 6-1 Betalingsplikt, berekning og betaling av nettleige
Nettkunden har betalingsplikt for jamlege nettenester i samsvar med dei tariffane som til kvar tid er gjeldande i selskapet, med tillegg av dei satsane som til kvar tid gjeld for offentlege avgifter og liknande som nettselskapet blir pålagt å krevje inn, og normalt etter faktisk målt forbruk i perioden. Nettkundar som etter forskriftene til avgiftsmyndigheitene er fritekne for avgifter, må i tvilstilfelle dokumentere overfor nettselskapet at dei har rett til avgiftsfritaket. Dersom nettselskapet skulle bli etterrekna av avgiftsmyndigheitene for avgifter som kundar feilaktig er blitt fritekne for, skal vedkomande kunde (kundar) refundere det aktuelle avgiftsbeløpet til nettselskapet.
Dei måleverdiane som blir avlesne av måleutstyret til nettselskapet, er grunnlag for berekning av nettleige og energiforbruk/energiflyt i målepunktet. Dersom måleverdiar manglar, kan nettselskapet fakturere etter stipulerte måleverdiar. Korreksjon for avvik på grunn av stipulering skjer ved første fakturering etter at nettselskapet har motteke ny avlesen målarstand.
Fakturering skjer i samsvar med faktureringsrutinane til nettselskapet, og faktura forfell til betaling i samsvar med føresegnene i tariffheftet til nettselskapet og det som blir oppgitt på fakturaen, eller i samsvar med det som er særskilt bestemt for kvart enkelt kundeforhold.
Forseinkingsrente kjem på i samsvar med forseinkingsrentelova av 17. desember 1979 nr. 100, og blir rekna frå den oppgitte betalingsfristen på fakturaen.
§ 6-2 Endring i betalingsvilkår og nettariffar
Nettselskapet kan endre betalingsvilkåra med 14 dagars varsel. Endringar blir kunngjorde ved direkte melding til nettkundane eller på annan eigna måte. For enkeltkundar kan betalingsvilkåret endrast med straksverknad dersom dette skjer med tanke på kredittsikring i avtaleperioden, jf. § 2-3.
Nettselskapet skal informere nettkunden om eventuelle endringar i tariffane i løpet av året. Informasjonen skal givast i rimeleg tid før nye tariffar trer i kraft.
§ 6-3 Avrekningsfeil
Med avrekningsfeil forstår ein alle slags feil som ikkje blir regulerte av § 5-4. Dersom det blir oppdaga avrekningsfeil eller andre feil knytte til måledata, skal kvar av partane straks melde frå om dette til den andre parten.
Ved avrekningsfeil som gjeld periodar der avrekninga for nettleiga alt er utført, skal nettselskapet godskrive nettkunden for nettleige, eller krevje tilleggsbetalt for nettleige, for alle typar avrekningsfeil.
Nettkunden blir etterrekna eller godskriven for nettleige som svarer til differansen mellom korrekt avrekna forbruk og det feilaktig avrekna forbruket for heile perioden då feilavrekninga har skjedd.
Dersom nettkunden er blitt avrekna for elektrisk kraft feilaktig på same måten som for nettleiga, skal nettselskapet godskrive nettkunden direkte for faktisk ikkje-levert kraft, eller krevje tilleggsbetalt direkte frå nettkunden for faktisk levert elektrisk kraft.
Retten og plikta nettselskapet har til å korrigere avrekningsfeil om elektrisk kraft, gjeld utan omsyn til om nettkunden har hatt ein annan (andre) kraftleverandør(ar) i feilperioden. Når nettselskapet skal berekne det beløpet som selskapet skal godskrive kunden, eller få tilleggsbetalt for, skal selskapet sin pris for nettap i feilperioden brukast, dersom ikkje kunden kan dokumentere at han har hatt avtale om ein høgare eller lågare pris med sin(e) kraftleverandør(ar) i feilperioden. Dersom kunden innan to veker etter at han har fått melding om feilen, kan godtgjere at han har hatt ein høgare eller lågare kraftpris i feilperioden enn oppgitt tapspris, skal denne brukast når nettselskapet reknar ut godskrivingsbeløpet eller tilleggsbetalingsbeløpet.
Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling for nettleige og elektrisk kraft ved avrekningsfeil skal skje for den tida feilen kan ettervisast, men likevel ikkje ut over tre år, jf. lov om foreldelse av fordringer av 18. mai 1979 nr. 18, dersom ikkje tilleggsfrist kan krevjast etter lova. Slikt oppgjer skal normalt utførast snarast mogleg etter at feilen er dokumentert og utrekna økonomisk.
