Forprosjekt nydyrking BLEKJE
Forprosjekt nydyrking BLEKJE
Prosjekteigar
Fitjar Grunneigarlag
Styringsgruppe
Xxxxxx Xxxxxxx (leiar) Xxxxxx Xxxxxxx
Xxxx Xxxxxx Xxxxxx Xxxxx Xxxxxxx
Forprosjektleiar/rådgjevar Xxxxxxxx Xxxxxxx/Steingard AS
JSa 18. juni 2013
Foto: Deler av dyrkingsområdet sett frå møllepunkt B2
FORPROSJEKT NYDYRKING BLEKJE, FITJARFJELLET
1. MÅL OG RAMMER
1.1 Bakgrunn
Som kjent skjer det no utbygging av vindkraft i Midtfjellet på Fitjar. Størstedelen av grunnen som Midtfjellet Vindpark vert bygd på, er på Fjellsameiga sin grunn. Det er inngått avtale mellom Fitjar Grunneigarlag og Midtfjellet Vindpark AS om vilkår for bruk av Fjellsameiga sine areal.
Avtalen sikrar Fjellsameiga eingongsvederlag og årleg produksjonsvederlag som er avhengig av kraftproduksjonen.
Vidare har vindkraftutbyggjinga ført til at det er bygd tilkomstveg til området og eit omfattande vegnett inne i sjølve vindparkområdet. Grunneigarlaget sine medlemmer har bruksrett til dette vegsystemet på avtalte vilkår.
Foto: Utsyn frå møllepunkt 2 mot Olstjødno.
Vindkraftutbyggjinga har ført til at det no er god køyreveg heilt inn til eit område som ein i mange år har ynskt å dyrka til grasproduksjon/beite. Området er lokalisert i søndre del av vindparken, nærare bestemt Olstjødno-området. Hovedtyngda av dyrkingsarealet ligg på ca 300 meter o.h. Deler av området har kartlagt bonitet. Samla areal er ca 400-600 mål fordelt på 4 hovudområde. Områda er lettdyrka og i all hovudsak sjølvdrenerande.
Opprinneleg tenkte me at grunneigarlaget burde leggja til rette for dyrking av områda og leiga ut teigar på langtidskontrakt til bønder. Venteleg ville me då få vanleg grasproduksjon på teigane, noko som ville innebera transport av gjødsel til fjells og transport av for ned til bygda att. I tillegg noko haustbeite.
Foto: Mulig dyrkingsområde nord for Olstjødno
Etterkvart har me utvikla ein ide som går ut på å nytta heile arealet til sommarbeite for mjølkekyr/storfe og sau organisert som ”Sommarseter” med hypermoderne opplegg mjølking og tilsyn/oppfølging av dyra. Då transporterer ein i staden dyra opp og mjølk ned. Med ein pårekna beitesesong på 3 månader, vil området truleg gje grasfor nok til at størstedelen av mjølkekyrne i Fitjar kan få 2 månader kvar på fjellbeite.
Bilet pr i dag er at me ser ein realistisk mulighet, men mange spørsmål må drøftast og avklårast før prosektet kar realiserast:
• Sikra dyrkingsmulighet i revidert reguleringsplan for området
• Peika ut konkret det aktuelle dyrkingsområdet
• Laga realistisk kalkyle for dyrking og tilsåing
• Laga realistisk kalkyle for årleg avlingsmengd og produksjonskostnad, herunder risikovurdering
• Finna eigna organisatorisk modell for dyrking og for bruken av oppdyrka areal og gjennomføra denne i samarbeid med fitjarbøndene
Foto: Vegkant ny veg i dyrkingsområde nord for Olstjødno. Gras spirer
Styret i Fitjar Grunneigarlag har med dette som utgangspunkt vedteke å setja i gong eit forprosjekt for å få best mogeleg grunnlag for prosessen vidare.
