SSA-K 2024
SSA-K 2024
Statens standardavtale om kjøp av utstyr og programvare – SSA-K
Avtale om kjøp av programvare og utstyr
Avtale om
[namn på anskaffinga]
er inngått mellom:
[Skriv her]
_____________________________________________________
(heretter kalla Kunden)
og
[Skriv her]
_____________________________________________________
(heretter kalla Leverandøren)
(kvar for seg kalla ein Part og i fellesskap Partane)
Stad og dato:
[Skriv stad og dato her]
____________________________________________________
[Namnet til Kunden] [Xxx.xx. til Kunden] |
[Namnet til Leverandøren] [Xxx.xx. til Leverandøren] |
____________________________ Underskrifta til Kunden |
______________________________ Underskrifta til Leverandøren |
Avtalen skal underteiknast i to eksemplar, eitt til kvar Part.
Førespurnader
Alle førespurnader som gjeld denne Avtalen, skal rettast til den personen eller rolla som i bilag 6 er peika ut til å ha fullmakt.
2.1.1 Partane sine representantar 7
2.2 Gjennomføring av Leveransen 8
2.2.2 Tilpassingar og installasjon mv. 8
2.2.3 Forholdet til standardvilkår (lisens- og avtalevilkår) 9
2.2.4 Dokumentasjon og opplæring 10
2.2.5 Tid og stad for Leveransen 11
2.2.6 Undersøkingsplikt/Godkjenningsprøve 11
2.2.7 Garantiperiode og garantiytingar 13
3. Endringar etter avtaleinngåing 13
4. Tid og stad for leveransen 14
5.1.1 Leverandøren sitt ansvar og kompetanse 14
5.1.2 Kunden sitt ansvar for tilrettelegging og medverknad 14
5.2 Bruk av underleverandørar og tredjepartar 15
5.4 Lønns- og arbeidsvilkår 16
6. Vederlag og betalingsvilkår 17
8. Eigedomsrett- og disposisjonsrett 20
8.1 Eigedomsrett til utstyr 20
8.2 Disposisjonsrett til program mv. 20
8.2.1 Avgrensa disposisjonsrett 20
8.2.2 Tilbakelevering eller destruksjon ved opphøyr av disposisjonsrett 20
8.3.1 Generelt om fri programvare 21
8.3.2 Kunden sine rettar ved bruk av fri programvare 21
8.3.3 Kunden sine krav til bruk av fri programvare 21
9.1 Kva som blir rekna som misleghald 22
9.1.1 Misleghald frå Leverandøren 22
9.1.2 Misleghald frå Kunden 22
9.3 Avhjelp av misleghaldet 23
9.3.1 Leverandøren si avhjelp av misleghald 23
9.3.2 Kunden si avhjelp av misleghald 23
9.4 Sanksjonar ved misleghald 23
9.4.6 Erstatningsavgrensing 25
10. Krenking av andre sine immaterielle rettar (rettsmangel) 25
10.1 Partane sin risiko og ansvar for rettsmangel 25
10.4 Erstatning av tap som følgje av rettsmangel 26
11.1.1 Kunden sine forsikringar 26
11.1.2 Leverandøren sine forsikringar 26
11.2 Overdraging av rettar og plikter 27
11.2.1 Kunden si overdraging 27
11.2.2 Leverandøren si overdraging 27
11.5 Risiko for utstyr og programvare 28
1.Alminnelege vilkår
1.1Avtaleomfang
Avtalen gjeld levering av standard komponentar i form av utstyr, programvare og andre ytingar. Det kan til dømes vere standard IT-utstyr eller lisensar til standard programvare («leveransen») som er ferdig spesifiserte og utvikla før kontraktsinngåing, og som kan brukast slik dei blir leverte frå produsent og/eller setjast saman av Leverandøren for å dekkje Xxxxxx sine behov.
Kunden har beskrive behovet og framstilt krava sine til Leveransen i bilag 1 (Kunden si behovsbeskriving og kravspesifikasjon).
Leverandøren har beskrive leveransen sin og relevante føresetnader for levering av han i bilag 2 (Løysingsspesifikasjonen til Leverandøren).
Dersom det etter Leverandøren si meining er openberre feil eller uklare punkt i kravspesifikasjonen frå Kunden, skal dette oppgivast tydeleg i bilag 2.
Dersom det er spesifisert i bilag 1 at leveransen skal fungere saman med den eksisterande tekniske plattforma til Kunden, skal Kunden beskrive denne i bilag 3. Dersom oppgradering av den tekniske plattforma til Kunden er nødvendig for Kunden si utnytting av leveransen, skal Leverandøren påpeike dette i bilag 2.
Dersom det er krav til medverknad frå Kunden for at Leverandøren skal kunne levere etter Avtalen, skal Leverandøren, i bilag 2, beskrive medverknaden frå Kunden tilstrekkeleg detaljert til at Kunden kan førebu seg og stille med oppgitt kompetanse til oppgitt tid under Avtalen.
Omfanget og gjennomføringa av leveransen er nærare beskrive i den generelle avtaleteksten og bilaga som er inkluderte i Avtalen.
Med Avtalen er meint denne generelle avtaleteksten med bilag.
1.2Bilag til Avtalen
Alle rubrikkar skal vere kryssa av (Ja eller Nei) |
Ja |
Nei |
Bilag 1: Kunden si behovsbeskriving og kravspesifikasjon Skal fyllast ut av Kunden |
|
|
Bilag 2: Leverandøren si beskriving av leveransen Skal fyllast ut av Leverandøren |
|
|
Bilag 3: Den tekniske plattforma til Kunden Kunden si beskriving av den tekniske plattforma si Skal fyllast ut av Kunden |
|
|
Bilag 4: Leveringstidspunkt og andre fristar Skal fyllast ut av Leverandøren basert på dei overordna føringane Kunden har gitt |
|
|
Bilag 5: Godkjenningsprøve Skal fyllast ut av Leverandøren basert på dei overordna føringane Kunden har gitt i bilaget |
|
|
Bilag 6: Administrative føresegner Administrative føresegner og andre opplysningar som er relevante for forholdet mellom Xxxxxxx. Skal fyllast ut av Leverandøren basert på dei overordna føringane Kunden har gitt i bilaget |
|
|
Bilag 7: Pris og prisføresegner Oversikt over alle priselement knytte til gjennomføringa av denne Avtalen. Skal fyllast ut av Leverandøren basert på dei overordna føringane Kunden har gitt i bilaget |
|
|
Bilag 8: Endringar i den generelle avtaleteksten |
|
|
Bilag 9: Endringar i Avtalen etter avtaleinngåinga |
|
|
Bilag 10: Standard lisensvilkår/standardvilkår for standard programvare og fri programvare Kopi av eller referanse til Standardvilkår |
|
|
Bilag 11: Datahandsamaravtale Datahandsamaravtalen mellom Leverandøren og Kunden og eventuelle andre datahandsamaravtalar som ikkje er inkluderte i bilag 10 |
|
|
Andre bilag: |
|
|
1.3Tolking – rangordning
Endringar til den generelle avtaleteksten skal samlast i bilag 8, med mindre den generelle avtaleteksten tilviser slike endringar til eit anna bilag. Følgjande tolkingsprinsipp skal leggjast til grunn:
Den generelle avtaleteksten går føre bilaga.