§ 7 STENGING AV NETTKUNDENS ANLEGG
§ 7-1 Vilkår for stenging
Nettselskapet kan stenge nettkundens anlegg for uttak av elektrisk kraft dersom nettkunden er skuld i vesentleg kontraktsbrot. Som vesentleg kontraktsbrot reknar ein mellom anna at nettkunden ikkje betaler skyldig nettleige innan betalingsfristen, at nettkunden lèt vere å stille sikkerheit for betalingsforpliktinga når sikkerheitsstilling blir kravd, jf. § 2-3, at nettkunden bruker nettet slik at det valdar skade eller verkar forstyrrande for andre nettkundar eller drifta til nettselskapet, jf. § 4-2.2,
eller at nettkunden mislegheld si plikt til å lese av og sende inn målarresultat og lèt vere å medverke til at nettselskapet får tilgang til målar for avlesing osv., jf. § 5-2, andre ledd.
Dersom nettselskapet også leverer kraft til nettkunden, vil betalingsmisleghald om kraftleveransen også utløyse stenging.
Stenging av eit anlegg fritek ikkje nettkunden for å betale dei faste kostnadene i nettariffen, leige av målar o.a. i den tida anlegget blir halde stengt på grunn av kontraktsbrotet.
§ 7-2 Prosedyrar for stenging
Før stenging kan skje, skal nettselskapet sende eit skriftleg stengevarsel til kundens oppgitte kontaktadresse, jf. § 3.
Av stengevarsel i samband med betalingsmisleghald skal det gå fram:
- at nettkunden kan unngå stenging ved å betale innan 14 dagar
- at nettkunden må betale kostnader som oppstår når nettet skal opnast etter eventuell stenging
Av stengevarsel i samband med misleghald av plikt til å stille sikkerheit skal det gå fram:
- at nettkunden for å unngå stenging innan 7 dagar må stille sikkerheit for betalingsforpliktinga i samsvar med det kravet nettselskapet har sett fram, jf. § 2-3.
- at nettkunden må betale kostnader som oppstår ved stenging og gjenopning
Av stengevarsel i samband med bruk nettet slik at det valdar skade eller verkar forstyrrande for andre nettkundar eller drifta til nettselskapet, jf. § 4-2.2, skal det gå fram:
- at nettkunden for å unngå stenging innan 7 dagar må avstå frå den bruken av nettet som valdar skade eller verkar forstyrrande for andre nettkundar eller drifta til nettselskapet, jf. § 4-2.2
- at nettkunden må betale kostnader som oppstår ved stenging og gjenopning
Av stengevarsel i samband med at nettkunden fleire gonger har late vere å lese av og rapportere måleverdiar, og har late vere å medverke til å gi nettselskapet tilgang til målar for avlesing, skal det gå fram:
- at nettkunden for å unngå stenging innan 7 dagar må medverke til at nettselskapet får tilgang til målaren for avlesing, jf. § 5-2
- at nettkunden må betale kostnader som oppstår ved stenging og gjenopning Av stengevarsel i samband med andre vesentleg kontraktsbrot skal det gå fram:
- at nettkunden for å unngå stenging innan 7 dagar må få avslutta det nærmare beskrivne kontraktsbrotet
- at nettkunden må betale kostnader som kjem ved stenging og gjenopning
§ 7-3 Gjenopning av stengt anlegg og sikkerheitsstilling for nettleige
Dersom nettselskapet har stengt eit anlegg, kan ingen andre enn nettselskapet eller representanten for selskapet kople til anlegget igjen, jf. § 4-2.4, første ledd.
Eit anlegg som er rettmessig stengt på grunn av betalingsmisleghald, blir ikkje gjenopna før all gjeld til nettselskapet og kostnader i samband med stenging og gjenopning er betalte. Dersom det er
sannsynleg at det blir betalingsmisleghald også framover, kan nettselskapet som vilkår for gjenopning i tillegg krevje at nettkunden stiller sikkerheit for framtidig rettidig betaling.
Eit anlegg som er rettmessig stengt på grunn av andre kontraktsbrot, vil ikkje bli gjenopna før dette kontraktsbrotet er retta ved at denne kontraktsføresegna er oppfylt.
§ 7-4 Erstatningsansvar ved rettmessig stenging
Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skadar eller tap av noko slag som kan oppstå hos ein nettkunde eller nettkundens kundar som følgje av ei rettmessig stenging.
