Vedlegg 1 - KRAVSPESIFIKASJON:
Vedlegg 1 - KRAVSPESIFIKASJON:
1.Generelt om avtalen
Denne avtalen inneheld leveranse av varer innanfor desse varegruppene.
Diverse kontorrekvisita
Toner/blekkpatronar
Kopipapir
Pennar, blyantar, tusjar
Teip
Konvoluttar
Batteri
Kaffi
Xxxx …
Dei enkelte produkta er lista opp i vedlegg 2.
Produktlistene som følger av denne konkurransen, skal vere levande. Med dette meiner vi at produkt kan verte lagde til som følge av endra behov hos oppdragsgivar, eller fjerna som følge av endra varesortiment hos leverandør. Pkt. 1.3 i rammeavtalen regulerer dette nærare.
2.Kvalitetskrav og miljøomsyn
2.1.Generelt
I tillegg til spesifiserte krav i rammeavtalen med vedlegg, forpliktar tilbydar seg til å levere produkt av god kvalitet. Produkta skal vere framstilte i samsvar med dei aktuelle internasjonale standardane (ISO og EN) for produktgruppene. Det skal ved førespurnad kunne dokumenterast at dei tilbydde produkta tilfredsstiller dei gjeldande standardane og godkjenningsordningane for denne typen produkt.
2.2.Kvalitetskrav –tonerkassettar
Returkassettar skal ha like gode brukseigenskapar (dvs. yting, kvalitet og tømming av behaldar) som OEM-kassettane (orginalkassettar).
2.3.Kvalitetskrav til kopipapir
Alt papir til skrivarar, kopimaskiner, faks med meir, skal vere av god kvalitet og eigna for bruk i alle typar vanlege maskiner. Kopipapir skal tilfredsstille Riksarkivaren sine krav til arkivstabilitet (ISO 9706). Vidare skal kopipapiret som vert tilbydd, ikkje påføre kopimaskinene støvproblematikk som resulterer i høge service-/driftsutgifter. Papiret skal ha to likeverdige sider.
2.4.Miljø – Krav til produksjonen av kopipapir og konvoluttar
2.4.1 Trevirke
På årsbasis skal:
minimum 20 prosent av fiberråvara i papiret kome frå berekraftig skogbruk, eller
minimum 75 prosent av fiberråvara i papiret vere returfiber eller biprodukt som kutterflis eller sagflis, eller
ein kombinasjon av a) og b) (prosent fiber frå sertifisert råvare 20 – 0,267 x prosent returfiber eller biprodukt)
Dokumentasjonskrav
for delkrav a):
For
produkt som har FSC-sertifikat (Forest Stewardship Council) eller
PEFC-sertifikat (Programme for the Endorsement of Forest
Certification), er det tilstrekkeleg å legge fram eit gyldig
sertifikat. Annan eigna dokumentasjon på kvalitetssikringstiltak vil
også verte akseptert. For produkt som er merkte med Svanemerket
eller tilsvarande miljømerke som tilfredsstiller krava, vil denne
merkinga vere tilstrekkeleg. Annan eigna dokumentasjon, som tekniske
data frå produsenten eller prøvingsrapportar frå eit anerkjent
organ som viser at krava er oppfylte, vil også verte akseptert.
Dokumentasjonskrav
for delkrav b) og c):
For
produkt som er merkte med Svanemerket, Blå Engel eller tilsvarande
miljømerke som tilfredsstiller krava, vil denne merkinga vere
tilstrekkeleg. Annan eigna dokumentasjon, som tekniske data frå
produsenten eller prøvingsrapportar frå eit anerkjent organ som
viser at krava er oppfylte, vil også verte akseptert.
2.4.2 Energi/klima
CO2-forbruk i papirmaskiner til produksjon av dei tilbydde produkta skal ikkje overstige 1000 kg CO2 /tonn pr 90 % masse/papir.
Dokumentasjonskrav:
For
produkt som er merkte med Svanemerket, Blå Engel eller tilsvarande
miljømerke som tilfredsstiller krava, vil denne merkinga vere
tilstrekkeleg. Annan eigna dokumentasjon, som tekniske data frå
produsenten eller prøvingsrapportar frå eit anerkjent organ som
viser at krava er oppfylte, vil også verte akseptert.
