LEIGEAVTALE
LEIGEAVTALE
Noe du lurer på, ta kontakt på vår vakttelefon. Vakttelefon - tlf. 000 00 000
Rydd etter deg - vi vaskar golva og toaletta. Vi prøver å halde huset reint og triveleg for alle som brukar det Huset vert leigd ut til mange ulike føremål.
Vi oppmodar deg til å forlate huset i ein stand som du sjølv ønskjer å ha når du kjem.
Tilgang til huset
Leigetakar får tilgang til huset etter kl. 12:00 på avtalt dag. Dersom ikkje anna er avtalt, skal huset vere rydda og klart til vask kl.10 dagen etter tilstellinga. Det kan gjerast unntak dersom huset ikkje er utleigd dagen i førevegen, - og for rydding dersom huset ikkje skal brukast dagen etter. Kontakt oss for nærare avtale.
Til barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og minnestunder etter gravferder får leigetakar alltid huset til disposisjon dagen i førevegen.
Offentleg forsamlingshus
Heiarvang grendahus er eit offentleg forsamlingshus og leigetakarane pliktar å følgje politivedtektene for Askøy kommune. Det betyr at leigetakar er ansvarleg for
• at arrangementet føl det føremålet som er avtalt
• å undersøkje med Askøy lensmannskontor om krav til vakthald og anna,
• å søkje ambulerande skjenkeløyve frå Askøy kommune dersom det skal seljast / serverast
• å gjere seg kjend med brannforskriftene (IK-forskriften -> finst som plakat på veggen ved kjøkkenet.)
Særskilt brannobjekt
Huset er definert som særskilt brannobjekt. Det betyr at utleigar pliktar å følgje krav frå branntilsyn og å informere leigetakarane om kva brannførebyggjande og branntekniske tiltak som er i huset.
Det er ikkje automatisk brannvarsling i huset. Ved brann skal leigetakar sørgje for at folk evakuerer huset snarast mogleg, ringje Brannvesenet – tlf 110 og prøve å sløkkje brannen med dei midlane som finst i huset.
• Brannslange (30 meter) finst i skap i trappeoppgangen ved scenen.
• Brannsløkkjingsapparat (skum) er plassert ved scenen og ved naudutgangane i hovudsalen og ved utgangsdørene i kjellarsalen.
• Brannteppe heng på kjøkenveggen i nærleiken av komfyren.
• Røykvarslarar er plassert i kjellarsal og i trappeoppgang i sør.
• Det er ikkje lov å kople ut naudlysanlegget.
Leigetakar kan bli gjort ansvarleg for
• å dekkje kostnader med å reparere skadeverk i huset som vert gjort under arrangementet.
Adresse: Heiarvang grendahus Nordre Xxxxxxxxxxxxxx 00 – 0000 Xxxxxxxxxxx
Mobil 000 00 000 - e-post: xxxx@xxxxxxxxx.xx - Websider: xxxxxxxxx.xx - Organisasjon nr. 000 000 000
Avlysing
Dersom leigetakar vil avlyse arrangementet, skal Xxxxxxxxx ha beskjed så snart som mogleg. Send helst e-post eller SMS slik at du har dokumentasjon. Pass også på at du får svar frå oss. Dersom du ikkje møter opp og ikkje har gitt beskjed kan vi vil krevje erstatning for tapt husleige.
Annan informasjon
Søknad om skjenkeløyve kan gjerast frå kommunen sin nettportal:
xxxxx://xxxxx.xxxxxxx.xx/xxxxxxx-xxxxx-xx-xxxxxxxxxxxxxxxxxx
Politivedtektene for Askøy kommune finst på Lovdata: xxxxx://xxxxxxx.xx/xxxxxxxx/XX/xxxxxxxxx/0000-00-00-000
Heiarvang grendahus vert drive på frivillig basis og vi er avhengige av at folk respekterer det. Det betyr mellom anna at du ikkje kan vente å få svar på spørsmål i arbeidstida til styreleiar eller i helgene. Styreleiar vil ha "kontordagar" to kveldar i veka (vanlegvis tirsdagar og onsdager).
Godkjent kapasitet for salane
Storsalen - Oppsett med bord og stolar ……. 120 personar Storsalen - ”Kinooppsett” med stolrekkjer … 150 personar Storsalen - Ståande 200 personar
Kjellarsalen 60 personar
Branninstruks og rømmingsplanar er slått opp i begge salane.
Leigetakar pliktar å gjere seg kjend med desse.
Boss.
Huset har ein 600 liters bosscontainer.
BIR krev at containeren ikkje skal vere overfylt slik at fuglar kan kome til og dra matavfall utover parkeringsplassen. Boss utover dette må leigetakar syte for å bli kvitt på annan måte.
Tømming kvar fredag..
Adresse: Heiarvang grendahus Nordre Xxxxxxxxxxxxxx 00 – 0000 Xxxxxxxxxxx
Mobil 000 00 000 - e-post: xxxx@xxxxxxxxx.xx - Websider: xxxxxxxxx.xx - Organisasjon nr. 000 000 000