Bilag 1 går føre dei andre bilaga.
I den utstrekning det går klart og utvitydig fram kva for eit punkt eller kva for nokre punkt som er endra, erstatta eller gjort tillegg til, skal følgjande prinsipp gjelde:
Bilag 2 går føre bilag 1.
Bilag 8 går føre den generelle avtaleteksten.
Dersom den generelle avtaleteksten tilviser endringar til eit anna bilag enn bilag 8, går slike endringar føre den generelle avtaleteksten.
Bilag 9 går føre dei andre bilaga.
Bilag 11, Datahandsamaravtalen, går føre den generelle avtaleteksten og dei andre bilaga når det gjeld føresegner knytte klart og utvitydig til regulering av personvern.
Standardvilkår som går fram av bilag 10, er bindande overfor Kunden når det gjeld krav til levering av standardprogramvare som er oppgitte i punkt 2.2.3.1 nedanfor.
2.Gjennomføring av Avtalen
2.1Organisering
2.1.1Partane sine representantar
Kvar av Xxxxxxx skal ved inngåinga av Avtalen oppnemne ein representant som har fullmakt til å opptre på vegner av partane i saker som gjeld Avtalen. Representanten som har fullmakt for Partane, og prosedyrar og varslingsfristar for eventuell utskifting av desse skal spesifiserast nærare i bilag 6.
2.1.2Skriftlegheit
Alle varsel, krav eller andre meldingar knytte til denne Avtalen skal givast skriftleg til den postadressa eller elektroniske adressa som er oppgitt i bilag 6 i Avtalen for den aktuelle typen førespurnad.
2.2Gjennomføring av Leveransen
2.2.1Utstyr og programvare
Leverandøren har ansvaret for at utstyr og programvare som blir levert i samsvar med denne Avtalen, oppfyller dei krava og beskrivingane som er spesifiserte i bilag 1.
Programvare og utstyr skal ha slike funksjonar, eigenskapar og kvalitet som følgjer av standard produktbeskriving/-spesifikasjon, brukarrettleiing mv. som Leverandøren lèt følgje med ved sal av desse produkta, med mindre anna går fram av bilag 1. Ved motstrid mellom produktbeskrivingar mv. som beskrivne ovanfor og bilag 1, går bilag 1 føre, jf. punkt 1.3.
Leverandøren har vidare ansvaret for at utstyr og programvare fungerer som avtalt kvar for seg (sjå også punkt 2.2.3.3 og 2.2.3.4), og fungerer saman på dei måtane som er beskrivne i Avtalen.
Dersom det er nødvendig å oppgradere den tekniske plattforma til Kunden, slik ho beskriven i bilag 3, for at Leveransen skal fungere som avtalt, skal det vere spesifisert i bilag 2. Kunden kan krevje at Leverandøren dekkjer eventuelle meirkostnader som Kunden pådreg seg dersom Leverandøren har forsømt å spesifisere i bilag 2 at oppgradering av den tekniske plattforma til Kunden er nødvendig.
2.2.2Tilpassingar og installasjon mv.
Leverandøren har ikkje ansvar for å utføre kundetilpassingar, installasjon eller andre oppgåver som skal utførast etter at utstyr og programvare er overleverte eller gjort tilgjengelege for Kunden, med mindre dette er beskrive i bilag 1. Med mindre anna er avtalt, skal slike tenester leverast som bistand (innsatsforplikting) og betalast etter medgått tid basert på Leverandøren sine timeprisar oppgitte i bilag 7.
Dersom det er avtalt at Leverandøren skal levere tenester i samsvar med dette punkt 2.2.2, og det oppstår feil i programvara som er omfatta av punkt 2.2.3.4, skal Leverandøren i rimeleg omfang, utan ekstra vederlag, søkje å finne ei mellombels løysing mens feilretting hos programvareleverandøren går føre seg.
Det kan også avtalast ei øvre økonomisk ramme for plikta Leverandøren har til å utarbeide mellombelse løysingar som dekkjer feil i standardprogramvare i bilag 7.
2.2.3Forholdet til standardvilkår (lisens- og avtalevilkår)
2.2.3.1Generelt om standardvilkår
I den utstrekning standardprogramvare som er omfatta av leveransen må leverast under standard lisensvilkår og avtalevilkår (standardvilkår), skal dette vere uttrykkeleg oppgitt i eit eige kapittel i bilag 2, og standardvilkåra skal vere lagde ved som bilag 10.
Føresegnene i standardvilkåra om disposisjonsrett går føre vilkåra i denne Avtalen om disposisjonsrett, med mindre anna eksplisitt går fram av bilag 8.
Leverandøren skal sikre at standardprogramvare blir tilbydd under standardvilkår som er dekkjande for dei krava som Kunden i bilag 1 har stilt til leveransen og bruksområdet for denne, og føresegnene i denne Avtalen om disposisjonsrett.
2.2.3.2Standardprogramvare og disposisjonsrett, test og godkjenning
Standardvilkåra er bindande overfor Kunden når det gjeld krav til levering av standardprogramvara.
Kunden kan ikkje gjere andre krav gjeldande overfor Leverandøren når det gjeld levering av standardprogramvara enn det som følgjer av krava til leveransen til Leverandøren elles eller som elles går eksplisitt fram av Avtalen her. Andre krav må rettast mot produsent av standardprogramvara i samsvar med standardvilkåra.
I den utstrekning det er avvik mellom føresegnene i standardvilkåra om disposisjonsrett og føresegnene om disposisjonsrett i denne Avtalen, skal Leverandøren beskrive dette tydeleg i bilag 2.)).
