SAMARBEIDSAVTALE
Xxxxx for studentprosjekt/praksis ved OsloMet – Storbyuniversitetet i samarbeid med andre institusjonar eller privat og offentleg næringsliv. (Når studenten skal ha praksis i ein institusjon/verksemd for å få jobb-/praksiserfaring).
Avtalen blir gjort mellom:
Student …………………… ……… Studentnummer: ……………………….
og OsloMet – Storbyuniversitetet (OsloMet) ved emneleiar.……………………………..
og institusjon/verksemd ………………………………......… ved ………………………
Prosjektet/praksisen er knytt til faget/emnet
…………………………………………………………………………………………………
Prosjektet gir …… studiepoeng i studiet.
Om oppgåva
Studenten skal utføre ei prosjektoppgåve (praksis-/hovudprosjekt) i samarbeid med bedrifta/verksemda. Oppgåva skal bli utforma i dialog mellom student, bedrift og emneleiar. Studenten er ansvarleg for å diskutere prosjektforslag og planar med kontaktpersonen ved bedrifta og med emneleiar. Den respektive fagavdelinga ved OsloMet er ansvarleg for det pedagogiske innhaldet i prosjektet, og gir endeleg godkjenning.
Formål
Formålet med samarbeidet er å utvikle studenten sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse for å spesialisere seg innan eit felt. Prosjektet studenten kjem inn i skal være yrkesrelevant for utdanninga han/ho tar. Det er OsloMet sin intensjon at institusjonen/verksemda blir tilført nye impulsar og idear som kan sette i gang prosessar den kan dra nytte av seinare eller får hjelp i for eksempel design i form av 3d modellering, grafisk kommunikasjon osv.
OsloMet sine rettar
Eksemplar/filer av prosjektoppgåva som blir levert inn, med vedlegg (dette blir presisert i oppgåveskildringa), som er nødvendig for sensur og arkivering ved OsloMet, tilhøyrer OsloMet. OsloMet får vederlagsfri bruksrett til prosjektoppgåva med vedlegg til denne og kan bruke denne til undervisnings- og forskingsformål.
Institusjonen/verksemda sine rettar og plikter
Institusjonen/verksemda har eigedomsretten til studenten sitt bidrag i institusjonen/verksemda sitt prosjekt.
Alle munnlege og skriftlege data, prosessar, produkt, metodar, munnleg og skriftleg informasjon eller analyseverktøy (”resultat”) som blir utvikla, oppdaga eller på annan måte kjem fram gjennom studenten sitt arbeid eller arbeidet nokon gjer på studenten sine vegne ved gjennomføringa av institusjonen/verksemda sitt prosjekt (”prosjektet”) skal tilhøyre institusjonen/verksemda. Det same gjelder alle rettar til tekniske løysingar, metodar, prosessar og prosedyrar som blir til som resultat av prosjektet, anten desse kan bli patentert eller ikkje, samt alle opphavsrettar, varemerke, mønster, teikningar, spesifikasjonar, prototypar, knowhow og liknande (også definert som ”resultat”). Dette inkluderer også retten til å fjerne feil, endre design, å utvikle resultatet vidare, reprodusere, overføre, reprodusere slik det er lagt fram og med lyd, publisere, oppbevare eller på andre måtar modifisere, bruke og utnytte resultata.
Studenten sitt bidrag kan institusjonen/verksemda bruke i sin eiga verksemd. Studenten har opphavsrett til eige bidrag slik det følgjer av lov om åndsverk; dvs. at studenten har dei ideelle rettane. Det betyr at studenten beheld retten til å bli namngitt og respektretten (det som er gjenstand for opphavsrett skal ikkje øydeleggast eller vanærast).
Institusjonen/verksemda dekker kostnadane som følgjer av eigenskapane ved arbeidet. Utgiftene kan vere reiser, material for bygging av prototyp, innkjøp av prøver, fargekopiering etc. Kostnadar må avklarast med verksemda på førehand. Oppsett av kostnadsramme skal inngå i studenten sin prosjektspesifikasjon. Beløp blir dekt etter originalkvittering.
Institusjonen/verksemda skal stille relevant materiale til disposisjon og gi rettleiing.
Publisering
Studenten har rett til å inngå avtale med OsloMet om publisering av oppgåva si i OsloMets institusjonelle arkiv på internett. Studenten har også rett til å publisere oppgåva, eller delar av den, som ei sjølvstendig avhandling eller som del av eit større arbeid, eller i popularisert form i kva offentleg publikasjon som helst.
Xxxxx xxxxxxxxxxxx
Studenten skal når ho/han er ved institusjonen/verksemda, rette seg etter arbeidsreglementet ved institusjonen/verksemda, samt etter eventuelle andre pålegg frå leiinga ved institusjonen/verksemda. Eit slikt pålegg kan vere å underskrive ein avtale om teieplikt.
Om ønskeleg pliktar OsloMet seg til å sørge for at emneleiar og eventuelle sensorar signerer avtale om teieplikt om informasjon dei får munnleg, skriftleg eller på annan måte om prosjektet studenten har gått inn i. Det må i så fall gjerast eigen avtale om teieplikt mellom OsloMet og emneleiar og eventuell sensor.
Generelt
Denne avtalen skal ha gjelde framfor andre avtaler som er eller blir oppretta mellom to av partane som er nemnt ovanfor. Dersom student og institusjonen/verksemda inngår avtale om at det studenten får kjennskap til i institusjonen/verksemda er konfidensielt, skal avtalen om konfidensielle forhold berre regulere dette.
Oppstår eventuelle ueinigheit, klager eller skader, skal emneleiaren snarast bli informert.
Eventuell ueinigheit som følge av denne avtalen skal partane søke å løyse ved forhandlingar. Om dette ikkje fører fram, er partane einige om at tvisten blir avgjort ved skilsdom i samsvar med norsk lov. Tvisten blir avgjort av Oslo tingrett eller den han/ho oppnemner.
Oslo, ………………..
For OsloMet For institusjonen/verksemda Student