AVTALEVILKÅR FOR STRAUMAVTALEN WEBSPOT PRIVAT
AVTALEVILKÅR FOR STRAUMAVTALEN WEBSPOT PRIVAT
Generelt
Avtalen er mellom deg som kunde (kunden, du) og Wattn AS (Wattn, vi), FNR 925638153 som straumleverandør. Avtalen kan berre tingast av privatpersonar.
For denne avtalen gjeld Standard kraftleveringsavtale av 01.01.2017, utarbeida av Forbrukertilsynet og bransje- organisasjonen Energi Norge. I tillegg gjeld følgjande avtale- vilkår:
Produkt
Straumavtalen Webspot privat er ein avtale der straum- prisen følgjer marknadsprisane (spotprisane) på kraft- børsen Nord Pool i det området der straumen vert levert.
Webspot privat er ein e-kundeavtale. Det betyr at:
• All kommunikasjon vert gitt digitalt, til dømes via app, e-post eller SMS
• Du mottek faktura elektronisk, gjerne i kombinasjon med AvtaleGiro
• Du har ansvar for å til ei kvar tid halde oss oppdatert med rett e-postadresse og mobilnummer
• Produktvilkåra gjeld i inntil eit år etter at avtalen er tinga. Ved utløp av avtaleperioden vil du bli overført til straumavtalen vår Spot privat
I løpet av det første året kan du når som helst velje å gå over til ei xxxx xxxxxxxxxxxx i Wattn. Dersom denne avtalen har bindingstid eller avvikande vilkår, vil det vere vilkåra og bindingstida for den nye avtala som gjeld.
Bestilling
Ved bestilling gir du oss fullmakt til:
• Å sette i verk og melde inn leverandørbyte til nett- selskapet
• Å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigar for å gjennomføre leverandørbyte
• Å melde ut- og innflytting til nettselskapet ved flytting
• For profilmålte anlegg må målaren vere avlest til
netteigar i løpet av dei siste 12 månader.
Vi kredittvurderer alle kundar og kan avslå/avslutte ein lever- anse eller kreve garanti/ forskotsbetaling dersom det ligg føre sakleg grunn til det.
Kundeinformasjon og kommunikasjon
Ved lansering av Wattn sin kundeapp og «Mi side» på xxx.xxxxx.xx, får du tilgang til all informasjon om avtalen og produktet ditt der. Vi har lagt til rette for at det meste av
kundekommunikasjonen kan gjerast digitalt. Det føreset at du som kunde oppdaterer oss med til ei kvar tid gjeldan- de e-postadresse og mobiltelefonnummer. Dette gjer du enkelt i kundeapp eller på «Mi side».
Alle personopplysningar vil bli handsama konfidensielt, i
sam-svar med Wattn sine retningslinjer for personvern.
Varsling om pris- og avtaleendringar skjer via e-post eller sms, eventuelt i informasjonsfelt på faktura. Du vil også kunne få nyheitsbrev og anna informasjon om aktuelle nyheiter og tilbod frå Wattn og våre samarbeidspartar på digitale media, som e-post, sms og liknande.
Levering
Avtalen gjeld frå dato for avtaleinngåing. Ved byte av leverandør kan det ta frå 1 til 6 dagar før vi kan starte leveransen etter utløp av angrefristen.
Betaling
Avtalen omfattar kunden sitt forbruk av elektrisk straum. Kunden betalar spotpris med eit avtalt påslag per kWh og eit fastbeløp per månad. Påslaget inkluderer kostnader for lovpålagte Elsertifikat.
For timemålte anlegg vert forbruket avrekna time for time mot spotprisen henta frå Nord Pool i det prisområdet anlegget tilhøyrer. For standmålte anlegg vert forbruket timefordelt og avrekna i tråd med verdiar frå Elhub. Wattn fakturerer etterskotsvis månadleg.
For kundar som ikkje opprettar avtale om elektronisk faktura, vil det bli lagt til eit gebyr for produksjon og ut- sending av papirfaktura. Oppdaterte prisarfinn du på xxx.xxxxx.xx.
Alle prisar frå Wattn vert gitt inklusiv meirverdiavgift.
Prisendring
Wattn kan gjere endringar i påslag og fastledd med 14 dagar varsel som følgje av endringar i marknadstilhøva eller endringar i konsumprisindeksen. Det omfattar også prisjusteringar grunna auka kostnader knytt til oppdekking av el sertifikat, jf. xxx.xxx.xx/xxxxxxxxxxxx. Prisendringar blir varsla direkte til deg på e-post, sms eller annan eigna måte.
Gjennomfakturering
I nettområde der Wattn har avtale med det lokale nett- selskapet (netteigaren) om gjennomfakturering, vil
Wattn fakturere - og eventuelt kreditere - nettleige på vegne av netteigaren. Ved bestilling av denne straumavtalen gir kunden Wattn fullmakt til å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigaren for å gjennomfakturere net- tleige. Avtale om gjennomfakturering påverkar elles ikkje kunden sin tilknytingsavtale med netteigaren (Nett- leigeavtalen). Usemje eller spørsmål knytt til nettleiga må derfor takast opp direkte med det lokale nettselskapet.
Gjennomfakturering kan føre til endra intervall og forfalls- dato på faktura. Om gjennomfakturering av ulike årsaker ikkje kan gjennomførast, vil nettleiga bli fakturert direkte frå det lokale nettselskapet.
Ved oppseiing av denne straumavtalen, vert også gjennomfakturering av nettleige avslutta.
Angrerett
Privatkundar har angrerett i 14 dagar frå inngåing av avtalen, jf. § 1-4 i Standard kraftleveringsavtale og Angrerettlova. For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen før angrefristen går ut. Bruk av angreretten vil til vanleg medføre at leveransen blir kansellert frå dato for oppstart. Ved bruk av angreretten i samband med leveran- dørbytte blir melding om kansellering sendt til tidlegare lev- erandør via Elhub. Wattn er ikkje ansvarleg for behandling av kanselleringa hos tidlegare leverandør. Leveransen av straum kan ta til før angrefristen er ute dersom du uttrykke- leg har bedt oss om det. Dersom leveransen ikkje kan kansellerast frå oppstartsdato må du betale for straum som er levert av Wattn fram til leveransen tidlegast kan bli avslutta.
Oppseiing
Avtalen har ikkje bindingstid. Ved leverandørbyte frå kunden si side, følger oppseiinga vanlege tidsfristar i kraft- marknaden. Ved oppseiing frå Wattn si side, vil straum- avtalen bli ført attende til netteigar på leveringsplikt. Ved flytting kan avtalen følge deg til ny adresse.
Endring av avtalevilkår
Desse avtalevilkåra er sist oppdatert 15.10.2021. Avtale- vilkåra kan endrast med 14. dagar varsel.
Varsling om endring vert gitt på e-post, sms eller annan eigna måte.