AVTALE OM DRIFT AV HOPPANLEGG VED SOGN SKISENTER
AVTALE OM DRIFT AV HOPPANLEGG VED SOGN SKISENTER
1. Avtalepartar
Det er inngått avtale mellom anleggseigar Hafslo idrettslag (heretter: idrettslaget), org nr
975 772 713 og ansvarleg for drifta Sogn Skisenter AS, org nr 944 556 958 (heretter: skisenteret)
2. Føremålet med avtalen
Avtalen har som føremål å drifte hoppanlegga i areal lagt ut for dette i «Reguleringsplan for Heggmyrane», vedteken av Luster kommunestyre den 14.12.2017 i sak 66/2017.
3. Omfanget av avtalen
Avtalen gjeld følgjande spesifikke anlegg:
1. Byggesteg 1:
Nærmiljøanlegga omfattar hoppbakkane K10 og K19 med tilhøyrande fasilitetar som skitau- trekk, tekniske installasjonar og bygg som naturleg høyre med til slike anlegg. Begge hoppbakkane K10 og K19 er førebels for vinterbruk, men begge kan seinare etter reguleringsplanen byggast ut til heilårsanlegg.
2. Avtalen skal reviderast ved seinare utbygging av nye hoppanlegg i gjeldande reguleringsplan.
Idrettslaget er byggherre og ansvarleg for tilstrekkeleg finansiering med bygging av anlegget. Denne avtalen avklarar partane sitt ansvar for drift og vedlikehald av anlegget.
4. Drift av hoppanlegga
Sogn Skisenter inkluderer hoppanlegga som del av si ordinære drift.
1. Skisenteret utfører snøproduksjon og preparing av anlegga med maskiner og utstyr.
2. Skisenteret har ansvar for den generelle drifta under punkt 1 ovanfor. Idrettslaget utfører dugnadshjelp (personar) i tillegg til den generelle drifta, som finpreparering for hand, rydding, aktivitetar og arrangement.
3. Skisenteret fastset ei avgift som del av sitt billett- og betalingssystem for dekking av sine driftskostnader med straum. Skisenteret sender årleg faktura til Hafslo IL for øvrige dokumenterte driftsutgifter.
5. Varigheit
Denne avtalen gjeld så lenge idrettslaget har aktivitet i hoppanlegga. Anleggseigar pliktar å halda anlegget ope for allmenn idrettsleg verksemd i 20 år frå ferdigstilling, men denne avtalen kan endrast når partane er samde om det.
Hafslo, / 2020
Hafslo idrettslag Sogn Skisenter AS
……..………………………… ……………………………………..
1