Bestillingsvilkår for Loen Skylift AS
Bestillingsvilkår for Loen Skylift AS
Desse generelle vilkåra gjeld mellom Loen Skylift AS som tilbydar og den som sjølv, eller gjennom andre, inngår avtale med Loen Skylift AS i samsvar med stadfestinga (gjesten). Avtalen kan gjelde billettar til pendelbana Loen Skylift.
Ansvarleg:
Loen Skylift AS, NO-6789 Loen. Xxx.xx 913324277.
Avtalen med meir:
Som selgar står Loen Skylift AS ansvarleg overfor gjesten for det denne har krav på i samsvar med avtalen. Loen Skylift AS tar forbehold om eventuelle trykkfeil.
Som arrangør har Loen Skylift AS plikt til å sørgje for følgande:
Sende skriftleg stadfesting på bestilling til gjesten, i tillegg til andre naudsynte dokument. Loen Skylift AS har berre ansvar for reisa som beskrive. Loen Skylift AS har ikkje ansvar for løfter som tredjepart kan ha gitt direkte til gjesten.
Loen Skylift AS tek forbehold om:
Endring eller kansellering av arrangement grunna vêr eller andre forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne pendelbana.
Prisar:
Den oppgitte prisen er den totale prisen for tenesta.
Bindande bestilling:
Ei bestilling er bindande så snart gjesten har betalt og mottatt bekreftelse/billett på epost. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at datoar og andre vesentlege forhold for bestillinga er korrekt.
Betaling:
Loen Skylift nyttar betalingsløysing frå Netaxept, og du kan betale med Visa eller Mastercard. Gjesten betalar for billettane når vedkomande bestiller via Loen Skylift AS si nettside.
Billett:
For å gå om bord i Loen Skylift må den reisande ha med seg gyldig billett. Strek-/QR kodebilletten vert lest i adgangsporten før ombordstigning, enten frå utskrift eller på mobiltelefon. Ved misbruk av billett kan ein bli ilagt gebyr.
Angrerett:
Ved kjøp av billettar på nett er det ingen rett til avbestilling eller refusjon, jfr Angrerettloven kap.6.
Oppdatert 20.10.2020