§ 8 FRÅKOPLING OG TILKOPLING AV ANLEGGET
Fråkopling og tilkopling kan berre utførast av nettselskapet eller ein representant for selskapet. Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skade eller tap ved frå- eller tilkoplingar som er heimla i denne avtalen.
§ 8-1 Fråkopling utan førehandsvarsel
Nettselskapet og Det lokale eltilsynet (DLE) kan kople frå anlegget utan førehandsvarsel dersom:
- nettkundens elektriske anlegg blir rekna som farleg
- nettkundens elektriske anlegg treng utbetring straks
- vidare bruk av nettkundens elektriske anlegg kan føre til alvorleg skade eller ulemper for nettkunden, nettselskapet eller andre.
Etter at nettselskapet har kopla frå anlegget som nemnt ovanfor, skal nettselskapet varsle nettkunden snarast, og orientere nettkunden nærmare om kva forhold som er grunn til fråkoplinga, og at det som vilkår for gjeninnkopling blir kravd ferdigmelding frå autorisert elektroentreprenør som viser at det aktuelle forholdet ved anlegget til kunden er sett i forskriftsmessig stand.
Nettselskapet er ikkje ansvarleg for tap som nettkunden eller nettkundens kundar lir som følgje av fråkopling av elektriske anlegg etter denne føresegna.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) / Det lokale eltilsynet (DLE) kan med heimel i forskrift fastsett av Produkt- og Elektrisitetstilsynet den 6. november 1998 nr. 1060 gjere vedtak om å kople ut eit forskriftsstridig anlegg dersom nettkunden ikkje har følgt opp pålegg om utbetring av manglar ved installasjonen til fastsett tid, eller dersom det ikkje blir brukt godkjende apparat.
§ 8-2 Fråkopling etter førehandsvarsel
Nettselskapet kan kople frå anlegget etter førehandsvarsel dersom fråkoplinga er nødvendig av omsyn til ettersyn, vedlikehald eller utviding av det elektriske anlegget til nettselskapet eller andre nettkundar.
Nettselskapet skal, så langt det er mogleg, varsle nettkunden direkte eller på annan eigna måte om fråkoplinga. I den grad det er mogleg, skal ein prøve å leggje fråkoplinga til tider som er til minst ulempe for nettkunden.
Varsel om fråkopling medfører inga plikt for nettselskapet til å kople frå anlegget i heile eller delar av det varsla tidsrommet. Nettkunden skal rekne nettet som straumførande i heile det varsla tidsrommet.
§ 9 INKASSO
Dersom betalingsplikta blir misleghalden, blir inkasso iverksett i samsvar med inkassolova av 13. mai 1988 nr. 26, før eventuell rettsleg pågang.
§ 10 NETTKUNDENS KONKURS
Ved konkursopning hos nettkunden skal konkursbuet, utan ugrunna opphald, ta stilling til og straks varsle nettselskapet om konkursbuet bruker den lovbestemte retten buet har til å tre inn i konkursdebitors nettavtale med nettselskapet, jf. § 7-3, 1. ledd, siste punktum i dekningslova av 8. juni 1984.
Dersom nettselskapet ikkje mottek eit slikt varsel om at konkursbuet trer inn i nettavtalen, blir bustyraren varsla om at nettselskapet straks vil kople det elektriske anlegget frå nettet som eit kundelaust anlegg.
Alternativt til å tre inn i konkursdebitors nettavtale kan konkursbuet teikne ein ny nettavtale. Så vel panthavarar i konkursbuet som konkursbuet sjølv kan krevje å inngå ny nettavtale med nettselskapet. Desse kan i likskap med andre nye nettkundar motsetje seg eit krav frå nettselskapet om å dekkje konkursdebitors gjeld som vilkår for å inngå nettavtale. Tilsvarande gjeld i den grad nettselskapet også leverer kraft etter reglane om leveringsplikt.
Målarstanden per konkursopningstidspunktet er sluttstanden ved berekninga av det dividendekravet nettselskapet skal melde i konkursbuet. Nettleige etter konkursopninga, både dersom konkursbuet har tredd inn i nettavtalen, og dersom buet har teikna ny nettavtale, skal betalast fullt ut av konkursbuet, jf. dekningslova § 7-4, siste ledd. Det same gjeld for elektrisk kraft dersom konkursbuet har nettselskapet som kraftleverandør.
