Avtale mellom
Avtale mellom
Time kommune og Jærhallen AS
Del A – generell del
1. Grunnlag for avtalen
Avtalen bygger på tilbod frå Bryne fotballklubb og vedtak i Time kommunestyre i sak 62/18 og sak xx/19.
2. Avtalepartar
Denne avtalen er inngått mellom
Time kommune
Postboks 38
4349 Bryne
Xxx.xx. 859 223 672
og
Jærhallen AS
Xxxxxxxxxxxx 0
4344 Bryne
Xxx.xx. 911 179 239
3. Avtalen sitt formål
Avtalen sitt formål er å skildra kva forpliktingar Time kommune og Jærhallen AS har overfor kvarandre og for sikra føreseielegheit i avtaleforholdet.
4. Avtalen sin struktur
Avtalen er delt opp i fire delar. Del A tar for seg generelle omsyn som gjeld for heile avtalen. Del B gjeld finansieringa av prosjektet. Del C er leigeavtalen. Del D er signatur for heile avtalen.
Del B – finansiering
1. Kommunal lånegaranti
Time kommune skal garantera for Jærhallen AS sitt lån hos Kommunalbanken med heimel i kommuneloven § 51. Lånet skal vera nedbetalt innan 25 år. Dei første tre åra har avdragsfrihet.
Garantien vert gitt som ein sjølvskuldkausjon og svarar til lånet sin hovudstol på maksimum kroner 46 502 100 med eit tillegg på 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol.
Maksimumsansvar for garantien kan ikkje overstiga kroner 51 152 310. Garantien gjeld frå lånet vert tatt opp i 27 år i samsvar med Kommunalbanken sitt krav om eit tillegg på to år etter planlagt innfridd lån.
2. Pant
Time kommune tek pant i eigedomen i garantiperioden i samsvar med pantelova § 2-1, jf.
§ 2-2. Storleiken på panten svarar til maksimumsansvaret for garantien samt forskoterte spelemidlar, totalt kroner 77 896 310. Dette vil bli tinglyst i eige pantedokument.
Kommunen vil tiltrå sin pant på det tidspunktet Kommunalbanken gjer kommunen sitt garantiansvar gjeldande. Time kommune skal ha førstepriorietetspant i eigedomen og det skal tinglysast ein urådigheit på eigedomen som inneberer eit sal- og pantsettingsforbod.
3. Forskotering av spelemidlar
Time kommune forskoterer utbetaling av spelemidlar på maksimalt kroner 26 744 000. Beløpet vert utbetalt når prosjektet er ferdigstillt og godkjent. Dette vert eit rentefritt lån frå Time kommune til Jærhallen AS. Lånet vert betalt tilbake når spelemidlane vert utbetalt. Dersom prosjektet vert innvilga mindre spelemidlar enn det kommunen har forskottert, vert differansen eit uteståande lån som Jærhallen AS er skyldig kommunen og må tilbakebetalast innan fem år. Ved misleghald vil kommunen tiltrå pantet.
4. Kommunalt eingongstilskot
Time kommune yt eit eingongstilskot til Jærhallen AS på kroner 19 758 100. Beløpet vert utbetalt på same tid som forskoterte spelemidlar. Beløpet skal nyttast som eigenfinansiering av prosjektet for å redusera låneopptaket.
5. Vilkår
Time kommune set som vilkår for garantien at kommunen får førstepriorietetspant i eigedommen, at eigedommen er heftefri på det tidspunktet kommunen sin garantiperiode startar, at 50 % av lånet Jærhallen AS tek opp skal vera fastrentelån (10 år) og at det skal avtalast fastpris med entreprenør.
Som vilkår for forskoteringa og eingongstilskotet set kommunen at Jærhallen AS tilpassar prosjektet til gjeldande føresegn og at det vert godkjent for spelemidlar. Dersom prosjektet
ikkje vert godkjent for spelemidlar kan kommunen kansellera denne avtalen utan vidare forpliktingar.
Andre vilkår:
• Det skal ikkje takast utbytte frå selskapet før lån ytt, eller garantert for, av Time komme er nedbetalt i sin heilskap.
