Utbyggingsavtale
Utbyggingsavtale
Utbygger: Majo Eigedom bustadområde planID 1263-201409
1. Parter
Xxxx Xxxxxxx AS, heretter kalt ME Xxxxxxxxxxx 000
5916 ISDALSTØ
Org nr. 986 462 929
Alver kommune, heretter kalt AK Kvernhusmyrane 41
5914 ISDALSTØ
Org nr: 920 290 922
2. Geografisk område
Avtalen gjeld utbygging av VA-anlegg for gnr 196 bnr 30 m.fl., innanfor detaljreguleringsplan for Hillesvåg bustadområde planID 1263-201409 vedtatt 21.06.2018.
3. Heimel
Utbyggingsavtalen inngås med heimel i plan- og bygningsloven kapittel 17 om utbyggingsavtaler og kommunens føreseielegheitsvedtak for bruk av utbyggingsavtalar i Alver kommune vedteke av kommunestyret i sak 059/2021 den 06.05.21.
4. Bakgrunn
Utbyggingsavtalens føremål er å avklare partanes ansvar for opparbeiding og finansiering av kommunalt VA- anlegg. ME skal stå for prosjektering og bygging av VA anlegg frå avslutta anlegg i eksisterande fortau i sør og vidare i nytt fortau fram til kum ved avkøyrsle til dagens bruksnr 21 og 31 og derifrå inntil dei 10 bueiningane, samt kostnaden med dette.
Vidare skal ME stå som byggherre for anlegget som skal vere offentleg frå eksisterande anlegg i veg i sør og fram til avkøyrsel til dei 10 planlagte bueiningane.
VA-anlegget skal byggast ut i større dimensjon enn naudsynt for Hillesvåg bustadområde. AK skal vere med å dekke dimensjonsauke på leidning, samt VA kummer, pumpeleidning, avløp og vil difor gå inn med eit anleggsbidrag tilsvarande kostnaden for ønska kommunal dimensjon på anlegget.
AK overtek eigarskap til det kommunale VA- anlegget når det er fullført og formelt overteke.
5. Partanes representantar og samhandling
Prosjektansvarleg hos ME AS er Xxxxxx Xxxxxxxx som har fullmakt til å opptre på vegne av ME i dialog med AK om gjennomføring av denne avtala.
Prosjektansvarleg i AK er Xxxx Xxxxxx.
Kontaktperson for avtalen i AK er Xxxxxxxx Xxxxxxx Xxxxxxxx.
Henvendelser om gjennomføring av denne avtalen skal skje til partanes representantar, og skal svarast ut utan ugrunna opphald.
6. Utbyggar sine plikter etter avtalen
6.1 Tiltak omfatta av avtalen
ME opparbeider VA-anlegg iht pkt 4. VA-anlegget skal vere i samsvar med godkjent teknisk plan av 15.05.2019 og byggeløyve av 01.04.2020.
Teikningar av anlegget ligg som vedlegg til denne avtala.
7. Forholdet til offentlege myndigheiter, kabel- og leidningseigarar og naboar
ME er ansvarleg for å innhente alle naudsynte løyver frå offentlege myndigheiter, varsle naboar og inngå naudsynte avtalar med grunneigarar.
ME plikter å koordinere prosjekterings- og gjennomføringsarbeidet med både offentlege og private kabel- og leidningseigarar
8.Krav til kompetanse og utføring
ME er ansvarleg for at VA- anlegger er bygd i henhald til krav i VA- Norm og krav i pbl.
9. Overtaking
9.1 Overtakelsesforretning
ME skal innkalle AK til overtakelsesforretning.
Overtakelse skal skje samla for alle tiltaka som er omfatta av denne avtalen, med mindre det er avtalt overtakelse for enkelttiltak. Ved overtakelsesforretning skal ME legge fram oversikt over eventuelle mangler som vart notert ved ferdigsynfaring med ME’s entreprenør, med angivelse av hvilke som er utbetra.
ME og AK skal ved overtakelsesforretning i fellesskap gjennomføre ei aktsom synfaring av tiltaka. Det leggjast til grunn at AK har gjennomgått mottatte FDV-dokumenter.
