SAMARBEID: HER ER RÅDMANN JOSTEIN AANESTAD (F.V.) SAMAN MED LEIARANE AV DEI ULIKE HYTTELAGA
Kommunen har inngått samarbeidsavtale med hyttelaga
SAMARBEID: HER ER XXXXXXX XXXXXXX XXXXXXXX (F.V.) SAMAN MED LEIARANE AV DEI ULIKE HYTTELAGA
I ØYSTRE SLIDRE OG XXXXXXXX XXX XXXX XXXXXX.FOTO: ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE
Øystre Slidre kommune har inngått eit samarbeid med dei ulike hyttelaga og hyttevellaga i kommunen med mål om å ha møter to gonger i året. Der skal dei drøfte ulike tema som opptek hytteeigarane og kommunen.
Xxxx Xxxxx Xxxxxxxx
Xxxxxxxx: Beitostølen hytteforening, Javnlie vel, Vangsjøen vel, Øystre Beitostølen vel, Garlivegen hytteeierforening, Luskeråsen vel, Midthøgde og Søndre Rennsenn vel, samt Øyangen vel er med på denne avtalen. Nye hyttelag eller vel, er velkomne til å bli med i samarbeidet.
«Kommunen ynskjer å leggje til rette for at deltidsinnbyggjaren trivst og brukar hytta si ofte, gjerne så ofte at hytteeigaren vel å flytte og bu på hytta som heiltidsinnbyggjar. Gode og velfungerande hyttelag og hyttevellag er viktige for å vidareutvikle Øystre Slidre som ein god hyttekommune», står det i avtaleteksten.
Partane skal ha møter to gonger i året, eit om våren og eit om hausten – eller etter behov. Kommunen kallar inn til møta. Der skal dei drøfte planar, investeringar og drift av infrastruktur, renovasjon, vatn- og kloakk, økonomiplan og budsjett, samt helse- og omsorgstenester for hytteeigarane. På den annan side, så kan kommunen informere hytteeigarane ved å bruke hyttelaga og hyttevellaga som ein informasjonskanal.