• Drifta av hallen skal vera i tråd med den bruk som det er gitt spelemidlar til.
• Jærhallen AS skal nytta statsautorisert revisor.
• Avtalen er bygd på ein føresetnad om at Bryne fotballklubb eig 100 % av aksjane i Jærhallen AS.
• Kommunen forpliktar seg berre på dei beløp som ligg i denne avtalen. Ansvaret for eventuell kostnadsauke i prosjektet ligg på Jærhallen AS.
6. Rapportering
Time kommune skal ha fullt innsyn i rekneskapet til Jærhallen AS og selskapet skal sende rekneskapsrapportar til kommunen kvart halvår innan 15.02 og 30.08.
Time kommune har rett på ein observatør, med tale- og forslagsrett, i Jærhallen AS sitt styre. Observatøren skal få tilsendt innkalling og saksdokument på lik linje med styret sine medlemmer.
Del C – Leigeavtale
1. Leigeobjektet
Leigeobjektet er eit nybygg lokalisert på Bryne stadion, Xxxxxxxxxxxx 0, 0000 Xxxxx, på gnr. x bnr. xx i Time kommune.
Leigeobjektet består av to idrettshallar med tilknytt:
- Garderobeanlegg – der Time kommune som eit minimum disponerer seks av dei ti garderobar i anlegget
- Klatrerom
- Styrkerom – tid i styrkerommet vert fordelt mellom partane etter nærare avtale
- Lagerrom – 50 % av lagerkapasiteten i fleirbrukshallane, skal disponerast eksklusivt av Time kommune
- Møterom i 2. etg. – tid i møterommet vert fordelt mellom partane etter nærare avtale
- Kiosk i 2. etg.
2. Bruk av leigeobjektet
Leigeobjektet skal nyttast til den aktivitet Time kommune vurderer som ønskeleg, her under å stilla leigeobjektet til disposisjon for ulike lag og organisasjonar.
Time kommune har eksklusiv rett til bruk av leigeobjektet slik det er definert i punkt 1 på følgjande tidspunkt:
- Kvardagar frå klokken 16 til 22
- Laurdagar og sundagar frå klokka 08 til 21
- Feriedagar frå klokka 08 til 22. Som feriedagar reknas dei dagar som i skuleruta til Rogaland fylkeskommune er feriedagar.
Hallen er i utgangspunktet stengt på offentlige fridager og andre heilagdagar enn vanlege sundagar. Unntak frå dette kan avtalast mellom partane.
Klatrerommet skal berre nyttast saman med sertifisert personell og vil vera låst når dette ikkje er til stade.
3. Start av leigeforholdet
Leigeforholdet startar frå og med det tidspunktet ein midlertidig bruksløyve eller ferdigattest ligg føre.
4. Leigetid
Leigeperioden er 25 år frå og med det tidspunktet ein midlertidig bruksløyve eller ferdigattest ligg føre.
5. Leigesum
Time kommune betalar ein årleg leigesum på kroner 1 150 000.
Leigesummen inkluderer alle drifts- og felleskostnader, som til dømes:
- Energiforbruk
- VAR-kostnader
- Anleggskostnader/investeringskostander
- Reinhald
- Vedlikehald av leigeobjektet
- Vaktmestertenester
Leiga kjem til forfall kvartalsvis, på utleigar sin konto med nummer: xxxx.xx.xxxxx
Ved forsinka betaling av leige gjeld forseinkingsrente i samsvar med forseinkingsrentelova.
Leigeavtalen bygger på ein føresetnad om full kompensasjon for meirverdiavgift.
6. Regulering av leigesum
Leiga vert regulert 1. januar kvart år. Xxxxx skal justerast i samsvar med utviklinga dei siste tolv månader i Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks (KPI). Første tidspunkt for justering av husleiga er to år etter tidspunkt for overtaking. Basisindeks per 15. i overtakingsmånaden vert lagt til grunn ved regulering første gong.
