KJØPEAVTALE FOR KOMMUNAL BUSTADTOMT I BUSTADFELT
KJØPEAVTALE FOR KOMMUNAL BUSTADTOMT I BUSTADFELT
1. Partane
Seljar: | Kjøpar: |
Namn: Stad kommune | Namn: |
Adresse: Xxxxxxxxxxx 00 | Adresse: |
Postnr./.-stad: 6770 Nordfjordeid | Postnr.-stad: |
Telefon: 00 00 00 00 | Telefon: |
E-post: |
2. Eigedomen
Stad kommune pliktar med dette til å selje tomt nr. ………………….i bustadfelt til kjøpar.
Om ikkje anna er bestemt nedanfor, omfattar overdraginga heile grunnen/tomta, jf. lov om avhending av fast eigedom.
3. Kjøpesum
Tomtepris er for år…… fastsett til kr. pr. m2. Kjøpesummen vert rekna ut på grunnlag av oppmålt
areal. Tomteprisen blir årleg justert i samsvar med endring i konsumprisindeksen.
4. Andre kostandar
Gebyr for frådeling, oppmåling av tomt, tinglysing av målebrev og skøyte, dokumentavgift og tilknytingsavgifter for vatn og avløp kjem i tillegg til kjøpesummen.
5. Oppgjer
Seljar står for gjennomføring av kontrakten. I dette ligg at seljar skal tinglyse skøyte, registrere og slette naudsynte hefte, opprette og tinglyse andre dokument som har samanheng med kjøpet.
Kjøpesummen forfell til betaling seinast 1-ein-månad etter tomtetildelinga. Dersom skøyte vert utlevert tidelgare forfell kjøpesummen til betaling ved utlevering av skøyte.
6. Hefte
Seljar garanterer at eigedomen vil bli overdratt fri for andre pengehefte enn dei som går fram av denne kontrakten.
7. Tinglysing
Tinglysing av skøyte skal først skje når kjøparen har betalt fullt oppgjer etter pkt. 3 og 4, eller når det ligg føre tilfredstillande garanti for at fullt oppgjer vil skje.
8. Tilstand/ansvarsfråskriving
Kjøpar er gjort kjend med gjeldande reguleringsføresegner og er oppmoda om å ta kontakt med kommunen dersom noko er uklart.
Kjøpar tek over eigedomen som den er, jf. § 3-9 i lov om avhending av fast eigedom. Kjøparen er oppmoda om å gjere naudsynte undersøkingar for å få oversikt over eigedomen sin faktiske og rettslege tilstand. Kjøparen skal ikkje gjere gjeldande manglar som burde ha vore oppdaga ved undersøkinga.
9. Overtaking
Eigedomen vert overteken av kjøpar straks skøyte er signert av seljar. Eigedomen står frå dette tidspunktet for kjøpar si rekning og risiko, kjøpar overtek frå same tidspunkt eigedomen sine plikter og rettar.
Kjøpar kan ikkje ta eigedomen i bruk før kjøpar har oppfylt alle sine plikter etter denne kontrakten.
10. Byggeplikt og tilbakekjøpsrett
Det er ein føresetnad at det vert bygd bustadhus på tomta innan 2-to-år frå tinglysing av skøyte. Dersom fristen vert overskriden skal Stad kommune ha rett til å kjøpe tilbake tomta for den summen som kjøparen har betalt etter pkt. 3 og 4 ovanfor. Kjøparen dekkjer alle kostnadar knytt til tilbakekjøpet.
11. Forbod mot vidaresal
Kjøpar kan ikkje selje eigedomen i ubygd stand til ein tredje person. Dersom kjøparen skal selje tomta før det er bygd bustadhus har kommunen rett til å kjøpe att tomta på same vilkår og til same pris som i denne kontrakten, jf. pkt. 3 og 4. Dersom kommunen ikkje nyttar sin tilbakekjøpsrett, har kjøpar rett til å selje tomta vidare, men på same vilkår og til same pris som er fastsett i denne kontrakten.
12. Vatn og avløp
Kjøparen må sjølv utføre arbeidet med å knyte seg til dei kommunale vass og avlaupsleidningane, og betale kostnadene for dette.
Infrastruktur som vass- og avlaupsleidningar, tele- og elkablar i grunnen, samt kummar for desse som ligg på tomta når kommunen sel den, må ikkje byggjast ned og heller ikkje flyttast utan kommunen sitt samtykke. Kostnadar med evt. flytting av desse må tomteeigar sjølv bere. Kommunen har rett til å foreta vedlikehald og reparasjonar av slike anlegg.
13. Stadfesting og underskrift
Seljar og kjøpar vedtek med sine underskifter alle punkt i denne kjøpekontrakten. Lov om avhending av fast eigedom er gjeldande for tilhøve som ikkje er regulert i denne kontrakten. Kontrakten er utarbeidd i 2 likelydande eksemplar, der partane beheld kvar sitt eksemplar.
Stad:……………………………………………………….. dato:……………………………………………
Seljar: Kjøpar:
Stad kommune