Låneavtale for PC i Kviteseid kommune Skulen sitt namn: ________________________ Nummer på PC: ________________ Namn eleven: ________________________
Låneavtale for PC i Kviteseid kommune
Skulen sitt namn: ________________________
Nummer på PC: ________________
Namn eleven: ________________________
Denne og tilhøyrande ladar skal brukast av _________________________ (fullt namn) som ein personleg PC til arbeid på skulen og heime. Avtala gjeld frå påført dato og signering. PC-en er Kviteseid kommune sin eigedom og skal leverast tilbake når det skal bytast ut, eller dersom eleven slutter på skulen i Kviteseid kommune. I sommar- og joleferien skal PC-en oppbevarast av Kviteseid kommune.
Ved å signere denne låneavtala, aksepterer eleven og føresette dette reglementet:
Ordensreglement
Skulen sine ordinære ordensreglar gjeld også for denne låneavtala.
Administrasjon
Kviteseid kommune bestemmer til ei kvar tid kor stor grad av kontroll skulen og eleven skal ha over oppsettet på PC-en. PC-en blir lasta opp med naudsynt programvare. Eleven skal ikkje fjerne eller legge til programvare.
Skulen kan når som helst be om å få tilbake PC-en av tekniske eller praktiske grunnar.
På skulen skal PC-en vere kopla til kommunen sitt trådlause nett.
Praktisk bruk
PC-en skal alltid vere med på skulen.
Eleven må sørgje for at PC-en kvar dag er tilstrekkeleg lada til å kunne brukast gjennom heile skuledagen utan lading undervegs.
Eleven skal ikkje skrive eller klistre noko på PC-en, men kan få merkelapp med namn utlevert til merking. Eleven skal bruke veske/sekk når PC-en blir transportert.
Skulen tek ikkje ansvar for tap av data og har rett til å slette innhald på PC-en.
Skulen kan til ein kvar tid kontrollere at PC-en blir brukt etter skulen sine retningslinjer.
Tap og manglar skal meldast til lærar så raskt som mogleg.
Det er ikkje lov å laste ned ulovleg materiale frå Internett.
PC-enn skal brukas til skulerelaterte aktiviteter, og det er læraren som styrer når PC-en er i bruk.
Eleven og føresette har eit spesielt ansvar i forhold til skade og tap. I slike tilfelle kan det bli stilt krav om erstatning til eleven/ føresette på lik linje med xxxx xxxxxxxxxxxxxx som blir øydelagt. Ved alle typar skade eller tjuveri, vil skulen undersøke hendinga og vurdere kvar ansvaret for hendinga ligg. I grove tilfelle som t.d. hærverk, kan det hende at eleven ikkje får disponere eigen PC, men må låne PC på skulen etter behov.
Skadeerstatningslova:
§1-1 : Barn sitt ansvar
§1-2: Ansvaret til føresette
Endring av reglar
Låneavtalen blir publisert på Kviteseid kommune sine heimesider. Eventuelle endringar vil bli varsla på nettsida.
PC-enr utlevert (dato): _______________
Signatur eleven : _____________________________________________
Signatur føresette: _____________________________________________
Rektor/lærar: _____________________________________________