JORDLEIGEAVTALE
JORDLEIGEAVTALE
1. Omfang av avtalen
(etter dette kalla eigar) leiger til
(etter dette kalla leigar) følgjande Areal på eigedomen med gnr bnr i
kommune.
Arealstorleik | Utleigd areal |
Fulldyrka jord | daa |
Overflatedyrka jord | daa |
Innmarksbeite | daa |
Sum dyrka areal | daa |
Det leigde arealet skal drivast som tilleggsjord til eigedom med gnr. bnr. i
kommune.
Det er lagt ved kart der areala i leigeavtalen er teikna inn.
2. Avtalelengde
Avtalen varer i år, og gjeld frå til .
Avtalen er uoppseieleg frå eigar si side i leigeperioden, men kan hevast ved misleghald (sjå pkt. 6).
Leigaren kan seia opp avtalen med minst 1 års varsel.
Andre tilhøve kring oppseiing og fornying av avtalen:
3. Tilstanden på og bruken av areala
Leigaren overtek jord, gjerde og vegar i den stand dei er i når leigeavtalen tek til. Leigearealet skal nyttast til jordbruksføremål og drivast på jordbruksmessig forsvarleg måte.
Leigearealet skal brukast til:
Det er gjort særleg avtale om følgjande (til dømes rett til å bruke eksisterande transport- og driftsvegar, vedlikehald av gjerder og vegar, investeringar på leigearealet, drenering, nydyrking, fornying/oppreinsking av eksisterande grøfter og kanalar):
4. Leigeavgift
Leigeavgifta er kr pr. år og forfell til betaling første gong den 20 og i dei neste åra til same dato. Etter krav frå ein av partane kan leiga regulerast kvart 5. år etter konsumprisindeksen. Eigaren kan ikkje krevje leiga auka på grunn av utbetringar som er utførde eller kosta av leigaren.
5. Eigar/brukarskifte
Dersom eigaren døyr eller sel eigedommen, går den nye eigaren inn i avtalen med dei same rettane og pliktene som tidlegare eigar. Ved eigarskifte på eigedomen til leigar, skal den nye eigaren ha rett til å gå inn i denne avtalen på same vilkår.
6. Misleghald
Vesentleg misleghald av reglane i denne avtalen gjev partane rett til å krevje leigetilhøvet heva. Som vesentleg misleghald vert til dømes rekna at leigeavgift ikkje er betalt 6 månader etter fristen, areal er brukt til anna føremål enn landbruk, eller at jorda vert vanhevda.
7. Tvist om avtalen
Dei tvistane som ikkje kan avgjerast ved skjønn, vert avgjort av dei allmenne domstolane.
8. Tinglysing
Avtalen kan tinglysast. Leigar ber tinglysingskostnadene.
9. Xxxx
Partane tek vare på kvart sitt eksemplar av denne avtalen. Eit tredje eksemplar, eventuelt ein kopi, skal sendast til kommunen.
den 20 den 20
Eigar/utleigar Leigar
Ektefelle/medeigar