K J Ø P E K O N T R A K T
K J Ø P E K O N T R A K T
Fast eigedom / Tomt
MELLOM
SELJAR: Orgnr.
Hadlingatreet AS Orgnr. 912 002 861
Brynaskogen 24
5705 Voss
heretter kalt seljar
og
KJØPAR: FØDSELSNR.
heretter kalla kjøpar, er i dag inngått fylgjande kjøpekontrakt:
Seljar forpliktar seg til å overdra til kjøpar og kjøpar pliktar å overta den faste eigedom, tomt nr. -----
som vil bli fråskild, gnr. 104 bnr.129 i Voss kommune, heretter kalla tomta.
Oppgjersansvarlig er Advokat Xxxxxxxx Xxxxxxxx, organisasjonsnummer 997 849 795, postboks 307, 5702 Voss, e-post: xxxx@xxxxxxxxxxxxxxx.xx.
1. KJØPESUM / BETALING
Kjøpesummen utgjer kr. ---------- som vert avgjort på fylgjande måte: 1.1 Før overtagelse kr.
Samla kjøpesum kr.
Heimelshavar til eigedomen / tomta er Hadlingatreet AS etter in-blancoskøyte frå Xxxxxxxx Xxxx.
2. OMKOSTNINGAR
I tillegg til kjøpesummen må kjøper betala fylgjande omkostningar til staten uoppfordra til Advokat Xxxxxxxx Xxxxxxxx, seinast innan dagen for overtaking.
Dokumentavgift av skøyte til staten 2,5% | kr | ……………. | |
Tinglysingsgebyr skøyte | ” | 585,- | |
Tinglysingsgebyr panteobligasjon* | ” | 585,- | |
Panteattest à kr. 172,-* | ” | 172,- | |
Totalt | kr | ||
* Pr. panteobligasjon og attestgebyr. |
Det vert teke atterhald om endringar i offentlege avgifter/gebyr.
3. OPPGJER
Seljar og kjøpar gjev oppdragsansvarleg fullmakt til å heva sitt salær og utlegg i innbetaling frå kjøpar. Dersom kjøpesummen i si heilheit går med til å innfri eigedomen sine pengehefte, pliktar seljaren seg til å innbetale salær kontant til oppdragsansvarleg ved underteikning av denne kontrakt.
Kjøpesum og omkostningar må vera godskrive oppdragsansvarlege sin klientkonto 9581.05.25712 Voss Veksel og Landmandsbank seinast innan utløpet av den aktuelle overtakingsdag, jfr. pkt. 4 i denne kontrakt.
Ved heil, eller delvis forseinka innbetaling, uansett grunn, svarar kjøpar den til eikvar tid fastsette forseinkingsrente iht. forseinkingsrenteloven inntil betaling skjer. Kjøpar har ikkje rett til å forlenga betalingsfristen utover den frist som er avtalt i denne kontrakt.
Advokat Xxxxxxxx Xxxxxxxx førestår oppgjeret. Oppgjeret blir føreteke ved at oppgjersansvarleg overdreg underteikna skøyte for tinglysing mot at resterande salssum blir garantert utbetalt til seljar etter sletting av alle hefte på eigedomen.
Kjøpar er inneforstått med at oppgjersansvarleg ikkje vil senda skøyte for tinglysing før kjøpesummen er innbetalt i si heilheit. I tillegg må omkostningane vera innbetalt. Ved seljar si underteikning av denne kontrakt får oppdragsansvarleg automatisk ugjenkalleleg fullmakt til å innfri den på eigedomen påhefta gjeld av kjøpesummen – herunder også eventuelt legalpant / kommunale avgifter. Sluttoppgjeret med seljar vil ikkje finne stad før oppgjersansvarleg har oversikt over gjelda og har betalt denne, samtidig som skøyte og kjøpar sine panteobligasjonar må vera tinglyst med riktig prioritet. Oppgjeret står på renteberande konto, og rentene tilfell seljar. Oppgjersansvarleg plikter ikkje å utbetala renter som utgjer mindre enn eit ½ rettsgebyr.
Dersom seljar på overtakingstidspunktet ikkje kan stilla eigedomen / tomta til kjøpar sin disposisjon og kjøpar har oppfylt sine plikter etter kjøpekontrakten, svarar seljar renter overfor kjøpar i høve til den eikvar tid fastsette forseinkingsrente iht. forseinkingsrenteloven, frå avtalt overtakingsdato inntil overtaking finn stad.