Det kan krevjast sikkerheit for rettidig betaling frå panthavar/konkursbu i samsvar med føresegnene i
§ 2-3, jf. dekningslova § 7-5.
§ 11 OPPSEIING AV NETTAVTALE
§ 11-1 Oppseiing
Dersom nettkunden legg ned eller flytter verksemda, eller blir avskoren frå å bruke nettet, skal nettkunden seie opp nettavtalen med 14 dagars varsel. I samband med oppseiing pliktar nettkunden å gi nettselskapet melding om tilkomstmoglegheiter for å lese av målar og for eventuelt å kople frå anlegget.
Dersom nettavtalen ikkje er oppsagd, er nettkunden ansvarleg for nettleiga inntil nettselskapet får lese av målaren eller har inngått ny nettavtale med ein annan nettkunde. Dersom nettselskapet også leverer kraft etter reglane om leveringsplikt, gjeld tilsvarande for kraftleveringa.
§ 11-2 Avrekning ved oppseiing
Forbruket til nettkunden blir avrekna fram til oppseiingsfristen går ut, eller, dersom nettkunden har forsømt å seie opp nettavtalen, jf. § 11-1, andre ledd, til det ligg føre ei målaravlesing.
§ 12 ANSVARSFORHOLD
§ 12-1 Nettselskapet sitt erstatningsansvar for direkte skadar og tap
Nettselskapet er ansvarleg for direkte skadar og tap på det elektriske anlegget og/eller dei elektriske apparata og utstyret til nettkunden eller anleggseigaren, når skaden eller tapet kjem som følgje av feil eller manglar ved nettytinga, og feilen eller mangelen ved nettytinga kjem av aktløyse frå nettselskapet si side.
§ 12-2 Indirekte skadar og tap (følgjeskadar)
Nettselskapet er ikkje ansvarleg for indirekte skadar og tap som blir påførte anleggseigaren eller nettkunden, dersom ikkje skadane og tapa er valda ved grov aktløyse frå nettselskapet si side.
Som indirekte skade og tap (følgjeskadar) reknar ein:
- tap som følgje av minska eller bortfallen produksjon eller omsetning (driftsavbrot)
- tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir riktig oppfylt
- tap som kundane til anleggseigaren eller nettkunden har lide
- tap som følgje av skade på anna enn dei elektriske anlegga til anleggseigar eller nettkunde, på apparat eller anna enn gjenstandar som har nær og direkte samanheng med anlegget eller det apparata er meinte å brukast til
- tap som følgje av skadar på bygningar o.a.
§ 12-3 Leveringskvalitet
Dersom ikkje anna er særskilt avtala mellom partane, skal leveransen tilfredsstille krava i forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet av 30. november 2004 nr. 1557.
§ 12-4 Reklamasjon
Nettkunden taper sin rett til å gjere gjeldande skade og tap som kjem av feil eller manglar ved leveransen, dersom ikkje nettkunden innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga skaden eller tapet, reklamerer overfor nettselskapet.
§ 12-5 Oppretting av feil
Nettselskapet har rett og plikt til å rette opp manglar ved leveringskvaliteten utan kostnad for nettkunden innan rimeleg tid etter at nettkunden har varsla nettselskapet. Ei slik utbetring hindrar ikkje kundens eventuelle rett til erstatning for skade og tap han har lide etter §§ 12-1 og 12-2.
Føresegna i første ledd gjeld ikkje dersom manglane ved leveringskvaliteten kjem av nettkundens eige forhold, jf. §§ 4-2.1 eller 4-2.2. Dersom manglar ved leveringskvaliteten kjem av nettkundens eige forhold, må nettkunden anten betale anleggsbidrag for nødvendig nettforsterking, jf. § 5 i tilknytingsvilkåra, eller avstå frå slik bruk av nettet som har ført til manglane ved leveringskvaliteten.
§ 12-6 Prisavslag
Nettkunden har rett til å krevje prisavslag for mangelfull yting, dersom mangelen ikkje blir retta opp etter føresegna i § 12-5, første ledd. Prisavslag kan kome i tillegg til eventuell erstatning.
Dersom den mangelfulle ytinga kjem av forhold som dei som er nemnde i føresegna i § 12-5, andre ledd, har nettkunden ikkje krav på prisavslag for mangelfull yting eller erstatning for lide tap.