Leveransen skal testast og godkjennast i samsvar med føresegnene i denne Avtalen om test og godkjenning (sjå punkt 2.2.6 Undersøkingsplikt) uavhengig av kva som følgjer av standardvilkåra for programvara.
Leverandøren er ansvarleg for at leveransen frå Leverandøren oppfyller avtalte krav og beskrivingar i Avtalen, uavhengig av kva som måtte følgje av dei enkelte standardvilkåra.
2.2.3.3Avvik som kjem av forhold i standardprogramvara
Dersom leveransen vik frå det som er avtalt i denne Avtalen, er det Leverandøren sitt ansvar å avhjelpe avviket på ein slik måte at leveransen kjem i samsvar med det som er avtalt, sjølv om avviket kjem av forhold i standardprogramvare som er underlagde standard lisensvilkår med avvikande vilkår for feilretting. Avhjelp av feil i, eller feil som følgjer av, standardprogramvare kan skje på alle slags måtar som får leveransen i samsvar med krava i Avtalen.
Dersom Leverandøren dokumenterer at avvika i leveransen som nemnde i avsnittet over kjem av at standardprogramvare ikkje opptrer i samsvar med spesifikasjonane frå programvareprodusenten, og at feilen krev tilgang til kjeldekoden i standardprogramvara for å kunne rettast, er Leverandøren sine feilrettingsplikter avgrensa til å:
melde feilen til programvareprodusenten,
etter beste evne søkje å få prioritet for retting av feilen,
halde Kunden orientert om status for feilrettinga,
og gjere retta versjon tilgjengeleg for Kunden når feilen i standardprogramvara er retta av programvareprodusenten.
I den utstrekning det følgjer av punkt 2.2.1 siste avsnitt, skal Leverandøren i rimeleg omfang søkje å finne ei mellombels løysing mens feilretting hos programvareprodusenten går føre seg.
Slike feil i standardprogramvara som nemnde i tredje avsnitt blir ikkje rekna med ved vurderinga av om godkjenningskriterium er oppfylte, med mindre Leverandøren har misleghalda plikta si til å følgje opp feilrettinga og gjere feilrettinga tilgjengeleg for Kunden.
2.2.4Dokumentasjon og opplæring
Kunden skal som del av avtalt vederlag for utstyr og programvare få overlevert, eller givast elektronisk tilgang til, slik standard produktbeskriving, brukarrettleiing og annan dokumentasjon som Leverandøren vanlegvis lèt følgje med ved sal av dei aktuelle produkta, dersom ikkje anna er avtalt.
Dokumentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for Kunden seinast samtidig med programvara og utstyret, jf. bilag 4. Han skal vere datert og av siste tilgjengelege ajourførte versjon.
Nærare krav til dokumentasjon kan gå fram av bilag 1.
Leverandøren skal hjelpe til med nødvendig opplæring av Kunden sitt personell i den grad det er avtalt i bilag 1 og prisa i bilag 7.
2.2.5Tid og stad for Leveransen
Programvare og utstyr skal vere leverte innan dei fristane som går fram av bilag 4.
Eventuelle innvendingar frå Kunden si side skal vere fremja skriftleg innan 5 (fem) vyrkedagar etter at alt utstyr og programvare som er omfatta av Avtalen, er fysisk levert på avtalt adresse, eller gjort tilgjengeleg for elektronisk nedlasting, med mindre anna går fram av bilag 4.
Dette gjeld ikkje dersom nedlasting ikkje lèt seg gjennomføre i samsvar med spesifikasjonane frå Leverandøren, utan at dette følgjer av forhold på Kunden si side, og Kunden varslar Leverandøren om dette innan rimeleg tid. Dersom Kunden ikkje har fremja innvendingar innan fristen, reknar ein leveringsdag for inntreft den dag siste del av utstyr og programvare vart fysisk levert eller då programvara vart gjord tilgjengeleg for elektronisk nedlasting.
Dersom det er avtalt særskilt godkjenningsprøve i samsvar med punkt 2.2.6 Undersøkingsplikt, er levering ikkje rekna som skjedd før godkjenningsprøven er gjennomført og godkjend av Kunden.
2.2.6Undersøkingsplikt/Godkjenningsprøve
Kunden er forplikta til å undersøkje leveransen etter vanlege kjøpsrettslege reglar og slik god forretningsskikk tilseier.
Dersom det er avtalt i bilag 1 at det skal gjennomførast ein særskilt godkjenningsprøve, skal art og omfang av denne prøven vere nærare beskrivne i bilag 5 (sjå også punkt 2.2.5). I tillegg gjeld reguleringane under.
Dersom ikkje anna går fram av bilag 5, bruker ein denne definisjonen av feil:
Nivå |
Kategori |
Beskriving |
A |
Kritisk feil |
- Feil som medfører at utstyret eller programvara stoppar, at data går tapt, eller at andre funksjonar, som ut frå ei objektiv vurdering er kritiske for Kunden, ikkje er leverte eller ikkje fungerer som avtalt. - Dokumentasjonen er så ufullstendig eller misvisande at Kunden ikkje kan bruke utstyret eller vesentlege delar av det. |
B |
Alvorleg feil |
- Feil som fører til at funksjonar som, ut frå ei objektiv vurdering, er viktige for Kunden ikkje fungerer som beskrive i Avtalen, og som det er tid- og ressurskrevjande å omgå. - Dokumentasjonen er så ufullstendig eller misvisande at Kunden ikkje kan bruke funksjonar som ut frå ei objektiv vurdering er viktige for Kunden. |
C |
Mindre alvorleg feil |
- Feil som fører til at enkeltfunksjonar ikkje fungerer som avtalt, men som Kunden relativt lett kan omgå. - Dokumentasjonen er mangelfull eller upresis. |
Kunden kan ikkje nekte å godkjenne leveransen dersom dei påpeika feila er uvesentlege for Kunden sin bruk.
A- og B-feil blir kvar for seg rekna som vesentlege med unntak av B-feil som ikkje er vesentlige for høvet Kunden har til å ta utstyr og programvare i ordinær bruk mens feilretting går føre seg.
C-feil blir rekna som uvesentlege, dersom ikkje fleire C-feil samla sett medfører at godkjenning vil vere klart urimeleg. Andre godkjenningskriterium kan avtalast i bilag 5.
Dersom Kunden godkjenner leveransen, skal Kunden sende Leverandøren skriftleg melding om det. Leveringsdag er rekna som inntreft første vyrkedag etter at melding er send.