Seljar er inneforstått med at det ikkje vil bli føreteke oppgjer, før:
- heile kjøpesummen er innbetalt frå kjøpar og er disponibel på advokatforetaket sin klientkonto
- sikringsobligasjon er tinglyst
- skøyte er tinglyst
- kjøpar har overteke tomta
- oppdragsansvarleg har mottatt signert overtakingsprotokoll
Seljar vert gjort merksam på at det kan ta frå 1 til 2 veker frå heimelsdokumentet er sendt til Statens kartverk, til dokumenta er motteke advokatføretaket i tinglyst stand. Vidare kan det ta inntil 15 virkedagar frå dei tinglyste dokumenta er oppdragsansvarlege i hende, og til oppgjer overfor seljar kan føretakast. Evt. transaksjonsdagar bankane imellom kjem i tillegg.
Partane er vidare gjort merksame på at tinglysing av skøyte ikkje kan finna stad før kjøper har innbetalt heile kjøpesummen inkl. omkostningar. Eventuell forseinking med tinglysing og oppgjer som måtte fylgje av dette er kjøpar sitt ansvar.
Oppgjersansvarleg er underlagt L01.06.2018 nr. 23 Lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering (hvitvaskingsloven) med tilhøyrande forskrifter. Det fylgjer av hvitvaskingsloven at meklarføretaket er plikta til å føreta kundekontroll av begge partane i handelen. Dette inneber at både seljar og kjøpar pliktar seg til å framlegga gyldig legitimasjon slik at identitet kan stadfestast før handelen vert gjennomført. Dersom slik kundekontroll ikkje kan gjennomførast er meklarføretaket pålagt å avstå frå gjennomføringa av oppgjeret. Partane er sjølve ansvarlege for eventuelle kostnadar og ansvar dette kan medføra utan at det kan førast eit kontraktrettsleg ansvar overfor advokatføretaket.
4. OVERTAKING
Tomta vert overteke av kjøper 1 veke etter at tomt nr er registrert/tinglyst med eige
matrikkelnr. i Grunnboka Statens kartverk tinglysingen med alle dei rettigheiter og plikter slik den har tilhøyrd seljar, under føresetnad av at kjøpar har oppfylt sine plikter. Det vil seia at seljar fyrst pliktar å overlevere tomta når heile kjøpesummen med tillegg av omkostningar og eventuelle forseinkingsrenter er innbetalt advokatføretaket sin klientkonto. Ved tidlegare overtaking skal kjøpesum og omkostningar vere innbetalt innan overtakingsdato.
Tomta står frå nemnde tidspunkt for kjøpar si rekning og risiko, og kjøpar svarer frå same tidspunkt for alle tomta sine utgifter og oppebærer tomta sine inntekter. Risikoen går over på kjøpar når denne har overteke eller kunne ha overteke bruken av tomta. Når risikoen er gått over på kjøpar, fell ikkje hans plikt til å betala kjøpesummen bort ved at tomta blir øydelagd eller skada som fylgje av ei hending som seljar ikkje svarar for.
Tomta vert overteke av kjøpar utan leigeforhold av nokon art, slik at heile tomta vert levert ledig for kjøpar. Seljar pliktar seg fram til overtaking å ikkje forføya avtalemessig over tomta og / eller tomta sine tilhøyrande rettigheiter utan kjøpar sitt samtykke.
Ved overtakinga skal tomta leverast hogd for skog og rydda for pas. Kjøpar aksepterer rydding ved underteikning av overtakingsprotokoll.
Dersom partane ynskjer å fråvika overnemnde overtakingstidspunkt, må partane skriftleg stadfesta at oppgjer og overtaking vert endra til ny dato, overfor både kjøpar si finansieringskilde og oppdragsansvarleg.
Kjøpar har synfare tomta og overtek denne i same stand som den var ved synfaringa jf avhendingslova § 3-9.
Kjøpar har hatt høve til å føreta alle dei undersøkingar som han har sett som naudsynte.
Kjøpar kan såleis ikkje gjera gjeldande som mangel noko han kjende til eller burde kjenna til då avtalen blei inngått, jf avhendingslova § 3-9.
Xxxxx har likevel mangel i fylgjande tilfeller:
- Når kjøparen ikkje har fått dei opplysningar om høve ved tomta som seljar kjente til eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre om ein kan gå ut i frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gjeve.
- Når seljar har gjeve uriktige opplysningar om tomta. Det same gjeld dersom tomta ikkje er i samsvar med opplysningar som er gjeve i annonse, salsoppgåve eller ved annan marknadsføring på vegne av seljaren. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut ifrå at opplysningane har verka inn på avtalen, og det ikkje er blitt retta opp i tide.
Seljar har underretta kjøpar om alle forhold med omsyn til eigedomens beskaffenheit som dei kjenner til og som seljar forstår kan ha tyding for kjøpar.