2.4.3 Kjemikal
a) Klorgass (elementærklor) skal ikkje vere brukt til bleiking av papirmassen.
b) Avsvertingsmiddel til returfiber: Dersom meir enn 100 g tensid/tonn masse vert brukt, (som summen av alle tensid i dei ulike avsvertingsprodukta) skal kvart tensid kunne brytast ned lett. Dersom summen av alle brukte tensid er lågare enn 100 g tensid/tonn masse, skal kvart tensid anten lett eller potensielt kunne brytast ned.
c) Biocid: Aktive stoff i biocid, som vert brukte for nedkjemping av slimdannande organismar i masse- og papirproduksjon, skal ikkje vere potensielt bioakkumulerande. Uorganiske biocid som ikkje er bioakkumulerande, er unntatt frå kravet.
d) Ftalat (hormonhermarar): Fargetilsettingar skal ikkje innehalde ftalat.
Dokumentasjonskrav:
For
produkt som er merkte med Svanemerket, Blå Engel eller tilsvarande
miljømerke som tilfredsstiller krava, vil denne merkinga vere
tilstrekkeleg. Annan eigna dokumentasjon, som tekniske data frå
produsenten eller prøvingsrapportar frå eit anerkjent organ som
viser at krava er oppfylte, vil også verte akseptert.
2.4.4 Vatn
Utsleppet av organiske halogensambindingar (AOX) til vatn får høgst vere 0,25 kg AOX/tonn masse som ein vekta sum av alle massane som vert brukte i papiret. Ingen papirmasse som vert brukt, kan ha høgare utslepp enn 0,40 kg AOX/tonn masse.
Dokumentasjonskrav:
For
produkt som er merkte med Svanemerket, Blå Engel eller tilsvarande
miljømerke som tilfredsstiller krava, vil denne merkinga vere
tilstrekkeleg. Annan eigna dokumentasjon, som tekniske data frå
produsenten eller prøvingsrapportar frå eit anerkjent organ som
viser at krava er oppfylte, vil også verte akseptert.
2.5.Miljø – Minstekrav til tonerkassettar
Minstekrav/absolutte krav:
Tonerpulver og nedbrytingsprodukta deira skal ikkje vere klassifiserte som miljøskadelege[1][1]
Det skal ligge føre oppdatert sikkerheitsdatablad på norsk for tonerpulveret, med informasjon om innhaldsstoff[2][2]. Sikkerheitsdatablad kan anten leverast på papir, eller ved tilvising til opplasta datablad på xxx.xxx.xx.
Stoff som har fått tildelt risikosetningane nedanfor, skal ikkje nyttast:
Kreftframkallande R 40, R45 eller R49
Reproduksjonsskadelege R60, R61, R62 eller R63
Mutagene R46 eller R68
Giftige R23, R24, R25 eller R48
Svært giftige R26, R27, R28 eller R39Innhald av tungmetalla bly (Pb), kadmium (Cd), kvikksølv (Hg) og seksverdig krom (Cr6+) skal til saman ikkje overstige 100 ppm (milligram per kilo) i toner
Restar av primære, usulfonerte aromatiske amin, som er oppløyselege i 1 M saltsyre og uttrykt som anilin, skal ikkje overstige 500 mg/kg
Konsentrasjon av benzidin, 2-naftylamin og 4-aminobifenyl skal ikkje overstige 10 mg per kg toner
Dokumentasjonskrav:
For leverandørar med lisens frå Svanen eller Blå Engel er det nok å legge ved slik lisens. Leverandøren kan også dokumentere dette på annan eigna måte så som tekniske data frå produsenten eller ein prøvingsrapport frå eit anerkjent organ.
Oppdragsgivar si leveringsadresse
[Firmanavn]
[Gateadresse]
[Postnr][Sted]
Prisopplysningar
Sjå rammeavtalen pkt. 3.
4.Kundeoppfølging
Leverandøren skal oppnemne ”kundeansvarlege” for avtalen. I samarbeid med oppdragsgivar skal det utarbeidast ein implementerings- og oppfølgingsplan.
5.Statistikk
Leverandøren skal kunne levere statistikk i samsvar med dei krava til statistikk som kjem fram av rammeavtalen. Sjå rammeavtalen pkt. 7.8.
Side 4 av 4