1.2 Prosjektmål
Hovudmål Framskaffa grunnlag for avgjerd om å setja i gong dyrking av BLEKJE- området i Midtfjellet
Delmål 1 Kartleggja sannsynleg dyrkingskostnad
Delmål 2 Finna optimal frø- og gjødningsbruk og kartleggja avlingsforventning
Delmål 3 Utarbeida skisse til organisering av dyrking og bruken av dyrka areal, herunder organisatorisk og økonomisk skisse til eventuell Sommarseter.
1.3 Rammer
Forprosjektet skal starta på ettersommaren 2013 med dyrking av tre test-teigar a ca 1 mål med tilsåing hausten 2013. Avling i 2014 og 2015 vil venteleg gje grunnlag for vurdering av avlingsforventning ved fullskala dyrking. I testperioden skal ein arbeida vidare med dyrkingsplan og opplegg for evt sommarseter. Endeleg avgjerd om dyrking og bruken av dyrka område vert såleis ikkje fatta før ein har trygt nok grunnlag for dyrkingskostnad, avlingsforventning, økonomi, organisering og risiko.
2. OMFANG OG AVGRENSING
Slik me ser det no, vil det vera klokast og sikrast å gjennomføra eit forprosjekt som består i tre deler:
Del 1 Testdyrking
Dyrking av tre teigar a ca 1 mål. Målsetjing at røynslene skal gje viktig og konkret informasjon om val av dyrkingsmetode og dyrkingskostnad.
Gjennomføring på ettersommaren 2013.
Del 2 Produksjonstest
Tilsåing av dei dyrka teigane med ulike typar grasfrø. Opplegg i samarbeid med Forsøksringen. Målsetjing at forsøket gir grunnlag for val av frøsort(ar) og avlingsforventning ved fullskala såing. Tilsåing hausten 2013. Hausting og dokumentering av resultat basert på avling 2014 og 2015.
Del 3 Organiseringsskisse og grovbudsjett
Det skal utarbeidast ei skisse til organisering av dyrking og bruk av dyrka areal, herunder organisering ved eventuell etablering av Fellesbeite/Sommarseter. Frist 15. oktober 2013.
Vidare skal ein basert på funna i Del 1 og 2 laga grovbudsjett for dyrking og drift. Organiseringsmodellen bør også visa skisse til finansiell løysing. Frist for første skisse
15. oktober 2013. Justert skisse vert laga basert på avlingsforventning med grunnlag i frø/avlingsforsøk 2014/2015.
Målsetjing at skissane skal nyttast til å vurdera realismen i prosjektet, grunnlag for intern drøfting i Grunneigarlaget og drøfting med fitjarbøndene. Dei første drøftingane kan starte vinteren 2013/14.
Forprosjektet skal ikkje omfatta detaljprosjektering av fullskala dyrking, detaljprosjektering av eventuell Sommarseter, utarbeiding av juridisk avtaleverk m.v.
3. ORGANISERING
3.1 Prosjektleiing
Prosjektleiar Xxxxxxxx Xxxxxxx/Steingard AS
3.2 Andre roller
Prosjekteigar Styret i Fitjar Grunneigarlag
Prosjektoppdragsgjevar Styret i Fitjar Grunneigarlag
Styringsgruppe Xxxxxx Xxxxxxx, styreleiar Xxxxxx Xxxxxxxxxxxxx Xxxxxx Xxxxxxx, styremedlem
Xxxx Xxxxxx Xxxxxx, mjølkebonde
Xxxxx Xxxxxxx, Stord Fitjar Landbruks- og miljøkontor
Foto: Styringsgruppa på synfaring
4. BESLUTNINGSPUNKT, OPPFØLGING OG MILEPÆLAR
4.1 Beslutningspunkt
I forprosjektet er det ikkje behov for beslutningspunkt utover det som er angitt ovanfor.
4.2 Oppfølging
Prosjektleiar og styringsgruppe har møte etter behov. Prosjekteigar vert halden orientert.
