UTBYGGINGSAVTALE MELLOM UTBYGGAR AV REGULERINGSPLAN FOR
UTBYGGINGSAVTALE MELLOM UTBYGGAR AV REGULERINGSPLAN FOR
VASETFJELL OG
VESTRE SLIDRE KOMMUNE
Generelt
1. Denne avtala gjeld utbygging av områdene i reguleringsplanen for Vasetfjell i Vestre Slidre kommune.
2. Avtala gjeld tilretteleggingar som grunneigar/utbyggar skal gjere for reguleringsplan for Vasetfjell i Vestre Slidre kommune.
Krav til planer
3. Vestre Slidre kommunen stiller som krav at revidert reguleringsplan i h.h.t. kommunestyrevedtaket for Vasetfjell, vederlagsfritt og snarast mogleg etter behandling ved korrigeringar/endringar etter ferdigbehandling, blir oversendt kommunen i digitalt format utan feil i nyaste SOSI-versjon. Når det gjeld Ålfjell, vil kommunen sørgja for oppdatert digitalt format for denne planen.
Krav til vatn - og avløpsanlegg
4. Det vert sett krav til følgande avsetning til utbygging av VA-anlegg i området: Kr. 35.000,- for kvar godkjente tomt i planen
Anleggsbidraget skal betalast for alle godkjende tomter i planen etter kvart som tomtene blir seld. Desse midlene tilbakeføres til grunneigar når grunneigar har teke til og leggje leidning til Xxxxxxxxxxxx, og etter kvart som ein kan dokumentere kostnader knytt til dette tiltaket. Dette under forutsetnad om at det på førehand er inngått VA-avtale med kommuna om denne leidningen, og at den blir bygd etter dei spesifikasjoner (kommunal standard) som denne VA- avtala set. Dersom tiltaket med framføring av denne leidningen blir gjennomført og dokumentert før betaling av anleggsbidraget skal skje, så vil det ikkje anleggsbidraget bli krevd inn.
5. Utbyggjar sørgjer sjølv for internt nett for tomtene som dei byggjer ut. Utbyggjar skal sørgje for oppdatert ledningskart som viser kvar leidningar er plassert når utbyggjinga er ferdig der utbyggjar legg leidningar.
Xxxx
6. Grunneigar / utbyggar vil legge til rette for at så langt det er kapasitet og prismessig forsvarlig, å nytte lokale handverkarar / entreprenørar ved utbygginga.
7. Det tas atterhald om at kommunestyret godkjenner denne avtalen.
8. Dersom det oppstår tvistar mellom grunneigar / utbyggarar og Vestre Slidre kommune, som partane ikkje klarer å løysast seg imellom, vedtar begge partar at tvisten skal avgjerast ved voldgift jfr. Voldgiftsloven 14.05.2004, nr 25.
Denne avtala er utstedt i 2 eksemplar, eit til kvar av partane.
2966 Slidre 2018
For grunneigar på 70/1 – 70/31: For Vestre Slidre kommune:
Xxx Xxxx Lage Berg Xxxxxx Xxxxxx
Ordførar