Seljar stadfestar at han ikkje er kjent med skjulte og/eller åpenbare feil og manglar som det ikkje er opplyst om. Skulle det likevel føreligga slike feil og manglar, kjem bestemmelsane i lov om avhending av fast eigedom av 3. juli 1992 til anvendelse.
Seljar er merksam på at det kan medføra erstatningsansvar å teie om kjennskap om skjulte feil og manglar.
Seljar garanterar at det til hans kunnskap ikkje er kome pålegg frå offentlege myndigheiter, som ikkje er utført eller betalt og garanterar at det ikkje er inngått munnlege eller skriftlege avtalar, private eller offentlege som berører tomta. Seljar er heller ikkje kjent med at det føreligg reguleringsmessige endringar som berører tomta direkte eller indirekte.
Seljar vedtek utkastelse utan søksmål og dom etter tvangsfullbyrdelsesloven §§ 4-18 og 13-2, 2 ledd, bokstav e, jf § 13-11, hvis fråflytting ikkje har funne stad innan 30 dagar etter avtalt overtakingstidspunkt. Dette gjeld dersom ikkje anna avtale er gjort mellom partane.
Viss kjøpar har overteke tomta før fullt oppgjer har funne stad, på tross av garantiar, eller andre grunner ikkje presterer fullt oppgjer etter kjøpekontrakten, godtek kjøpar utkasting frå tomta utan søksmål og dom. Han har då ikkje rett til å besitta eigedomen, jf. tvangsfullbyrdelseslovens § 13-2, 3 ledd (e).
5. HEFTE
Kjøper har fått seg førelagt utskrift av grunnboka datert 18.03.20 og har gjort seg kjent med innhaldet av denne.
Seljar garanterer at tomta vil bli levert fri for pengehefte.
Seljar stadfestar vidare at han ikkje er kjent med at det eksisterer hefte på tomta utover det som er tinglyst på den.
Seljar garanterar vidare at det ikkje heftar pengehefte av nokon art, herunder utpantnings-og/eller utleggforretningar, utover det grunnboka viser.
Seljar plikter seg til straks å underretta oppgjersansvarleg dersom slike forretningar blir halde fram til overskøyting/sluttoppgjer. Vidare garanterar seljar at samtlege forfalte offentlege avgifter, eventuelt festeavgift og andre avgifter som vedkjem tomta er betalt.
Seljar gjev med dette oppdragsansvarleg ugjenkalleleg fullmakt til å innfri, eventuelt midlertidig innfri for overføring til anna pantobjekt, dei lån som går fram av panteattesten/oppgjersskjema og som det ikkje er avtalt at kjøpar skal overta.
6. TOMTEGRENSER
Xxxxx vert overteke i den stand den var ved synfaringa. Kjøpar har sett seg inn i tomta sine gitte grenser på gjeldande kart iht. reguleringsplan. Kjøpar har også sett seg inn grensene ved synfaring på tomta.
Tomta sin størrelse er omtrentleg angitt og det kan difor førekoma avvik på tomta sin størrelse. Det vert teke atterhald om endring i areal etter endeleg oppmåling og fråskiljing.
7. MISLEGHALD
Dersom tomta har ein mangel eller seljar ikkje til rett tid oppfyller sine plikter etter avtalen, kan kjøpar på dei vilkår som fylgjer av avhendingsloven kapittel 4 kreve oppfylling, retting, prisavslag, erstatning, heving og/eller halda tilbake ein forholdsmessig del av kjøpesummen.
Dersom kjøpar ikkje betalar kjøpesummen og omkostningar eller ikkje oppfyller andre plikter etter avtalen, kan seljar på dei vilkår som fylgjer av avhendingsloven kapittel 5, krevja oppfylling, heving, erstatning, renter og/eller nekta å overføre heimel eller overlate bruken av eigedomen til kjøpar. Partane er samde om at oppgjer frå kjøpar er å rekna som vesentleg misleghald når innbetalinga, uansett grunn, er forseinka over 30 – tretti – dagar etter forfallsdato iht. denne kontrakt. Før seljar gjer hevingsretten gjeldande pliktar han å gje kjøpar forutgåande skriftleg varsel med innbetalingsfrist av det skyldige beløp innan 1 – ei – veke frå varsla dato med kopi til oppgjersansvarleg. Xxxxxx har deretter rett til å heva kontrakten og selja eigedomen til annan kjøpar. Kjøpar er inneforstått med at seljar sine omkostningar og eventuelt tap i samband med dekningssal må dekkast av kjøpar.