Dersom Kunden underkjenner leveransen, må melding om dette vere send Leverandøren innan 10 (ti) vyrkedagar etter utløpet av godkjenningsprøven. Dersom slik melding ikkje er send innan fristen, reknar ein leveringsdag som inntreft første vyrkedag etter avslutninga av godkjenningsprøven.
Andre fristar kan avtalast i bilag 5.
2.2.7Garantiperiode og garantiytingar
Garantiperioden er 1 (eitt) år for programvare og 2 (to) år for utstyr rekna frå det tidspunktet levering er rekna for skjedd i samsvar med punkt 2.2.5, med mindre anna er avtalt i bilag 8.
Føresett normal, aktsam bruk frå Kunden si side skal Leverandøren utan ekstra kostnad utbetre feil og manglar, skifte ut defekte delar på utstyr og utføre feilretting i program som er omfatta av denne Avtalen, og som Kunden har reklamert på innan utløpet av garantiperioden, og innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga, eller burde vore oppdaga.
Feilretting i programvare blir rekna for oppfylt når utstyr og/eller programvare igjen er i samsvar med avtalte krav.
For utstyr vil det i bilag 2 kunne spesifiserast nærare krav til vedlikehald som må vere utført for at garantien skal gjelde.
Retting skal skje utan ugrunna opphald. Punkt 2.2.3.4 gjelder tilsvarande.
Leverandøren kan sjølv velje om retting av feil skal skje ved utbetring, omlevering eller tilleggslevering.
Dersom Leverandøren vel å rette feil i garantiperioden ved å levere ein ny versjon av programvara, har Leverandøren ikkje krav på vederlag for den nye versjonen sjølv om denne inneheld forbetringar.
Leverandøren kan berre utbetre feil og manglar ved levering av ny versjon dersom Kunden kan nyttiggjere seg denne på den eksisterande tekniske plattforma Kunden har.
Det kan ikkje krevjast erstatning eller andre misleghaldsåtgjerder for forhold som ikkje er varsla seinast innan utløpet av garantiperioden. Dette gjeld likevel ikkje idømt erstatningsansvar overfor tredjepart knytt til rettsmanglar som nemnde i punkt 10.
3.Endringar etter avtaleinngåing
Dersom Kunden etter at Avtalen er inngått, har behov for å endre krava til Leveransen eller andre føresetnader for avtalen på ein slik måte at karakteren eller omfanget av leveransen blir annleis enn avtalt, kan Kunden be om endringsavtale.
Leverandøren kan krevje justeringar i vederlag eller tidsplanar dersom Leverandør sannsynleggjer eit grunnlag for slike justeringar. Krav om justert vederlag eller tidsplan må setjast fram seinast samtidig med svar frå Leverandøren på spørsmålet frå Kunden om endringsavtale.
Endringar av eller tillegg til den avtalte Xxxxxxxxxx skal avtalast skriftleg. Leverandøren skal i bilag 9 føre ein fortløpande katalog over slike endringar. Leverandøren skal utan ugrunna opphald sende Xxxxxx ein oppdatert kopi.
4.Tid og stad for leveransen
Programvare og utstyr med vidare skal leverast i samsvar med punkt 2.2.5, og dei fristar som går fram av bilag 4.
5.Partane sine plikter
5.1Overordna ansvar
5.1.1Leverandøren sitt ansvar og kompetanse
Leverandøren skal gjennomføre Leveransen i samsvar med denne Avtalen, på ein fagleg forsvarleg og profesjonell måte, og i samsvar med anerkjende metodar og standardar.
Leverandøren skal lojalt samarbeide med Xxxxxx, og vareta Xxxxxx sine interesser.
Førespurnader frå Kunden skal svarast på utan ugrunna opphald.
Leverandøren skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Leverandøren forstår eller bør forstå at kan få betydning for gjennomføring av leveransen, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
5.1.2Kunden sitt ansvar for tilrettelegging og medverknad
Kunden skal lojalt medverke til gjennomføring av leveransen.
Førespurnader frå Leverandøren skal svarast på utan ugrunna opphald.
Kunden skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Kunden forstår eller bør forstå at kan kome til å spele ei rolle for gjennomføring av leveransen, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.
5.2Bruk av underleverandørar og tredjepartar
Dersom Leverandøren engasjerer underleverandør eller Xxxxxx engasjerer tredjepart til å utføre arbeidsoppgåver som følgjer av denne Avtalen, er Parten fullt ansvarleg for utføringa av desse oppgåvene på same måte som om Parten sjølv stod for utføringa.
Programvareprodusent til standardprogramvare, der standardvilkår er tekne inn i bilag 10, blir ikkje rekna som underleverandør.
5.3Teieplikt
Informasjon som Xxxxxxx blir kjent med i samband med Avtalen og gjennomføringa av Avtalen, skal handsamast konfidensielt, og ikkje gjerast tilgjengeleg for utanforståande utan samtykke frå den andre Parten med mindre der ikkje er ei rettkomen interesse som tilseier at informasjonen skal haldast hemmeleg. Som utanforståande reknar ein alle som ikkje har sakleg behov for tilgang til informasjonen for å utføre oppgåvene sine i samsvar med Avtalen.
Dersom Kunden er ei offentleg verksemd, er teieplikta til Kunden etter denne føresegna ikkje meir omfattande enn det som følgjer av lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova) eller tilsvarande sektorspesifikk regulering.
Teieplikt etter denne føresegna grip ikkje inn i lovbestemt innsynsrett.
Teieplikta gjeld Partane sine tilsette, underleverandørar og andre partar som handlar på Partane sine vegner eller medverkar i samband med gjennomføring av Avtalen.
Teieplikta opphøyrer fem (5) år etter at Avtalen opphøyrer, med mindre anna er avtalt i bilag 6, eller følgjer av lov eller forskrift.
5.4Lønns- og arbeidsvilkår
5.4.1Generelt
For avtalar som er omfatta av forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter, gjeld følgjande:
Leverandøren skal på område dekte av forskrift om allmenngjort tariffavtale sørgje for at eigne og eventuelle underleverandørar sine tilsette som direkte medverkar til å oppfylle Leverandøren sine forpliktingar under denne Avtalen, ikkje har dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av forskrifta som allmenngjer tariffavtalen.
På område som ikkje er dekte av allmenngjort tariffavtale, skal Leverandøren sørgje for at dei same tilsette ikkje har dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale for den aktuelle bransjen.
Dette gjeld for arbeid utført i Noreg.