7. Reforhandling
Ved vesentlege endringar i dei økonomiske føresetnadane som ligg til grunn for denne avtalen, kan avtalen reforhandlast i begge partars interesse.
Etter at lånet Time kommune garanterer for er innfridd, jf. del B punkt 1, skal avtalen reforhandlast med utgangspunkt i at lånet då er nedbetalt. Ny leige skal ta utgangspunkt i reelle drift- og vedlikehaldskostnader. Etter dette vert avtalen forlenga automatisk for to år om gongen med mindre oppseiing frå Time kommune er mottatt av Jærhallen AS seinast eitt år før avtaleperioden sitt utløp. Time kommune har rett, men ikkje plikt, til å få avtalen fornya på vilkår som ikkje er dårligare enn denne avtala, på ubestemt tid.
8. Utleiger si vedlikehaldsplikt
Jærhallen AS har ansvar for alt utvendig og innvendig vedlikehald. Selskapet skal sjå til at bygget og inventar alltid er i forskriftsmesseg stand. Utleiger skal utføra vedlikehaldsarbeid/fornyingsarbeid på ein slik måte at det er til minst mogleg sjenanse for leigetakerane.
9. Leigetakar si vedlikehaldsplikt
Time kommune har vedlikehaldsplikt for skader som ikkje skuldast normal bruk og eventuelt hærverk som oppstår ved bruk av leigeobjektet.
10. Reinhald
Jærhallen AS har ansvar for alt reinhald av leigeobjektet.
Det skal vera tillat med bruk av godkjent klister i leigeobjektet. Bruken skal følgja dei retningslinjer som Norges Håndballforbund Region SørVest har satt og som ligg som vedlegg 1 til denne avtala. Jærhallen AS plikter å leggja til rette for utstyr som gjer at leigetakar kan fjerna klister i samsvar med vedlegg 1. Leigeobjektet skal innehalda vaskestasjon for ball og hender til fjerning av klister.
11. Utstyr
Jærhallen AS skal sørgja for at fastmontert utstyr som handballmål, basketballkorger, resultattavler, høgtalaranlegg, projektor og trålaust internett er tilgjengeleg og i stand, i begge idrettshallane.
Andre idrettsspesifikke behov må dekkast av leigetakar, etter avtale med utleigar.
12. Tilgang til leigeobjektet
Jærhallen AS har ansvar for å sikra at bygget vert låst/låst opp, og sikra med nødvendig alarm-/sikkerhetsutstyr.
13. Marknadsføring i leigeobjektet
Utleigar har eksklusiv rett til å selja marknadsføring/reklame knytt til leigeobjektet.
14. Forsikring
Jærhallen AS skal forsikra sjølve bygget, bygningsmessige innretningar, samt laust og fast inventar.
Time kommune kan krevja at Jærhallen AS legg fram forsikringsbevis med vilkår og kvittering for betalt forsikring.
Leigetakar skal sjølv forsikre eige innbo og lausøyre.
15. Avtalebrot
Time kommune kan krevja avslag i leiga ved forseinking eller manglar etter husleigelova
§ 2-11 og erstatning etter § 2-13, dersom forseinkinga eller manglane er vesentlege.
Dersom kommunen opplev vedvarande eller gjentatt misleghald frå utleiger si side, er det grunnlag for å heva denne avtalen. Dette krevjar skriftleg førehandsvarsling, og utleiger skal ha rimeleg tid og moglegheit til å rette opp misleghaldet.
Utleiger kan på same måte krevja at Time kommune fråflyttar leigeobjektet, og at avtala vert heva, som eit resultat av vesentleg misleghald av avtala frå kommunen si sida. Dette krevjar skriftleg førehandsvarsling, og kommunen skal ha rimeleg tid og moglegheit til å rette opp misleghaldet. Time kommune er forplikta til å betala leige lik oppseiingstida, altså eitt år, etter avtalen er heva som resultat av misleghald. Denne forpliktinga vert redusert med den inntekta utleigar måtte klare å få inn ved re-utleige av leigeobjektet.
16. Fråflytting
Ved fråflytting pliktar Time kommune å levera tilbake leigeobjektet ryddig og reint, med alle disponerte nøklar.