4.3 Milepæler
Det vert ikkje sett opp milepæloversyn i denne fasen.
5. RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING
5.1 Kritiske suksessfaktorar
Kritiske suksessfaktorar for forprosjektet er:
-at ein får dyrka testområda i tide
- at ein får bearbeidd jordsmonn og sått frø i tide
- at hausting vert gjennomført etter føresetnadene
- at øvrige deler av forprosjektet vert utført i hht plan
Etter vår vurdering er det liten sannsynlighet for at ein ikkje skal klara å oppfylla føresetnadene i dette forprosjektet.
I verste fall kan det bli behov for å utsetja gjennomføringa med eit år.
5.2 Kvalitetssikring
Kvalitetssikring skjer gjennom styringsgruppa si oppfølgjing av forprosjektet. Oppfølgjinga skal dokumenterast skriftleg, og det skal lagast sluttrapport.
6. GJENNOMFØRING
6.1 Hovedaktivitetar
Del 1 Testdyrking
Dyrking av tre teigar a ca 1 mål. Målsetjing at røynslene skal gje viktig og konkret informasjon om val av dyrkingsmetode og dyrkingskostnad.
Gjennomføring på ettersommaren 2013. Dyrkingsarbeidet vil bli utført av lokalt anleggsfirma som har røynsle med slikt arbeid. Teigane skal inngjerdast. Val av testområda skal skje i samråd med Forsøksringen.
Ein skal følgja testdyrkinga nøye for å få best mogeleg grunnlag for kostnadsoverslag i full skala.
Del 2 Produksjonstest
Tilsåing av dei dyrka teigane med ulike typar grasfrø. Opplegg i samarbeid med Forsøksringen. Målsetjing at forsøket gir grunnlag for val av frøsort(ar) og avlingsforventning ved fullskala såing. Tilsåing hausten 2013. Hausting og dokumentering av resultat basert på avling 2014 og 2015. Det skal lagast eigen rapport frå arbeidet med dokumentasjon på oppnådd resultat, bruk av ressursar (frø, gjødsel med mer) samt oppsett av avlingsforventning ved fullskala dyrking (områdefordelt).
Del 3 Organiseringsskisse og grovbudsjett
Det skal utarbeidast ei skisse til organisering av dyrking og bruk av dyrka areal, herunder organisering ved eventuell etablering av Fellesbeite/Sommarseter. Frist 15. oktober 2013.
Vidare skal ein basert på funna i Del 1 og 2 laga grovbudsjett for dyrking og drift. Organiseringsmodellen bør også visa skisse til finansiell løysing. Frist for første skisse
15. oktober 2013. Justert skisse vert laga basert på avlingsforventning med grunnlag i frø/avlingsforsøk 2014/2015. Styringsgruppa vil gjennomføra ekskursjon til anna, større dyrkingsprosjekt der bruken er fellesbeite.
Målsetjing at skissane skal kunna nyttast til å vurdera realismen i prosjektet, grunnlag for intern drøfting i Grunneigarlaget og drøfting med fitjarbøndene. Dei første drøftingane kan starte vinteren 2013/14.
Forprosjektet skal ikkje omfatta detaljprosjektering av fullskala dyrking, detaljprosjektering av eventuell Sommarseter, utarbeiding av juridisk avtaleverk m.v.
6.2 Tids- og ressursplanar
Del 1 krev kompetanse i dyrking/overflatehandsaming. Agronomkompetanse Del 2 krev agronomkompetanse
Del 3 krev økonomisk/administrativ kompetanse Kompetansekrava vert stetta.
7. ØKONOMI
Total forventa kostnad NOK 155 000,- Finansieringsplan:
Søknad om stønad, Fylkesmannen NOK 60 000,-
Eigenandel Grunneigarlaget og
evt. støtte frå andre NOK 95 000,-
8. KONTRAKTER OG AVTALAR
Nødvendige avtalar med leverandørar vil bli inngått.