Alle avtalar som Leverandøren inngår, og som inneber utføring av arbeid som direkte medverkar til å oppfylle Leverandøren sine forpliktingar under denne Avtalen, skal innehalde tilsvarande vilkår.
5.4.2Dokumentasjon
Leverandøren skal på skriftleg førespurnad frå Kunden leggje fram dokumentasjon om dei lønns- og arbeidsvilkåra som blir brukte. Kunden og Leverandøren kan kvar for seg krevje at opplysningane skal leggjast fram for ein uavhengig tredjepart som Leverandøren har gitt i oppdrag å undersøkje om krava i denne føresegna er oppfylt. Leverandøren kan krevje at tredjeparten skal ha underteikna ei erklæring om at opplysningane ikkje vil bli brukte for andre føremål enn å sikre oppfylling av Leverandøren si forplikting etter denne føresegna. Dokumentasjonsplikta gjeld òg for underleverandørar.
Leverandøren pliktar på skriftleg førespurnad med ein rimeleg frist å dokumentere lønns- og arbeidsvilkåra for eigne arbeidstakarar, arbeidstakarar hos eventuelle underleverandørar (medrekna innleigde) som direkte medverkar til å oppfylle kontrakten.
Ved brot på dokumentasjonsplikta har oppdragsgivar rett til å ileggje ei dagbot som ikkje skal vere mindre enn kr 1500 per dag. Høgare dagbot kan avtalast i bilag 6.
5.4.3Manglande oppfylling
Ved brot på krava til lønns- og arbeidsvilkår, skal Leverandøren rette forholdet. Der brotet har skjedd hos ein underleverandør (medrekna bemanningsselskap) er rettingsplikta avgrensa til krav som er fremja skriftleg innan tre månader etter forfallsdato for lønna, både for krav som følgjer av allmenngjort tariffavtale og landsomfattande tariffavtale. Dei vilkår og avgrensingar som følgjer av lov om allmenngjøring av tariffavtaler mv. av 4. juni 1993 § 13 skal gjelde i begge desse tilfella.
Dersom Leverandøren ikkje oppfyller denne forpliktinga, har Xxxxxx rett til å halde tilbake delar av kontraktssummen, tilsvarande 2 (to) gonger innsparinga for Leverandøren. Tilbakehaldsretten opphøyrer så snart retting etter føregåande ledd er dokumentert.
Oppfylling av Leverandøren sine forpliktingar som nemnde ovanfor skal dokumenterast i bilag 6. Dersom dokumentasjonen er lagd fram for ein uavhengig tredjepart, kan ei erklæring frå tredjeparten aksepterast som dokumentasjon om at det er samsvar mellom aktuell tariffavtale og faktiske lønns- og arbeidsvilkår for oppfylling av Leverandøren og eventuelle underleverandørar sine forpliktingar.
Nærare presiseringar om gjennomføring av dette punkt 5.4 kan avtalast i bilag 6.
6.Vederlag og betalingsvilkår
6.1Vederlag
Alle prisar og nærare vilkår for det vederlaget Kunden skal betale i samband med Ytinga, går fram av bilag 7.
Utlegg, medrekna reise- og diettkostnader, blir berre dekte i den grad dei er avtalte. Dersom reise- og diettkostnader er avtalt dekte, skal dette spesifiserast særskilt, og dekkjast etter statens gjeldande satsar dersom ikkje anna er avtalt. Reisetid blir berre fakturert dersom det er avtalt i bilag 7.
Med mindre anna er oppgitt i bilag 7, er alle prisar i norske kroner, gitte opp eksklusive meirverdiavgift, men inkludert toll og eventuelle andre avgifter.
Dersom programvare som blir levert på standardvilkår kan prisast i annan valuta enn norske kroner, går dette fram av bilag 7. Føresegner om valutaregulering for programvare levert på standardvilkår prisa i norske kroner går fram av bilag 7.
Med mindre anna går fram av bilag 7, skal utstyr og programvare leverast DDP (Incoterms) på den adresse som er oppgitt på framsida av Avtalen.
6.2Fakturering
Vederlag for programvare og utstyr skal fakturerast på det tidspunkt levering er rekna for skjedd i samsvar med punkt 2.2.5, med mindre anna går fram i bilag 7. Opplæring og annan bistand blir fakturert når leveransen er utført, etterskotsvis per månad.
Betaling skal skje etter faktura per 30 (tretti) dagar. Fakturaer frå Leverandøren skal spesifiserast og dokumenterast slik at Kunden enkelt kan kontrollere fakturaen mot det avtalte vederlaget. Alle fakturaer for løpande timar skal ha lagde ved ein detaljert spesifikasjon av påkomne timar. Utlegg skal førast opp særskilt.
Dersom Kunden er ei offentleg verksemd, er det eit krav at Leverandøren bruker elektronisk faktura i godkjent standardformat i samsvar med forskrift av 2. april 2019 om elektronisk faktura i offentlege innkjøp.
Dersom Leverandøren ikkje etterkjem krav om bruk av elektronisk faktura, kan Kunden halde tilbake betaling inntil elektronisk faktura i godkjend standardformat blir levert. Kunden skal utan unødig opphald gi melding om dette. Dersom slik melding er gitt, går betalingsfristen frå tidspunktet elektronisk faktura i godkjent standardformat er levert.
Inneheld faktura eller fakturagrunnlag opplysningar som er underlagde lovbestemt teieplikt, og det vil vere fare for avsløring av slike opplysningar, kan krav om elektronisk faktura fråvikast, med mindre det finst tilfredsstillande tekniske sikringsløysingar som sørgjer for konfidensialitet.
Leverandøren må sjølv bere eventuelle kostnader knytte til elektronisk faktura.
Betalingsplan og andre betalingsvilkår går fram av bilag 7.
6.3Forseinkingsrente
Dersom Kunden ikkje betaler til avtalt tid, har Leverandøren krav på rente av det beløpet som er forfalle til betaling, i samsvar med lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (forseinkingsrentelova).
6.4Betalingsmisleghald
Dersom forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter ikkje er betalt innan 30 (tretti) dagar frå forfall, kan Leverandøren sende Xxxxxx skriftleg varsel om at Avtalen vil bli heva, dersom oppgjer ikkje er skjedd innan 60 (seksti) dagar etter at varselet er teke imot.
Heving kan ikkje skje dersom Xxxxxx gjer opp forfalle vederlag med tillegg av forseinkingsrenter innan fristen går ut.
6.5Prisendring
Prisane kan endrast i den utstrekning reglane for offentlege avgifter blir endra med verknad for Leverandøren sine vederlag eller kostnader. Leverandøren må fremje og dokumentere kravet skriftleg.