§ 12-7 Nettkundens medverknad og tapsavgrensingsplikt
Dersom nettkunden har medverka til skaden, mangelen eller tapet ved eiga skyld, kan ansvaret til nettselskapet setjast ned eller falle bort, jf. § 5-1 i skadeserstatningslova av 13. juni 1969.
Ein nettkunde som er avhengig av betre leveringskvalitet enn det nettselskapet er forplikta til i samsvar med leveringskvalitetsforskrifta, eller ein nettkunde som bruker elektriske anlegg i lokale eller liknande der det ikkje jamleg er personar til stades, pliktar sjølv å ha eller setje i verk eigna sikkerheitstiltak og/eller varslingssystem som kan avverje skadar og tap ved hendingar i nettet til nettselskapet.
Dersom nettkunden lèt vere å ha eigne eigna sikkerheitstiltak eller relevante varslingssystem, kan eventuell erstatning i samsvar med §§ 12-1 og 12-2 setjast ned, eller falle heilt bort, tilsvarande det beløpet eit eigna sikkerheitstiltak eller eit relevant varslingssystem ville ha redusert omfanget av skaden eller tapet med.
Nettselskapet er under ingen omstende ansvarleg for skadar og tap i samsvar med §§ 12-1 og 12-2 dersom nettkunden ikkje har sikra apparat og utstyr med vern eller andre tiltak for dei påkjenningane som apparata eller utstyret må påreknast å kunne bli utsette for, jf. for eksempel krav i forskrift om elektriske lavspenningsanlegg av 6. november 1998 nr. 1060 og NEK 400.
Det same gjeld for skadar på elektriske apparat og utstyr som ikkje toler dei påkjenningane som apparata og utstyret må påreknast å kunne bli utsette for etter det som er godkjend leveringskvalitet ifølgje leveringskvalitetsforskrifta.
Det same gjeld for skadar på elektriske apparat og utstyr som blir brukte i eit miljø eller under klimatiske forhold dei ikkje er berekna for, ifølgje spesifikasjonane for apparata eller utstyret.
§ 12-8 Personskade
Ansvar for personskade blir ikkje regulert av denne nettavtalen. Sjå dei allmenne erstatningsreglane.
§ 12-9 Nettkundens erstatningsansvar
Nettkunden er i samsvar med allmenne erstatningsreglar ansvarleg for det tapet hans bruk av nettet eller hans anlegg som er tilknytt nettet, påfører nettselskapet eller dei andre kundane i nettselskapet, jf. § 4-2.2 og 4-2.3.
Dersom nettselskapet blir erstatningsansvarleg overfor nettkundar for skadar og tap som følgje av manglande leveringskvalitet, og manglane ved leveringskvaliteten kjem av at ein nettkunde har valda forstyrringar på nettet i strid med føresetnadene for nettavtalen, jf. § 4-2.2, har nettselskapet krav på refusjon av det utbetalte erstatningsbeløpet frå den nettkunden som har valda dei erstatningsutløysande forstyrringane på nettet.
Nettkundar som lèt vere å varsle nettselskapet om hendingar i eigne anlegg eller utstyr i samsvar med § 2-2 i forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet, som medfører at nettselskapet må setje i verk tiltak overfor andre kundar, er erstatningsansvarlege for nettselskapet sine kostnader med tiltaka.
§ 13 TEIEPLIKT
Nettselskapet skal ikkje levere ut personopplysningar som vedkjem nettkunden, til utanforståande, bortsett frå når utlevering av slike opplysningar skjer:
a) med samtykke frå den opplysninga gjeld
b) med heimel i lov, eller i forskrift gitt med heimel i lov, eller
c) som ledd i betalingsinnkrevjing o.a. der det er saklege grunnar.
Nettselskapet skal likeins teie om alle forhold selskapet blir kjent med av teknisk eller økonomisk art som vedkjem nettkunden og verksemda hans.
Teieplikta er likevel ikkje til hinder for at nettselskapet på spørsmål kan informere tredjemann om at eit anlegg vil bli eller er utan straum, dersom dette kan medføre skade, økonomisk tap eller ulempe for tredjemann.
§ 14 ENDRINGAR I NETTAVTALEN
Eventuelle endringar av innhaldet i denne nettavtalen vil bli kunngjorde med 14 dagars varsel som direkte melding til nettkunden eller på annan eigna måte.
§ 15 TVISTAR
Ved usemje mellom partane om tariffar og andre overføringsvilkår er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kontrollmyndigheit og har myndigheit til å gi pålegg innanfor visse rammer som er fastsette i lov og forskrifter.