Eventuelle manglar som Time kommune ikkje har utbreda kan utleigar utbetra på kommunen si rekning.
I god tid før leigeforholdet sitt opphør skal det gjennomførast felles synfaring for å fastleggja eventuelt nødvendig arbeid for å bringe leigeobjektet i den stand det skal vera ved overlevering.
Seinast på siste dagen av leigeforholdet skal kommunen fjerna sine eigendeler. Eigendeler som ikkje er fjerna er å rekne som etterlatt og går til utleigar etter 14 dagar. Søppel eller eigendeler som utleiger ikkje ønsker å overta kan utleigar kasta eller fjerna på kommunen si rekning.
17. Overdraging av leigeavtale
Det er ikkje tillat å overdra denne leigeavtalen til andre.
18. Vedlegg til kontrakten
Som vedlegg til denne avtala kjem:
• Retningslinjer for bruk av klister (vedlegg 1)
• Teikningar av leigeobjektet (vedlegg 2)
19. Tinglysing
Time kommune kan tinglyse leigeavtalen som hefte på utleigers eigedom.
20. Atterhald
Time kommune tek atterhald om at prosjektet i sin noverande form lar seg realisera innan avtalt tid. Kommunen kan kansellera denne avtalen dersom prosjektet, uansett årsak, ikkje lar seg realisera.
21. Tvist
Tvist etter denne avtalen skal avgjerast ved bruk at reglane om utanrettsleg mekling, jf. tvistelova kapittel 7. Dersom dette ikkje førar fram skal tvisten gå for ordinære domstolar med mindre anna vert avtala i tilknyting til den konkrete tvisten.
22. Husleigelova
Husleigelova gjeld i den utstrekning ikkje anna går fram av denne avtala.
Del D - signatur
Denne avtalen er utferda og underskriven i to eksemplar. Avtalepartane får eit eksemplar kvar. Signaturen under gjeld for heile avtalen – del A-D.
Sted/dato: | Sted/dato: | |
Time kommune | Jærhallen AS |
Vedlegg 1: Klisterbruk
Klister kan brukes fra 15-årsklassen og oppover, forutsatt at klister er tillatt brukt i den hallen hvor kampen spilles.
Eventuelle særbestemmelser i den enkelte hall skal alltid overholdes. Lagene er selv ansvarlig for å skaffe seg kunnskap om klister er godkjent brukt i hallen før de kommer til kamp.
Det kan kun benyttes lyst klister på boks. Det kan ikke benyttes svart/brunt klister eller sprayklister.
Klubbene og regionen er i fellesskap blitt enige om følgende regler for bruk av klister:
Generelt
• Klister kan brukes fra og med 15-årsklassen.
• Klister skal kun brukes på banen.
• Klister påføres fingrene i innbyttersonen – aldri i garderoben.
• Fjern klisteret før man går inn i garderoben eller til andre deler av hallen.
Spillerens ansvar
• Hver og en har et selvstendig ansvar for å sørge for at det ikke blir sølt klister på dørhåndtak, i garderoben, på rekkverk, vegger osv.
• Det er ikke tillatt å ha klister på skoene eller på andre deler av kroppen. Dersom noen likevel har «gammelt» klister på skoene, skal det dekkes med tape.
• Det er ikke tillatt å kaste baller med klister i basketballkurvene.
Klubbens ansvar
• Det er leder (trener/oppmann) for det enkelte lag som har ansvar for klisterbruk.
• Klisteret skal oppbevares i stativ eller eske som forhindrer søl.
• Dersom gjestende lag har «feil» klister, skal hjemmelaget tilby godkjent klister.
• Halleier har tilgjengelig utstyr for fjerning av klister. Laget skal umiddelbart etter trening og kamp fjerne klaser med klister. Bruk vaskestasjon for ball og hender dersom hallen har dette.
• Lag/klubber som ikke følger reglene, kan bli ilagt gebyr for rengjøring og kan bli utestengt fra trening.
Kilde: Norges Håndballforbund Region SørVest (16.08.15),