Eventuelle andre føresegner om prisendringar går fram av bilag 7.
7.Eksterne rettslege krav
Kunden skal i bilag 1 beskrive kva rettslege eller partsspesifikke krav Kunden ved inngåing av Avtalen meiner er relevante for inngåing og gjennomføring av denne Avtalen. Det er under dette Xxxxxx sitt ansvar å konkretisere relevante krav for leveransen i bilag 1.
Leverandøren skal i bilag 2 beskrive korleis Leverandøren sikrar desse krava gjennom leveransen sin.
Kvar av Xxxxxxx har ansvar for å følgje opp dei respektive pliktene sine i samsvar med eksterne rettslege krav.
Kvar av Partane dekkjer i utgangspunktet kostnadene ved å følgje rettslege krav som gjeld Parten sjølv, og verksemda til Parten. Ved endringar i rettslege krav eller myndigheitskrav som gjeld verksemda til Kunden, og som medfører behov for endringar i leveransen etter avtaleinngåinga, skal Kunden dekkje kostnadane ved endringane og meirarbeidet, jf. kapittel 3.
8.Eigedomsrett- og disposisjonsrett
8.1Eigedomsrett til utstyr
Utstyr som blir levert ifølgje denne Avtalen, blir Xxxxxx sin eigedom frå det tidspunktet utstyret er levert som avtalt, og kjøpesummen er betalt.
Eventuell salspant kan avtalast i bilag 7.
8.2Disposisjonsrett til program mv.
8.2.1Avgrensa disposisjonsrett
Kunden får ein avgrensa disposisjonsrett til programvara og dokumentasjonen som inngår i leveransen. Disposisjonsretten omfattar dei rettane som er nødvendige for at Kunden skal kunne utnytte leveransen som avtalt, medrekna rett til å framstille det talet eksemplar av programma som følgjer av normale drifts- og tryggleiksrutinar.
Disposisjonsretten går frå Avtalen blir underteikna, utan noka tidsavgrensing eller oppseiingsrett, med mindre anna er avtalt i bilag 7.
Vederlaget for disposisjonsretten til programma, medrekna eventuelle føresetnader og avgrensingar, til dømes med omsyn til talet på brukarar eller stad/utstyr for utøving av disposisjonsretten, er beskrive i bilag 7. Der slike avgrensingar er avtalt, har Leverandøren rett til å gjennomføre revisjon hos Xxxxxx, for å verifisere at avgrensingane er etterlevde. Slik revisjon skal varslast innan rimeleg tid og skal gjennomførast med minst mogleg ulempe for Kunden.
Kunden har ikkje høve til å overlate program eller kopiar av programma til tredjemann utan skriftleg samtykke frå Leverandøren, med mindre dette skjer i samband med driftstenester frå ein driftsleverandør.
8.2.2Tilbakelevering eller destruksjon ved opphøyr av disposisjonsrett
Ved opphøyr av Avtale om tidsavgrensa disposisjonsrett til programvare i samsvar med punkt 8.2.1 andre avsnitt, pliktar Xxxxxx å levere tilbake eller slette alle eksemplar av programma som Avtalen omfattar, og som finst hos Kunden. Det same gjeld alle eksemplar av dokumentasjon.
8.3Fri programvare
8.3.1Generelt om fri programvare
Med fri programvare er meint programvare som blir tilbydd under alminneleg anerkjende frie programvarelisensar.
Blir fri programvare nytta i samband med leveransen, skal Leverandøren utarbeide ei oversikt over den aktuelle frie programvare. Oversikta skal takast inn i eit eige kapittel i bilag 2. Kopi av dei lisensvilkåra som gjeld for den aktuelle frie programvare, skal takast inn i bilag 10.
Leverandøren skal sjå til at det ikkje blir nytta fri programvare med standard lisensvilkår som ikkje samsvarer med krava til leveransen, eller som ikkje samsvarer med lisensvilkåra som gjeld for anna programvare som inngår i leveransen.
Leverandøren skal berre nytte fri programvare som etter ei forsvarleg vurdering frå Leverandøren si side ikkje krenkjer rettane til tredjepart, og som blir tilbydd under alminneleg anerkjende frie programvarelisensar.
8.3.2Kunden sine rettar ved bruk av fri programvare
Kunden får dei rettane som er nødvendige for å kunne vidaredistribuere resultatet under den aktuelle frie programvarelisensen, eller under ein kompatibel fri programvarelisens for dei delane av leveransen som er basert på fri programvare, medrekna tilpassing og vidareutvikling av denne, dersom dette er spesifisert i bilag 1. Rettane omfattar tilgang til kjeldekode med tilhøyrande spesifikasjonar og dokumentasjon.
8.3.3Kunden sine krav til bruk av fri programvare
Krev Kunden at fri programvare er ein del av leveransen, skal Kunden sjølv dekkje eventuelle kostnader som følgje av manglande funksjonalitet som følgjer av feil eller manglar ved den frie programvara. Kunden ber sjølv risikoen for rettsmanglar ved fri programvare som Kunden krev skal vere ein del av leveransen.
I den utstrekning Leverandøren er kjend med at fri programvare som er kravd brukt av Kunden som ein del av leveransen, er ueigna til å oppfylle Kunden sine krav eller krenkjer eller av nokon er hevda å krenkje opphavsretten til tredjepart, skal Leverandøren påpeike dette i bilag 2, jf. Avtalen punkt 1.1.
Leverandøren skal, som ei betalbar tilleggsyting, hjelpe Xxxxxx med å avhjelpe eventuelle manglar eller rettsmanglar ved fri programvare som er vald av Kunden som oppgitt ovanfor. Dersom ikkje anna er avtalt i bilag 7, skal standard timepris frå Leverandøren for konsulenttenester i denne Avtalen leggjast til grunn.
Leverandøren kan krevje endring av Avtalen i samsvar med kapittel 3, dersom arbeidet med å avhjelpe slike manglar får konsekvensar for dei andre forpliktingane Leverandøren har etter avtalen.
9.Misleghald
9.1Kva som blir rekna som misleghald
9.1.1Misleghald frå Leverandøren
Det ligg føre misleghald frå Leverandøren si side dersom Leveransen ikkje er i samsvar med dei funksjonar, krav og fristar som er avtalte. Det ligg også føre misleghald dersom Leverandøren ikkje oppfyller andre plikter etter Avtalen.