Tvistar i samband med nettavtalen elles skal takast inn for domstolane, dersom ikkje partane i kvart enkelt tilfelle er einige om å løyse tvisten ved skilsdom og inngår avtale om det.
Definisjonar for nettavtale og tilknytingsvilkår for næringsdrivande kundar o.a.
Anleggsadresse Adressa til den staden der anlegg med målepunkt er.
Anleggsbidrag Berekna investeringstilskot ved tilknyting av ein ny kunde eller ved
forsterking av nettet til ein eksisterande kunde.
Anleggsbrukar Den juridiske eininga (selskapet eller den fysiske personen) som
bruker ein eigedom med elektriske installasjonar som er tilknytte nettet til nettselskapet.
Anleggseigar Den juridiske eininga (selskap eller fysisk person) som eig ein eigedom med elektriske installasjonar som er tilknytte nettet til nettselskapet.
Anleggseigar og Anleggsbrukar kan vere same juridiske eininga, eller forskjellige juridiske einingar.
Distribusjonsnett Overføringsnett med nominell spenning opp til og med 22 kV, dersom ikkje anna er bestemt.
Eigedom Alle eigedommar med elektriske installasjonar som er tilknytte eller skal tilknytast nettet til nettselskapet. Som eigedom reknar ein òg eksempelvis ei bustadblokk eller eit rekkjehus. Den juridiske organiseringa av eigedommen har ingen ting å seie, og ei bustadblokk kan eksempelvis betraktast som éin eigedom i denne samanhengen, uavhengig av talet på leilegheiter.
Elektrisk anlegg Xxxxxxxx nemning på alle slags anlegg for produksjon, omforming,
overføring, distribusjon og forbruk av elektrisk kraft. Nettkundens elektriske anlegg er den elektriske installasjonen som Anleggseigaren eig og Anleggsbrukaren bruker.
Fordelingsanlegg/-nett Høgspennings- eller lågspenningsnett som nettselskap byggjer i
samsvar med offentleg områdekonsesjon.
Fråkopling Fråkopling omfattar fråkopling av installasjon ved hjelp av eit fysisk inngrep, bruk av verktøy og liknande og/eller utkopling av ein installasjon ved hjelp av brytar, sikring eller eit anna beteningsorgan.
Installasjonseigar/-brukar Sjå Anleggseigar og Anleggsbrukar.
Kraftleverandør Verksemd som omset elektrisk energi til sluttbrukar, og som har
omsetningskonsesjon. Som sluttbrukarar reknar ein kjøparar av elektrisk energi som ikkje sel denne vidare.
Målepunkt/Målepunkt-ID Det punktet i nettet der målaren er plassert. Målepunktet er
vanlegvis det same punktet som tilknytingspunktet dersom ikkje anna er særskilt avtala. Kvart målepunkt er gjerne definert ved ein unik målepunkt-ID.
Nettenester/Nettverksemd Verksemd/tenester som blir gitt av nettselskap.
Nettkunde Juridisk eining som bruker eit elektrisk anlegg som er tilknytt anlegget til eit nettselskap. Nettkundane i denne avtalen er alle andre einingar
enn dei som er forbrukarar i samsvar med definisjonen av forbrukar i forbrukarkjøpslova.
Nettleige Alle prisar og anna økonomisk godtgjering (tariffar) som nettselskapet fastset for tilknyting til og bruk av elektriske nettanlegg.
Nettavtale Med nettavtale meiner ein det fullstendige avtaleverket mellom nettkunden og nettselskapet, mellom anna denne avtalen og gjeldande nettleigetariffar.
Nettselskap Eining som eig overføringsnett eller har ansvar for nettverksemd. Det
blir kravd offentlege løyve (konsesjonar) for å drive nettverksemd.
Regionalnett Overføringsnett med nominell spenning meir enn 22 kV, dersom ikkje
xxxx er bestemt.
Stenging Eit fysisk tiltak som blir utført av nettselskapet, og som tek sikte på å hindre at det blir teke ut elektrisk kraft før stengegrunnen er fjerna.
Stikkleidning Ein leidning, luftleidning eller kabel, frå netteigars fordelingsanlegg til
anleggseigars/brukars anlegg. Stikkleidningar er ein del av nettet.
Tariffar Sjå Nettleige.
Tilknytingsgebyr Generelt gebyr ved tilknyting av nytt anlegg.
Tilknytingspunkt Det punktet som markerer skiljet mellom nettet til nettselskapet og
anlegget til nettkunden.