Dersom ein av partane meiner at det føreligg mangel eller forseinking ved den andre part si oppfylling av sine plikter etter avtalen, må han gje motparten melding om at avtalebrotet vert gjort gjeldane og kva avtalebrot det gjeld, innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga misleghaldet, jf. Avhendingsloven §§ 4-19 og 5-7.
08. REGULERINGSPLANAR / UTNYTTINGSGRAD
Tomta ligg i regulert område. Kjøpar har fått utlevert reguleringsbestemmelsar for området og sett seg inn i desse. Kjøpar er kjent med kva eventuelle typar bygningar som kan oppførast på tomta og er gjort spesielt merksam på pkt. 3 i reguleringsføresegner for Hadlingatreet bustadfelt plan id 2012014.
Kjøpar er kjent med kva størrelse eventuelle bygningar på tomta kan ha.
09. KONSESJON / KONSESJONSFRIDOM
Kjøpar ber ansvar for at han vert gjeve konsesjon / konsesjonsfridom til kjøp av tomta. Skulle kjøpar mot formodning ikkje oppnå dette, skal seljar bli halde skadesløs og vil utstede in-blancoskøyte til kjøpar mot oppgjer som planlagt. Kjøpar pliktar seg til å avhenda eigedomen på nytt for eigen rekning og risiko.
10. DIVERSE
Tomta som blir seld er naturtomt med vatn og kloakk til tomtegrense og opparbeidd infrastruktur, samt tilrettelagt for straum og breiband fram til tomtegrense.
I tillegg til kjøpesum kjem avgift til påkopling vatn – og kloakk til Voss herad.
Det føreligg klausul på tomta om at Xxxxxx Entreprenør AS skal utføre grunnarbeid på tomta, med mindre anna er skriftleg avtalt. Det blir inngått eigen avtale med Xxxxxx Entreprenør AS vedk. grunnarbeid på tomta. Denne klausulen skal fylgja med tomta ved seinare overdragingar, dersom tomta blir seld vidare utan at grunnarbeid er utført på tomta.
Kjøpar av tomtenr. 5, 6, 10, 14, 19 , 20, 21, 22, 23, 24, 35, 36, 37, 38, 39, 43, 42 har gjerdeplikt mot beiteareal/utmark. Gjerdeplikta skal tinglysast på eigedomen i Grunnboka Statens kartverk Tinglysingen.
Det er pliktig medlemsskap i velforeining i Hadlingatreet bustadfelt for drifting av veg, herunder grøfter til vann og avlaup og friareal i bustadfeltet som bl.a brøyting, bosskur, postkassestativ, leikeplassar m.m. Pliktig medlemsskap i velforeining skal tinglysast på eigedomen i Grunnboka Statens kartverk Tinglysingen. Pr. 2020 er årskontingenten i vellaget kr. 2.500,- og inngangkontingenten kr. 2.000,- Årsmøte vert halde i juni. Vedtekter fylgjer vedlagt kjøpekontrakten, samt referat frå skipingsmøte og årsmøte datert 08.06.2017.
Den opparbeidde vegen i Hadlingatreet bustadfelt fram til tomtegrense skal vera asfaltert når det er seld 18 tomter i byggetrinn 2.
Hadlingatreet AS tek kostnad med brøyting i trinn 2, inntil 6 hus i byggetrinn 2 er påbegynt.
Det vert utferdiga in-blanco skøyte frå grunneigar Xxxxxxx Xxxx som blir oppbevart hjå advokatføretaket inntil gjennomføring av oppgjer og tinglysing på vegne av kjøpar.
Oppgjersansvarleg Advokat Xxxxxxxx Xxxxxxxx skal kun bistå med oppgjer og tinglysing. Tomta er ikkje synfart og det er ikkje føretatt kontroll opp mot kommunen med tanke på moglege hefte, reguleringsplan, brukshindring o.l.
11. BILAG
Kjøper har fått seg forelagt følgende:
- Grunnbokutskrift datert 18.03.2020.
- Reguleringføresegner for Hadlingatreet bustadfelt plan id 2012014
- Kart datert 14.01.2014
- Vedtekter Hadlingatreet Vellag
- Referat frå skipingsmøte Hadlingatreet Vellag 21.06.2016
- Referat frå årsmøte i Hadlingatreet Vellag 05.06.2019
- In-blanco skøyte
12. KONTRAKTSEKSEMPLARER
Kontrakten er på 7 sider og utferdiga i 3 – tre eksemplarer, eitt til kvar av partane og eitt til oppgjersansvarleg advokat Xxxxxxxx Xxxxxxxx.
Stad / dato
Som seljar for Hadlingatreet AS Som kjøpar:
Xxxxxxxx Xxxxxx
Xxxxxxxx Xxxx