Det ligg likevel ikkje føre misleghald dersom situasjonen skriv seg frå forhold ved Kunden eller force majeure.
Kunden skal reklamere skriftleg og utan ugrunna opphald etter at misleghaldet er oppdaga eller burde vore oppdaga.
9.1.2Misleghald frå Kunden
Det ligg føre misleghald frå Kunden si side dersom Kunden ikkje oppfyller pliktene sine etter Avtalen.
Det ligg likevel ikkje føre misleghald dersom situasjonen skriv seg frå forhold hos Leverandøren eller forhold som blir rekna for force majeure.
Leverandøren skal reklamere skriftleg og utan ugrunna opphald etter at misleghaldet er oppdaga eller burde vore oppdaga.
9.2Varslingsplikt
Dersom ein av Partane ikkje kan oppfylle pliktene sine som avtalt, medrekna fristar, skal Parten så raskt som mogleg gi den andre Parten skriftleg varsel om dette.
Varselet skal opplyse om årsaka til problemet, og så vidt mogleg opplyse om når leveransen kan skje. Tilsvarande gjeld dersom det må forventast ytterlegare forseinkingar etter at første varsel er gitt.
9.3Avhjelp av misleghaldet
Leverandøren skal påbyrje og gjennomføre arbeidet med å avhjelpe Leverandøren sitt misleghald utan ugrunna opphald. Avhjelp kan til dømes skje ved utbetring, omlevering eller tilleggslevering utan ekstra kostnad for Kunden.
Kunden skal starte på og gjennomføre arbeidet med å avhjelpe Xxxxxx sitt misleghald utan ugrunna opphald.
Kunden er ansvarleg for å avhjelpe misleghaldet på ein slik måte at forhold som Xxxxxx er ansvarleg for i samsvar med denne Avtalen, blir ført i samsvar med det som er avtalt.
9.4Sanksjonar ved misleghald
9.4.1Prisavslag
Dersom det trass gjentekne forsøk ikkje har lykkast Leverandøren å avhjelpe ein mangel, kan Xxxxxx krevje forholdsmessig prisavslag. Prisavslag skal svare til den reduserte verdien av det leverte, og er uavhengig av eventuell erstatning.
9.4.2Tilbakehaldsrett
Ved misleghald frå Leverandøren si side kan Kunden halde betalinga tilbake, men ikkje openbert meir enn det som er nødvendig for å sikre Kunden sitt krav som følgje av misleghaldet.
9.4.3Dagbot
9.4.3.1Når det ligg føre grunnlag for dagbot
Dersom avtalt tidspunkt for levering (leveringsdag), eller annan frist som Partane i bilag 4 har knytt dagbøter til, ikkje blir overhalden, og det ikkje kjem av force majeure eller forhold hos Kunden, ligg det føre ei forseinking frå Leverandøren si side som gir grunnlag for dagbot.
Dagbota kjem automatisk på for kvar kalenderdag forseinkinga varer, men avgrensa til maksimalt 100 (hundre) dagar.
Xxxx løpetid for dagbota kan avtalast i bilag 4.
Dersom berre ein del av den avtalte Xxxxxxxxxx er forseinka, kan Leverandøren krevje ei nedsetjing av dagbota som står i forhold til høvet Kunden har til å nyttiggjere seg den delen av Leveransen som er levert.
9.4.3.2Berekning av dagbota
Dagbota utgjer 0,15 prosent av samla vederlag for leveransen (kontraktssummen) ekskl. meirverdiavgift for kvar kalenderdag forseinkinga varer.
Så lenge dagbota går, kan ikkje Kunden heve Avtalen. Denne tidsavgrensinga gjeld likevel ikkje dersom Leverandøren, eller nokon denne svarer for, har gjort seg skyldig i forsett eller grov aktløyse.
Andre dagbotsatsar eller berekningsgrunnlag er fastsette i bilag 4.
9.4.4Heving
Ligg det føre vesentleg misleghald, kan den andre Parten, etter å ha gjeve den misleghaldande Parten skriftleg varsel og rimeleg frist til å bringe forholdet i orden, heve heile eller delar av Avtalen med omgåande verknad.
Kunden kan heve heile eller delar av Avtalen med omgåande verknad dersom Leveransen er vesentleg forseinka. Vesentleg forseinking ligg føre når levering ikkje er skjedd når maksimal dagbot er nådd, eller etter utløpet av ein tilleggsfrist dersom den går ut seinare.
9.4.5Erstatning
Partane kan krevje å få erstatta alle direkte tap, medrekna meirkostnader ved dekningskjøp, tap som kjem av meirarbeid, og andre direkte kostnader i samband med forseinking, mangel eller anna misleghald i samsvar med punkt 9.1, med mindre den misleghaldande Parten godtgjer at misleghaldet eller årsaka til misleghaldet ikkje skriv seg frå den misleghaldande Parten.
Dagbøter kjem til frådrag i eventuell erstatning for same forseinking.
9.4.6Erstatningsavgrensing
Partane kan ikkje krevje erstatning for indirekte tap. Indirekte tap omfattar, men er ikkje avgrensa til, tapt forteneste av all slags art, tapte innsparingar og krav frå tredjepartar med unntak av idømt erstatningsansvar for rettsmanglar.
Samla erstatning i avtaleperioden er avgrensa til eit beløp som svarer til kontraktssummen ekskl. meirverdiavgift.
Desse avgrensingane gjeld likevel ikkje dersom den misleghaldande Parten eller nokon denne svarer for, har utvist grov aktløyse eller forsett. Avgrensingane gjeld heller ikkje idømt ansvar for rettsmanglar som Leverandøren heftar for.
10.Krenking av andre sine immaterielle rettar (rettsmangel)
10.1Partane sin risiko og ansvar for rettsmangel
Kvar av Partane har risikoen og ansvaret for at ytingane deira ikkje krenkjer tredjepartar sin opphavsrett eller andre immaterielle rettar. Dersom ytinga medfører slik krenking, ligg det føre ein rettsmangel.
10.2Krav frå tredjepart
Dersom ein tredjepart gjer gjeldande mot ein av Partane at ytinga medfører rettsmangel, skal den andre Parten informerast skriftleg snarast mogleg.
Den ansvarlege Parten skal for eiga rekning handtere kravet. Den andre Parten skal i rimeleg grad hjelpe Parten med dette.