ME skal levere forvaltnings-drifts- og vedlikeholdsdokumentasjon (FDV- dokumentasjon) til AK før overtakelsesforretning. Dersom ikke annet er avtalt skal dokumentasjonen overleveres i elektronisk format. ME skal levere sluttdokumentasjon som følgjer av VA-norm kap 3.9
9.3 Protokoll for overtakelse av AK fra ME
Det skal føres eigen protokoll fra overtakelsesforretningen i forhold til overtakelse fra ME til AK, som skal angi;
a)Kven som er til stede
b)Xxxxxxx som måtte påvisast, og om partane er ueinige om dette
c)Frist for utbetring av påviste manglar og tidspunkt for eventuell ferdigsynfaring
d)Om tiltak overtas eller nektes overtatt
AK kan nekte å overta tiltaka dersom det er påvist manglar, dvs uavhengig av om det ligg føre rett for ME til å nekte overtakelse frå entreprenør.
AK kan også nekte å overta dersom kommunen ikkje har mottatt dokumentasjon som beskriven i pkt. 9.2
Protokollen undertegnes av de partane som har vore til stades i to eksemplar, eitt til ME og eitt til AK.
Ved overtakelse inntrer følgjande verknadar; a)Eigedomsretten til tiltaka går over fra ME til AK b)AK får rett til å ta tiltaket i bruk
c)Risiko for tiltaket går over fra ME til AK d)Reklamasjonsfristen i pkt. 12.1 byrjar å løpe.
10. Kostnadar og kostnadsfordeling
10.1 Kommunalt anleggsbidrag
Alver kommune skal yte eit anleggsbidrag med kr 923 945,- eks. mva som tilsvarer kostnader med det kommunale VA- anlegget jfr. pkt. 4. Oversikt over berekning av kostnadar følgjer av vedlegg 4.
Anleggsbidraget skal ytas som eit kontantbidrag.
Kontantbidraget skal betalast inn når denne avtalen er signert av begge partar.
ME sender faktura for avtalebeløpet til AK med betalingsfrist på minimum 30 dagar.
11. Merverdiavgift
Partene kan inngå ei eigen momsavtale slik at ME får redusert si momsbelastning med utbygging av offentleg VA- anlegg som AK skal overta.
Utkast til merverdiavgiftsavtale som også omfattar AK’s administrasjonsgebyr er vedlagt denne avtalen, jr. vedlegg 5. Signert utkast skal erstatta utkastet som vedlegg når endeleg avtale ligg føre.
12. Mislighold
12.1. Reklamasjonsfrist
AK plikter å varsle ME innan rimeleg tid, dersom det viser seg feil eller manglar ved tiltaka etter overtakelsen.
Det ligg føre ein mangel dersom tiltak ikkje er utført i samsvar med utbyggingsavtalen, og som AK ikkje har oppdaga eller burde ha oppdaga under overtakelsesforretninga.
Reklamasjon kan ikkje framsettes seinare enn 5 år etter overtakelsen.
12.2 Erstatning
Dersom ein part misleghaldar sine plikter etter avtalen, kan den andre part krevje erstatning for direkte økonomisk tap som parten påførast som følgje av misleghaldet. Partane har plikt til å begrense eventuelle tap. Erstatning for indirekte tap kan ikkje krevjast.
12.3. Reklamasjonsbefaring
ME kallar inn til reklamasjonssynfaring 1 år etter overtakelse
13. Avtalens varigheit
Denne avtalen gjelder til begge parter har oppfylt sine plikter i henhold til avtalen.
14. Ikrafttredelse- vedtak av kompetent myndighet
Denne avtalen trer i kraft når den er godkjent av kommunedirektøren.
15. Transport av avtalen
ME kan ikkje videretransportere denne avtalen utan skriftleg samtykke frå AK. AK kan ikkje nekte videretransport utan sakleg grunn.
16. Tvister
17. Eksemplar
Denne avtalen undertegnes i 2 likelydende originaleksemplarer, eitt til kvar av partane.
18. Vedlegg
1. Sak 059/2021- føreseielegheitsvedtak for bruk av utbyggingsavtalar
2. Teikning av anlegget
3. VA- norm frå Alver kommune
4. Kostnadsoverslag kommunalt VA- anlegg
5. Utkast merverdiavgiftsavtale
6. Firmaattest
19. Signatur
Sted / dato Xxxx Xxxxxxx AS
Sted / dato Alver kommune