Ein Part skal starte på og gjennomføre arbeidet med å avhjelpe rettsmanglar utan ugrunna opphald ved:
å sørgje for at den andre Parten kan bruke ytinga som før, utan å krenkje tredjepart sine rettar, eller
å levere xxxx tilsvarande yting som ikkje krenkjer andre sine rettar
Dersom rettsmangelen ikkje lèt seg løyse som oppgitt i tredje avsnitt, skal Kunden stanse vidare bruk av løysinga og slette den aktuelle programvarekomponenten.
10.3Heving
Ein rettsmangel som ikkje blir avhjelpt, og som er av ein slik art at han har vesentleg betydning for den andre Parten, gir den ramma Parten rett til å heve Avtalen.
10.4Erstatning av tap som følgje av rettsmangel
Ein Part kan krevje å få erstatta eit fullt ut idømt erstatningsansvar overfor tredjepart og eventuelle sakskostnader, medrekna Parten sine eigne kostnader til handtering av saka, som kjem av rettsmangel. I tillegg kan Parten krevje erstatning for xxxx tap i samsvar med føresegnene i punkt. 9.4.5 og 9.4.6.
11.Andre føresegner
11.1Forsikringar
11.1.1Kunden sine forsikringar
Dersom Kunden er ei offentleg verksemd, står Kunden som sjølvassurandør. Dersom Kunden ikkje står som sjølvassurandør, pliktar Kunden å ha forsikringar som er tilstrekkelege til å dekkje dei krava frå Leverandøren som følgjer av Kunden sin risiko eller ansvar etter denne Avtalen innanfor ramma av alminnelege forsikringsvilkår.
11.1.2Leverandøren sine forsikringar
Leverandøren skal ha forsikringar som er tilstrekkelege til å dekkje alle krav frå Kunden som følgjer av Leverandøren sin risiko eller ansvar etter denne Avtalen innanfor ramma av alminnelege forsikringsvilkår. Denne forpliktinga blir rekna som oppfylt dersom Leverandøren teiknar ansvars- og risikoforsikring på vilkår som blir rekna som ordinære innanfor norsk forsikringsverksemd.
11.2Overdraging av rettar og plikter
11.2.1Kunden si overdraging
Er Kunden ei offentleg verksemd, kan Xxxxxx overdra rettane og pliktene sine etter denne Avtalen til xxxx offentleg verksemd eller annan juridisk person som er eigd fullt ut av offentleg eller kommunal verksemd.
Dersom Kunden ikkje er ei offentleg verksemd, kan Xxxxxx overdra rettane og pliktene sine etter denne Avtalen til eit dotterselskap eller anna selskap i same konsern, men Kunden er solidarisk ansvarleg for betalingsforpliktinga med mindre Leverandøren har samtykt til overdraginga. For overdraging til andre verksemder enn dei som er nemnde i første og andre setning, krevst det samtykke frå Leverandøren. Samtykke kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Den verksemda som får rettar og plikter overdregne, har krav på tilsvarande vilkår, så framt rettane og pliktene i Avtalen blir overdregne samla.
11.2.2Leverandøren si overdraging
Leverandøren kan berre overdra rettane og pliktene sine etter Avtalen med skriftleg samtykke frå Kunden. Dette gjeld òg dersom Leverandøren blir delt i fleire selskap, eller dersom overdraginga skjer til eit dotterselskap eller anna selskap i same konsern. Det gjeld derimot ikkje dersom Leverandøren blir slegen saman med eit anna selskap. Samtykke kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Retten til overdraging i avsnittet over gjeld berre dersom den nye Leverandøren oppfyller dei opphavlege kvalifikasjonskrava, det ikkje blir gjort andre vesentlege endringar i kontrakten, og overdraging ikkje skjer for å omgå regelverket om offentlege anskaffingar.
Retten til vederlag etter denne Avtalen kan fritt overdragast. Slik overdraging fritek ikkje vedkomande Part frå forpliktingane og ansvaret hans.
11.3Konkurs, akkord e.l.
Dersom det i samband med Leverandøren si verksemd blir opna gjeldsforhandlingar, akkord eller konkurs, eller anna form for kreditorstyring gjer seg gjeldande, har Kunden rett til å heve Avtalen med omgåande verknad, så framt ikkje anna følgjer av ufråvikeleg lov.
11.4Force majeure
Skulle det inntreffe ein ekstraordinær situasjon som ligg utanfor Partane sin kontroll som gjer det uråd eller uforholdsmessig vanskeleg å oppfylle plikter etter denne Avtalen, og som etter norsk rett må reknast som force majeure, skal motparten varslast om dette så raskt som mogleg. Den ramma Parten sine forpliktingar blir suspenderte så lenge den ekstraordinære situasjonen varer. Motytingane frå den andre Parten blir suspenderte i same tidsrom.
Motparten kan i force majeure-situasjonar berre avslutte Avtalen med samtykke frå den ramma Parten, eller dersom situasjonen varer eller er venta å ville vare lenger enn 90 (nitti) dagar rekna frå det tidspunktet situasjonen oppstår, og då berre med 15 (femten) dagars varsel.
Kvar av Partane dekkjer sine eigne kostnader knytte til avslutning av avtaleforholdet. Kunden betaler avtalt vederlag for den delen av leveransen som var kontraktsmessig levert før Avtalen vart avslutta. Partane kan ikkje rette andre krav mot kvarandre som følgje av avslutning av Avtalen etter denne føresegna.
I samband med force majeure-situasjonar har Partane gjensidig informasjonsplikt overfor kvarandre om alle forhold som må ventast å vere viktige for den andre Parten. Slik informasjon skal givast så raskt som mogleg.
11.5Risiko for utstyr og programvare
Risikoen for skade som skjer på utstyr og leverte programeksemplar mv. på grunn av ei tilfeldig hending, går over frå Leverandøren til Kunden ved faktisk levering.
12.Tvistar
12.1Forhandlingar og mekling
Dersom det oppstår tvist mellom Partane om tolkinga eller rettsverknadene av Avtalen, skal tvisten først søkjast løyst gjennom forhandlingar.
Dersom tvisten ikkje blir løyst etter forhandlingar, kan Xxxxxxx forsøke å løyse tvisten ved mekling.
Den nærare framgangsmåten for mekling blir fastsett av meklaren, i samråd med Partane.
12.2Lovval og verneting
Dersom ein tvist ikkje blir løyst ved forhandlingar eller mekling, kan kvar av Partane forlange tvisten avgjort med endeleg verknad ved norske domstolar.
Verneting er ved Kunden si forretningsadresse.
Partane kan alternativt avtale at tvisten blir avgjort med endeleg verknad ved skilsdom.
*****